Prop. 137 L (2015–2016)

Endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Til innhaldsliste

6 Vurderingar frå departementet

6.1 Frå kommunal tildeling til kommunal godkjenning

Departementet meiner at unntaksregelen i § 5 andre ledd er for snevert formulert når det er eit vilkår for å få bustøtte på individuelt grunnlag i eit bukollektiv, at kommunen har tildelingsrett til bustaden. Vilkåret om kommunal tildeling er utforma slik at flyktningar og andre som på eige initiativ skaffar seg bustad i eit rom i eit bukollektiv, ikkje kan få bustøtte. Dagens regel er også utydeleg formulert og fører til ulik praksis i kommunane.

Departementet følgjer derfor opp høyringsforslaget og føreslår å erstatte kravet om kommunal tildelingsrett i § 5 andre ledd i lova med eit meir lempeleg krav om kommunal godkjenning. Eit krav om kommunal godkjenning vil gjere det mogleg for flyktningar og andre som ønskjer å dele bustad med andre, å få bustøtte. Med ein slik ordlyd vil ikkje bustøtte til bukollektiv lenger vere avgrensa til bustader kommunen allereie disponerer. Kommunen kan etter forslaget godkjenne ein bustad i eit bukollektiv som søkjaren sjølv har funne. Føresetnadene er at kommunen finn at bustaden er eigna, jf. føremålet til bustøtteordninga om å bidra til eigna bustader for vanskelegstilte, og at personane i bukollektivet ikkje høyrer til same husstand, jf. skildringa av husstandsomgrepet ovanfor i punkt 3.4. Departementet legg vidare til grunn at godkjenninga frå kommunen må ha ei helse- eller sosialfagleg grunngjeving, jf. omtalen under punkt 3.7.

6.2 Nærare om kva krav ein må stille til ein bustad som er del av eit bukollektiv

For å opne for at personar som bur i eit bukollektiv med ei helse- eller sosialfagleg grunngjeving, kan få bustøtte på individuelt grunnlag, føreslår departementet nokre endringar i dagens § 5.

Departementet føreslår å føre vidare dagens unntak frå kravet om at bustaden må vere sjølvstendig og ha eigen inngang, jf. § 5 første ledd bokstav b. Vidare føreslår departementet å føre vidare unntaket frå kravet om at bustaden (rommet) må ha eige bad og toalett, jf. § 5 første ledd bokstav c (første del av føresegna). Bad og toalett må vere tilgjengeleg i bukollektivet sjølv om det ikkje skal vere eit krav at desse fasilitetane finst innanfor det arealet som bustøttemottakaren har einerett til å disponere.

Dagens § 5 andre ledd opnar etter ordlyden for at ein kan gjere unntak frå kravet i § 5 første ledd bokstav c (andre del) om «høve til kvile og matlaging» når bustaden er organisert som bukollektiv, men dette har neppe vore tilsikta. Ein bustad som ikkje gjev høve til å kvile, sove og lage varm mat, er ingen eigna bustad. Departementet meiner derfor at lovteksten tydelegare enn i dag må vise at også bustader som er del av eit bukollektiv, må gje høve til kvile og ha tilgang til kjøkken. For å gjere det tydeleg at ein kan gjere unntak frå kravet til eige bad, toalett og tilgang til kjøkken så lenge desse fasilitetane er tilgjengelege i bukollektivet, men ikkje frå kravet om at det må vere mogleg å kvile på eige rom, føreslår departementet at kravet om høve til kvile blir skilt ut i ein eigen bokstav d.

6.3 Nærare om godkjenningsrolla til kommunen

Kommunen bør ha ei viss aktivitetsplikt. Bustøttesøkjaren kan sjølv finne ein bustad, men kommunen skal godkjenne bustaden.

Kommunen skal godkjenne at bustaden har ein akseptabel standard, og at han eignar seg for at fleire kan bu saman i eit kollektiv. Dersom kommunen ikkje kjenner til den aktuelle bustaden frå før, kan kommunen synfare bustaden dersom dei finn det nødvendig for å kunne godkjenne han. Kommunen må selv vurdere kor omfattende undersøkinger som skal gjøres for å godkjenne bustaden. Dersom dei som bur i bustaden høyrer til same husstanden, til dømes fordi dei er gifte eller sambuarar, er det ikkje tale om eit bukollektiv der ein kan søkje bustøtte på individuelt grunnlag.

Nedre Eiker kommune ber om at det blir presisert at ikkje alle leigarane treng å ha kvar si husleigekontrakt med utleigaren, men at ein av leigarane kan framleige til andre dei bur med. Kommunen viser til at bukollektivet likevel vil ha same funksjon, men at utleigarar truleg vil vere meir positive til denne forma for utleige dersom dei berre treng å halde seg til éin leigar. Departementet er einig i at det bør vere nok å vise fram ein kontrakt om framleige.

Stavanger kommune spør om godkjenninga deira av bukollektiv skal vere eit enkeltvedtak med klagerett. Departementet legg til grunn at vurderinga og konklusjonen til kommunen på dette spørsmålet ikkje i seg sjølv er eit enkeltvedtak som ein kan klage på. Men dersom vurderinga til kommunen av spørsmålet er årsaka til at søkjaren får avslag på søknaden om bustøtte, vil ein på vanleg måte kunne klage på avslaget. Ein vil då kunne gripe spesielt tak i den aktuelle delen av vedtaket.

Leieboerforeningen viser til at bustøtte er ei velferdsordning som er basert på rettar, slik at søkjaren har rettskrav på støtte dersom vilkåra er oppfylte. Foreininga er uroa for at ein bryt dette prinsippet når kommunen skal bruke kriterium som er baserte på skjønn, for å vurdere om busetjing i bukollektiv har ei helse- og/eller sosialfagleg grunngjeving, og om bustaden er eigna. Til dette vil departementet peike på at kommunane etter dagens reglar må vurdere dei same kriteria. Dette lovforslaget innfører ikkje nokon nye kriterium. Departementet vil vidare opplyse at det ikkje er uvanleg at lover som er baserte på rettar, har vurderingstema der det blir brukt skjønn, på vilkårssida i ei føresegn.