Prop. 124 L (2012–2013)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.)

Til innhaldsliste

4 Nærare om innhaldet i vegpakken

4.1 Generelt

Formålet med dei nye reglane er å konsolidere og ytterlegare harmonisere regelverket for tilgang til yrket og marknaden innan vegtransport. Som eit ledd i harmoniseringa er dei nye reglane om tilgang til yrket fastsette i forordning. Tidlegare EU-reglar om yrkestilgang er fastsette i direktiv.

Det vert lagt til rette for betre kontroll med at vilkåra for tilgang til yrket og marknaden er oppfylte, og for betre samarbeid mellom ansvarlege styresmakter i EU-landa. Dette skal bidra til auka seriøsitet i vegtransportnæringa, mellom anna ved at det skal verte vanskelegare for useriøse transportørar å flytte verksemda si frå eit land til eit anna.

4.2 Forordning 1071/2009 – tilgang til yrket som transportør på veg

Forordning nr. 1071/2009 om tilgang til yrket gjeld for alle som har løyve til å drive transport på veg og for alle som søkjer om slikt løyve. For godstransport vil forordninga gjelde for transport med motorvogn – eller motorvogn med tilhengjar – med ei tillaten totalvekt på 3,5 tonn, om ikkje nasjonalstaten har bestemt noko anna. For persontransport gjeld forordninga for transport med motorvogn som er konstruert for transport av fleire enn ni personar medrekna sjåføren. Nasjonalstatane kan og gjere unnatak for verksemd som har lita kommersiell betyding, jf. forordninga art. 1.

Det er sett opp fire kvalitative krav for å kunne utøve yrket som transportør på veg.

For det første følgjer det av forordninga eit krav om at verksemder som utøver yrket som transportør på veg skal drive ei faktisk og varig verksemd i staten der det vert søkt om løyve. Dette følgjer av forordninga art. 3 (1) bokstav a), jf. art. 5. Etableringskravet inneber at verksemda skal (i) ha ei verksemd i etableringsstaten med lokale der dei viktigaste forretningsdokumenta vert oppbevarte, (ii) ha til disposisjon eitt eller fleire køyretøy, og (iii) drive verksemda faktisk og varig frå ein driftssentral i etableringsstaten.

For det andre vert det stilt krav til vandel som både transportøren, transportleiaren og ein eventuell annan relevant person må oppfylle, jf. art. 3 (1) bokstav b) jf. art. 6. Forordninga listar opp kva område kravet om god vandel er knytt til, og slår fast kva forhold som gjer at kravet til god vandel ikkje lenger er oppfylt.

For det tredje må transportøren ha økonomisk evne som svarer til at verksemda har reserver eller garanti frå bank eller forsikringsselskap på minimum 9000 euro for eitt køyretøy, og minst 5000 euro for kvart ekstra køyretøy, jf. forordninga art. 3 (1) bokstav c) og art. 7.

For det fjerde er det stilt krav til faglege kvalifikasjonar som skal dokumenterast ved eksamen frå godkjent institusjon jf. forordninga art. 3 (1) bokstav d) og art. 8. Dei einskilde statane kan velje å gje fritak frå kravet til søkjarar som har minst 10 års erfaring som leiar av transportverksemd. Eksamen kan berre takast i eit land personen som skal ta eksamen har tilknyting til.

Verksemda skal peike ut ein transportleiar som er ansvarleg for å oppfylle krava til god vandel og faglege kvalifikasjonar, jf. forordninga art. 4. Transportleiaren må (i) faktisk og varig leie transportarbeidet i verksemda, (ii) ha ei reell tilknyting til verksemda, som å vere tilsett, direktør, eigar eller aksjonær, eller om verksemda er ein fysisk person, vere denne personen, og (iii) bu innanfor EU1.

Det følgjer av art. 14 (1) at dersom ein transportleiar ikkje lenger fyller krava til god vandel etter art. 6, skal kompetent styresmakt erklære transportleiaren uskikka til å leie transportverksemda. Med mindre eit tiltak for rehabilitering er sett i verk, skal kompetansebeviset til transportleiaren ikkje lenger vere gyldig i noko EU-land, jf. art. 14 (2).

Art. 6 (2) set opp reglar for korleis styresmaktene skal gå fram når ein transportleiar eller ei verksemd er dømt for eit alvorleg straffbart forhold eller har fått ein sanksjon for eit av dei alvorlegaste brota på fellesskapsreglane. Det følgjer av art. 6 (3) at god vandel ikkje er oppfylt før eit vedtak om rehabilitering eller eit anna tiltak med same verknad er sett i verk etter relevante reglar i nasjonal lovgjeving.

