Prop. 87 L (2012–2013)

Endringar i helsepersonellova m.m. (utsending av epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.)

Til innhaldsliste

5 Personvernmessige konsekvensar av forslaga

Etter departementet si vurdering vil forslaga i proposisjonen samla sett ha avgrensa personvernmessige konsekvensar.

Når det gjeld forslaget om lovregulering av utsending av epikrise, inneber dette i all hovudsak vidareføring av gjeldande rett. Som det er gjort greie for i punkt 3.4 i proposisjonen, blir det òg foreslått enkelte endringar av materiell art. Som nemnt legg departementet til grunn at desse endringane i praksis berre vil innebere ei svært avgrensa materiell endring. Endringane må slik sett også seiast å ha svært avgrensa personvernmessige konsekvensar.

Endringsforslaget om å «lyfte» gjeldande regulering av epikriseutsending opp frå pasientjournalforskrifta til helsepersonellova, har i seg sjølv ingen personvernmessige konsekvensar.

Forslaget om lovregulering av høve til utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring kan ha visse personvernmessige konsekvensar. At denne typen opplysningar kan utleverast i samband med læring og kvalitetssikring, er ikkje nytt, sidan det allereie i dag er høve til slik utlevering, jf. nærmare i punkt 4.1 i proposisjonen og den utgreiinga som der særleg er gjort for helsepersonellova § 26 og § 29 b. Det som likevel er nytt med forslaget, er at slike opplysningar skal kunne utleverast til helsepersonell som har avslutta sitt bidrag til helsehjelpa.

Departementet legg likevel til grunn at dei personvernmessige konsekvensane må seiast å vere små. I all hovudsak vil helsepersonellet naturleg nok vere kjent med pasienten og pasienten si sjukehistorie ved at dei tidlegare har ytt helsehjelp til pasienten. Dei tilleggsopplysningane som det i tilfelle kan vere aktuelt å utlevere, vil som hovudregel berre vere opplysningar som skal avkrefte eller stadfeste om dei helsefaglege undersøkingane, vurderingane og behandlingstiltaka som blei gjorde, var korrekte. Slik sett vil personellet berre få nye opplysningar om pasienten i dei tilfella der det viser seg at dei opphavlege vurderingane og/eller konklusjonane deira har vore feil.

Departementet viser i forlenging av dette til at det her er snakk om utlevering av opplysningar med eit legitimt og svært viktig formål. Formålet med å utlevere opplysningar er å bidra til kvalitetssikring og læring. Dette vil vere eit viktig tiltak for pasienttryggleiken og i tråd med ein tenkjemåte i helse- og omsorgstenesta der det blir lagt opp til å sikre læring, mellom anna basert på tilbakemeldingar om korleis helsehjelpa blir vurdert av andre aktørar i tenesta.

Departementet viser også til at det i forslaget til ny § 29 c i helsepersonellova blir foreslått ei presisering av at det i pasientjournalen skal dokumenterast kven som har fått utlevert opplysningar, og kva for opplysningar som er utleverte, jf. nærmare om dette i punkt 4.5. Dette vil gjere det mogleg i ettertid å finne fram til kven som har fått utlevert opplysningar, og å etterprøve om det var høve til å utlevere slike opplysningar.

Departementet legg etter dette til grunn at dei personvernmessige konsekvensane av forslaget må seiast å vere så små at dei fordelane ein kan oppnå ved forslaget i form av læring og kvalitetssikring, bør vege klart tyngre.