Prop. 137 L (2015–2016)

Endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Til innhaldsliste

5 Innspel frå høyringsinstansane

Nav Askvoll meiner at forslaget gjev ei positiv endring som vil kunne betre økonomien til dei mest vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Nav Porsgrunn er positive til at flest mogleg av innbyggjarane deira får høve til å ta del i bustøtteordninga, og framhevar at bustøtte bidreg til at mange får ein betre økonomisk kvardag. Nav Porsgrunn opplyser at dei i dag avviser fleire søknader fordi leigeforholdet ikkje er godkjent. Den føreslåtte lovendringa vil gje sakshandsamarane ein forenkla kvardag og føre til at kommunane sparar pengar på sosialbudsjetta sine. Nav Porsgrunn spør samtidig kva konsekvensar forslaget vil få for utleigarar, og viser til at erfaringa deira er at utleigarar skor seg på menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon, og at mange utleigeeiningar er i svært dårleg stand. Nav Porsgrunn trur også det kan by på utfordringar for kommunen å vurdere om ein bustad har eit helseføremål eller sosialt føremål. Mellom anna er det eit problem at bustadtildeling og bustøtte er ulike fagområde som ikkje er samla på same staden, og kven skal då definere og avgjere om bustaden er eigna? Vidare gjer Nav Porsgrunn merksam på at det kan vere vanskeleg for kommunen å vite sikkert om ein søkjar som seier at han leiger bustad av ein utleigar, i realiteten deler bustaden med ei venninne.

Bergen kommune, Bærum kommune, Drammen kommune, Hammerfest kommune, Stange kommune og Sør-Varanger kommune støttar forslaget.

Nedre Eiker kommune er positive til forslaget og viser til at dagens praksis har vore til hinder for ei smidig busetjing med bruk av private bustader til bukollektiv mellom anna til flyktningar. Endringa vil kunne bidra til at fleire kan sjølvbusetje seg i kommunen utan ei kommunal tildeling, og at fleire raskare vil kunne gå over til den private utleigemarknaden. Dette vil igjen gje raskare utskifting i kommunale flyktningbustader. Kommunen ber om at det blir presisert at ikkje alle leigetakarar treng å ha kvar si husleigekontrakt med utleigaren, men at ein av leigetakarane kan framleige til andre dei bur med. Bukollektivet vil likevel ha same funksjon, men utleigarar vil truleg vere meir positive til denne forma for utleige om dei berre treng å halde seg til den eine leigetakaren.

Stavanger kommune støttar forslaget. Kommunen spør om godkjenninga deira av bukollektiv skal vere eit enkeltvedtak med klagerett.

Sula kommune ser det som positivt at dei som bur i bukollektiv, også får høve til å ta del i dette samfunnsgodet. Ikkje sjeldan er det grupper med mindre god økonomi som nyttar denne typen bustadløysingar, og ikkje minst vil dette vere til hjelp for kommunane som skal busetje flyktningar med knapp økonomi, meiner dei.

Huseiernes Landsforbund støttar forslaget.

Juss-Buss støttar forslaget og meiner at den føreslåtte utvidinga «er fordelaktig på samtlige områder».

Leieboerforeningen støttar forslaget. Leieboerforeningen viser samtidig til at bustøttelova er ei lov basert på rettar, og uttrykkjer uro for at ein bryt dette prinsippet ved å innføre vurderingskriterium som er baserte på helse- og/eller sosialfaglege vurderingar, og vurderingar av kor eigna bustaden er. Leieboerforeningen er uroa for at lova dermed opnar for at det kan utvikle seg ulik kommunal praksis.