Prop. 140 L (2011–2012)

Endringar i partiloven

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte føresegnene

Nedanfor er det gitt særskilde merknader til endringsforslaga. Ein viser elles til dei generelle merknadene over. I forhold til høyringsnotatet, blir det foreslått vesentlege endringar i systematikken eller oppsettet for loven.

Merknader til § 1 tredje ledd

Ein ser det naudsynt å presisere i lovteksten kven loven gjeld for. Ordlyden i første punktum svarer til merknadene til gjeldande lov tredje ledd § 1, jf. Ot. prp. nr. 84 (2004-2005) (partiloven) side 68.

Merknader til § 11 nytt femte ledd

Forslaget er eit ledd i å auke tryggleiken rundt utbetalingane. På sentralt nivå må ein ha slike opplysningar og stadfesting frå høvesvis hovudorganisasjonen og den sentrale ungdomsorganisasjonen dersom partiet har oppretta ein slik organisasjon. Bedriftskonto er føresett. Naudsynte persondata som fødsels- og personnummer er ein føresetnad for at elektronisk signering skal kunne nyttast. Ein føreset at det etter offentleglova § 26 femte ledd kan gjerast unntak frå innsyn i fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.

Merknader til § 12 nytt sjette ledd

Forslaget svarer til forslaget til § 11 femte ledd og har same grunngiving og føresetnader. Plikta til å gi opplysningar og stadfesting gjeld fylkeslag, fylkesungdomsorganisasjonar og felleslister som kan søkje om støtte etter føresegna. Det vil framleis vere mogleg at partileddets konto kan stå i namnet til ein privatperson. Naudsynte persondata som fødsels- og personnummer er ein føresetnad for at elektronisk signering skal kunne brukast. Ein føreset at det etter offentleglova § 26 femte ledd kan gjerast unntak frå innsyn i fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.

Merknad til § 13 nytt femte ledd

Føresegna tilsvarer det ovannemnde forslaget. Plikta til å gi opplysningar og stadfesting gjeld for kommuneorganisasjonane og felleslister som kan søkje om støtte etter føresegna. Naudsynte persondata som fødsels- og personnummer er ein føresetnad for bruk av elektronisk signering. Ein føreset at det etter offentleglova § 26 femte ledd kan gjerast unntak frå innsyn i fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.

Merknader til § 17 første ledd

Føresegna blir vidareført uendra bortsett frå at det blir foreslått ei presisering i lovteksten om at løyvet til å gi bidrag gjeld både til politiske parti og partiledd. Dette svarer til praktiseringa av loven. Tilsvarande lovtekniske endring er gjort andre stader i loven etter behov.

Merknader til ny § 17 a

Departementet foreslår at reglane i gjeldande partilov om ulovlege bidrag blir vidareførte uendra i ein særskild paragraf. Det er likevel behov for visse endringar og klargjeringar når det gjeld vilkår for tilbakeføring til givar og/eller overføring til statskassen for bidrag som kjem inn under § 17 tredje ledd i gjeldande lov. Det er i den samanheng behov for å innføre ein frist for kor lenge partiet eller partileddet kan ”sitje på” eit ulovleg bidrag før det må tilbakebetalast til givar eller overførast til statskassen. Det er dessutan behov for å konkretisere plikta, som blir anteken å følgje av gjeldande lov, til å rapportere ulovlege bidrag. Ein viser elles til dei generelle merknadene i avsnitt 7.7.3.

Merknader til § 18

Ein viser til drøftinga i avsnitt 5.1.8. Føresegna byggjer på § 18 i gjeldande lov og høyringsforslaget. Forslaget dekkjer elles GRECOs rekommandasjon 1 og 3. Fristen er framskynda til 1. juni for å ta omsyn til ønsket frå partia som er representerte på Stortinget. Vidare er terskelverdien i tredje ledd heva til 12 000 kroner som følgje av forslaget om KPI-justering.

Rekneskaps- og bokføringsplikten etter første ledd i føresegna kjem i tillegg til eventuell rekneskaps- eller bokføringsplikt som parti eller partiledd måtte vere omfatta av etter anna lovgiving.

