Prop. 58 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til avtalen om utviding av IMFs multilaterale innlånsordning “New Arrangements to Borrow” (NAB)

Til innhaldsliste

4 Den nye NAB-avtalen

I november 2009 vart det semje om eit forslag til ny NAB-ordning, og ein ny NAB-avtale vart godkjend i IMF-styret i april 2010, jf. vedlegg 1. Den nye ordninga skal vere meir fleksibel og enklare å ta i bruk enn den gjeldande ordninga. I tillegg er utlånsramma auka, og fleire land deltek. Blant dei nye deltakarane finn ein mellom anna store framveksande økonomiar som Kina, India, Brasil og Russland.

4.1 Rammeauke og fleire deltakarar

Samla utlånsramme er auka frå 34 000 mill. SDR i den noverande NAB-ordninga til 367 467,36 mill. SDR. Den nye utlånsramma tilsvarar om lag 565 mrd. USD, eller 3 300 mrd. kroner basert på valutakursane 15. desember 2010. Utlånsramma er auka både som følgje av at bidraga frå dei 26 opphavlege deltakarlanda er auka, og at 13 nye land sluttar seg til ordninga. Noregs bidrag er auka frå 378,88 mill. SDR til 3 870,94 mill. SDR, det vil seie frå om lag 3,4 mrd. kroner til om lag 35 mrd. kroner, under føresetnad av at Stortinget samtykkjer. Dette bidraget er litt høgare enn summen av det norske bidraget i den noverande NAB-ordninga og ramma for Noregs Banks bilaterale låneavtale frå juni 2009. Ei oversikt over deltakarane i den opphavlege og den nye ordninga og dei finansielle bidraga frå kvart av deltakarlanda er gitt i vedlegg 2.

4.2 Andre viktige punkt i nye NAB

I tillegg til utvida låneramme og deltaking har det vore ei målsetjing å endre NAB-ordninga slik at ho vert meir fleksibel og enklare å ta i bruk. Nedanfor er dei viktigaste endringane i denne samanhengen og andre sentrale punkt i nye NAB omtalte.

Bruksområde

Mens den noverande NAB-ordninga berre kan brukast til å finansiere nokre heilt spesifikke og førehandsdefinerte låneordningar i IMF, opnar ein i den nye avtalen for at NAB kan finansiere alle IMFs ordinære låneordningar. Dette betyr mellom anna at den viktige føre-var-ordninga «Flexible Credit Line», som mellom anna Mexico og Polen tok i bruk under finanskrisa, kan finansierast med NAB-midlar. Dei spesielle låneordningane for låginntektsland, som har subsidiert rente, skal finansierast separat frå dei ordinære utlånsmidlane i IMF og vil framleis ikkje kunne trekkje på NAB.

Aktivering

Den noverande NAB-ordninga kan berre aktiverast for eitt utlån om gongen, og prosedyrane for aktivering er relativt kompliserte og tidkrevjande. Finanskrisa viste at det kan vere naudsynt å gi betydelege lånetilsegner til ei rekkje land på kort varsel for å dempe uro og redusere smitteverknader i det globale monetære og finansielle systemet. I slike situasjonar er ikkje den lån-for-lån-baserte ordninga i den noverande avtalen til særleg nytte. Som svar på dette skal den nye ordninga kunne aktiverast for ein periode på inntil seks månader om gongen, med utgangspunkt i ein mobiliseringsplan der det potensielle lånebehovet er utrekna. I denne perioden kan NAB verte trekt på for å finansiere alle nye låneprogram under dei ordinære ordningane til IMF. Aktivering krev tilslutning frå 85 prosent av NAB-deltakarane, vekta etter storleiken på deira bidrag til ordninga. Eigne rutinar skal ta i vare långjevarlanda sine behov for informasjon.

Proporsjonale trekk

I den nye avtalen held ein fast ved målsettinga om at trekk på midlane frå dei enkelte landa skal vere proporsjonale med ramma landet har stilt til disposisjon gjennom NAB. Samstundes legg ein inn ein viss fleksibilitet i praktiseringa i overgangsfasar. Slik fleksibilitet kan mellom anna betre byrdefordelinga mellom land dersom nokre land har uteståande trekk på bilaterale låneavtalar når ein trekkjer på NAB-ordninga.

Rente

I den noverande avtalen betaler IMF gjeldande SDR-rente på dei beløpa som vert trekte under ordninga. Alternativt kan det avtalast ei høgare rente dersom deltakarland som samla står bak minst 80 prosent av innskota, krev det. Dersom metoden for å rekne ut SDR-renta vert endra, krev avtalen minst 80 prosent tilslutning for å endre renta i NAB-ordninga. Dei enkelte medlemslanda kan i det siste tilfellet uansett krevje at renta på deira utlån vert rekna ut etter den opphavlege metoden.

I den nye NAB-avtalen legg ein opp til å auke kravet til kvalifisert fleirtal frå 80 prosent til 85 prosent for begge formåla som er nemnde ovanfor. Vidare vil ein fjerne høvet til einsidig å halde fast på ei SDR-rente rekna ut etter gammal metode.

Tilbakebetaling

Maksimal løpetid på utlåna i NAB-ordninga er fem år. Om IMFs utlån vert nedbetalte tidlegare enn dette, må IMF betale tilbake til bidragsytarane i same takt. IMF kan òg betale tilbake utlån til eitt eller fleire land dersom partane vert samde om det.

I den nye avtalen legg ein opp til å behalde prinsippet om at bidragsytarane vert betalte tilbake i same takt som IMF får tilbake sine utlån, men ein legg inn noko fleksibilitet slik at IMF kan fordele tilbakebetalingane på ein måte som reduserer eventuell ubalanse mellom deltakarane. Denne fleksibiliteten skal òg gjelde dersom IMFs finansielle posisjon vert styrkt og IMF vedtek å betale tilbake lån under NAB-ordninga.

Tilbakebetaling av lån frå NAB-land som får problem med betalingsbalansen

Bidragsytarar som får problem med betalingsbalansen, har rett til å få tilbakebetalt sine utlån til IMF. På bakgrunn av dette kan administrerande direktør i IMF etter gjeldande regler oppmode dei andre deltakarane om å finansiere slik tidleg tilbakebetaling, men det er i dag opp til dei enkelte landa om dei vil følgje oppmodinga. Ettersom dei altså kan avslå, er det i dag naudsynt at IMF sjølv har tilstrekkeleg likviditet til å sikre at eventuelle krav om tidleg tilbakebetaling av NAB-lån vert oppfylte.

Når NAB vert utvida, vil utlånsrammene verte for store til at dei kvotemidlane IMF disponerer kan fylle dette kravet på ein rimeleg måte. I den nye NAB-avtalen legg ein derfor opp til at IMF skal kunne krevje at NAB-deltakarane stiller midlar til disposisjon innanfor landet si maksimale kredittramme for å finansiere tilbakebetaling av utlån frå land som har betalingsbalanseproblem.