Prop. 83 L (2014-2015)

Endringar i valgloven (ansvar for valkort mv.)

Til innhaldsliste

3 Evaluering av stortingsvalet 2013

3.1 Departementet si evaluering av stortingsvalet

Departementet har evaluert stortingsvalet i 2013 gjennom fleire ulike spørjeundersøkingar retta mot kommunane og fylkeskommunane. Dei to forsøka med stemmegiving over nett og elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen har blitt særskilt evaluerte.

Dei valansvarlege i kommunane og fylkeskommunane blei stilte spørsmål om valgjennomføringa. Spørsmåla handla mellom anna om vallokale og tilgjengelegheit, bruk av EVA, brukarstøtte, beredskapsrutinar og oppteljing. Det blei også sendt ut eit eige spørjeskjema til skanningansvarleg og IKT-ansvarleg i kommunane og fylkeskommunane. 18 fylkeskommunar og 367 kommunar har svart på undersøkingane. Det gir ein svarprosent på høvesvis cirka 95 og 86 prosent.

Stortingets fullmaktskomité uttaler i Innst. 1 S (2013–2014) at heilskapsinntrykket etter valet er at det har vore gjennomført på ein god og effektiv måte i kommunane, og at fylkesvalstyra har utført ein grundig kontroll med valstyra. Merknadene frå fullmaktskomiteen er omtalte i dei relevante kapitla.

Stortingets fullmaktskomité bad om å få evaluert innføringa av valadministrasjonssystemet EVA og departementets opplæringsopplegg for å kunne kvalitetssikre best mogleg og eventuelt utbetre det før neste val. Departementet har følgt opp dette gjennom ei ekstern evaluering. Evalueringa er gjennomført av Oslo Economics og er presentert i kapittel 3.2. Forsøket med internettstemmegiving er evaluert eksternt av Institutt for samfunnsforsking og er kort omtalt i kapittel 3.3.

3.1.1 Statistikk

Valdeltaking

Valdeltakinga ved stortingsvalet i 2013 auka samanlikna med stortingsvalet i 2009. Den offisielle statistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at valdeltakinga i 2013 var på 78,2 prosent, ein auke på 1,8 prosentpoeng frå valet i 2009. Valdeltakinga var høgast i Akershus fylke med 81,7 prosent og lågast i Finnmark fylke med 71,3 prosent.

Tabell 3.1 Valdeltaking ved stortingsval 2001–2013

Valår

2001

2005

2009

2013

Valdeltaking i prosent

75,5

77,4

76,4

78,2

Kjelde: SSB

Valdeltaking etter alder

Frå 2009 til 2013 har valdeltakinga auka i nesten alle aldersgruppene. Valdeltakinga blant førstegongsveljarar spesielt, og blant unge veljarar generelt, gjekk betydeleg opp frå 2009 til 2013. Blant førstegongsveljarane (18–21 år) auka valdeltakinga med 10 prosentpoeng. Også i den eldste aldersgruppa (60–79 år) har det vore ein markant auke i deltakinga samanlikna med 2009.

Tabell 3.2 Valdeltaking etter alder. Valundersøkinga 2001, 2005, 2009 og 2013.

Valår

2001

2005

2009

2013

I alt

75,5

77,4

76,4

78,2

18–21 år

54,5

55,3

57,0

66,5

22–25 år

55,7

63,1

55,9

62,5

26–29 år

63,1

68,1

68,4

69,4

30–39 år

76,1

78,1

77,4

76,7

40–49 år

79,9

79,9

78,5

80,5

50–59 år

81,8

82,3

82,5

83,3

60–79 år

82,5

83,3

83,3

86,3

Kjelde: Institutt for samfunnsforsking og SSB

Valdeltaking blant innvandrarar

53 prosent av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, det vil seie innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, deltok ved stortingsvalet i 2013. Dette er 25 prosentpoeng lågare enn den generelle valdeltakinga i befolkninga. Valdeltakinga blant norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har vore stabil ved dei siste vala.