Det skal utførast kontroll av verksemder etter mønster i direktiv 2006/22/EF, jf. art. 12.

Forordninga set opp reglar om forhold som skal utløyse ei åtvaring og eventuell tilbakekalling av løyve, jf. art. 13. Dersom vedkomande styresmakt slår fast at ei verksemd står i fare for ikkje lenger å oppfylle krava fastsette i art. 3, om etablering, god vandel, økonomisk evne og fagleg kompetanse, kan den kompetente styresmakta gje verksemda frist til å rette opp forholdet. Vedkomande styresmakt kan kalle tilbake løyvet mellombels eller varig dersom forholda ikkje vert retta opp innan fristen.

Det følgjer av art. 16 (1) at styresmaktene i kvar stat skal opprette og bruke eit nasjonalt elektronisk register over alle vegtransportørar. Dei nasjonale registra skal knytast saman slik at styresmaktene kan slå opp i andre statar sine register, jf. art. 16 (5).

Registra skal innehalde opplysningar om transportøren sitt namn, adresse og selskapsform, namn på transportleiar, kva type løyve som er utferda, talet på løyve o.a., jf. art. 16 (1) første ledd bokstav a) til d). Desse opplysningane skal vere offentleg tilgjengelege, jf. art. 16 (2) tredje ledd siste setning.

I tillegg til slike nøytrale opplysningar skal registra innehalde opplysningar om tal på, kategori og alvorlege brot på EU-lovgjevinga på opplista område knytt til transport, som har ført til dom eller sanksjon innanfor dei siste to åra, jf. art. 16 (1) første ledd bokstav e). Registra skal og innehalde namn på personar som er erklært uskikka til å vere transportleiarar, jf. art. 16 (1) første ledd bokstav f). Etter art. 16 (3) skal opplysningar om personar som er erklærte uskikka, stå i det nasjonale registeret så lenge dei ikkje har fått tilbake sin gode vandel. Det er opp til nasjonale styresmakter om andre land sine styresmakter skal ha direkte tilgang til opplysningane i art. 16 (1) første ledd bokstav e) og f), eller om dei berre skal vere tilgjengelege på førespurnad. Opplysningar etter art. 16 (1) første ledd bokstav e) og f) skal ikkje vere offentleg tilgjengelege.

Registra skal opprettast og drivast i samsvar med dei relevante reglane om personvern, jf. art. 17 som viser til at det skal sikrast at reglane om vern av personopplysningar i direktiv (EF) nr. 95/462 av 24. oktober 1995 om beskyttelse av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger, vert følgde.

For å gjere det enklare å etablere seg i andre statar gjeld ei ordning med attestasjonar frå heimlandet for oppfylling av krava til vandel, økonomi og fagkompetanse, jf. art. 19 – 21.

Statane skal vedta reglar om sanksjonar ved brot på forordninga, jf. art. 22.

4.3 Forordning 1072/2009 – tilgang til marknaden innan godstransport på veg

Forordning nr. 1072/2009 om tilgang til marknaden innan godstransport gjeld for internasjonal godstransport og mellombels kabotasje på veg som vert utført av EU-transportørar innan EU3. Kabotasje er nasjonal transport som vert utført i eit land der transportøren ikkje høyrer heime, sjå forordninga art. 1 (1) til (4). Nokre former for transport er fritekne frå kravet om fellesskapsløyve etter forordninga; dette gjeld mellom anna transport med motorvogner der største tillatne totalvekt ikkje er høgare enn 3,5 tonn medrekna vekta til tilhengjaren, og eigentransport, jf. art. 1 (5).

Internasjonal godstransport og mellombels kabotasje skal skje på grunnlag av eit fellesskapsløyve, jf. art. 3 og 8 (1). Fellesskapsløyve vert utferda til transportørar som oppfyller dei objektive krava om tilgang til yrket, jf. art. 4 (1). Løyvet gjev rett til tosidig transport, transittransport, tredjelandstransport innan EØS4, samt kabotasje på visse vilkår. Fellesskapsløyve skal gjelde for ein periode på opp til 10 år, jf. art. 4 (2).

