Prop. 201 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

3 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Bypakke Ålesund er mellom anna forankra i konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet i Ålesund som vart utarbeidd i 2016, samt rapport frå den eksterne kvalitetssikringa (KS1) og Samferdselsdepartementet sine føringar.

Med bakgrunn i dette er det utarbeidd ein mogleg prosjektportefølje. Porteføljen vart i vedtak i juni 2019 lagt fram som ei prioritert liste, i tråd med nye nasjonale føringar for porteføljestyrte bypakker. Porteføljen er tilpassa dei inntektene som kan leggjast til grunn i bypakka.

Hovudelementa i prosjektporteføljen er bygging av ny innfartsveg øst-vest (E136 Breivika-Lerstad, og vidare til Campus), etablering av ny gateterminal med kollektivtrasear i tilkomstgatene for kollektivtransporten i Ålesund sentrum, samt sykkelfelt over den nye Brosundbrua og gangpassasje under denne og under Hellebrua langs Brosundet. I tillegg kjem utvikling av kollektivknutepunkt ved Campus og Ålesund sjukehus, samt tiltak for å auke framkomst for buss med gode trasear.

Bystyret i Ålesund la til nokon tilleggspunkt til vedtaka sine, der dei mellom anna ber om at tiltaket E136 Lerstadtoppen-Campus blir vurdert heilt eller delvis erstatta av kollektivtiltak i samsvar med COWI-rapporten «Framtidige kollektivkonsept i Ålesund», jf. tilleggspunkt 3. Fylkeskommunen har ikkje slutta seg til dette. Det blir derfor lagt til grunn at ei slik vurdering kan gjerast av styringsgruppa som ein del av porteføljestyringa for bypakka. Ei eventuell endring i prosjektporteføljen må handterast innanfor den økonomiske ramma som blir fastsett for bypakka.

Bystyret i Ålesund ønskjer òg at ein eventuell kostnadsauke på strekninga E136 Breivika-Lerstad-Campus ikkje skal gå ut over dei andre prosjekta i bypakka, jf. tilleggspunkt 8. Samferdselsdepartementet legg til grunn at Bypakke Ålesund skal styrast etter prinsippa for porteføljestyring. All kostnadsauke må følgjeleg løysast innanfor den økonomiske ramma til pakka. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje kan gjennomførast, eller må reduserast. Dersom enkelte prosjekt/tiltak blir rimelegare enn føresett, vil det bli rom for fleire prosjekt/tiltak – alternativt kan innkrevjingsperioden kortast ned. Bypakka omfattar mange mindre prosjekt, noko som gjer det enklare å tilpasse omfanget av utbygginga til den økonomiske ramma for pakka. Figur 3.1 viser kart over utbyggingsområdet med aktuelle prosjekt, og tabell 3.1 viser forslag til prosjektportefølje som er lagt til grunn i finansieringsutrekningane for bypakka. Kostnadene inkluderer mva.

Figur 3.1 Kart over utbyggingsområdet med aktuelle prosjekt.

Figur 3.1 Kart over utbyggingsområdet med aktuelle prosjekt.

Tabell 3.1 Forslag til prioritert prosjektportefølje for Bypakke Ålesund.

Prioritet

Prosjekt og tiltak

Tiltak nr. i kart

Statens vegvesen sine berekningar (Mill. 2021-kr inkl. mva)

KS2-konsulenten sine berekningar (Mill. 2021-kr inkl. mva)

1

Brosundbro, og ny gate i forlenging av Keiser Wilhelms gate

1

291

298

2

Kollektivterminal – gateterminal i Keiser Wilhelms gate

2

83

83

3

Kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus

3

52

59

4

Kollektivknutepunkt ved Campus Ålesund

4

156

272

5

E136 Breivika-Lerstad

5

1 994

2 086

6

E136 Lerstadtoppen-Campus

6

478

460

7

Tiltak for framkomst for buss, for gåande og syklande og trafikktryggleik.

Ikkje plassert i kart

291

291

8

Sanering av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande samt kollektivtrafikk

8

301

328

9

Kryssutbetring (påkøyringsrampe)

9

52

52

SUM PROSJEKTER

3 698

3 929

Innkjøp og etablering av bomstasjonar

42

42

Planlegging og prosjektering

52

52

SUM Bypakke Ålesund

3 792

4 023

Det er avsett om lag 52 mill. kr til reguleringsplanarbeid og prosjektering for dei mindre tiltaka i pakka (tiltak for framkomst for buss, for gåande og syklande og trafikktryggleik i tabell 3.1).

Det er rekna ut ein etableringskostnad for bomstasjonane på 42 mill. 2021-kr. I denne kostnaden inngår både kostnaden for tilrettelegging av bomstasjonsområdet, samt det tekniske utstyret.

Det er lagt til grunn ein prosjektportefølje i tråd med dei lokale vedtaka.

