Prop. 201 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

6 Bompengar og bompengeopplegg

Plassering av bomstasjonane er avklart i samarbeid mellom Ålesund kommune og Statens vegvesen, der fleire alternativ har vorte vurderte. Vedtaket om den endelege plasseringa av bomstasjonane vart handsama av Ålesund kommune i februar 2017, jf. kap. 2, men er òg med som eit vedtakspunkt i den lokalpolitiske handsaminga frå 2019.

Det er lagt opp til at det skal etablerast til saman 13 bomstasjonar fordelt på tre bomsnitt/sonar med tovegs innkrevjing, jf. tabell 6.1. Plasseringa av bomstasjonar er vist i figur 6.1. I den lokalpolitiske handsaminga frå juni 2019 vart det feilaktig lagt fram at det skulle vere 14 bomstasjonar i bypakka. Dette kjem av at det på eit tidlegare tidspunkt vart innplassert eit forslag til ein bomstasjon i bomsnitt A Voldsdalen-Klipra, som ikkje var ein del av bomstasjonsvedtaket frå februar 2017. Lokale styresmakter er gjort merksame på dette, og er kjent med feilen.

Bypakke Ålesund er samansett av fleire prosjekt som har innverknad på heile infrastrukturen i Ålesund. Bomstasjonane er plasserte i geografiske områder der det blir bygd eit godt alternativt transporttilbod til personbilen. Vidare skal det vere bomstasjonar på vegar der det blir gjennomført vesentlege utbetringar, til dømes E136 Breivika-Lerstad.

Bomsnittet i vest (Volsdalen-Klipra) dekker ei rekke tiltak i ytre bydel. Bomsnittet på Lerstad/Borgund/Åse gir direkte nytte for trafikantane etter som delprosjektet E136 Breivika-Lerstad blir gjennomført her. Bomsnittet i øst (Moa-Spjelkavika-Blindheimsbreivika nord-Brusdalen), og bommer i av- og påkøyring til E39 er vald då det er eit stort behov for prosjekt som løyser opp i trafikksituasjonen i området. Plassering av bomstasjonar på av- og påkøyringsrampene til E39 sikrar at gjennomgangstrafikken på strekninga Brusdalen-Blindheimsbreivika, som i mindre grad får nytte av tiltaka i byområdet, får gratis gjennomkøyring på E39.

I samsvar med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at dersom trafikken på sidevegnettet aukar som følgje av bomstasjonar på hovudvegnettet, bør det gjennomførast tiltak. Dersom fartsreduserande tiltak ikkje blir vurdert til å vere tilstrekkeleg, må ein vurdere stenging eller å sette opp ekstra bomstasjonar.

Tabell 6.1 Bypakke Ålesund – plassering av bomstasjonar.

Nr.

Bomstasjonsplassering

1

E136 – Øst for Ysteneskrysset

2

Ved fv. 6214 Borgundvegen 44 (Kliprasenteret)

3

På nye E136 Lerstad

4

På E136 Lerstadvegen

5

På fv. 6214 Borgundvegen

6

På fv. 5948 Brusdalsvegen, vest for påkøyringsrampa til E39 i Brusdalen

7–8

Rampe, til og frå E39 Brusdalen (øst)

9–10

Rampe, til og frå E39 til Moa og Breivika

11–12

Rampe til og frå E39 Spjelkavika

13

Fv. 6210 Blindheimsbreivika

Figur 6.1 Plassering av bomsnitt og bomstasjonar

Figur 6.1 Plassering av bomsnitt og bomstasjonar

Takst- og rabattsystem

Det er lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følge gjeldande takstretningslinjer for bompengeordningar. Alle rabattar og fritak etter retningslinjene føresett gyldig avtale og brikke. Dette inneber mellom anna 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og alle køyretøy i kategori M1) som har gyldig avtale og brikke. Det gis ikkje brikkerabatt til køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy over 3 500 kg, unntatt køyretøy i kategori M1 med gyldig avtale og brikke).

Det er lagt til grunn felles timesregel for alle bomstasjonar i Bypakke Ålesund. Ordninga gjeld for både takstgruppe 1 og 2, for alle køyretøy med gyldig avtale og brikke. I tillegg er det føresett eit passeringstak på 60 passeringar per kalendermånad for køyretøy i takstgruppe 1.

I tråd med Prop. 87 S (2017–2018) er det lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 skal betale 50 pst. av takst etter brikkerabatt, mens nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 ikkje vil bli belasta bompengar. For begge takstgrupper er det føresett elektronisk brikke og gyldig avtale for å få rabatt.

Det er lagt til grunn at køyretøy i takstgruppe 2 skal betale det dobbelte av taksten for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1).

Det er rekna at gjennomsnittstaksten må vere 19,50 2021-kr for å kunne finansiere bypakka innanfor føresett innkrevjingstid. Med utgangspunkt i gjeldande takst- og rabattstruktur og ein venta del nullutsleppskøyretøy på om lag 20 pst. tilseier dette grunntakstar utan rabatt på om lag 26 kr for takstgruppe 1 og om lag 52 kr for takstgruppe 2 i alle bomstasjonane i 2021–prisnivå.

Dersom delen nullutsleppskøyretøy aukar til om lag 50 pst., blir grunntakstane om lag 30 kr for takstgruppe 1 og om lag 60 kr for takstgruppe 2 i 2021-prisnivå.

I tråd med føresetnadene i Prop. 1 S (2016–2017) vil rekna gjennomsnittstakst bli nytta som grunnlag for justering av takstane, slik at gjennomsnittstaksten blir som føresett. Vidare er det føresett at takstane kan justerast i tråd med konsumprisindeksen. Det er elles lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følgje gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

Andre føresetnader for finansieringsberekningane

  • Lånerente: 5,5 pst. dei første ti åra, deretter 6,5 pst. resten av innkrevjingsperioden

  • Innskottsrente: 1,5 pst. dei første ti åra, deretter 2,5 pst.

  • Årleg prisvekst og takstauke: 2 pst.

  • Årlege innkrevjings- og driftskostnader: Om lag 23 mill. 2021-kr

  • Det er ikkje lagt til grunn trafikkvekst gjennom bomstasjonane i løpet av innkrevjingsperioden.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 12 år. Det er om lag tre år tidlegare enn det som er lagt til grunn for pakka, noko som tyder på at finansieringsplanen er robust for eventuelle endringar i trafikkgrunnlaget og bompengeinntekter. Brutto bompengeinntekter er rekna til om lag 3 753 mill. 2021-kr. Av dette er om lag 3 128 mill. kr føresett nytta til prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Ålesund, om lag 355 mill. 2021-kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 270 mill. 2021-kr til å dekke innkrevjingskostnadar og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er lagt til grunn at bompengeselskapet vil stille til disposisjon om lag 440 mill. kr til finansiering av vidare prosjektering, grunnerverv og førebuande arbeid samt gjennomføring av enkelte tiltak i 2022.