Prop. 124 L (2012–2013)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Generelt

Reglar om tilgang til yrket og marknaden for vegtransport er allereie tekne inn i EØS-retten, og gjennomførde i norsk rett, jf. yrkestransportlova §§ 4, 5 og 10 (1) med tilhøyrande forskrifter, sjå heimel for å gje forskrift på området i ytl. §§ 10 (4) og 35. Noreg er dermed ein del av EU sin indre marknad for person- og godstransport på veg.

Det tidlegare EU-direktivet om tilgang til yrket som transportør på veg er implementert i forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn og fartøy av 26. mars 2003 nr. 401 (yrkestransportforskriften), kapittel I.

Dei tidlegare EU-forordningane/direktiva om tilgang til marknaden innan gods- og persontransport er implementerte i forskrift om internasjonal person- og godstransport, samt kabotasje (den internasjonale forskrifta) av 26. mars 2003 nr. 402 §§ 2 og 4. Desse forordningane/direktiva er enno ein del av EØS-avtalen. Det inneber at desse forordningane/direktiva stadig regulerer marknadstilgangen for norske transportørar i EØS.

3.2 Reglar om tilgang til yrket som transportør på veg

3.2.1 Vilkår for å få løyve

Direktiv 96/26/EF om tilgang til yrket innan vegtransport med seinare endringar er gjennomført i norsk rett ved yrkestransportlova §§ 4 og 5, jf. yrkestransportforskriften kapittel I.

Dei objektive krava for tilgang til yrket som transportør på veg er og etter gjeldande rett knytt til vandel, økonomi og fagleg kompetanse, jf. yrkestransportlova § 4 (2) for persontransport og § 5 (1) if. for godstransport. Krava er nærare utdjupa i yrkestransportforskriften, jf. §§ 4 og 6 – 8.

Dei som oppfyller dei objektive krava for tilgang til yrket etter ytl. §§ 4 og 5 kan søkje om både nasjonalt løyve og fellesskapsløyve.

Det følgjer av yrkestransportlova §§ 4 (2), jf. 5 (1) i.f. at løyve kan tildelast den som har god vandel, tilfredsstillande økonomisk evne og tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

Yrkestransportforskriften § 6 andre ledd, som svarar til reglane i direktiv 96/26, har nærare reglar om kravet til god vandel.

For å godtgjere at kravet til god vandel er oppfylt, skal søkjar leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader ved søknad om løyve. I tillegg skal politiattest leggjast fram kvart femte år, jf. ytl. § 26 og yrkestransportforskriften § 6 første og tredje ledd. Det er merknader i politiattesten som er avgjerande for vandelsvurderinga. Strafferegistreringsloven1 har nærare reglar om kva opplysningar som skal takast med i ein politiattest, og om kor lenge dei skal stå der.

Om løyvehavar vert dømd eller straffa for brot på regelverket i løyveperioden, følgjer det av påtaleinstruksen at politiet skal opplyse løyvestyresmaktene om dette dersom det er grunn til å tru at lovbrotet kan ha verknad for om løyvet skal kallast tilbake.

Nærare reglar om krava til økonomisk evne og fagleg kompetanse er fastsette i yrkestransportforskriften §§ 7 og 8.

Dersom søkjar er eit selskap eller annan juridisk person, må den som til ei kvar tid er dagleg leiar oppfylle krava til vandel og faglege kvalifikasjonar, jf. yrkestransportforskriften § 10. Er søkjar eit nyoppretta selskap, må den daglege leiaren og oppfylle kravet til økonomi. Oppfyller ikkje søkjar alle krava, skal løyve ikkje tildelast. Løyvehavar må til ei kvar tid oppfylla nemnde vilkår for å ha løyve.

Det følgjer av yrkestransportforskriften § 9 at søkjarar som legg fram attest utferda av dei styresmaktene eller det organet som er utpeika til å utferde slike attester i dei einskilde medlemsstatane, jf. direktiv 96/26/EF artikkel 10, vert vurderte å oppfylle krava for å få løyve for gods- eller persontransport.

