Prop. 58 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om utviding av IMFs multilaterale innlånsordning “New Arrangements to Borrow” (NAB)

Til innhaldsliste

6 Arbeidet med kvotar og stemmerett i IMF

Den viktigaste finansieringskjelda for den ordinære utlånsverksemda i IMF er dei innbetalte kvotane. Behovet for å auke kvotemidlane vert vurdert med jamne mellomrom. Prinsippvedtaket som IMFC gjorde våren 2009 om å styrkje utlånskapasiteten til IMF, la òg opp til at arbeidet med neste ordinære kvoterevisjon skulle starte så raskt som mogleg og vere avslutta innan januar 2011. Sidan kvotane også avgjer stemmevekta til medlemslanda, er kvoterevisjonen ein sentral del av arbeidet med å reformere styresettet til IMF. Finansdepartementet har tidlegare orientert Stortinget om dette arbeidet, mellom anna i Finansmarknadsmeldinga 2009.

Den 5. november i år vedtok styret i IMF eit framlegg til reform av kvotar og stemmerett, basert på eit opplegg som finansministrane og sentralbanksjefane frå G20-kretsen vert samde om i oktober 2010. Hovudlinjene er mellom anna:

  • Ei dobling av IMFs kvoteressursar frå om lag 238,4 mrd. SDR etter at 2008-reforma er sett ut i livet, til om lag 476,8 mrd. SDR. I lys av denne betydelege auken er det lagt opp til ein om lag tilsvarande reduksjon av storleiken på den nye NAB-ordninga i samband med den avtalefesta gjennomgangen av NAB innan november 2011. Storleiken på reduksjonen vil òg avhenge av behovet for IMF-lån framover. Det er lagt opp til at den relative fordelinga mellom NAB-deltakarane skal behaldast etter gjennomgangen.

  • Ei overflytting av kvote- og stemmedelar på 6 prosentpoeng frå overrepresenterte til underrepresenterte land, og frå industriland til utviklingsland og framvaksande økonomiar. Stemmevekta til dei fattigaste landa vert skjerma. Den nordisk-baltiske valkrinsen får auka kvote, men får redusert kvotedelen sin frå 3,34 prosent (etter gjennomføring av 2008-reforma) til 3,23 prosent. Noreg sin kvotedel vert så å seie uendra.

  • Ei politisk forplikting om å halde storleiken på IMF-styret på same nivå som i dag, dvs. 24 medlemmer, på permanent basis.

  • Talet på styremedlemmer frå europeiske industriland skal reduserast med to. Når ein tek omsyn til rotasjonsordningar, har desse landa i dag 8,2 styremedlemmer. Reduksjonen skal gi plass til nye styremedlemmer frå framveksande økonomiar. Gjennomføringa skal skje innan årsmøtet i IMF i oktober 2012, og det vil vere opp til dei europeiske landa å komme fram til korleis dette skal organiserast.

Framlegget som IMF-styret har vedteke, vart 15. desember 2010 òg godkjent av guvernørrådet, det øvste organet i IMF der alle medlemslanda deltek. Det gjenstår no ein ratifikasjonsprosess i medlemslanda. IMF-styret tek sikte på at reforma skal vere gjennomført innan årsmøtet i IMF hausten 2012.

Regjeringa er positiv til at utviklingsland og framveksande økonomiar får ei sterkare rolle i IMF og større kvote- og stemmevekt. Det er viktig at organisasjonen har eit styresett som sikrar global relevans og legitimitet. Kompromisset ein no er samde om, bidreg til dette. Sjølv om ein frå norsk og nordisk-baltisk side kunne ønskje at nokre element i framlegget var annleis, har ein derfor støtta kompromissforslaget.

Finansdepartementet vil komme tilbake med ein breiare omtale av kvote- og styrereforma i finansmarknadsmeldinga for 2010 og vil fremje ein eigen proposisjon for Stortinget om samtykke til norsk tilslutning til reforma.