Prop. 124 L (2012–2013)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.)

Til innhaldsliste

12 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovframlegget og iverksetjing

12.1 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovframlegget

Til § 4 om løyve for persontransport med motorvogn

Det vert teke inn ei presisering i § 4 (1) slik at det går fram at løyve etter desse reglane skal gjelde både nasjonal og internasjonal transport. Slik reglane i yrkestransportlova § 4 er utforma, er det ikkje strengt nødvendig å endre lova for at same løyve skal gjelde for nasjonal og internasjonal transport. Presiseringa vil likevel gjere lova meir oversiktleg og tilgjengeleg, samstundes som det er ei klar markering av at det vert gjort endringar i løyveordninga.

I ny bokstav a i § 4 (2) vert det teke inn krav om at løyvehavarar skal drive ei faktisk og varig verksemd i landet. Dette vil gje eit sterkare krav om etablering og tilknyting til landet for dei som søkjer om løyve her. I og med at § 5 (1) if. viser til § 4 (2), vil kravet om etablering gjelde både person- og godstransport på veg.

Gjeldande bokstav a), b) og c) vert flytta til bokstav b), c) og ny bokstav d).

Til § 5 om løyve for godstransport med motorvogn

Det vert teke inn ei tilsvarande presisering i § 5 (1) om godstransport som i § 4 (1) om persontransport, slik at det går fram at løyve etter desse reglane skal gjelde både nasjonal og internasjonal transport. Dei same merknadene som til § 4 (1) gjeld.

Til § 9 om behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute

For å gjere utforminga av § 9 (1) meir presis vert ordlyden endra slik at det går klart fram at det berre krevst eitt løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute. Det vert vist til at § 4 gjeld tilsvarande, noko som inneber at dei objektive krava for tilgang til yrket og gjeld ved tildeling av løyve etter § 9 (1).

Endringa i § 9 (1) er ikkje ei reell endring av rettssituasjonen, men skal gjere regelen meir presis og i tråd med praksis på området.

Til § 10 om transport med motorvogn til eller frå utlandet

Ved ein inkurie står ordet «ha» to gonger etter kvarandre i ytl. § 10 (1). Dette vert no retta opp ved å fjerne eitt av orda. Endringa har ingen materielle verknader.

Til § 12 om løyve

§ 12 (1) vert endra slik at løyve for persontransport etter § 4 og løyve for godstransport etter § 5 vert gjevne av Statens vegvesen. Framlegget inneber at Statens vegvesen, som sentral løyvestyresmakt for dei nemnde løyva, får ansvaret for utferding og administrasjon av dei løyva etter yrkestransportlova som ikkje er behovsprøvde.

Det vert sett inn eit nytt andre ledd i § 12 der det går fram at løyve etter § 9 vert gjeve av fylkeskommunen. Denne endringa er ei strukturell tilpassing til dei øvrige endringane i lova, og inneber ikkje materielle endringar.

Til § 14 om internasjonal transport og kabotasje

Overskrifta i § 14 vert endra slik at det kjem klart fram at regelen regulerer kven som er løyvestyresmakt for tillatingar til internasjonal transport og kabotasje utanfor EØS etter § 10. Kven som er ansvarleg styresmakt for løyver for transport innanfor EØS er regulert i § 12.

I ny § 14 (1) vert det slått fast at tillatingar etter § 10 første ledd vert gjevne av Statens vegvesen. Dette omfattar tillatingar til transport etter dei bilaterale vegtransportavtalene og tillatingar til multilateral transport etter ECMT sin multilaterale kvote. Endringa inneber at ansvaret for desse tillatingane vert lagt direkte til SVV i lova, og ikkje som i dag til Vegdirektoratet etter delegasjon frå Samferdselsdepartementet. Det vil etter omlegginga ikkje lenger vere Samferdselsdepartementet som er klageinstans for slike saker.

Ny § 14 (2) seier at samtykke til transport etter § 10 andre og tredje ledd vert gjeve av departementet. Denne endringa er ei strukturell tilpassing til dei andre endringane i lova, og inneber ikkje materielle endringar.

Til § 26 a erklæring om at transportleiar er uskikka til å drive transportverksemd

Ny § 26 a (1) i yrkestransportlova skal gje heimel for at løyvestyresmaktene kan fatte vedtak om at ein transportleiar er uskikka til å leie transportverksemd dersom transportleiaren ikkje lenger oppfyller kravet til god vandel. Det skal gå fram av erklæringa at ho gjeld for den perioden kravet til god vandel ikkje er oppfylt. Departementet får i § 26 a (2) heimel til å fastsette nærare reglar i forskrift om erklæring om at transportleiar er uskikka til å drive transportverksemd.

Til § 27 om kor lenge eit løyve gjeld

Etter nytt første ledd i § 27 skal løyve etter §§ 4 og 5 gjelde i 10 år, i motsetnad til dagens ordning der nasjonale løyve gjeld utan avgrensing i tid og fellesskapsløyve gjeld for 5 år.

Nytt andre ledd i § 27 legg opp til å vidareføre ordninga med at løyve etter § 9 gjeld utan avgrensing i tid. Denne endringa er ei strukturell tilpassing til dei andre endringane i lova og inneber ikkje materielle endringar.

I nytt tredje ledd har ein flytta ned føresegna som gjeld for behovsprøvde løyve etter §§ 6 og 7, frå andre ledd.

Til § 29 a om nasjonalt elektronisk register over vegtransportørar

Ny § 29 a i yrkestransportlova skal gje heimel for oppretting og drift av eit nasjonalt elektronisk register over vegtransportørar, som vil innebere registrering og handsaming av personopplysningar og sensitive personopplysningar etter forordningane i vegpakken. I tillegg vert det gjort framlegg om at registeret skal koplast saman med dei elektroniske registra i dei andre EØS-landa på vilkår som vert nærare fastsette av departementet, og at opplysningar skal verte utveksla mellom ansvarlege styresmakter i EØS-landa. Departementet får heimel til å gje nærare forskrift på området.

12.2 Iverksetjing

Endringane i §§ 9 og 10 skal tre i kraft 1. juli 2013.

Det vert lagt opp til at dei andre lovendringane skal tre i kraft frå den tid Kongen fastset.

Tidspunktet lova skal tre i kraft kan da tilpassast tidspunktet forordningane i vegpakken vert tekne inn i EØS-avtalen, og nødvendige forskrifter er fastsette. I tillegg vil ein trenge noko tid for å leggje til rette for dei framlagde endringane i løyveordninga og organiseringa av løyvestyresmaktene.

Departementet gjer framlegg om at løyve som er gjevne når denne lova tek til å gjelde skal gjelde for ei tid som vert nærare fastsett av departementet. Det vil ikkje vere aktuelt å sette tida for kor lenge desse løyva skal gjelde til mindre enn 10 år rekna frå iverksettinga av lova.

Til forsida