I forordninga art. 8 er det sett opp vilkår for å utføre kabotasje; det kan utførast maksimalt tre turar innanfor ein periode på sju dagar etter at eit køyretøy hadde med internasjonal last inn i landet, jf. art. 8 (2). Transportøren må leggje fram prov på det internasjonale oppdraget, samt for kvar einskild kabotasjetur. Art. 8 (3) set opp detaljerte reglar for kva opplysningar dokumentasjonen skal innehalde. Det er tillate å utføre kabotasje i eit anna land enn der lasten vart lossa (transittkabotasje), men maksimalt eitt kabotasjeoppdrag per land, jf. art. 8 (2) andre ledd. Om det oppstår alvorlege forstyrringar i marknaden som følgje av kabotasje, kan eit land ta dette opp med Kommisjonen5 med sikte på å innføre mottiltak, jf. art. 10.

Om føraren er statsborgar i eit land utanfor EU og ikkje bur fast i eit EU-land6, skal vedkommande ha ein førarattest som viser at han er lovleg tilsett i landet der transportøren er etablert, jf. art. 5.

Forordninga art. 10 handlar om sanksjonar frå etableringsstaten. Ved alvorlege brot på fellesskapsregelverket for vegtransport skal styresmaktene i etableringsstaten til transportøren som har gjort seg skuldig i brotet, følgje opp saka med sanksjonar. Slike sanksjonar skal mellom anna omfatte mellombels eller varig tilbakekalling av fellesskapsløyvet. Art. 13 handlar om sanksjonar frå vertsstaten si side mot transportørar som har brote fellesskapsreglane på deira territorium. Vertsstaten skal sende over opplysningar om brotet og påfølgjande sanksjonar til styresmaktene i transportøren sin etableringsstat.

Forordninga art. 14 slår fast at kompetente styresmakter i nasjonalstatane skal utveksle opplysningar om brot og sanksjonar gjennom dei elektroniske registra over vegtransportørar. Ein vertsstat skal informere transportøren sin heimstat om alvorlege brot transportøren har gjort. Heimstaten skal informere vertsstaten om kva sanksjonar transportøren er ilagt for brotet, eventuelt gje vertsstaten ei grunngjeving for kvifor sanksjon ikkje vart ilagt.

4.4 Forordning 1073/2009 – tilgang til marknaden innan persontransport på veg

Forordning nr. 1073/2009 om tilgang til marknaden innan persontransport på veg gjeld for internasjonal persontransport på veg i og utanfor rute innan EU7, med køyretøy over ni seter medrekna førarsetet. Forordninga regulerer tilgangen til tosidig transport, transittransport, tredjelandstransport innan EU8 og mellombels kabotasje, jf. art. 1.

Som for godstransport skal persontransport i EU skje på grunnlag av eit fellesskapsløyve som gjeld for ein periode på opp til 10 år, jf. art 4 (4). Fellesskapsløyve vert utferda til transportørar som oppfyller dei objektive krava om tilgang til yrket, jf. art 3 (1).

Forordninga deler persontransport inn i fire undergrupper: Rutetransport, spesiell rutetransport (transport av arbeidstakarar/elevar til og frå arbeid/skule), turbiltransport (transport utanfor rute) og eigentransport, jf. art. 2.

Mellombels kabotasje er tillate for turbiltransport, spesiell rutetransport når transportøren har kontrakt med oppdragsgjevar, og for rutetransport når han er del av ei internasjonal rute og ikkje er med på å dekkje behovet for transport i, eller til og frå, eit byområde. Kabotasje i rutetransport kan ikkje utførast uavhengig av slik internasjonal transport. Eit eige kontrolldokument skal vere utfylt på førehand ved kabotasje utanfor rute, jf. kap. 5.

Det gjeld tilsvarande reglar om utveksling av opplysningar via dei elektroniske registra som for godstransport, jf. art. 24, og for plikt til å vedta reglar om sanksjonar ved brot på forordninga, jf. art. 27.

Statane kan seg imellom inngå tosidige eller fleirsidige avtalar om ytterlegare liberalisering av transport som kjem inn under forordninga, sjå art. 25.

Fotnotar

1.

EØS om forordningane vert tekne inn i EØS-avtalen.

2.

Reglane i direktivet er innarbeidde i norsk rett i lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven).

3.

EØS om forordningane vert tekne inn i EØS-avtalen.

4.

Dette omfattar og den delen av ein tredjelandstransport til land utanfor EØS som vert utført innan EØS.

5.

Etter tilpassingstekst til EØS-avtalen vil dette normalt vere ESA for EFTA-statane.

6.

EØS-land om forordningane vert tekne inn i EØS-avtalen.

7.

EØS om forordningane vert tekne inn i EØS-avtalen.

8.

Dette omfattar og den delen av ein tredjelandstransport til land utanfor EØS som vert utført innan EØS.
Til forsida