Prop. 201 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

9 Fylkeskommunal garanti

Gjennom den lokalpolitiske handsaminga frå 2019 har Møre og Romsdal fylkeskommune fatta vedtak om å stille garanti ved sjølvskyldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak på 1 600 mill. kr. med tillegg av 10 pst., til saman 1 750 mill. kr. I ettertid har ein sett at desse vedtaka ikkje er i tråd med føringar frå regjeringspartia sin bompengeavtale frå 2019. Som omtalt i kapittel 2, har Møre og Romsdal fylkeskommune hausten 2020 fatta nytt vedtak som er tilpassa dei nye føringane. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ein eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt i porteføljestyrte bompengepakker skal handterast i porteføljestyringa og ikkje gjennom auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode. Garantisten sitt utlegg kan følgeleg ikkje dekkast gjennom ein auke av gjennomsnittstaksten eller ei forlenging av bompengeperioden.