Eit opplegg for Bypakke Ålesund vart lagt fram for lokalpolitisk handsaming i juni 2019. Statens vegvesen har føreslått ei økonomiske ramme for pakka på om lag 3 700 mill. kr i 2021-prisnivå. I tillegg kjem etablering av bomstasjonar på om lag 40 mill. kr og om lag 50 mill. kr avsett til planlegging, slik at den økonomiske ramma totalt blir om lag 3 790 mill. 2021-kr. Som det går fram av kapittel 2, slutta Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune seg til forslaget. KS2-konsulenten har tilrådd ei økonomisk ramme for Bypakke Ålesund på 4 023 mill. 2021-kr, jf. omtale i kap. 5.

3.1 Prosjekt i Bypakke Ålesund

E136 Breivika-Lerstad

E136 er innfartsvegen til Ålesund. E136 Breivika-Lerstad er det største prosjektet i Bypakke Ålesund. Prosjektet skal bidra til å fremje miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss, og ved å leggje til rette for fotgjengarar og syklistar. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik. Betre kapasitet og framkomst på denne vegen vil òg vere viktig for næringstransporten i Ålesund. Prosjektet omfattar bygging av ein ny 4-felts veg i tunnel frå Breivika til Lerstad, ei strekning på om lag 3 km. I vest skal det byggjast eit nytt toplanskryss.

Reguleringsplanen for prosjektet vart vedteken i 2014. Statens vegvesen har tilrådd ei styringsramme for prosjektet på 1 922 mill. 2019-kr og ei kostnadsramme på 2 075 mill. 2019-kr. Omrekna til 2021-kr svarer dette til 1 996 mill. kr og 2 154 mill. kr

Det blir lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2022, og prosjektet er venta opna for trafikk i løpet av 2025.

Prosjektet si samfunnsøkonomiske netto nytte er rekna til -1 310 mill. 2021-kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til om lag -0,5 og netto nytte per budsjettkrone er rekna til -1,3. Utan bompengar er det rekna at netto nytte er om lag -1 529 mill. 2021-kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til om lag -0,6. Netto nytte per budsjettkrone utan bompengar er rekna til om lag -0,7.

Ved finansiering utan bompengar, er det rekna med at prosjektet fører til ein auke av CO2-utsleppa på 615 tonn i 2030. Ved finansiering med bompengar er det rekna ein reduksjon i CO2-utsleppa på 83 tonn i 2030.

E136 Lerstadtoppen-Campus

Prosjektet E136 Lerstadtoppen-Campus følgjer i ei direkte forlenging av hovudprosjektet i bypakka, E136 Breivika-Lerstad. Prosjektet inneber ei utviding av E136 til 4-felts veg/veg med sambruksfelt frå avslutninga av Breivika-Lerstad-prosjektet fram til Campus, samt eit nytt tunnelløp og ei ny tofeltsbru i retning Campus. Total lengde for heile prosjektet er om lag 2,9 km. Reguleringsplanen for prosjektet vart vedteken i 2020.

Bymiljøtiltak

Ny gate- og kollektivterminal gir grunnlag for ei meir effektiv trafikkavvikling i kollektivtrafikken i Ålesund. Kollektivtrasear i tilkomstgatene for kollektivtransporten i sentrum, samt sykkelfelt over den nye Brosundbroa og gangpassasje under denne og Hellebroa langs Brosundet bidrar til ønska byutvikling.

Tiltaka omfattar òg naudsynt ombygging og regulering av eksisterande gater, slik at ein oppnår god trafikkflyt og eigne sykkelfelt gjennom einvegsregulering av gater.

Sørsideplanen for Ålesund sentrum som omfattar Ny Brosundbro, ny gate frå Waterfront Hotel til Posthuskrysset samt kollektivterminal, fekk godkjend reguleringsplan i 2015.

Kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus og Campus

Utvikling av kollektivknutepunkt ved Campus og sjukehuset gir grunnlag for vidareutvikling og auka vekst i kollektivtransporten. Begge desse områda er sentrale knutepunkt i byen, både for arbeidsplassar og bumiljø. Det er eit stort potensial for overgang frå bil til kollektiv, gåing og sykkel i begge områda.

Reguleringsplanane for kollektivknutepunkta Ålesund sjukehus og Campus vart godkjende i høvesvis 2018 og 2020.

Tiltak for kollektivtrafikk, gåing og sykling og trafikktryggleik

Det skal gjennomførast tiltak retta mot gåande, syklande og kollektiv både på riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar. Det er lagt inn om lag 135 mill. 2021-kr til utbetring av kollektivtrasé mellom Moa og sentrum. I tillegg er det lagt inn 291 mill. 2021-kr til ei rekke mindre tiltak for kollektivtrafikk, gåing og sykling og trafikktryggleik. Prosjekta er spreidde over heile byen, i tråd med tidlegare prioriteringar av bystyret i Ålesund.

For prosjekt innanfor kollektiv, gåing og sykling og trafikktryggleik er planstatus varierande.