Prop. 108 S (2012–2013)

Nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen

Til innhaldsliste

4 Kostnader

4.1 Utvikling av kostnadsbiletet

Då Regjeringa vinteren 2009 bestemte seg for konseptet med eit nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen, vart det i utgreiingsmaterialet laga kostnadsestimat på overordna nivå for dei ulike alternativa. Hovudpoenget med kostnadsestimata var å kunna samanlikna dei ulike alternativa. Til grunn for overslaga i alle alternativa låg det ein nøytral bygningskropp med nøktern form og ikkje noko spesielt arkitektonisk grep. Rekna i 2008-kroner var overslaget ca. 3 500 mill. kroner for Vestbaneprosjektet, som var det gunstigaste prosjektet, både økonomisk og museumsfagleg.

Ekstern kvalitetssikrar konkluderer med at forprosjektet er i tråd med areal- og funksjonsbehov som i si tid låg til grunn for å velja nybygg på Vestbanen som konsept. Vidare seier ekstern kvalitetssikrar at plan- og designkonkurransen har gjeve løysingar som på enkelte område er meir kostnadskrevjande enn ein la til grunn i 2008-2009.

Først etter at arkitektkonkurransen var avslutta i november 2010, var det eit sikrare grunnlag for å vurdera prosjektkostnader. Då vart styringsramma (P 50) vurdert å vera 3 550 mill. kroner. Så tidleg i prosjektet vart uvisseavsetninga vurdert til å vera 1 000 mill. kroner, slik at P 85 var sett til 4 555 mill. kroner.

Frå 2010 til 2012 har prosjektet fått ei vesentleg endring. Alt bygningsrelatert tryggingsutstyr, innreiing i magasin og hovuddelen av lysutstyret i utstillingsareala er overførde frå brukarutstyr til hovudprosjektet. Dette har vore naudsynt for å leggja til rette for ei optimal prosjektering av alle tryggingsaspekt ved nybygget. Totalt er bygningsrelatert brukarutstyr kostnadsrekna til ca. 335 mill. kroner (P 50).

Konsekvensen av å ta med bygningsrelatert brukarutstyr i hovudprosjektet er at kostnadsbehovet for brukarutstyr er redusert. Resten av brukarutstyr skal på vanleg måte finansierast seinare med ei særskild løyving. Nybygget på Vestbanen er spesielt på mange måtar, og det er vanskeleg å finna relevante referanse- og erfaringstal som grunnlag for førebels estimat av kva resten av brukarutstyret kan koma til å kosta. Prosjekteringsarbeidet med resten av brukarutstyret skal difor setjast i gang så snart kostnadsramma for sjølve byggjeprosjektet er på plass. Føresetnaden frå departementets side er at det skal leggjast stor vekt på gjenbruk av brukarutstyr og nøktern standard. Vidare legg departementet opp til at forprosjekteringa skal gjennomførast av ei eiga arbeidsgruppe, leidd av departementet. Regjeringa vil koma attende med kostnader for det resterande brukarutstyret.

Som rekkjefølgjekrav1 i reguleringsplanen har det kome til ekstra utgifter i tilknyting til overbygging av del av køyrerampe over E-18 og gang- og sykkelsti som skal gå frå Dokkveien til Dronning Mauds gate, bak museumsbygningen. I alt er det tale om ca. 64 mill. kroner som gjeld kostnader og tiltak som kan seiast å vera ei form for «by-reparasjon».

Nybygget til Nasjonalmuseet er eit krevjande prosjekt med høge funksjons- og kvalitetskrav på ei rekkje felt. Bruk av solide materialar som naturstein utvendig og tregolv i utstillingsareala gjev nybygget eit markant preg. Den lysande «alabasthallen» gjev bygningskomplekset eit særprega uttrykk. Det er sett strenge og omfattande krav til tryggingstiltak i bygningen. Fleire hendingar både heime og i utlandet dei seinaste åra har understreka kor overlag viktig det er å ta tryggingstiltak i museum på stort alvor. Strenge klimakrav medfører behov for VVS-løysingar som er meir kostnadskrevjande enn i vanlege kontorbygningar. Det er lagt stor vekt på ein energi- og klimapositiv profil for bygget.

4.2 Forslag til styrings- og kostnadsramme

Tufta på Statsbyggs forprosjekt tilrår ekstern kvalitetssikrar at prosjektet bør ha ei styringsramme (P 50) på 4 690 mill. kroner i prisnivå juli 2013. Då er meirverdiavgift ikkje rekna inn. Nasjonalmuseet er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og skal driva avgiftspliktig verksemd i dei nye lokala. Heile bygget skal nyttast til avgiftspliktig verksemd. Statsbygg får dermed frådrag for inngåande meirverdiavgift både for oppføringskostnader og driftskostnader for det arealet som skal leigast ut.

Ekstern kvalitetssikrar tilrår at uvisseavsetninga bør vera 900 mill. kroner. Ein viktig del av uvisseanalysen er knytt til uvisse om marknadsutviklinga i byggjebransjen dei næraste fem-seks åra. Vidare er det lagt vekt på at prosjektet er krevjande og at tomta gjev ei rekkje utfordringar for sjølve byggjeprosessen. På den bakgrunnen er forslaget om P 85 på 5 590 mill. kroner. På vanleg måte er det utarbeidd ei prioritert kuttliste på 263 mill. kroner. Det medfører at tilrådd kostnadsramme – P 85 med fråtrekk for kuttlista – er 5 327 mill. kroner rekna i prisnivå juli 2013.

Statsbygg har ingen merknader til dei tala ekstern kvalitetssikrar føreslår for prosjektet.

På denne bakgrunn føreslår regjeringa at styrings- og kostnadsramma for nybygget på Vestbanen vert følgjande, rekna i juli 2013-kroner:

Styringsramme (P 50)

4 690 mill. kroner

Uvisseavsetning

900 mill. kroner

P 85

5 590 mill. kroner

Kuttliste

263 mill. kroner

Kostnadsramme bygg

5 327 mill. kroner

Fotnotar

1.

Konkret inneber rekkjefølgjekravet at tiltaka over køyrerampa til E-18 må vera ferdig før kommunen gjev løyve til å ta i bruk nybygget.