Prop. 108 S (2012–2013)

Nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen

Til innhaldsliste

5 Plan for vidare gjennomføring

5.1 Mål for gjennomføringa av Vestbaneprosjektet

Innanfor kostnadsramma på 5 327 mill. kroner skal prosjektet styrast etter eit målprioritering med følgjande rekkjefølgje: 1) kostnad, 2) kvalitet og 3) tid. Konkret inneber det følgjande:

  • Når ei avgjerd kan ha innverknad på om kostnadsramma kan haldast, skal omsynet til kostnadsramma ha høgast prioritet.

  • Omsyn til kostnadsramma og prioriterte kvalitetskrav vil generelt ha større vekt enn omsynet til framdrift.

Hovudperspektivet i styringa av prosjektet er at det skal gjennomførast innanfor styringsramma (P 50) på 4 690 mill. kroner og i samsvar med vedtekne planar for areal, funksjonar, kvalitet, framdrift og økonomi. Det er utarbeidd prioriterte kuttlister med ei ramme på 263 mill. kroner. Prosjektet skal effektuera desse kutta for å halda styringsramma, dersom det vert naudsynleg.

Uvisseavsetnaden på 900 mill. kroner (skilnaden mellom P 50 og P 85) skal berre kunna nyttast dersom det oppstår uføresedde situasjonar i prosjektet, eller det kjem marknadssvingingar som inneber at styringsramma må overskridast. Dette skal handterast i samsvar med statens «Instruks om håndtering av bygge- og leiesaker i statlig sivil sektor».

5.2 Organisering og styring av prosjektet

Departementet legg opp til tett dialog med Statsbygg gjennom heile prosjektperioden, og det vil vera eit klårt mål å ha god styring med kostnader og framdrift.

Med omsyn til styringsmodell for prosjekt av denne storleiken viser ekstern kvalitetssikrar til at reint prosjektfagleg vil ei sjølvstendig styringsgruppe med vide fullmakter vera å tilrå. Ekstern kvalitetssikrar seier samstundes at den vanlege statlege modellen, der fagdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet etablerer eit prosjektråd, vil kunna gje tilfredsstillande styring av prosjektet. Kulturdepartementet har merkt seg desse synspunkta og vil i samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Finansdepartementet konkretisera det endelege opplegget for organisering og styring av prosjektet.

5.3 Drifta i Nasjonalmuseets nybygg

Når Nasjonalmuseet flyttar inn i nybygget, vil alle delar av drifta få heilt andre rammevilkår enn det som er tilfellet i dag. Reint praktisk vil alle funksjonane vera samlokaliserte, og alle arbeidsprosessane vil vera langt meir rasjonelle og effektive enn det som er mogeleg i dag. På den andre sida vil Nasjonalmuseet ha aktivitetar i ein større bygningsmasse enn i dag. Konkret aukar bruttoarealet frå ca. 38 000 rutemeter i noverande lokale, eksterne magasin inkludert, til ca. 57 000 rutemeter, og då er Bankplassen 3 for Arkitektur inkludert. Dette inneber at bygningsrelaterte driftskostnader vil auka noko, samanlikna med situasjonen i dag. Overgangen frå fire driftsstader til éin vil gje ein klår synergieffekt, ikkje minst ved at dei nye lokala er mykje meir arealeffektive enn dagens lokale er. I tillegg vil arbeidsprosessane verta meir effektive ved at transport og flytting mellom ulike driftsstader vil falla bort.

Nasjonalmuseet har i samarbeid med departementet gjennomført ein førebels analyse av kva som kan vera ein realistisk budsjettprofil når museet flyttar inn i nybygget. Analysen tyder på at Nasjonalmuseet vil kunna få monaleg høgare eigeninntekter i nybygget enn i dag. Hovuddelen av driftsbudsjettet vil likevel måtta koma frå statleg driftstilskot. Litt avhengig av kor stort besøk museet vil få i nybygget og dermed kor store eigeninntekter museet kan skapa, vil tilskotsbehovet vera mellom 224 og 277 mill. kroner (2013-kroner) til museumsdrifta, og då er husleigekostnader ikkje medrekna. I 2013 får Nasjonalmuseet 272 mill. kroner i statleg driftstilskot, inkludert tilskot til husleigekostnader.

I dag betaler Nasjonalmuseet husleige for bygningane dei er i, høvesvis til Statsbygg, Entra Eiendom AS og Oslo kommune. I tillegg leiger museet eksterne magasin hjå private utleigarar. Departementet legg til grunn at nybygget vert forvalta av Statsbygg innanfor den statlege husleigeordninga for å sikra eit verdibevarande vedlikehald. Husleiga skal ikkje effektuerast før Nasjonalmuseet har overteke nybygget og skal handsamast på vanleg måte i budsjettsamanheng.

5.4 Framdrift

Statsbygg har vurdert kompleksiteten i nybygget slik at det er naudsynt med ca. seks års produksjonstid frå det tidspunktet Statsbygg får oppdragsbrev om å starta arbeidet. Det er gjort samanlikningar med framdrifta i andre bygg dei seinaste åra, og gjennomsnittleg kvadratmeterproduksjon per månad vil vera høgare enn t.d. i Opera-prosjektet og fleire andre museumsprosjekt i utlandet. Det er viktig at det vert gjennomført test og kalibrering av ferdig bygning, som vil ha eit omfattande teknisk utstyr.

Straks det ligg føre stortingsvedtak om løyving til prosjektet, vil Statsbygg setja i gang å detaljprosjektera med tanke på å innhenta tilbod på dei første entreprisane. Då vil òg departementet koma attende til Stortinget med detaljert framdriftsplan.