Prop. 66 L (2018–2019)

Endringar i helse- og omsorgstenestelova (dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens)

Til innhaldsliste

6 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet føreslo departementet å endre helse- og omsorgstenestelova slik at det blir innført ei plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens. Departementet føreslo at lovplikta ble teken inn som nytt nummer 7 i helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd, med denne ordlyden:

«7. Dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens»

Departementet understreka i høyringsnotatet at sjølv om ei slik lovplikt blir lovfesta, vil den einskilde kommune framleis stå relativt fritt til å innrette sitt eige tjenestetilbod i tråd med prinsippet om kommunalt sjølvstyre. Departementet framheva òg at vurderinga om den einskilde pasienten eller brukaren skulle få dagaktivitetstilbod, skulle på vanleg måte kome an på om personen kan seiast å ha rett til naudsynte helse- og omsorgstenester etter pasient- og brukarettslova § 2-1 a andre ledd. Kommunane må framleis gjere ei konkret vurdering av kva for teneste eller kombinasjon av tenester kvar einskild pasient eller brukar må få tilbod om for å få naudsynte helse- og omsorgstenester av forsvarleg kvalitet og omfang.

Departementet meiner at innføringa av ei lovplikt for kommunen til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens ikkje skal endre den noverande eigenandelsreguleringa for dagaktivitetstilbod. I høyringsnotatet blei det såleis òg føreslått endringar i forskrift 16. desember 2011 nr. 1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester for å gjere det tydeleg at kommunen som hovudregel kan krevja eigenandel for dagaktivitetstilbod. I dei tilfella der dagaktivitetstilbodet skal avlasta dei pårørande, kan det slik som i dag ikkje krevjast eigenandel.