Prop. 87 L (2012–2013)

Endringar i helsepersonellova m.m. (utsending av epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.)

Til innhaldsliste

7 Tekniske og omgrepsmessige endringar i helseberedskapslova, helseregisterlova og folkehelselova

7.1 Bakgrunn

I dette kapittelet foreslår departementet enkelte tekniske og omgrepsmessige endringar i lov 23. juni 2000 nr. 56 om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova), lov 18. mai 2001 nr. 24 om helseregistre og behandling av helseopplysninger (helseregisterlova) og lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelselova). Som det vil gå fram av utgreiinga, har desse endringane ingen samanheng med dei lovendringsforslaga som er diskuterte i kapittel 3 og kapittel 4 i proposisjonen. Som følgje av at det her berre er snakk om lovendringar av omgrepsmessig og teknisk art, har det ikkje vore gjennomført høyring av forslaga. Forslaga har ingen administrative eller økonomiske konsekvensar.

7.2 Helseberedskapslova

Då Stortinget vedtok folkehelselova og helse- og omsorgstenestelova, blei det samtidig gjort ei rekkje tekniske endringar i andre lover. Dette omfatta i hovudsak endringar i lovtilvisingar og bruk av omgrep. På bakgrunn av forslag i Prop. 90 L (2010–2011) Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) og Prop. 91 L (2010–2011) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) blei det gjort endringar i lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapslova). Verkeområdet for lova, § 1-3 bokstav a, blei endra frå «den offentlige helse- og sosialtjeneste» til «den offentlige helse- og omsorgstjeneste og kommunens folkehelsearbeid etter folkehelseloven kapittel 2 og 3». Bakgrunnen var at oppgåvene til kommunen etter folkehelselova kapittel 2 og 3 ikkje lenger naturleg kjem inn under omgrepet «helseteneste».

Føresegna om planlegging og krav til beredskapsførebuingar i § 2-2 burde òg vore foreslått endra for å sikre at plankravet blei halde oppe for miljøretta helsevern, som etter ny lovstruktur fell utanfor helsetenesteomgrepet. Kommunen sitt ansvar for å utarbeide beredskapsplan for miljøretta helsevern følgjer direkte av folkehelselova § 28 andre ledd, men burde òg gå fram av helseberedskapslova etter gjeldande lovstruktur.

Departementet foreslår derfor at § 2-2 første ledd blir endra slik at kommunen sitt ansvar for planlegging og krav til beredskapsførebuingar innanfor miljøretta helsevern går fram av helseberedskapslova direkte.

7.3 Helseregisterlova

I Prop. 91 L (2010–2011) foreslo departementet å ta omgrepet «sertifisering» med i helseregisterlova § 16 fjerde ledd. Stortinget slutta seg til lovforslaget frå departementet, jf. Stortingets lovvedtak 63 (2010–2011). Lovendringa blei sett i verk 1. januar 2012.

I samband med at helseregisterlova § 16 blei endra 22. juni 2012 ved innføring av eit nytt andre ledd, jf. Prop. 99 L (2011–2012) og Stortingets lovvedtak 72 (2011–2012), fall omgrepet «sertifisering» i dåverande § 16 fjerde ledd ut ved ein inkurie. Innføringa av nytt andre ledd i § 16 innebar også at dåverande fjerde ledd blei nytt femte ledd.

I tråd med Stortingets lovvedtak 63 (2010–2011) foreslår departementet at omgrepet «sertifisering» blir teke inn i det som etter endringa 22. juni 2012 er helseregisterlova § 16 femte ledd.

Helseregisterlova § 6 tredje ledd viser til § 16 fjerde ledd. Som følgje av at § 16 fjerde ledd ved Stortingets lovvedtak 72 (2011–2012) som nemnt blei flytta til § 16 femte ledd, foreslår departementet at tilvisinga i § 6 tredje ledd blir endra til § 16 femte ledd.

7.4 Folkehelselova

Prop. 90 L (2010–2011) vidareførte føresegnene om miljøretta helsevern frå kommunehelsetenestelova kapittel 4a til folkehelselova kapittel 3. Endringane som blei gjorde, var som nemnt i hovudsak tekniske og språklege oppdateringar. Ordninga med at det i forskrift kan stillast krav om at verksemder med melde- eller godkjenningsplikt skal innhente vurdering frå akkreditert inspeksjonsorgan, blei vidareført frå kommunehelsetenestelova § 4a-4 fjerde ledd til folkehelselova § 10 andre ledd. Føresegna om gransking i kommunehelsetenestelova § 4a-7 blei også overført til folkehelselova § 13, men setninga om at kommunen kan påleggje verksemd å innhente ny vurdering frå akkreditert inspeksjonsorgan, fall ut ved ein inkurie. Det går fram av Prop. 90 L (2010–2011) kapittel 15 at dette ikkje var ei tilsikta endring.

I tråd med det som er nemnt ovanfor, foreslår departementet at folkehelselova § 13 andre ledd om gransking blir endra slik at ordlyden blir den same som i kommunehelsetenestelova § 4a-7. Departementet foreslår derfor at setninga om at «kommunen kan videre pålegge virksomhet å innhente ny vurdering som nevnt i § 10 annet ledd», blir teken inn som nytt tredje punktum.