Det er i tredje ledd òg presisert at partiledd (partilag) som kjem under terskelverdien verken har rekneskapsplikt eller årleg innrapporteringsplikt etter loven.

Alle parti og partiledd har likevel i valår plikt til å rapportere inn bidrag over 10 000 kroner etter føresegna i fjerde ledd. Kva som skal reknast som ”bidrag” følgjer av definisjonen i § 19 tredje ledd i gjeldande lov. Definisjonen er vidareført uendra i lovforslaget. Identiteten til bidragsytar skal opplysast i samsvar med § 20 femte ledd.

All innrapportering etter kapittel 4 skal framleis sendast til ”det sentrale registeret for ordningen” som er Statistisk sentralbyrå (SSB).

Merknader til ny § 18 a og ny § 18 b

Føresegnene er nye i forhold til høyringsnotatet. Føresegnene er sett på som minimumskrav for å oppfylle rekneskapsplikt etter § 18 første ledd og for at kontroll med partifinansieringa skal vere mogleg å gjennomføre frå Partilovnemndas side. For parti og partiledd som er omfatta av bokføringsloven § 2 gjeld bokføringslovens alminnelege reglar. Ein viser til drøftinga i avsnitt 5.1.8.3.

Merknader til § 19 fjerde og femte edd

Det er gjort tekniske endringar i paragrafen. Føresegna svarer elles til gjeldande lov.

Departementet legg til grunn at plikta til å oppgi/inntektsføre alle foretningsmessige avtalar på ”gåveliknande føresetnader” følgjer av definisjonen av ”bidrag” i gjeldande lov § 19 andre ledd bokstav i til m og tredje ledd. Det kan likevel vere behov for ei presisering i merknadene om at det særskilt skal opplysast om einskilde bidrag i form av varer og tenester over terskelverdiane i § 20 første ledd, jf. også § 20 femte ledd. Ein viser elles til departementets retningslinjer, jf. rekommandasjon 2 over.

Merknader til § 20

Ein foreslår å korrigere føresegna i første ledd i samsvar med forslaget til KPI-justering av satsane over.

Det er gjort ei endring i systematikken ved at regelen om politiske og forretningsmessige avtalar med bidragsytar i gjeldande § 21 andre ledd første punktum, er flytta til § 20 nytt andre ledd. Det blir presisert at det (framleis) skal bli gitt erklæring om kvar politisk avtale med bidragsytar(ar).

Sponsing av politiske parti har fått ei viss utbreiing internasjonalt. I rekneskapslovens forstand er ikkje sponsing å rekne som gåver (”bidrag”) fordi avtalen inneber ei viss gjenyting eller eit visst vederlag. Departementet meiner det er behov for å presisere at det skal bli gitt erklæring om inngått sponsoravtale dersom den inneber ei årleg yting til partiet eller partileddet som overskrid terskelverdiane i § 20 første ledd. Verdien av partiets vederlag til avtalepart(ane) vil ikkje ha noko å seie for verdifastsetjinga. Plikta gjeld òg sjølv om partiet eller partileddet på rapporteringstidspunktet ikkje har oppfylt sin del av avtalen.

Når det gjeld nytt fjerde ledd, viser ein til merknadene i avsnitt 6.1.4.

I femte ledd er det lagt til at sponsorar og långivarar skal identifiserast på same vis som bidragsytarar. Leddet svarer elles til § 20 andre ledd i gjeldande lov.

Merknader til ny § 20 a

Oppsettet i føresegna er justert i forhold til høyringsnotatet for å ta omsyn til Revisorforeningens merknad. Kostnadene skal som eit minimum kategoriserast etter denne malen. Ein viser til drøftinga i avsnitt 5.1.8.4.

Overføringar til andre partiledd skal det òg opplysast om. Saman med § 19 andre ledd bokstav n vil dette gi openheit om alle overføringar mellom partiledd.

