Prop. 58 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om utviding av IMFs multilaterale innlånsordning “New Arrangements to Borrow” (NAB)

Til innhaldsliste

3 Den gjeldande NAB-ordninga

For å supplere IMF sine kvotemidlar når desse i spesielle situasjonar ikkje er tilstrekkelege til å dekkje lånebehovet, er det oppretta to multilaterale innlånsordningar: “General Arrangements to Borrow” (GAB) og “New Arrangements to Borrow” (NAB). Noreg deltek ikkje i GAB, men har vore med i NAB sidan ordninga vart oppretta i 1998, jf. St.prp. nr. 50 (1996–1997). GAB-ordninga er beløpsmessig lita samanlikna med NAB.

NAB er ei multilateral låneordning der nokre av dei betre stilte medlemslanda lover å gi IMF kortsiktige lån for å styrkje likviditeten i krisesituasjonar. Bakgrunnen for NAB var den økonomiske krisa i Mexico på midten av 1990-talet, som synte at IMF hadde behov for auka evne og økonomisk kapasitet til å førebyggje alvorleg uro eller krise i det internasjonale finansielle systemet. Midlane i ordninga skal brukast for å førebyggje eller ta hand om situasjonar som svekkjer eller truar stabiliteten i det internasjonale pengesystemet. Ordninga vil såleis òg kunne auke tilliten til det internasjonale finansielle systemet og den internasjonale økonomien meir generelt.

Den noverande NAB-ordninga har 26 medlemsland og ei økonomisk ramme på 34 mrd. SDR. Storleiken på låneramma til kvar deltakar tek utgangspunkt i den kvoten landet har i IMF. Noregs bidrag er på 379 mill. SDR. Avtalen gjeld formelt for fem år om gongen, men fornying har i praksis vorte rutine. Ordninga vert såleis i røynda oppfatta som permanent.

Landa som deltek må aktivere ordninga før midlane vert tilgjengelege, og for å sikre god byrdefordeling mellom landa må trekk i hovudsak gjennomførast proporsjonalt med låneramma som landa har stilt til disposisjon. Midlane i ordninga kan berre brukast til å finansiere IMF sine ordinære låneordningar, ikkje dei spesielle ordningane for låginntektsland.

Det er berre aktuelt å trekkje på NAB i spesielle høve og dersom IMF får problem med utlånskapasiteten. Hittil har NAB berre vore aktivert éin gong, i 1998, då Brasil fekk lånetilsagn på 2,9 mrd. SDR. At IMF så sjeldan har nytta ordninga, må óg sjåast i samanheng med at ho har vore tungvint å aktivere og hatt liten kapasitet.