Prop. 137 L (2015–2016)

Endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet forventar at kommunane i større grad vil nytte bukollektiv til å busetje vanskelegstilte dersom bustøtta blir utvida i tråd med dette lovforslaget. Bukollektiv kan vere rimelegare for kommunane enn å busetje i sjølvstendige bustader. Behovet for kommunal støtte til bustad vil truleg bli redusert når fleire vanskelegstilte både kan bu rimelegare og få statleg bustøtte. Det kan også vere nødvendig å følgje opp kollektiva. Endringa skal ikkje gje meir arbeid for kommunane. Kommunane er allereie involverte i saker om busetjing av vanskelegstilte og kjenner normalt til bustadene og dei som skal bu der. Utvidinga til bukollektiv gjev kommunane eit større handlingsrom, men legg ingen nye krav på kommunane. Det er derfor ikkje forventa at kommunane nyttar seg av høvet til å busetje vanskelegstilte i bukollektiv med mindre det er lønnsamt.

Det er knytt stor uvisse til dei økonomiske konsekvensane av lovforslaget, men det er grunn til å tru at det samla sett vil gje ei innsparing for samfunnet. Det er vidare grunn til å tru at endringa vil gje raskare overføring frå mottak til busetjing i kommunen. UDI har opplyst at det kostar om lag 152 000 kr for ein vanleg asylmottaksplass i løpet av eit år. Kostnaden til utbetalt bustøtte til ein person i bukollektiv er rekna til 25 000 kr per år.

Lågare buutgifter i bukollektiv enn i sjølvstendig bustad vil likevel berre i mindre grad gje innsparing i bustøtta fordi fleirtalet av mottakarane har buutgifter som overstig det som blir dekt i bustøtta. Departementet reknar med – på usikkert grunnlag – at om lag 2 200 nye husstandar i bukollektiv vil få bustøtte ved å opne for «kommunal godkjenning» i 2016. Det vil vere eit press på busetjing av flyktningar framover, og denne gruppa vil truleg utgjere hovudtyngda av dei nye mottakarane. Samla sett er det grunn til å tru at endringa vil gje ei innsparing for samfunnet. Endringa vil truleg gje ei jamn tilstrøyming av nye mottakarar til bustøtta gjennom året. Dette gjer til at overslaget for løyvingsbehovet aukar med 21 mill. kroner i 2016. Heilårseffekten for bustøtta i 2017 er rekna til om lag 73 mill. kroner.

Lovendringa skal evaluerast etter tre år.