Prop. 201 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

10 Samferdselsdepartementets vurdering

Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund kommune har vedteke ei bompengepakke sett saman av ei rekkje transport- og bymiljøtiltak. Pakka vil bidra til ei miljøvenleg og framtidsretta utvikling av transporttilbodet i Ålesund, gjennom betra bymiljø, god framkomst for kollektivtrafikken og vesentleg betra tryggleik og framkomst for gåande og syklande.

Det er lokalpolitisk semje om føreslått opplegg for utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund. Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelånet. Samferdselsdepartementet gir derfor si tilslutning til føreslått bompengeopplegg, der det er lagt til grunn ei innkrevjingsperiode med bompengar på inntil 15 år.

Samferdselsdepartementet viser til at Bypakke Ålesund vil ha stor betydning for å betre transporttilbodet i Ålesund byområde. Både Bypakke Ålesund og prosjektet E136 Breivika-Leirstad har vore gjennom KS2, og er klare til oppstart når saka er vedteken i Stortinget.

Kostnadene for aktuelle prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Ålesund, slik pakka er vedteken lokalt, er rekna til om lag 4 020 mill. 2021-kr. Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnader for Bypakke Ålesund, og det er semje om at forventa bompengeinntekter kan leggjast til grunn.

Finansieringa av Bypakke Ålesund er basert på innkrevjing av bompengar samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka.

Investeringar på fylkeskommunale eller kommunale prosjekt i Bypakke Ålesund er omfatta av kravet om lokal eigendel på 20 pst., jf. bompengeavtalen frå 2019. Vedtaka i Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vart fatta før dei nye retningslinjene for porteføljestyrte bompengepakker, herunder kravet om 20 pst. lokal eigendel, tok til å gjelda. Desse vedtaka er likevel tilstrekkelege for å leggje til grunn at kravet om lokal eigendel blir innfridd ved bruk av lokale midlar til investeringar på fylkeskommunale eller kommunale prosjekt. Det blir lagt opp til aktiv porteføljestyring av bypakka, og det er balanse mellom inntekter og kostnader i porteføljen som blir lagt fram.