Tabell 3.3 Valdeltaking blant innvandrarar med norsk statsborgarskap

Valår

2001

2005

2009

2013

Valdeltaking i prosent

52

53

52

53

Kjelde: SSB

Valdeltakinga varierer mykje etter landbakgrunn. Både den høgaste og den lågaste deltakinga finn vi blant personar med europeisk landbakgrunn. Samla deltok 55 prosent av dei med europeisk bakgrunn. Blant personar med bakgrunn frå Danmark, Sverige og Tyskland var deltakinga omtrent den same som i befolkninga elles. Blant personar med innvandrarbakgrunn frå Balkan var deltakinga mykje lågare. Av dei med bakgrunn frå Kroatia, Makedonia og Kosovo deltok berre rundt ein tredel av dei som hadde stemmerett. Også ved vala i 2005 og 2009 hadde personar med bakgrunn frå Balkan låg deltaking.

Utanfor Europa var det høgast deltaking blant personar med bakgrunn frå Sri Lanka, Somalia og Eritrea, alle med om lag 60 prosent. Samanlikna med valet i 2009 er det personar med innvandrarbakgrunn frå Vietnam som har størst auke i valdeltakinga, frå 36 til 49 prosent. Nedgangen er størst blant innvandrarar med indisk opphav. Her er det ein nedgang frå 60 til 53 prosent.

Kvinnene med innvandrarbakgrunn nytta stemmeretten meir enn menn. 55 prosent av kvinnene og 50 prosent av mennene stemte ved valet i 2013. Ved valet i 2009 var det ingen forskjell mellom kvinner og menn, då hadde begge kjønna ei deltaking på 52 prosent. For somme enkeltland er forskjellane særleg store. Blant personar med innvandrarbakgrunn frå Somalia deltok 66 prosent av kvinnene, mot berre 51 prosent av mennene.

Valdeltakinga aukar med butid og alder, men denne tendensen er no mindre eintydig enn ved tidlegare val. For personar med innvandrarbakgrunn samla gjeld dette framleis. Det er likevel motsett for personar med afrikansk bakgrunn: Gruppa med kortast butid har høgast valdeltaking, og den yngste aldersgruppa (18–25 år) har høgare valdeltaking enn den eldste (60 år og over).

Mottekne stemmer

Utviklinga i talet på førehandsstemmer og talet på valtingsstemmer ved dei fire siste stortingsvala vises i tabellen under.

I 2013 blei det sett ny rekord for talet på førehandsstemmer. 30,2 prosent av alle godkjende stemmer blei gitt som førehandsstemmer. Det er ein auke på 5,8 prosentpoeng samanlikna med valet i 2009, og 12,3 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet i 2005.

I 2013 blei det gjennomført eit forsøk med elektronisk stemmegiving i 12 kommunar, der det var mogleg å stemme over Internett i førehandsstemmeperioden. Delen som valde å stemme i førehandsstemmeperioden i desse kommunane var høg. I dei 12 forsøkskommunane blei 47 prosent av stemmene gitt på førehand. Det kan ha bidrege noko til at delen førehandsstemmer var så høg i landet som heilskap.

Ved valet i 2013 var det mogleg å gi tidlegstemme i perioden frå 1. juli til 12. august. I denne perioden har ikkje kommunane ei like omfattande plikt til å tilretteleggje. I 2013 blei 14 604 førehandsstemmer gitt i denne perioden. Ordninga med tidlegstemmegiving blei innført ved stortingsvalet i 2009. Det blei då gitt cirka 6 500 tidlegstemmer. Det har altså vore ein stor auke, med meir enn dobbelt så mange tidlegstemmer i 2013 som i 2009.

