Prop. 124 L (2012–2013)

Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.)

Til innhaldsliste

5 Tilrettelegging for gjennomføring av vegpakken i norsk rett

Generelt vert det i dei nye forordningane stilt noko strengare krav for tilgang til yrket som transportør på veg. Samanlikna med gjeldande rett inneber dei nye reglane om tilgang til yrket som transportør på veg at det vert innført eit nytt krav for tilgang til yrket i tillegg til dei tre som allereie gjeld; transportøren må vere etablert i det landet der transportøren søkjer om fellesskapsløyve.

Dei nye reglane inneheld meir detaljerte reglar om kven som skal oppfylle krava til god vandel ved å presisere at kravet gjeld transportleiar, verksemda og ein kvar annan relevant person. I gjeldande rett er det for enkeltpersonsforetak personen sjølv som skal oppfylle kravet. For andre verksemder er det dagleg leiar som skal oppfylle kravet. Det er nytt at det og vert stilt krav om at verksemda skal ha god vandel.

Vurderinga av vandel vert utvida samanlikna med gjeldande rett. Forordninga stiller opp meir detaljerte reglar enn tidlegare for kva slags brot som skal føre til tap av god vandel. Vidare er verknadene av at ein person ikkje lenger oppfyller krava til vandel nærare presiserte enn tidlegare.

Yrkestransportlova har ikkje reglar som svarar til kravet i forordning 1071/2009 om at ein transportleiar som ikkje oppfyller kravet om god vandel skal verte erklært uskikka til å leie transportverksemd i alle EØS-landa, samstundes som dette vert registrert i eit elektronisk register. Kravet går lenger enn dei sanksjonane som er fastsette i yrkestransportlova § 29, jf. pkt. 3.2.2 over.

Krav til oppretting og drift av elektroniske register over vegtransportørar er og nytt.

I forordning 1072/2009 og 1073/2009 er det nye, samanlikna med gjeldande rett, først og fremst reglane om at kompetente styresmakter skal utveksle opplysningar via dei elektroniske registra. I tillegg er det nytt at tida eit fellesskapsløyve gjeld er utvida frå 5 til 10 år.

Forordning 1072/2009 inneheld ei nærare presisering av kva som ligg i omgrepet mellombels kabotasje. Ettersom reglar som i all hovudsak svarar til reglane om kabotasje i forordning 1072/2009 allereie er tekne inn i norsk rett, jf. den internasjonale forskrifta § 2a, vil den einaste endringa av betyding vere at tilgangen til kabotasje for norske transportørar i EØS, og for EØS-transportørar i Noreg, vil omfatte tilgangen til å utføre ein kabotasjetur i transitt, jf. forordning 1072/2009 art. 8 (2) andre ledd.

På bakgrunn av samanlikninga mellom dei nye reglane og gjeldande rett, er det departementet si vurdering at det per i dag ikkje er heimel i yrkestransportlova for å gjennomføre følgjande krav i tråd med reglane i dei nye forordningane:

  • (i) heimel til å krevje at transportørar som søkjer løyve for person- og godstransport på veg etter §§ 4 og 5 i yrkestransportlova skal vere etablerte i Noreg.

  • (ii) heimel til å opprette og drifte eit elektronisk register over transportørar på veg som mellom anna inneheld einskilde sensitive personopplysningar, samt til å utveksle opplysningar mellom styresmaktene i EØS-landa.

  • (iii) heimel til å erklære at ein transportleiar som har gjort alvorlege brot på regelverket er uskikka til å leie transportverksemd i alle EØS-land.

Under punkt 6, 7 og 8 vert det gjeve ei nærare vurdering av behovet for lovendring knytt til krava som er nemnde over.

Departementet har vurdert om forordningane bør takast inn i norsk rett i form av lov eller forskrift. Gjeldande EØS-reglar på området er allereie tekne inn i forskrifter til yrkestransportlova. Forordningane er ikkje uttømmande og må supplerast med nærare reglar i forskrift. Ut frå heilskapen i systemet i yrkestransportlova er det Samferdselsdepartementet si vurdering at forordningane i seg sjølve bør gjennomførast gjennom forskrift som i dag.

Til forsida