Merknader til § ny 20 b

Forslaget blir vidareført uendra i forhold til høyringsnotatet. Ein viser til drøftinga i den generelle merknadsdelen over, avsnitt 5.1.8.4.

Lovforslaget inneber vidare at partiet eller partileddet skal oppgi lånebeløp og identiteten til fordringshavar i notar når gjelda (kortsiktig/langsiktig) overstig terskelverdiane i § 20 første ledd, jf. avsnitt 5.1.8.4.

Merknader til § 21

Første ledd svarer til gjeldande lov, men med dei endringane som følgjer av dette lovforslaget m.o.t. rapporteringspliktige forhold. Når det gjeld pliktene som følgjer av § 21, legg departementet til grunn at gjeldande lov likestiller parti eller partiledd som gir ”erklæringer” (forenkla inntektsrapportar) etter § 18 tredje ledd med dei som gir ”innberetning” (fullstendig inntektsrapport) etter § 18 andre ledd. Departementets lovforslag byggjer på dette, jf. § 18 tredje ledd siste punktum.

Noverande § 21 andre ledd første punktum er flytta til § 20 nytt andre ledd for å oppnå betre systematikk i loven, jf. merknaden over. Noverande § 21 andre ledd andre punktum er flytta og utgjer § 23 nytt andre ledd.

Kravet om at innrapporteringa frå partiets hovudorganisasjon skal underteiknast av partiets leiar, følgjer av gjeldande lov § 21 tredje ledd. Kravet om to underskrifter for andre partiledd følgjer av fjerde ledd og må sjåast i samanheng med at loven ikkje krev revisorgodkjenning av innrapporteringa frå desse. For å sikre dokumentasjon og ansvarleggjering, blir det foreslått at høvesvis partiets eller partileddets leiar og minst éin annan styremedlem skal godkjenne og underteikne rapporteringa frå partiet eller partileddet. Dette vil, som nemnt over, gjelde for alle partieiningar som kjem inn under § 18 første ledd, også dei som leverer forenkla innrapportering etter § 18 tredje ledd. Det er viktig at partileddet sjølv sørgjer for at slik godkjenning skjer tidsnok til at rapporteringsfristen kan haldast. Ein viser til dei generelle merknadene i avsnitt 7.2.3.

Føresetnaden om at revisjonsplikta ikkje gjeld for andre enn partiets hovudorganisasjon, er viderført og går fram av § 21 a første ledd andre punktum i lovforslaget.

For å auke tryggleiken rundt rapporteringsprosessen og å forenkle datainnsamlinga for SSB, er det foreslått innført ei plikt om å autorisere minst éin person årleg for kontakt med SSB. Personen kan vere partiets eller partileddets leiar. Naudsynte persondata som fødsels- og personnummer er ein føresetnad for at den elektroniske signeringsløysinga i ALTINN skal kunne brukast. Kontrollen og innhentinga av persondata skal framleis gå mellom partiets sentralledd (”partiets hovedorganisasjon”) og SSB. Ein ser ikkje for seg at SSB direkte skal gå ut til kvart einskilt partiledd og få ei stadfesting av opplysningane. Ein føreset at det kan gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon etter offentleglova § 26 femte ledd. Som nemnt i dei generelle merknadene i avsnitt 7.4.1, vil brot på plikta til å oppnemne og gi opplysningar om kontaktperson ikkje vere omfatta av sanksjonsføresegnene i kapittel 6.

Merknader til ny § 21 a

Føresegna er ny for å oppnå betre oversikt og systematikk i loven. Innhaldet er endra i forhold til høyringsnotatet for bl.a. å ta omsyn til Revisorforeningens merknad. Føresegna inneber ikkje noko nytt i forhold til gjeldande lov § 21 tredje ledd om kven som er pålagd å bruke revisor. Etter gjeldande lov er alle hovudorganisasjonar pålagde å bruke revisor. Andre partiorganisasjonar eller partiledd har ikkje plikt til å få den årlege rapporten ”godkjent av revisor”.