Tabell 3.4 Godkjende stemmer totalt, gitt på valting og ved førehandsstemming 2001–2013

2001

2005

2009

2013

Godkjende stemmer

2 521 820

2 638 263

2 682 904

2 836 029

Valtingsstemmer

2 017 492

2 165 612

2 028 965

1 980 774

Førehandsstemmer

504 328

472 651

653 939

855 255

Førehandsstemmer i prosent av godkjende stemmer totalt

20,0

17,9

24,4

30,2

Kjelde: SSB

Forkasta stemmegivingar og stemmesetlar

Reglane for godkjenning og forkasting av stemmegivingar og stemmesetlar følgjer av kapittel 10 i vallova.

Totalt blei 4 494 stemmegivingar forkasta i 2013. Hovudårsaka til forkasting av stemmegivingar var at veljaren ikkje var innført i manntalet i kommunen. Det gjaldt stemmegivingar gitt både på førehand og på valtinget. Høvesvis 56 og 93 prosent av stemmegivingane blei forkasta på grunn av dette. Andre grunnar til at førehandsstemmer blei forkasta, var mellom anna at veljaren allereie hadde fått godkjent ei stemmegiving, eller at stemmegivinga kom for seint fram.

Talet på forkasta førehandsstemmegivingar i 2013 var 639, mens det i 2009 var 653. Det blei gitt over 200 000 fleire førehandsstemmer i 2013 enn 2009, så prosentdelen forkasta førehandsstemmegivingar var lågare i 2013. Ei mogleg årsak til at delen har gått ned, er at kommunane i 2013 hadde tilgang til eitt felles oppdatert manntal gjennom EVA. Tidlegare nytta kommunane ulike system for å få tilgjenge til manntalet.

Tabell 3.5 Oversikt over godkjende og forkasta stemmegivingar på landsbasis ved stortingsvalet 2013

Godkjende og forkasta stemmegivingar

Førehand

Valting

Totalt

Godkjende stemmegivingar

859 047

1 989 092

2 848 139

Forkasta stemmegivingar

639

3 855

4 494

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Totalt blei det forkasta 3 255 stemmesetlar ved stortingsvalet i 2013. Til samanlikning blei 2 064 stemmesetlar forkasta i 2009.

Flesteparten av stemmesetlane som blei forkasta, mangla gyldig stempel, jf. tabell 3.6. Krav om stempling av stemmesetelen ved førehandsstemminga blei innført ved valet i 2013 som følgje av at omslagskonvolutten blei fjerna. Ei av årsakene til manglande stempel kan vere at stemmemottakaren har gløymt å stemple før veljaren puttar setelen i urna. Det blei også rapportert om mange tilfelle der veljaren hadde lagt ein blank stemmesetel rundt ein stemmesetel med partinamn, noko som førte til at setelen med partinamn måtte forkastast fordi han ikkje fekk gyldig stempel.

I 2013 blei det forkasta tilnærma like mange stemmesetlar i førehandsstemmeperioden som på valtinget. Dette er eit anna fordelingsmønster enn ved valet i 2009, der 633 stemmesetlar blei forkasta frå førehandsstemmegivinga, mens 1433 stemmesetlar blei forkasta på valtinget. Det kan tenkjast at auken kjem av innføringa av stempling av stemmesetelen også ved førehandsstemmegivinga. Det er forventa at talet på forkastingar på grunn av manglande stempel vil gå ned når rutinen blir meir innarbeidd.

Tabell 3.6 Oversikt over godkjende og forkasta stemmesetlar på landsbasis ved stortingsvalet i 2013

Godkjende og forkasta stemmesetlar

Førehand

Valting

Totalt

Godkjende stemmesetlar

855 255

1 980 774

2 836 029

Forkasta stemmesetlar

1 625

1 630

3 255

Forkastingsgrunnar

Førehand

Valting

Setelen manglar offentleg stempel, § 10-3(1)a

1373

1603

Det går ikkje fram kva val setelen gjeld, § 10-3(1)b

25

9

Det går ikkje fram kva liste veljaren har stemt på, § 10-3(1)c

113

8

Partiet/gruppa stiller ikkje liste, § 10-3(1)d

114

10

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

For seint innkomne førehandsstemmer

Førehandsstemmer som skal kunne godkjennast og telje med i valoppgjeret, må vere komne inn til valstyret valdagen klokka 21.00. Stemmer som kjem etter denne fristen, skal forkastast, jf. vallova § 10-1 (1) bokstav g.