3.2.2 Verknader av at krava i lov og forskrift ikkje er oppfylte

Yrkestransportlova § 29 slår fast at løyvestyresmaktene kan kalle tilbake eit løyve når (i) løyvehavaren ikkje lenger fyller krava som er sette i forskrift og vilkår, eller (ii) ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda.

Dette inneber mellom anna at dersom løyvehavar ikkje lenger oppfyller krava til vandel, økonomi og faglege kvalifikasjonar kan løyvestyresmaktene kalle tilbake løyvet, jf. ytl. § 29 (1) første alternativ.

Vidare inneber det at løyvehavar må halde seg innanfor dei krava som går fram av yrkestransportregelverket og anna regelverk som naturleg høyrer saman med det å drive næringsverksemd medrekna etterleving av regelverk i tilknyting til skatt, meirverdiavgift og arbeidsgjevar sine plikter etter skattebetalings- og folketrygdlova osv., jf. ytl. § 29 (1) andre alternativ.

Ikkje eit kvart brot på relevant regelverk fører til at løyvet vert kalla tilbake. Det vil vere opp til løyvestyresmaktene sitt skjøn å vurdere om brotet er relevant og tilstrekkeleg klanderverdig til at det er ein forholdsmessig reaksjon å kalle tilbake løyvet.

Vidare vil løyve i praksis kallast tilbake når løyvestyresmaktene får melding om at bankgarantien ikkje lenger lyder på opphavleg kroneverdi, og dette ikkje er retta opp etter ein fastsett frist.

Inndraging av løyve inneber at løyvehavar må søkje om nytt løyve dersom vedkomande ønskjer å ta opp att verksemda. Det kan fastsetjast karantenetid før ny løyvetildeling kan finne stad, jf. yrkestransportlova § 29 fjerde ledd.

Yrkestransportlova har ikkje reglar som svarar til kravet i forordning 1071/2009 om at ein transportleiar som ikkje oppfyller kravet om god vandel skal verte erklært uskikka til å leie transportverksemd i alle EØS-land, samstundes som dette vert registrert i eit elektronisk register.

I praksis er dei fleste transportverksemder som søkjer om løyve i Noreg etablerte i landet. Det følgjer av systemet i lova og omsynet til moglegheita for kontroll av verksemdene at ein må ha eit organisasjonsnummer for å få eit løyvedokument. For å søkje om nasjonalt løyve må søkjarane registrere seg i Enhetsregisteret for å få eit organisasjonsnummer. I tillegg vil dei fleste transportverksemder vere pliktige til å registrere seg i andre register som til dømes meirverdiavgiftsregisteret. Det følgjer av lov om meirverdiavgift av 19. juni 2009 nr. 58 § 2-1 (1) at ein er pliktig til å registrere seg i meirverdiavgiftsregisteret om ein har ei omsetnad og eit uttak som overstig kr 50 000 per år.

3.2.3 Nasjonale register over vegtransportørar

For elektronisk handsaming av personopplysningar gjeld lov om behandling av personopplysninger av 14. april 2000 nr. 31 (personopplysningsloven). § 8 i lova inneheld krav til handsaming av personopplysningar2.

For sensitive personopplysningar3 er det fastsett i personopplysningsloven § 9 at dei berre kan handsamast om eit av vilkåra i § 8 er oppfylt, og om det er rettsleg grunnlag etter reglane i § 9, som til dømes heimel i lov, jf. personopplysningsloven § 9b.

Yrkestransportlova har ikkje nærare reglar om elektroniske register over vegtransportørar.

Det følgjer av yrkestransportforskriften § 14 at Samferdselsdepartementet kan bestemme at løyvestyresmaktene fortløpande skal sende over informasjon om utferda løyver til eit sentralt løyveregister i samsvar med gjeldande tekniske spesifikasjonar.