Departementet viser til at gjeldande partilov er uklar m.o.t. autorisasjonskrav til den som reviderer rekneskapen til eit politisk parti. Føresetnaden om revisjonsplikt etter revisorloven § 2-1 inneber eit krav om at statsautorisert eller registrert revisor må brukast.

For å ta omsyn til Finansdepartementets merknader og forslag, er det behov for å avklare revisor si rolle og kva for rammevilkår som skal gjelde for revisjonsoppdraget. I tillegg til kravet om alminneleg revisjonsplikt etter revisorloven, er det i lovforslaget presisert at det skal bli gitt revisjonserklæring om alle rapporteringspliktige forhold etter kapittel 4 i loven. Kravet i gjeldande lov om at revisor skal godkjenne ”innberetningen”gir lite meining bl.a. fordi overføringa av data til SSB i mange tilfelle blir gjort elektronisk (ved tasting). Etter departementets forslag vil det vere dei forholda som ligg til grunn for rapporteringa som er omfatta av revisjonsoppdraget, d.v.s. rekneskapen i samsvar med § 18 første ledd, i tillegg til dokumentasjon og registreringar i tilknyting til andre rapporteringspliktige forhold etter loven. Det er ikkje eit krav om særskild revisjonsrapport (utover den årlege) for valkampbidrag etter § 18 fjerde ledd. Det er heller ikkje eit krav om at den årlege revisjonsrapporten skal sendast til SSB.

Tredje ledd andre punktum i føresegna er endra i forhold til høyringsnotatet for å ta omsyn til stortingspartias merknad. Ein viser til dei generelle merknadene i avsnitt 5.4.6 om kven som er omfatta av forbodet.

Merknader til § 22 andre ledd

Føresegna svarer til gjeldande lov, men er ajourført i samsvar med lovforslaget. Det er behov for å presisere at oppgåvene til det sentrale registeret for ordninga (dvs SSB) blir utvida etter loven.

Merknader til ny § 22 a

Av lovtekniske grunnar ser departementet behov for å flytte myndigheita til å gi forskrift i noverande § 22 tredje ledd til ein særskild paragraf om forskrifter – på same vis som det er gjort i kapittel 2, 3 og 5.

Vidare er det behov for ein utvida forskriftsheimel til å regulere relevante rekneskaps- og bokføringsprinsipp (irekna reglar om verdivurdering) nærmare, med utgangspunkt i rekneskapslovens reglar og aktuelle standardar fastsette av Norsk Regnskapsstiftelse. Det er òg behov for å gi nærmare reglar om definisjon av bidrag og ytelser, bruk av revisorar - blant anna for å gi utfyllande føresegner til forbodet mot medlemskap for revisorar i partiet. Vidare er det behov for å fastsetje nærmare reglar for korleis tilbakebetaling, verdifastsetjing og overføring av ulovlege bidrag til statskassen skal skje, jf. merknadene i avsnitt 7.7.3.

Når det gjeld myndigheita i andre ledd, viser ein til drøftinga i avsnitt 6.2.3.

Merknader til § 23

Endringa i overskrift og i lovtekst er redaksjonell ved at § 21 andre ledd siste punktum er flytta til denne paragrafen for å oppnå betre systematikk i loven. Lovteknisk bør pliktene skiljast i ulike ledd. Det blir presisert at ”enhver” har rett til innsyn – noko som svarer til føresetnadene i gjeldande lov, sjå Ot. prp. nr. 84 (2004-2005) side 21.

Merknader til § 24

Forslaget er endra på fleire område i forhold til høyringsnotatet sine forslag, jf dei generelle merknadene i avsnitt 5.5.6. For betre samsvar med Sanksjonsutvalets tilrådingar, er ”skal” i lovteksten erstatta med ”gis myndighet til å”. Departementet meiner at noverande formulering ”det aktuelle regelverket”, jf. andre ledd bokstav a, er for upresis. Departementet legg til grunn at nemnda si tolking av partilovens føresegner òg vil gjelde føresegner gitt i samsvar med loven, men likevel ikkje i forhold til føresegner eller retningslinjer om prinsipp for rekneskap eller bokføring. Her vil nemndas tolkingar berre vere rettleiande. Dette svarer til dagens praktisering av loven og imøtekjem høyringsinstansane sine merknader.