Det har ikkje vore pålagt kommunane å rapportere talet på førehandsstemmer som kjem inn for seint til å telje med i valoppgjeret. Ei av utfordringane ved rapporteringa i møtebøkene er at desse førehandsstemmegivingane ofte blir mottekne lenge etter at møtebøkene er signerte og innleverte. Av møtebøkene i fylkesvalstyra kjem det fram at det er forkasta 62 førehandsstemmegivingar på landsbasis fordi dei kom for seint fram til valstyret. Det er likevel liten tvil om at dette talet er for lågt. I ei undersøking frå departementet rett etter valdagen, der 376 kommunar svarte, oppgir 203 kommunar at dei har motteke førehandsstemmer etter at fristen har gått ut. I desse kommunane har det komme inn til saman 1 653 førehandsstemmer for seint til å kunne bli tekne med i valoppgjeret. 391 av desse stemmene er gitt utanriks.

Som tabell 3.4 viste, har talet på førehandsstemmer auka dei seinare åra. Tabell 3.7 viser talet på for seint innkomne førehandsstemmer dei siste tre vala. Tabellen viser at når ein ser på dette talet som del av det totale talet på førehandsstemmer, er ikkje auken like tydeleg. Det kan tyde på at den store auken i talet på førehandsstemmer som blei forkasta fordi dei kom inn for seint, kjem av at det blei gitt fleire førehandsstemmer, heller enn at det har vore større svikt i sendingane enn tidlegare. Departementet ser like fullt alvorleg på at såpass mange førehandsstemmer ikkje blir tekne med i valoppgjeret.

Tabell 3.7 Talet på førehandsstemmer mottekne etter at fristen var ute, ved vala 2009, 2011 og 2013.

Valår

Innanriks

Utanriks

Totalt

Del av totalt gitte førehandsstemmer

Stortingsvalet 2013

1262

391

1653

0,193 %

Kommunestyre- og fylkestingsval 2011

880

120

1000

0,184 %

Stortingsvalet 2009

484

193

677

0,104 %

Tala er henta frå ulike spørjeundersøkingar etter vala. Tala er noko usikre, sidan ikkje alle kommunane har svart. Mange kommunar har ikkje registrert talet på for seint innkomne førehandsstemmer, og det er derfor grunn til å tru at dei oppgitte tala er noko lågare enn det faktiske talet.

Kjelde: Evalueringsundersøkingar til kommunane etter vala i 2009, 2011 og 2013.

Departementet gjorde greie for dei for seint innkomne førehandsstemmene ved stortingsvalet 2013 for riksvalstyret i møte den 26. september 2013. Riksvalstyret hadde denne merknaden:

«Riksvalgstyret forutsetter at det gjennomføres en evaluering av både regelverk og rutiner, og at det på bakgrunn av dette foreslås tiltak for å sikre at forhåndsstemmer avgitt utenfor egen kommune blir tatt med i valgoppgjøret.»

I kapittel 6 drøftar departementet moglege endringar i regelverk og rutinar som kan gjerast for å redusere talet på for seint innkomne førehandsstemmer ved framtidige val.

Blanke stemmer

Det blei gitt 12 874 blanke stemmesetlar ved stortingsvalet i 2013. Det er ein svak auke frå 2009, då det kom inn 11 684 blanke stemmesetlar. Det blei gitt 3 701 blanke stemmesetlar under førehandsstemmegivinga og 9 173 blanke stemmesetlar på valtinget.

