Prop. 66 L (2018–2019)

Endringar i helse- og omsorgstenestelova (dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens)

Til innhaldsliste

10 Merknad til lovforslaget

Kommunen pliktar å tilby personar med demens dagaktivitetstilbod. Det er i lova ikkje sagt noko om kva eit dagaktivitetstilbod er, men lova stiller grunnleggjande krav til naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgsteneste. Det vil vere avgjerande om summen av det som blir tilbode, oppfyller kravet om naudsynte helse- og omsorgstenester av forsvarleg kvalitet og omfang.

Kommunen vil ha stor fridom når det gjeld organiseringa og innrettinga av tenestetilbodet. Tilbodet kan ta utgangspunkt i kommunen sine eksisterande tenester, som til dømes bruk av støttekontakt eller praktisk hjelp, men tilbodet kan òg utformast som eit eige tenestetilbod. Det har vore vanleg å tilby dagaktivitetstilbod i sjukeheimslokale. Det kan ofte vere vanskeleg både for den einskilde brukaren og for dei pårørande å identifisere seg med eit tilbod på ein sjukeheim. Dagaktivitetstilbod finn òg stad på andre arenaer, til dømes kulturhus, dagsenter, omsorgsbustader/bukollektiv, aktivitets- eller eldresenter, brukaren sin eigen heim, og i nokre tilfelle som ei ambulerande teneste.

Lovplikta gjeld dagaktivitetstilbod. Dette skal likevel ikkje forståast slik at det ikkje kan gjevast dagaktivitetstilbod til dømes om ettermiddagen eller kvelden. Dersom det er ønskjeleg for pasienten/brukaren og elles kan passast inn i kommunen si verksemd, vil det difor ikkje vere noko i vegen for å gje eit dagaktivitetstilbod i form av aktivitetar som finn stad om ettermiddagen eller kvelden.

Lovplikta gjeld personar med demens. Lovplikta gjelder såleis berre personar med demensdiagnose. Demens er ein diagnose som kan ramme folk uavhengig av alder. Sjølv om demens blir vanlegare med alderen, er det stor variasjon, og nokre får ein demensdiagnose allereie i nokså ung alder. Det vil såleis vere avgjerande i høve til lovplikta om personen det gjeld er diagnostisert med demens, uansett alder. Plikta gjeld òg for personar som har funksjonshemmingar eller andre sjukdomar samstundes som dei har diagnosen demens.

Demenssjukdomen kan utvikle seg gradvis og over lang tid. Mange pasientar og brukarar kan såleis over tid ha symptom som høver med ein demensdiagnose, utan at dei nødvendigvis har blitt diagnostiserte med demens av ein lege. Kommunane vil òg ha plikt til å sørgje for naudsynte helse- og omsorgstenester for personar som enno ikkje har fått ein demensdiagnose, og kan velje å tilby same type dagaktivitetar til desse som ein vanlegvis tilbyr personar som har fått konstatert demens. Dette må den einskilde kommunen avgjere ut frå ei konkret vurdering av helsetilstanden og tenestebehovet til kvar einskild brukar.

Vurderinga av om den einskilde pasienten eller brukaren skal få tilbod om dagaktivitetstilbod, vil på vanleg måte kome an på om personen kan seiast å ha rett til naudsynte helse- og omsorgstenester etter pasient- og brukarrettslova § 2-1 a andre ledd. Kommunane må framleis gjere ei konkret vurdering av kva for teneste eller kombinasjon av tenester kvar einskild pasient eller brukar må få tilbod om for å få naudsynte helse- og omsorgstenester av forsvarleg kvalitet og omfang.

Lovplikta gjeld heimebuande personar, altså personer som bur i eigen heim eller i ein kommunal omsorgsbustad. Lovplikta vil derimot ikkje gjelde personar som bur på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar, i praksis oftast sjukeheimar. Når det gjeld kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar, er det lagt til grunn at institusjonane allereie i dag må sørgje for dagaktivitetstilbod til bebuarane. Departementet viser her til utgreiinga om gjeldande rett som er teken med i kapittel 5, og særleg føremålsføresegna i helse- og omsorgstenestelova, der det mellom anna går fram at føremålet med lova er å «sikre at den enkelte får mulighet til å leve og bo selvstendig og til å ha en aktiv og meningsfylt tilværelse i fellesskap med andre», jf. § 1-1 nr. 3 og kommunen si plikt til å sørgje for forsvarlege tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det blir òg vist til dei pliktene når det gjeld innhald i og utforming av helse- og omsorgstenestene som direkte eller indirekte vil følgje av kvalitetsforskrifta og verdigheitsgarantiforskrifta.

Det vil berre vere personar med langtidsopphald på ein sjukeheim eller i ein bustad særleg tilrettelagd for heildøgnstenester som vil falle utanfor kommunen si plikt til å tilby dagaktivitetstilbod etter den nye lovføresegna. Personar som berre har korttidsopphald på ein kommunal helse- og omsorgsinstitusjon, er i realiteten å rekne for heimebuande, sjølv om dei i periodar oppheld seg på institusjonen, og skal ikkje miste dagaktivitetstilbodet sitt under korttidsopphaldet.