I Noreg er det i dag to elektroniske register over vegtransportørar. Det eine er eit register over nasjonale løyvehavarar som vert drive i regi av fylkeskommunane. Registeret inneheld mellom anna opplysningar om transportøren sitt namn, adresse, selskapsform, kva type løyve løyvehavaren har og oversikt over alle typar løyve i kvart einskild fylke. Alle desse opplysningane er offentleg tilgjengelege på internett på www.transportloyve.no. Registeret er knytt direkte til Brønnøysundregistra, der sakshandsamarar kan følgje med på om det er endringar i verksemda, mellom anna med omsyn til om verksemda har skifta dagleg leiar.

I tillegg driv Vegdirektoratet (VD) eit elektronisk register med oversikt over alle transportørar som har fellesskapsløyve. Registeret inneheld dei same opplysningane om løyvehavarar som det fylkeskommunale registeret. Opplysningar om internasjonale ruteløyve er ikkje med i registeret. Registeret har direkte kopling til registeret over nasjonale løyvehavarar og VD kan hente ut opplysningar om nasjonale løyve for kvar einskild transportør. Dette registeret er ikkje offentleg tilgjengeleg.

Ingen av registra inneheld sensitive personopplysningar, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 8.

Departementet viser til at Datatilsynet med heimel i personopplysningsloven §§ 33 og 34, jf. 9 tredje ledd, har gjeve konsesjon for oppretting og drift av eit elektronisk register i tråd med reglane i forordning 1071/2009 som og omfattar sensitive personopplysningar. Konsesjonen er gjeve mellombels og under den føresetnaden at det vil verte gjort framlegg til lovheimel for registeret. Vegdirektoratet er allereie i gang med opprettinga av registeret med grunnlag i konsesjonen.

3.3 Tilgang til marknaden innan godstransport på veg

Reglane om tilgang til marknaden for godstransport på veg følgjer av den internasjonale forskrifta § 2. Dei aktuelle forordningane/direktiva som er implementerte i forskrifta er:

  • forordning (EØF) nr. 881/92 om markedsadgang i fellesskapet for godstransport på vei som utføres fra eller til en medlemsstats territorium, med seinare endringar

  • forordning (EØF) nr. 3118/93 om fastsettelse av transportørers adgang til å utføre innenlands godstransport på vei i en medlemsstat der de ikke er hjemhørende, med seinare endringar

  • direktiv 2006/94/EF av 12. desember 2006 om fastsetjing av felles reglar for visse former for godstransport på veg

Transportørar som oppfyller dei objektive krava om tilgang til yrket kan søkje om fellesskapsløyve, jf. forordning 881/92 art. 3. Løyvet gjev tilgang til tosidig transport,4 transittransport5 og tredjelandstransport6 innan EØS, jf. forordning 881/92 art. 1 og 2, samt kabotasje på visse vilkår, jf. forordning 3118/93. Fellesskapsløyvet gjeld for ein periode på 5 år, jf. forordning 881/92 art 5.

Om føraren er statsborgar i eit land utanfor EØS og ikkje bur fast i eit EØS-land, skal vedkommande ha ein førarattest som viser at han er lovleg tilsett i landet der transportøren er etablert, jf. forordning 881/92 art. 6 og 11a.

Ved alvorlege brot på fellesskapsregelverket for vegtransport skal styresmaktene i etableringsstaten til transportøren som har gjort seg skuldig i brotet, følgje opp saka med sanksjonar. Slike sanksjonar skal mellom anna omfatte mellombels eller varig tilbakekalling av fellesskapsløyvet, jf. forordning 881/92 art. 8.

Forordning 881/92 art. 11 slår fast at kompetente styresmakter i nasjonalstatane skal utveksle opplysningar om brot og sanksjonar. Ein vertsstat skal informere transportøren sin heimstat om alvorlege brot transportøren har gjort. Heimstaten skal informere vertsstaten om kva sanksjonar transportøren er ilagt for brotet.

Noreg har i § 2a i den internasjonale forskrifta teke inn reglar som i all hovudsak svarer til dei nye reglane om kabotasje i godstransport i forordning 1072/2009 om marknadstilgang innan godstransport art. 8 som tredde i kraft i EU i mai 2010. Innhaldet i art. 9 og 10 i forordning 1072/2009 er i all hovudsak dekt av gjeldande reglar i forordning (EØF) nr. 3118/93.