Klagar

Ved stortingsval er Stortinget sjølv klageinstans når det gjeld klagar om stemmerett og retten til å gi stemme. Riksvalstyret skal uttale seg om klagane. Når det gjeld klagar over andre forhold, er riksvalstyret klageinstans. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er sekretariat for riksvalstyret.

Etter vallova § 13-1 har alle med stemmerett ved valet klagerett. Ein kan klage over forhold i samband med førebuinga og gjennomføringa av valet. Vallova § 6-8 regulerer retten til å klage over vedtak i valstyret og fylkesvalstyret om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag.

Ved stortingsvalet 2013 kom det inn 16 klagar. I 2009 kom det inn tre klagar. Eksempel på forhold det blei klaga på, var mangel på stemmesetlar for enkelte parti, organisering av val i vallokalet, rutinar og tilgjengelegheit ved førehandsstemmegivinga. Ingen klagar fekk medhald.

3.1.2 Informasjon til veljarane frå departementet

Både departementet, fylkeskommunane og kommunane har eit informasjonsansvar på valområdet. Departementet administrerer vallova med forskrifter og har det overordna ansvaret for den generelle informasjonsverksemda. Fylkeskommunane handterer listeforslag ved stortingsval. Dei har derfor ansvar for å kunngjere overskriftene på godkjende vallister og informere om kvar dei er lagde ut til offentleg ettersyn. Kommunane har ansvar for å leggje til rette for stemmegiving, inkludert tid og stad for stemmegivinga og ambulerande stemmemottak. Informasjonsansvaret til valmyndigheitene inneber først og fremst å informere om regelverket og gi praktisk informasjon til alle veljarane.

Departementet samarbeidde med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om å informere veljarar med innvandrarbakgrunn. Det blei mellom anna produsert brosjyrar på ti framandspråk. Desse blei distribuerte via kommunar og organisasjonar. IMDi hjelpte til med å spreie informasjon frå departementet, og fekk støtte til å gjennomføre valprosjektet «Mangfold og deltakelse». Målet med prosjektet var å bidra til høgare valdeltaking blant grupper av innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn som har særleg låg valdeltaking.

Departementet etablerte ein eigen mobiltilpassa nettstad (www.valglokaler.no) med kartfunksjon der veljarane kunne finne informasjon om nærmaste vallokale og opningstider.

Departementet sørgde for å produsere og sende ut valkort til alle veljarane på vegner av kommunane. I staden for å lage ein husstandsbrosjyre, slik som ved tidlegare val, nytta departementet høvet til å lage ein faldar der valkortet utgjorde éi side og resten inneheldt informasjon tilsvarande husstandsbrosjyren.

Departementet gjennomførte også andre tradisjonelle informasjonstiltak som informasjonsbrosjyre, nettkampanjar spesielt retta mot ungdom, ordinære kunngjeringsannonsar i aviser, informasjon på tekst-tv og informasjonsfilm som var tilgjengeleg via www.valg.no og YouTube. Nokre av tiltaka var retta mot ungdom, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for tilrettelagd informasjon. Nettstaden www.valg.no var ein viktig kanal for valinformasjon. Her blei all informasjon frå departementet retta mot veljarane lagd ut. Også for veljarar i utlandet var dette ei viktig informasjonskjelde, saman med informasjon på nettsidene til utanriksstasjonane.

Ved valet i 2013 delte departementet ut tilskot på til saman 7 millionar kroner til 40 ulike organisasjonar som ville bidra til å auke kunnskapen om valet og/eller auke valdeltakinga. Delar av midlane var sette av til tiltak knytte til Stemmerettsjubileet 2013. Tilskotsordninga blir vidareført i 2015.

