Prop. 58 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om utviding av IMFs multilaterale innlånsordning “New Arrangements to Borrow” (NAB)

Til innhaldsliste

5 Forholdet mellom nye NAB og dei bilaterale låna

For å auke IMFs utlånskapasitet raskt nok under finanskrisa er det inngått bilaterale avtalar mellom IMF og einskilde medlemsland, mellom anna Noreg, jf. kapittel 2. Ved inngåing av disse avtalane har det vore lagt til grunn at midlane heilt eller delvis skal kunne overførast til ei utvida NAB-ordning når denne trer i kraft.

I ettertid har det vist seg at IMF kan få problem med likviditeten dersom midlane frå dei bilaterale avtalane vert overførte til NAB-ordninga utan overgangsordningar. Dette kjem av at NAB berre kan brukast til å finansiere nye program, og dermed ikkje program som allereie er i gang når NAB-ordninga vert tatt i bruk. Dersom dei bilaterale avtalene vert terminert med ein gong, må dei allereie inngåtte forpliktingane finansierast fullt og heilt ved trekk på IMFs kvotemidlar. Overslag tyder på at IMF då risikerer ikkje å ha kapasitet til å finansiere både løpande og nye behov, eller at likviditetsbufferen vert så liten at det vil svekkje tilliten til IMF.

IMF har derfor teke opp med dei bilaterale långjevarane om dei kan vidareføre dei bilaterale låneavtalane i ein periode etter at den nye NAB-ordninga tek til å gjelde. IMF foreslår ei ordning der program som er satt i verk før NAB-ordninga tek til å gjelde, framleis kan finansierast ved trekk på dei bilaterale låneavtalene, men at desse avtalene vert lukka for nye program. Dei samla trekka under bilaterale låneavtalar og NAB skal for kvar bidragsytar ikkje overstige forpliktinga landet har i den nye NAB-ordninga. Finansdepartementet har for Noregs del lagt opp til å følgje denne oppmodinga frå IMF, med dei vilkåra som er nemnd over.