Prop. 58 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om utviding av IMFs multilaterale innlånsordning “New Arrangements to Borrow” (NAB)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Då den globale finanskrisa braut ut i 2008, var utlåna frå IMF på sitt lågaste nivå sidan slutten av 1970-talet. I løpet av dei siste tiåra hadde i tillegg utlånskapasiteten til IMF gått markert ned jamført med ulike mål for storleiken på verdsøkonomien, som til dømes samla produksjon og handels- og kapitalstraumar. Med finanskrisa auka behovet for lån frå IMF, og institusjonen var raskt ute for å komme land som fekk vanskar med betalingsbalansen i møte med store lån. Dei ordinære utlåna auka i løpet av 2008 frå om lag 6 mrd. SDR til 17,5 mrd. SDR. Sidan september i år har innvilga kredittramme vore på over 50 mrd. SDR. IMF har i tillegg gitt tilsegn om lånetilgang under føre-var-ordninga «Flexible Credit Line» på 47,5 mrd. SDR. I Europa har IMF mellom anna gitt lån til Island, Latvia, Ungarn, Hellas og Irland.

I den djupe krisa i verdsøkonomien som følgde av finanskrisa, ville det vore svært uheldig om IMF hadde fått for knapp kapasitet til å yte lån. Det vart derfor viktig å sikre IMF tilstrekkeleg finansiering på både kort og noko lengre sikt. I hovudsak var det tre aktuelle måtar å gjere dette på:

  • Auke dei ordinære kvotane frå medlemslanda. Alle medlemsland pliktar å stille midlar til disposisjon for IMF så sant dei er økonomisk i stand til det. Dette er organisasjonen si viktigaste finansieringskjelde. Kvotane avgjer ikkje berre storleiken på innskotet frå dei enkelte landa, men set òg ei ramme for kor mykje landet sjølv kan låne i IMF. Dei er dessutan hovudgrunnlaget for medlemslanda sin stemmerett. Diskusjonar om demokrati og innverknad er krevjande, og resultatet ein vert samd om, må ratifiserast i medlemslanda. Normalt må ein derfor rekne fleire år frå starten til slutten av ein slik prosess.

  • Utvide den multilaterale låneavtalen NAB. Denne avtalen gir tilgang på ekstra lånemidlar som fleire av dei best stilte medlemmene, deriblant Noreg, stiller til disposisjon for IMF. Eit kvalifisert fleirtal av medlemslanda, inkludert alle dei landa som får endringar i sine forpliktingar, må ratifisere den nye avtalen før han kan tre i kraft.

  • Inngå bilaterale låneavtalar med einskilde medlemsland. Ein kan få på plass slike avtalar relativt raskt. Den største ulempa er at ein berre i liten grad kan lage eit rammeverk som sikrar at finansieringsbyrdene vert fordelte jamt mellom landa som stiller midlar til disposisjon for IMF.

For at det ikkje skulle vere tvil om at IMF var i stand til å dekkje lånebehova som måtte oppstå, gjekk G20-landa i april 2009 inn for å tredoble utlånskapasiteten til IMF, frå 250 mrd. USD til 750 mrd. USD. Den internasjonale monetære og finansielle komiteen (IMFC) følgde seinare same månaden opp med eit prinsippvedtak i tråd med semja i G20. IMFC er IMFs ministerorgan, og legg dei politiske føringane for verksemda i IMF. Auken i lånekapasiteten skulle i hovudsak komme gjennom ei utviding av NAB-ordninga. Ordninga skulle òg gjerast meir fleksibel. I tillegg var det semje mellom G20-landa om å starte arbeidet med den neste ordinære kvoterevisjonen så snart som mogleg med sikte på å avslutte han innan januar 2011, jf. kapittel 6.

Gjennomføring av multilaterale tiltak tek tid, og IMF valde i første omgang å inngå bilaterale avtalar for å sikre lånekapasiteten på kort sikt. Ved inngangen til desember 2010 hadde IMF ein lånetilgang om lag 174 mrd. SDR gjennom bilaterale avtalar. Noregs Bank og IMF inngjekk juni 2009 ein avtale om å bidra til dei ordinære låneordningane i IMF med inntil 3 mrd. SDR, som då tilsvara vel 4,5 mrd. USD. Stortinget gav samtykke til avtalen 15. juni 2009, jf. St.prp. nr. 81 (2008–2009) og Innst. S. nr. 359 (2008–2009). I proposisjonen vart det gjort greie for at desse midlane heilt eller delvis ville kunne overførast til ei utvida NAB-ordning.

Tanken var heile tida at midlane i dei bilaterale avtalane etter kvart skulle inn i ei utvida og meir fleksibel NAB-ordning, og at ein samstundes skulle avvikle dei bilaterale avtalane. Ved å overføre midlane til NAB-ordninga styrkjer ein ressursane til IMF på meir varig basis. Ein oppnår òg betre byrdefordeling mellom dei landa som skyt inn midlar.