Prop. 137 L (2015–2016)

Endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 5 første ledd

Forslaget er nærare omtala i punkt 6.2.

Dagens § 5 andre ledd opnar etter ordlyden for at ein kan gjere unntak frå kravet i § 5 første ledd bokstav c (andre del) om «høve til kvile og matlaging» når bustaden er organisert som bukollektiv. For å gjere det tydeleg at ein kan gjere unntak frå kravet til eige bad, toalett og tilgang til kjøkken så lenge desse fasilitetane er tilgjengelege i bukollektivet, men ikkje frå kravet om at det må vere mogleg å kvile på eige rom, er kravet om høve til kvile skilt ut i ein eigen bokstav d.

Til § 5 andre ledd

Forslaget er nærare omtala i punkt 6.1 og 6.3.

Kravet om kommunal tildelingsrett slik det er i dag, blir erstatta med eit meir lempeleg krav om kommunal godkjenning. Med ein slik ordlyd vil ikkje bustøtte til bukollektiv lenger vere avgrensa til bustader kommunen allereie disponerer. Kommunen kan dermed godkjenne ein bustad i eit bukollektiv som søkjaren sjølv har funne.

Føresetnadene er for det første at kommunen finn at bustaden er eigna. Dette følgjer av føremålet til bustøtteordninga om å bidra til eigna bustader for vanskelegstilte. For det andre må kommunen vurdere om personane i bukollektivet høyrer til same husstand. I så fall skal dei ikkje kunne kvalifisere for bustøtte etter den utvida regelen. Ein husstand består av ein eller fleire personar, eventuelt ein eller fleire familiar, som har felles hushald. Felles hushald føreset at husstandsmedlemmene i større eller mindre grad har felles økonomi, til dømes gjennom felles innkjøp av daglegvarer, felles betaling av rekningar og ved at dei et eitt eller fleire daglege måltid saman. Dersom personane i bustaden er gifte eller sambuarar, skal ein alltid vurdere at dei høyrer til same husstanden.

Når personane i bustaden derimot kvar for seg betalar for daglegvarer og anna livsopphald, er det forhold som trekkjer i retning av at kvar enkelt av dei etter dette lovforslaget utgjer éin husstand som på sjølvstendig grunnlag kan søkje om bustøtte.

Godkjenninga frå kommunen må – på same måten som tildelinga etter dagens lov – ha ei helse- og/eller sosialfagleg grunngjeving. Personar som bur kollektivt i omsorgsbustader og liknande, er døme på bustaddeling av sosiale eller omsorgsrelaterte årsaker. Kommunal busetjing av flyktningar vil vere eit klart døme på eit sosialt føremål. Terskelen for å godkjenne ei sosial årsak som grunngjeving for å bu saman med andre i bukollektiv er meint å vere låg.

Til ikraftsetjingsregelen

Departementet føreslår at lova skal gjelde frå den tida Kongen fastset.

Lovendringane er ikkje av ein slik art at det er behov for overgangsreglar.