3.4 Tilgang til marknaden innan persontransport på veg

Reglane om tilgang til marknaden for persontransport på veg følgjer av den internasjonale forskrifta § 4. Dei aktuelle forordningane som er implementerte i forskrifta er:

  • forordning (EØF) nr. 684/92 om innføring av felles regler for internasjonal persontransport med turvogn og buss, med seinare endringar

  • forordning (EF) nr. 12/98 om fastsetjing av vilkåra for at transportørar skal kunne utføre innanlands persontransport på veg i ein medlemsstat der dei ikkje høyrer heime.

Som for godstransport vert persontransport i EØS utført på grunnlag av eit fellesskapsløyve som gjeld for ein periode på 5 år, jf. forordning 684/92 art. 3a. Fellesskapsløyve vert utferda til transportørar som oppfyller dei objektive krava om tilgang til yrket, jf. forordning 684/92 art. 3.

Forordninga deler persontransport inn i fire undergrupper: Rutetransport, spesiell rutetransport (transport av arbeidstakarar/elevar til og frå arbeid/skule), turbiltransport (transport utanfor rute) og eigentransport, jf. forordning 684/92 art. 1 og 2.

Mellombels kabotasje er tillate for turbiltransport, spesiell rutetransport når transportøren har kontrakt med oppdragsgjevar, og for rutetransport når han er del av ei internasjonal rute og ikkje er med på å dekkje behovet for transport i, eller til og frå, eit byområde jf. forordning 12/98 art. 1 og 4. Kabotasje i rutetransport kan ikkje utførast uavhengig av slik internasjonal transport. Eit eige kontrolldokument skal vere utfylt på førehand ved kabotasje utanfor rute, jf. forordning 12/98 art. 6.

Det gjeld tilsvarande reglar om utveksling av opplysningar som for godstransport, jf. forordning 684/92 art. 16, samt om plikt til å ha reglar om sanksjon ved brot på reglane, jf. art. 19.

3.5 Kontroll og sanksjonar etter yrkestransportlova

Etter yrkestransportlova § 38 skal førar av motorvogn i løyvepliktig transport ha med seg dei legitimasjonane som er fastsett at han skal syne fram når det vert ført kontroll av politiet, Statens vegvesen eller annan offentleg tenestemann som vert gitt rett til å føre kontroll etter lova.

Etter yrkestransportlova § 40 kan politiet og Statens vegvesen forby bruk av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan naudsynt løyve. Forbodet kan setjast i verk på staden, og det er og høve til å inndra vognkort og kjennemerke.

§ 40a i yrkestransportlova gjev kontrollstyresmaktene tilgang til å gje lovbrotsgebyr ved brot på yrkestransportlova § 38. Denne lovheimelen tredde i kraft 1. januar 2010, men regelen er enno ikkje teken i bruk fordi forskrifta til lovheimelen ikkje er klar.

Dersom nokon med vilje eller aktløyse bryt eller hjelper til med å bryte yrkestransportlova med tilhøyrande forskrifter, vert han straffa med bot. Forsøk på slike brot er og straffbart, jf. yrkestransportlova § 41.

Fotnotar

1.

Strafferegistreringsloven vil verte erstatta av lov om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten (politiregisterloven) av 28. mai 2010 nr. 16 (ikkje iverksett).

2.

Personopplysningsloven § 2 nr. 1: Personopplysning: Opplysninger og vurderinger som kan knyttes til en enkeltperson

3.

Personopplysningsloven § 2 nr. 8: Sensitive personopplysninger: Opplysninger om

a) rasemessig eller etnisk bakgrunn, eller politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning,

b) at en person har vært mistenkt, siktet, tiltalt eller dømt for en straffbar handling,

c) helseforhold,

d) seksuelle forhold,

e) medlemskap i fagforeninger.

4.

Tosidig (bilateral) transport er transport mellom det landet der transportøren hører heime og eit anna land.

5.

Transittransport er transport gjennom eit land der transportøren ikkje hører heime.

6.

Tredjelandstransport er transport mellom to land der transportøren ikkje hører heime.
Til forsida