3.1.3 Tilgjengelegheit

Organisering av vallokale

Det er generelt god tilgjengelegheit for å stemme i Noreg. Veljarane kan gi stemme over ein lang periode. Ved valet i 2013 var det mogleg å tidlegstemme frå 1. juli. Den ordinære førehandsstemmeperioden varte frå 12. august til og med fredag 6. september. Det er kommunane som har ansvaret for å leggje til rette for ei god valgjennomføring.

Av vallova følgjer det at førehandsstemmegiving skal haldast på helse- og sosialinstitusjonar, og elles der valstyret har bestemt at ein skal ta imot førehandsstemmer, jf. vallova § 8-3 (2). Det skal haldast førehandsstemmegiving minst éin dag ved alle institusjonane, sidan det ikkje er høve til å vedta at det berre skal haldast førehandsstemmegiving ved enkelte sosialinstitusjonar.

I vurderinga kommunane gjer av korleis dei organiserer vallokala sine, og kor store kretsar dei skal ha, skal det leggjast vekt på kor tilgjengelege og føremålstenlege lokala er. Det er vidare viktig at lokala er oversiktlege og legg til rette for hemmeleg og korrekt stemmegiving. I evalueringa opplyser 10 prosent av kommunane at det i 2013 var mogleg å gi førehandsstemme i eller i tilknyting til kjøpesenter eller butikk i kommunen.

Kommunane blei også spurde om det var mogleg å gi førehandsstemme på eller i tilknyting til vidaregåande skolar. Av dei kommunane som har vidaregåande skolar, oppgir 34 prosent at dei hadde førehandsstemmegiving ved nokre eller alle dei vidaregåande skolane. Også 34 prosent av kommunane som oppgir å ha universitet eller høgskole, har brukt dette som lokale for førehandsstemmegiving. Nærleik til andre vallokale og erfaring med lite oppmøte er blant grunnane til at utdanningsinstitusjonar ikkje er vurderte som vallokale.

Over halvparten av kommunane oppgir at dei har hatt kveldsopne lokale i delar av førehandsstemmeperioden. 25 kommunar oppgir at dei hadde kveldsopne lokale heile den siste veka det var mogleg å førehandsstemme. Ein del kommunar oppgir at dei har hatt laurdagsopne førehandsstemmelokale.

Dei aller fleste av kommunane som ikkje hadde kveldsopne førehandsstemmelokale, oppgir som årsak at det ikkje har vore noko behov. Dei viser til tidlegare erfaringar med lite oppmøte, og dei viser også til at dei har prioritert å halde ope på laurdag. Mangel på personell og kostnader er også nemnt som grunngiving for å ikkje ha kveldsopne lokale. Det er berre 10 kommunar som oppgir at kveldsopne lokale ikkje har vore vurdert.

196 kommunar hadde todagarsval i 2013.

Universell utforming

Vallova stiller krav om at stemmegivinga skal skje i eit eigna lokale som er lett tilgjengeleg, og der alle veljarane kan ta seg inn utan å måtte be om hjelp. Andre lokale skal berre nyttast dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. vallova §§ 8-3 (1) og 9-3 (2).

Det skal også vere god tilgjengelegheit for alle veljarane inne i vallokalet, jf. valforskrifta §§ 26 og 30. For eksempel skal blinde og svaksynte kunne stemme utan å måtte be om hjelp. Dersom ein veljar har behov for hjelp til å gi stemme, kan veljaren be om hjelp frå ein valfunksjonær. Valfunksjonærane har teieplikt. Veljarar med alvorleg fysisk eller psykisk funksjonshemming kan i tillegg peike ut ein ekstra hjelpar – etter eige val – mellom dei som er til stades, jf. vallova §§ 8-4 (8) og 9-5 (5). For å beskytte veljarar mot utilbørleg press skal det alltid vere ein valfunksjonær til stades når ein veljar får hjelp ved stemmegivinga.

I tillegg må kommunane rette seg etter krava til tilgjengelegheit og universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og plan- og bygningslova.

