Prop. 140 L (2011–2012)

Endringar i partiloven

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet har i samband med alle seks rekommandasjonar og andre forslag fremja i denne proposisjonen prøvd å finne løysingsforslag som også administrativt sett kan føretrekkjast. Omsynet til å avgrense behovet for auka ressursbruk både i parti, partiledd og offentleg sektor har vore tillagt vekt.

Som følgje av overgang frå dagens inntektsrapporteringssystem til rapportering av fullstendige rekneskapar, og dessutan av bidrag gitt i samband med valkamp, må SSBs web-baserte skjema leggjast om. SSB vil i tillegg få ei utvida oppgåve i samband med rettleiing av parti og partiledd i utfylling av skjemaa inkludert rekneskapsmessig assistanse. Dette siste vil likevel først og fremst bli ivareteke gjennom utarbeiding av klare retningslinjer for oppsett av partirekneskapar med utgangspunkt i rekneskapslovens reglar og relevante rekneskapsstandardar.

Etablering av eit komplett rekneskapssystem for politiske parti og partilag er drøfta under rekommandasjon 1. Som det går fram der, vurderer departementet forslaget som interessant, men rår likevel ikkje til at dette blir gjennomført ut i frå pårekna høge kostnader i forhold til forventa nytte. Det er likevel ikkje gjort ei nærmare konkretisering av kostadene ved forslaget.

Partilovnemnda vil etter forslaget få auka oppgåver. Dette inneber òg etablering av ein støttefunksjon under nemnda, Partirevisjonsutvalet, som vil føre tilsyn med og rettleie partia og partiledda i lovforståinga og rekneskapsføringa. Leiaren for partilovnemnda gjer i dag all saksbehandling sjølv, rettnok med kontorteknisk assistanse frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Det er framover behov for at nemnda blir styrkt med minst éi fast stilling. Vidare er det behov for timebasert avlønning av Partirevisjonsutvalet, føresetnadsvis etter satsane i Statens personalhandbok. Totale kostnader til Partirevisjonsutvalet vil avhenge av utvalets aktivitetsnivå og samansetjing. Dette vil igjen avhenge av Partilovnemndas behov.

Departementet vil i tillegg få ein viss auke i administrasjonsansvaret for loven, fortrinnsvis i ein overgangsperiode.

Departementet meiner at alle driftskostnader i tilknyting til partiloven bør dekkjast over kap 1530 Tilskot til dei politiske partia post 01 Drift. Dette inneber ein tilsvarande reduksjon i stønaden til partia. Departementet reknar med at lovforslaget vil medføre behov for ein auke på ca 5-6 mill. kroner på kapittel 1530 som ein foreslår blir dekt ved ei omprioritering mellom postane. Beløpet skal dekkje utgifter til saksbehandlingshjelp til Partilovnemnda, godtgjersle til Partirevisjonsutvalet, utvikling og drift av ein webbasert rettleiings- og rapporteringsmodul for rekneskapsførsla og særskilte administrasjonskostnader for departementet.

Til forsida