Prop. 124 L (2012–2013)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.)

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar

11.1 Krav til etablering

Kravet om at løyvehavar må vere etablert i Noreg er ikkje venta å få store verknader i praksis.

For løyvestyresmaktene inneber kravet at ein må vurdere dokumentasjon for at eit ekstra krav for tilgang til yrket er oppfylt. Dette vert ikkje vurdert å vere spesielt krevjande eller byrdefullt. Det vil vere enklare for styresmaktene å kontrollere at dei andre vilkåra for yrkestilgang er oppfylte når ei verksemd er etablert i landet.

Departementet reknar ikkje med at innføring av kravet om etablering i Noreg i praksis vil ha store verknader for transportverksemder. Verksemder kan normalt enkelt dokumentere at dei oppfyller dette kravet. For nokre norske avdelingar av utanlandske føretak (NUF) vil etableringskravet kunne medføre eit skjerpa krav om tilknyting til Noreg.

11.2 Elektronisk register over transportørar på veg

Oppretting og drift av det nasjonale elektroniske registeret over vegtransportørar krev investeringar frå ansvarleg styresmakt. Til no har Vegdirektoratet stått for kostnadene ved opprettinga av registeret. Kostnadene ved oppretting av registeret er dekka under dei ordinære løyvingane til Vegdirektoratet.

Departementet ser ikkje bort frå at drifta av registeret vil krevje fleire tilsette som arbeider med utveksling av informasjon mellom EØS-statane. Det er vanskeleg å fastslå kor stor auke i arbeidsmengde knytt til utveksling av opplysningar mellom EØS-statar bruken av registeret vil føre med seg. Dette er avhengig av mengda av meldingar i systemet og kor stor del av meldingane som kan gå automatisk, og kor stor del som må handsamast manuelt. Vegdirektoratet har førebels estimert eit behov for 5 ekstra årsverk på sikt. Gjeldande krav om utveksling av slike opplysningar per post vert antakeleg ikkje følgd i slik grad at innføringa av registeret totalt sett vil innebere sparing av ressursar. Auka bruk av ressursar inneber kostnadar knytt til lønn. I tillegg kjem kostnader knytt til drift og vedlikehald av det nye registeret. Ved søknad om løyve må søkjaren betale handsamingsgebyr for utferding av løyve.

Departementet legg opp til at eventuelle auka kostnader ved drift av registeret, vil måtte dekkjast gjennom aukingar i handsamingsgebyret. For næringa kan kostnader ved drift av registeret gje seg utslag i ei auke i gebyret for utferding av løyve, jf. prinsippet om kostnadsdekning ved fastsetting av gebyr.

11.3 Erklæring om at transportleiar er uskikka til å drive transportverksemd

Innføring av ein heimel for å erklære transportleiarar som uskikka til å leie transportverksemd er ikkje venta å ha nokon stor verknad for offentlege styresmakter. Etter det Samferdselsdepartementet kjenner til er det i løpet av eit år få leiarar av transportverksemder som bryt relevant regelverk i ein slik grad at det vil vere aktuelt å erklære dei for uskikka til å leie transportverksemd. Det er ikkje venta at innføringa av heimelen vil føre til vesentleg meirarbeid for styresmaktene.

For transportleiarar inneber ei erklæring om at dei er uskikka at dei for ein periode ikkje kan arbeide innan yrket som transportør på veg innan EØS fram til dei igjen oppfyller kravet om god vandel.

11.4 Løyveordninga og tida eit løyve gjeld

For offentlege styresmakter inneber samanslåinga av nasjonale løyve og fellesskapsløyve ei rasjonalisering, ettersom det berre vil vere nødvendig å utferde eitt løyvedokument i staden for to.

For transportørar som driv både nasjonal og internasjonal transport vil ei slik ordning vere rimelegare fordi dei berre treng å betale eitt gebyr for utferding av løyve.

At tida eit nasjonalt løyve gjeld vert endra, frå utan avgrensing i tid, til ein periode på 10 år inneber at løyvestyresmaktene må utferde fleire løyve totalt sett. Gebyret for å utferde løyve er som nemnt over venta å dekkje desse kostnadene.

Løyvehavarar vil etter framlegget til lovendring måtte betale gebyr for utferding av løyve kvart 10. år. Gebyret for handsaming av løyvesøknader vert vurdert å vere så lågt at det ikkje vil få monalege økonomiske verknader for løyvehavarane.

11.5 Organiseringa av løyvestyresmaktene

For offentlege styresmakter inneber omlegginga av organiseringa av løyvestyresmaktene at oppgåver vert flytta frå fylkeskommunane til Statens vegvesen.

Ved å samle administrasjonen av løyve må talet på tilsette i SVV aukast. I dag er det 0,5 – 2 tilsette i kvar fylkeskommune som arbeider med nasjonale løyve for person- og godstransport på veg. Ein må rekne med at det er behov for å auke talet på tilsette i SVV med mellom 12 og 20 sakshandsamarar.

På grunnlag av at det totalt sett er få i kvar fylkeskommune som arbeider med løyvesaker er det departementet si vurdering at fylkeskommunane bør få til ei omfordeling av oppgåver utan å seie opp dei tilsette som i dag arbeider med desse oppgåvene.

Det er grunnlag for å tru at ei samordning av administrasjonen av løyve totalt sett vil føre til mindre ressursbruk enn i dag.

Utferding og administrasjon av løyve vert i all hovudsak finansiert gjennom gebyr frå dei som søkjer om løyve.

Ved søknad om nasjonale løyve må søkjaren i dag betale eit gebyr til fylkeskommunen som skal dekkje kostnader ved sakshandsaminga. Ved overføring av løyveansvaret til SVV, er det SVV som vil få dette gebyret. Gebyrsatsen er i dag høg nok til å dekkje kostnadene ved utferding av løyve, men eventuelle auka utgifter for SVV som følgje av endringane i organiseringa av løyvestyresmaktene vil måtte dekkjast gjennom aukingar av handsamingsgebyret. Departementet vurderer det slik at det ikkje vil vere behov for endringar i netto løyving til SVV eller fylkeskommunane som følgje av framlegget. Lovframlegget vil gje bortfall av gebyrinntekter for fylkeskommunane, men samstundes ei avlasting av oppgåver.

Det er departementet si vurdering at verknadene av omorganiseringa av løyvestyresmaktene ikkje vil få merkbare konsekvensar for næringa og private aktørar.

Til forsida