Høyringsnotatet

Departementet gjer i høyringsnotatet greie for kva tilbakemeldingar kommunane har gitt om tilgjengelegheit. 96,5 prosent av kommunane opplyste at dei i forkant av valet vurderte kor eigna og tilgjengelege vallokala var. Av desse behandla 39 prosent dette skriftleg i valstyret. Om lag 3 prosent av kommunane svarte at dei ikkje hadde vurdert i forkant av valet kor eigna og tilgjengelege vallokala var. Dette er omtrent på same nivå som i 2011.

96 prosent av kommunane svarte at alle dei faste førehandsstemmelokala i kommunen var tilgjengelege for alle veljargruppene. Tilsvarande svarte 85 prosent at alle lokala på valdagen var tilgjengelege. I 2009 svarte 63 prosent av kommunane at alle lokala var tilgjengelege. I 2011 var delen 79 prosent. Ein skilde den gongen ikkje mellom lokale som var nytta høvesvis ved førehandsstemmegivinga og på valdagen. Tala gir grunn til å tru at det har vore ein jamn auke i talet på tilgjengelege vallokale dei siste åra. Mangel på eigna lokale er i hovudsak ført opp som årsak til at eitt eller fleire lokale ikkje tilfredsstiller krav til tilgjengelegheit.

Høyringsinstansane

To av høyringsinstansane har kommentarar til evalueringa departementet har gjort av kor tilgjengelege vallokala er.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet seier at det er positivt at talet på tilgjengelege vallokale har auka dei siste åra, og meiner at dette er svært viktig for likestilling og demokratiske rettar for personar med nedsett funksjonsevne.

Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) uttaler at dei er svært lite tilfredse med ein situasjon med store kvalitetsforskjellar mellom norske kommunar ved gjennomføringa av val. Dei peiker på at det er mogleg med mellombels tilrettelegging av lokale i dei kommunane som har oppgitt mangel på eigna lokale som årsak til manglande tilrettelegging. FFO viser til ratifiseringa av FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne og skriv:

«Vi forventer derfor ved valget i 2015 at det er full tilgjengelighet for alle velgergrupper ved samtlige valglokaler i Norge.»

FFO peiker på at det avslutta forsøket med internettstemmegiving var til stor fordel for funksjonshemma og kronisk sjuke, mellom anna fordi det sikra hemmelege val også for synshemma veljarar. Organisasjonen ønskjer derfor at stemmegiving over Internett framleis skal vere eit tilbod for funksjonshemma og kronisk sjuke.

Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til dette med kor tilgjengelege vallokala er.

Departementet si vurdering

Departementet understrekar at det er svært viktig at kommunane sikrar god tilgjengelegheit for alle veljargrupper, slik at alle som ønskjer det, kan få stemme. Inntrykket frå evalueringa er at dei aller fleste kommunane har eit bevisst forhold til val av lokale til førehandsstemmegiving.

Dei aller fleste kommunane vurderer i forkant av valet kor eigna vallokala er. Tilbakemeldingane frå kommunane viser dessutan at talet på kommunar der alle vallokala er tilgjengelege for alle veljargruppene, har auka ved dei siste vala. Likevel vurderer departementet det slik at det er mogleg å forbetre tilgjengelegheita endå meir, særlig ved lokala som blir nytta på valdagen. Departementet vil derfor også ved framtidige val vere oppteke av god tilgjengelegheit for alle, og målet er at alle vallokala skal vere lagde til rette for alle veljargruppene.

For å gjere det enklare for kommunane å leggje vallokala til rette, har departementet vore med på å utvikle og leggje til rette for sal av universelt utforma valutstyr. Løysinga gir ei heilskapleg, gjenkjenneleg, funksjonell og fysisk ramme rundt stemmegivinga, og ho sikrar mellom anna krava til informasjon, logistikk, produksjon, montering, vedlikehald og universell utforming.

