Prop. 87 L (2012–2013)

Endringar i helsepersonellova m.m. (utsending av epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.)

Til innhaldsliste

6 Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaga

Etter departementet si vurdering vil forslaga i proposisjonen samla sett ha avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar.

Forslaget om lovregulering av utsending av epikrise inneber i all hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Som det er gjort greie for i punkt 3.4 i proposisjonen, blir det òg foreslått nokre endringar av materiell art. Departementet legg til grunn at desse endringane i praksis berre vil innebere ei svært avgrensa materiell endring. Endringane må slik sett òg seiast å ha svært avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar.

Endringsforslaget om å «lyfte» gjeldande regulering av epikriseutsending opp frå pasientjournalforskrifta til helsepersonellova, vil i seg sjølv ikkje ha administrative og økonomiske konsekvensar.

Forslaget om utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring vil ikkje innebere at det blir innført ei ordning med automatisk utlevering av opplysningar. Etter forslaget må den som ønskjer opplysningar, konkret be om dette, og sjukehuset eller det behandlingsansvarlege helsepersonellet må deretter ta stilling til førespurnaden. Det vil dermed neppe vere behov for å utvikle nye datatekniske løysingar for å sikre utlevering, men det må etablerast rutinar for å sikre at slike førespurnader blir sende over til og blir avgjorde av rett personell. Dersom ein kjem til at opplysningar kan utleverast, må det dernest takast stilling til kva slags opplysningar som skal utleverast. Det kan i den samanheng vere nødvendig med noko utdrag frå og omarbeiding av opplysningar frå journalen til pasienten, men dette vil etter departementet si vurdering innebere ei avgrensa arbeidsbelastning, og det vil vanlegvis heller ikkje vere særleg tidkrevjande. Som nemnt blir det òg foreslått at opplysningar kan bli gitt munnleg, noko som i så fall vil innebere ei endå mindre belastning.

I lovforslaget blir det foreslått at det skal dokumenterast i journalen til pasienten kven som har fått utlevert opplysningar, og kva for opplysningar som er utleverte. Departementet legg til grunn at det her berre vil være nødvendig med eit kort journalnotat og at dette berre vil innebere ei avgrensa arbeidsbelastning for helse- og omsorgstenesta totalt.

Departementet legg derfor til grunn at forslaget totalt sett vil ha avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar.