Prop. 201 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

5 Ekstern kvalitetssikring (KS2)

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnadene for Bypakke Ålesund og for det største prosjektet i pakka; E136 Breivika-Lerstad. I den samanheng har den eksterne konsulenten òg vurdert oppgitte kostnader for andre aktuelle prosjekt i bypakka. Statens vegvesen og den eksterne konsulenten er samde om at berekningane av forventa bompengeinntekter byggjer på nøkterne føresetnader. Ifølgje konsulenten er finansieringsplanen for bypakka robust og det er låg risiko for at bompengelånet går ut over forventa nedbetalingsperiode. Den eksterne konsulenten meiner likevel at kostnadsoverslaga for dei aktuelle prosjekta og tiltaka i bypakka kan vere noko underestimerte.

For prosjektet E136 Breivika-Lerstad har den eksterne konsulenten tilrådd ei styringsramme på 2 009 mill. 2019-kr og ei kostnadsramme på 2 298 mill. 2019-kr. Det er noko høgare enn det Statens vegvesen har føreslått, jf. omtale i kapittel 3. Årsaka til skilnaden mellom ekstern konsulent og Statens vegvesen er ifølgje Statens vegvesen ulik vurdering av drivarar for uvisse som til dømes grunntilhøve og fjelltunnel. Statens vegvesen sluttar seg i dette tilfellet til den eksterne konsulenten sine vurderingar. Samferdselsdepartementet legg derfor den eksterne konsulenten sitt forslag til styrings- og kostnadsramme til grunn. Rekna om til 2021-kr blir styringsramma om lag 2 090 mill. kr og kostnadsramma om lag 2 390 mill. kr.

For dei andre prosjekta har konsulenten rekna kostnadane til 1 865 mill. 2019-kr. Rekna om til 2021-kr svarer dette til 1 935 mill. 2021-kr, som er om lag 140 mill. kr høgare enn det Statens vegvesen har rekna. Årsaka til skilnaden mellom den eksterne konsulenten og Statens vegvesen er i hovudsak ulik vurdering av uvisse, samt at den eksterne konsulenten har lagt til grunn ein høgare del rigg for veg og konstruksjonar.

Ekstern konsulent meiner samla sett at det skal brukast ein høgare uvisseavsetning, og grunngir dette med at små sentrumsnære prosjekt har større uvisse knytt til seg enn prosjekt i meir perifere område. Statens vegvesen er samd i at uvisseavsetningane i kostnadsoverslaga har vore for knappe, og at ekstern kvalitetssikrar sin vurdering kan leggast til grunn.

Den eksterne kvalitetssikraren har i si vurdering av del rigg lagt til grunn eit utval nyare referanseprosjekt frå bystrøk. Desse prosjekta har ein høgare del rigg enn Statens vegvesen sine referanseprosjekt. Med basis i ekstern kvalitetssikrar sitt grunnlag, er Statens vegvesen samd i deira vurdering.

Samferdselsdepartementet legg derfor den eksterne konsulenten sine kostnadsvurderingar til grunn i det vidare arbeidet med pakka. Det inneber ein kostnadsauke for E136 Breivika-Lerstad på om lag 90 mill. 2021-kr og ein auke for dei andre prosjekta på om lag 140 mill. 2021-kr. Til saman gir dette ei endring i den økonomiske ramma for bypakka på om lag 230 mill. 2021-kr i høve til Statens vegvesen sitt opphavlege forslag. Kostnadsendringa blir føresett finansiert med bompengar, og det blir gjort innanfor rammene for takstar og innkrevjingstid som er vedtekne lokalt.

Den eksterne konsulenten har òg peikt på at fleire av prosjekta i Bypakke Ålesund er planlagt bygde tidleg og samstundes, og at dette kan gi utfordringar knytt til porteføljestyring dersom nokre av prosjekta får kostnadsauke. Dei største investeringane vil skje i perioden 2023–2025, mykje grunna den planlagde utbygginga av E136 Breivika-Lerstad. Etter ekstern kvalitetssikrar sine tilrådingar, har Statens vegvesen gjort justeringar i pakka, og flytta fleire prosjekt i bypakka ut i tid. Med dette har ein redusert risikoen i bypakka, samt gjort det enklare å porteføljestyre Bypakke Ålesund. Dette reduserer òg lånebehovet, som igjen reduserer rentekostnadene i pakka.