Prop. 124 L (2012–2013)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.)

Til innhaldsliste

7 Elektroniske register over transportørar på veg

7.1 Høyringsframlegg

Departementet kom i høyringsnotatet med framlegg om å ta inn ein heimel i ny § 29a i yrkestransportlova for etablering og drift av eit nasjonalt register over vegtransportørar som mellom anna skal innehalde einskilde sensitive personopplysningar. Departementet kom og med framlegg om at det bør gå fram av lova at registeret skal koplast saman med dei elektroniske registra i dei andre EØS-landa på vilkår som vert nærare fastsett av departementet.

I høyringa vart det vidare gjort framlegg om at departementet får heimel til å gje nærare reglar om registeret, mellom anna reglar av teknisk art i forskrift. Det vart og gjort framlegg om at departementet får heimel til å fastsette nærare reglar om innhaldet i registeret i forskrift.

Departementet viste i høyringsframlegget til at det krevst heimel i lov til å handsame personsensitive opplysningar. Det vart på denne bakgrunn gjort framlegg om lovendring for å oppfylle forpliktingane som følgjer av forordning 1071/2009 om ho vert teke inn i EØS-avtalen.

Uavhengig av forpliktinga som følgjer av EØS-avtalen viste departementet i høyringa til at det er viktig å ha oversikt over dei transportørane som har løyve, for å sikre at dei til ei kvar tid oppfyller krava til vandel, økonomi og faglege kvalifikasjonar.

Departementet viste i høyringsframlegget til at oppretting og drift av eit elektronisk register i tråd med reglane i forordningane vil gjere det lettare å føre kontroll med at vilkåra for tilgang til yrket er oppfylte, mellom anna ved at nasjonale styresmakter enkelt vil få oversikt over brot på regelverket som er gjort i andre EØS-land. Det gikk fram av høyringa at registeret vil vere med på å sikre meir seriøse forhold i vegtransportbransjen, og motverke at transportørar som ikkje oppfyller krava for yrkestilgang i eit EØS-land utan vidare kan etablere seg og drive verksemd i eit anna EØS-land. Det vart og vist til at registeret vil lette samarbeidet mellom dei nasjonale styresmaktene på tvers av landegrensene.

Det vart i høyringsframlegget peika på at det er positivt at det går fram av forordning 1071/2009 art. 17 at statane skal sikre at det vert teke omsyn til viktige reglar om personvern som er fastsette i direktiv 95/46/EF. Reglane i direktivet er innarbeidde i norsk rett i personopplysningsloven.

Departementet legg til grunn at det i det vidare arbeidet med utvikling av registeret skal leggjast vekt på at dei tekniske løysingane som vert valt i størst mogleg grad tek omsyn til vern av dei sensitive personopplysningane.

Det vart i høyringsframlegget vist til at det er viktig at dei sensitive personopplysningane vert førte i separate register som forordninga opnar for i art. 16 (2), og at Noreg bør nytte moglegheita forordninga art. 16 (2) gjev til ikkje å la desse opplysningane vere direkte tilgjengelege for andre land sine styresmakter. Det vart i høyringa lagt opp til at opplysningane berre skal gjerast tilgjengelege for andre land sine styresmakter på førespurnad.

I høyringa vart det og vist til at det er viktig at talet på sakshandsamarar som har tilgang til dei sensitive personopplysningane ikkje er større enn nødvendig. Dette er ein av fleire grunnar til at det i pkt. 10 i proposisjonen vert gjort framlegg om å samle store delar av ansvaret for løyveadministrasjonen i eitt organ.

7.2 Høyringsfråsegn

Når det gjeld heimel for å opprette og drifte eit register over transportørar på veg, samt utveksle opplysningar frå registeret, uttalar Datatilsynet: «Datatilsynet vil understreke at ved registrering av sensitive data må den behandlingsansvarlige verksemd tilfredsstille strenge informasjonssikkerheitskrav. Vidare tilføyast det at når registerets innhald truleg vil kunne få store konsekvensar for dei registrerte transportørar må ein ha rutinar som sikrar høg grad av opplysningskvalitet.»

Norsk Transportarbeiderforbund meiner at eit nasjonalt register som skal koplast opp mot eit europeisk register i størst mogleg grad bør vere opent mellom statane i EØS, sjølv om dette kan gje utfordringar i høve til personvern. Norsk Transportarbeiderforbund viser til at om medlemsstatane må sende førespurnader til andre land for å få informasjon, vil dette kunne føre til at registeret ikkje vert brukt slik det er tenkt. Landsorganisasjonen i Norge støttar dette synspunktet.

Norges Lastebileier-Forbund (NLF) støttar opprettinga av eit sentralt løyveregister. NLF meiner likevel at kostnadene ved eit slikt register ikkje skal dekkjast av gebyret for sakshandsaming, men av Vegdirektoratet sitt ordinære driftsbudsjett. NLF støttar ikkje at transportnæringa skal påleggjast ei ytterlegare økonomisk belasting ved innføring av registeret.

NHO Transport ber Samferdselsdepartementet om å vurdere å kople saman informasjon om innreise til Noreg for buss og tungbiltransport i det nye registeret over vegtransportørar når krav om obligatorisk bombrikke vert innført. Det vil kunne gje god informasjon om ein transportør sitt opphald i Noreg og kan gje grunnlag for effektiv kabotasjekontroll. NHO Transport meiner og det er viktig at det i det nye registeret vert registrert brot på bompengebetaling, fylling av avgiftsfri diesel og eventuelle brot på kabotasjereglane. Desse brota må gje grunnlag for at kravet til god vandel som er nødvendig for å utføre yrket ikkje er oppfylt.

7.3 Departementet si vurdering

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om framlegget er positive til at det vert oppretta eit elektronisk register over transportørar på veg som skal leggje til rette for utveksling av opplysningar mellom styresmaktene i EØS-landa.

Departementet har merka seg utsegna frå Datatilsynet om at det må stillast strenge krav til sikkerheit, og at det må vere rutinar som sikrar høg grad av opplysingskvalitet. I den samanhengen viser departementet til høyringa der det vert gjort framlegg om å samle løyveadministrasjonen i eitt organ for å sikre at talet på sakshandsamarar som har tilgang til dei sensitive personopplysningane, ikkje er større enn nødvendig.

Norsk Transportarbeiderforbund meiner at registeret skal vere mest mogleg opent mot dei andre EØS-landa. Departementet ønskjer å vere tilbakehaldne med å utveksle opplysningar automatisk, for å i størst mogleg grad ta omsyn til vern av dei sensitive personopplysningane. Difor har departementet i høyringa gjort framlegg om at opplysningane i registeret berre vert gjort tilgjengelege for andre land sine styresmakter på førespurnad.

Når det gjeld kommentaren frå NHO Transport om at registeret bør innehalde opplysningar om innreise i Noreg for buss og tungbiltransport, er det departementet si vurdering at slik registrering neppe vil vere i samsvar med EØS-avtalen.

På bakgrunn av at registeret skal innehalde sensitive personopplysningar må det liggje føre eit rettsleg grunnlag etter personopplysningsloven § 9. I denne saka er alternativa heimel i lov etter første ledd bokstav b eller konsesjon etter tredje ledd. På bakgrunn av at Datatilsynet har gjeve konsesjon for oppretting og drift av eit elektronisk register i tråd med reglane i forordning 1071/2009 under den føresetnaden at det vert gjeve heimel i lov for registeret, er det departementet si vurdering at registeret må vere heimla i lov.

Departementet viser til grunngjevinga for framlegget generelt og held fast ved framlegget til lovendring.

Til forsida