Prop. 137 L (2015–2016)

Endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Til innhaldsliste

3 Litt om bustøtteordninga og gjeldande rett

3.1 Føremål med bustøttelova

Det følgjer av bustøttelova § 1 at føremålet med bustøtta er «å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad». Bustøtteordninga er ei yting som er basert på rettar, og som dekkjer delar av buutgiftene til husstanden. Bustøtta er eit fundament i den bustadsosiale politikken og er det mest sentrale verkemiddelet staten har på dette området. I Sundvolden-plattforma står det at regjeringa vil «sørge for en god og fleksibel bostøtteordning».

Tildelinga er behovsprøvd. Bustøtta er direkte retta inn mot dokumenterte buutgifter og skil seg slik sett frå inntektssikringsordningar som trygd og sosialhjelp.

3.2 Vilkår og utrekning

Vilkåra for tildeling av bustøtte finn ein i lova.

Søkjaren må vere over 18 år, ha lovleg opphald i Noreg og vere registrert i folkeregisteret. Studentar og vernepliktige fell utanfor ordninga, men studentar med ungar kan få bustøtte.

Bustaden må vere godkjend som bustad og tilfredsstille visse krav til standard.

Dersom vilkåra som er knytte til person og bustad er oppfylte, er det forholdet mellom buutgiftene og inntekta som avgjer om det blir tildelt støtte, og i så fall kor mykje. Retten til støtte er i stor grad inntektsavhengig. Det har også noko å seie kor mange personar det er i husstanden, og kva kommune husstanden høyrer til.

3.3 Saksgang

Kommunane er førstelinje i sakshandsaminga, men det er Husbanken som gjer vedtak. Bustøtte blir rekna ut og vedteke for ein månad om gongen. Klagenemnda for Husbanken handsamar klager på vedtaka.

3.4 Omgrepet «husstand» er sentralt i bustøtteordninga

I dagens bustøtteregelverk er «husstand» eit sentralt omgrep. Forskrift om bustøtte § 10 seier at «både dei som faktisk bur i bustaden og dei som er registrerte i folkeregisteret som busette på adressa, blir rekna med i husstanden». Det er dei samla inntektene og utgiftene til husstanden som er avgjerande for retten til bustøtte.

Verken lova eller forskrifta definerer omgrepet, men i daglegtale er det vanleg å seie at ein husstand består av ein eller fleire personar, eventuelt ein eller fleire familiar, som har felles hushald. Felles hushald føreset at husstandsmedlemmene i større eller mindre grad har felles økonomi, til dømes gjennom felles innkjøp av daglegvarer, felles betaling av rekningar og ved at dei et eitt eller fleire daglege måltid saman. Utrekningsreglane i bustøtteforskrifta tek utgangspunkt i dei samla inntektene og utgiftene i husstanden og legg vekt på kor mange personar det er i husstanden.

3.5 Dei samla inntektene og buutgiftene til husstanden er avgjerande for retten til bustøtte – også for bukollektiv

Hovudregelen i dagens regelverk er at alle som er busette på éi og same adresse, blir rekna som éin husstand som må søkje bustøtte ut frå dei samla inntektene og dei samla buutgiftene til dei som bur der. Dette fører som oftast til at dei samla inntektene og buutgiftene blir for høge til at enkeltpersonane kan få bustøtte. I praksis er det derfor tilnærma umogleg for personar som bur saman med andre, til dømes i eit vennekollektiv, å få bustøtte.

3.6 Kva krav stiller dagens lov til kvaliteten på bustaden? Hovudregel

Bustøttelova § 5 første ledd stiller krav til kvaliteten på bustaden til bustøttesøkjaren. Bustaden må for det første vere «sjølvstendig» og ha eigen inngang. Det vil seie at han skal vere skild frå andre bustader, og at han ikkje kan ha inngang gjennom ein annan bustad. For det andre må bustaden ha eige bad og toalett. For det tredje er det eit krav at bustaden gjev høve til å lage mat. Det vil seie at det må vere innreidd ein enkel kjøkkenfunksjon som gjer det mogleg å lage varme måltid og vaske opp. Til slutt er det i føresegna eit krav at bustaden gjev høve til kvile. Dette vil seie at han må ha plass til ei seng.

3.7 Gjennom å gjere unntak frå kvalitetskrava kan enkeltrom i bukollektiv bli rekna som éin bustad og kvar person som éin husstand

Etter bustøttelova § 5 andre ledd kan ein gjere unntak frå kvalitetskrava for utleigebustader der kommunen har gjort vedtak om tildeling til helse- og sosialføremål, dersom bustaden er organisert som bufellesskap eller liknande. Dersom vilkåra i unntaksføresegna er oppfylte, vil ein kunne rekne kvart enkelt rom som ein bustad, slik at kvar person blir rekna som éin husstand. Dermed får også personane rekna ut bustøtte enkeltvis, det vil seie utan at inntekta til dei andre i bukollektivet blir rekna med.

Lova definerer ikkje kva som er eit bukollektiv. Ei naturleg språkleg forståing av ordet kan vere ein bustad der den som bur der, har eige soverom, men deler kjøkken, bad og eventuelle opphaldsrom med andre. Etter det departementet kjenner til, blir unntaksregelen i dag hovudsakleg brukt til å gje bustøtte til personar som bur kollektivt i omsorgsbustader og liknande.

For at unntaket i § 5 andre ledd i lova skal komme til bruk, må to vilkår vere oppfylte. For det første må kommunen tildele bustaden til eit helseføremål eller til eit sosialt føremål. Det vil seie at bustadtildelinga må ha ei helse- eller sosialfagleg grunngjeving. Kommunal busetjing av flyktningar er, slik departementet ser det, eit døme på eit sosialt tildelingsføremål. For det andre er det eit vilkår at kommunen har tildelingsrett til bustaden. Kravet om tildelingsrett ber med seg at kommunen må disponere bustaden og dermed ha rett til å avgjere kven som skal bu der. Det er likevel ikkje noko krav om at kommunen sjølv skal eige eller framleige bustaden. Kommunen kan også disponere bustaden på anna grunnlag, til dømes gjennom avtale med ein privat utleigar. Tildelingsretten vil i desse tilfella vere basert på ein annan avtale mellom kommunen og den private.