I sjuande ledd blir det foreslått innført ei føresegn om teieplikt i partiloven som vil gjelde for alle som utfører teneste eller arbeid for Partilovnemnda eller Partirevisjonsutvalet. Behovet for ei særskild føresegn om teieplikt må sjåast på bakgrunn av den omfattande kontrollmyndigheita med finansieringa og rapporteringspliktige forhold som følgjer av paragrafens første og andre ledd, og at ordninga ikkje må føre til at sensitive opplysningar om partia kjem i hendene på uvedkommande. Ein viser elles til dei generelle merknadene i avsnitt 5.5.6 under avsnittet ”Om teieplikt og rollekonflikt mellom rettleiing og kontroll”.

Merknader til § 25

Det kan i visse tilfelle vere behov for å forlengje funksjonstida mellombels fram til ei ny nemnd kan oppnemnast. For å sikre at viktige delar av loven blir handheva i ein slik mellomfase, bør departementet få myndigheit til å kunne forlengje mandatet til den sitjande nemnda inntil ei ny kan bli oppnemnd. Vidare ser departementet behov for at regelen i partilovforskrifta § 20, om at nemndas medlemmer kan oppnemnast på ny, blir teken inn i § 25 andre ledd siste punktum. Ein viser elles til dei generelle merknadene i avsnitt 5.5.6

Merknader til § 27

Forslaget blir vidareført uendra i forhold til høyringsnotatet. Det er behov for å presisere at forskriftskompetansen óg gjeld samansetjinga av nemnda for å sikre at omsyn til kjønn, geografi og ulik partipolitisk bakgrunn blir ivareteke. Forslaget dekkjer gjeldande lovforståing og praktisering. Det er behov for ein tilsvarande forskriftsheimel om Partirevisjonsutvalet. Ein viser elles til drøftinga om forskriftsheimel i avsnitt 5.5.6.

Merknader til ny § 28

Forslaget er endra noko i forhold til høyringsnotatet for å ta omsyn til høyringsinstansane sine merknader. Som føresett i GRECOs rekommandasjon, inkludert Ministerkomiteens rekommandasjon 2003/4 artikkel 16, skal sanksjoneringa vere ”effektiv, forholdsmessig og avskrekkende”. Liknande generelle prinsipp for sanksjonering finst også innanfor EU-/EØS-retten utan at det har vore vanleg å ta desse inn i lovteksten som gjennomfører dei internasjonale forpliktingane. Sjølv om formuleringa ikkje blir teken inn i lovteksten, er den eit signal om kva for omsyn sanksjoneringa skal baserast på. Sjå elles avsnitt 5.6.6 under overskrifta ”Om variert sanksjonssystem og faren for forskjellsbehandling”

Domstolane sin overprøvingsrett etter andre ledd vil likevel ikkje gjelde ”kan”-skjønet.

Forelding skjer etter fem år.

Merknader til ny § 29

Partilovnemndas myndigheit etter § 29 ledd må sjåast i samanheng med § 17 a fjerde ledd. Administrativ inndraging etter § 29 første ledd vil berre vere aktuelt der partiet har motteke eit ulovleg bidrag og der tilbakeføring til givar eller plikt til å overføre heile bidraget til statskassen ikkje er utført innan den foreslåtte tidsfristen på fire veker. I tillegg til avsnitt 5.6.6 viser ein til avsnitt 7.7.3 i dei generelle merknadene.

Merknader til ny § 30

Det er vidare gjort endringar i forhold til høyringsnotatet sine forslag når det gjeld presisering av skyldform ved at også grov aktløyse vil kunne straffast. Strafferamma er foreslått sett til inntil to år (mot fire månader i høyringsnotatet). Forelding skjer etter fem år. Ein viser til dei generelle merknadene i avsnitt 5.6.6.

Merknader til ny § 31

Ein tek sikte på at loven tek til å gjelde frå 1. januar 2013.

Til forsida