3.1.4 Valgjennomføring og opplæring

Ny rolle og utvida ansvar for departementet

Departementet har utvikla valadministrasjonssystemet EVA, som skal bidra til effektiv og korrekt gjennomføring av val. Brukarar av systemet er departementet, fylkeskommunane og kommunane. Ved at systemet er eigd, forvalta og drifta av det offentlege, er det sikra full offentleg kontroll over alle steg i valprosessen. Dette systemet har ført til at departementet si rolle og ansvar for valgjennomføringa er utvida. Mellom anna lærer departementet alle kommunane og fylkeskommunane i landet korleis dei bruker systemet, og departementet utviklar rutinar, brukarrettleiingar og brukarstøtte.

Ved stortingsvalet i 2013 ble administrasjonsdelen av EVA (EVA Admin) for første gong nytta i alle kommunane og fylkeskommunane i landet. Den maskinelle oppteljingsdelen av EVA (EVA Skanning) blei nytta i eit utval kommunar og alle fylkeskommunar. Det blei gjennomført forsøk med internettstemmegiving i 12 kommunar i 2013 (omtalt i kapittel 3.3.1).

Kommunikasjon med kommunane og fylkeskommunane

Kommunikasjon med kommunane og fylkeskommunane er ein viktig del av arbeidet departementet gjer for å leggje til rette for god gjennomføring av val. Dette har blitt endå viktigare med innføringa av EVA. For å ha ein god og effektiv kanal for kommunikasjon og samhandling utvikla departementet ein nettbasert informasjonsportal, «Valgmedarbeiderportalen». Portalen er basert på SharePoint-teknologi, og blei gjort tilgjengeleg for kommunane og fylkeskommunane i november 2012.

På valmedarbeidarportalen blei informasjon og dokument i samband med valet og valgjennomføringa publisert fortløpande. Det blei sendt ut e-postvarsel til dei ansvarlege i kommunane.

I evalueringa oppgir 99 prosent av kommunane og alle fylkeskommunane at dei har brukt valmedarbeidarportalen. Alle fylkeskommunane og 77 prosent av kommunane synest portalen er nyttig.

Rettleiing og brukarstøtte for kommunar og fylkeskommunar

Departementet har tradisjonelt hatt ei oppgåve knytt til å svare på førespurnader frå kommunar og fylkeskommunar om regelverksforståing. Med innføringa av EVA fekk departementet eit utvida ansvar for å svare på spørsmål om valadministrasjonssystemet og rutinane knytte til bruken av systemet.

For å gjere det enkelt for kommunar og fylkeskommunar og for å sikre ei heilskapleg tilnærming oppretta departementet éi felles brukarstøtte som skulle handtere alle typar førespurnader i valgjennomføringa på telefon eller via e-post. Brukarstøtta handterte førespurnader om EVA Admin, EVA Skanning, juridiske og valfaglege spørsmål, tekniske og driftsmessige spørsmål og spørsmål om rutineportal og valmedarbeidarportal. Førstelinja blei handtert av Brønnøysundregistra på oppdrag frå departementet, mens andre og tredje linje brukarstøtte var etablert hos departementet.

Av evalueringa går det fram at cirka 65 prosent av dei som svarte, er svært fornøgde med brukarstøtta og hadde god nytte av støtta. Ein del påpeiker at dei synest førstelinja kunne svare på for lite, og at dei ofte måtte setjast vidare for å få eit svar.

Departementet si vurdering

Den nye rolla som departementet har fått gjennom EVA, vil også ved framtidige val krevje ei god brukarstøtte. Departementet vil vidareføre ordninga med ei brukarstøtte som kan handtere alle førespurnader frå kommunar og fylkeskommunar gjennom valgjennomføringa. Det vil vere eit mål at brukarstøtta har systemfagleg og valfagleg kompetanse og god kapasitet. Departementet vil ta med seg erfaringane frå 2013 som grunnlag for vidare utvikling av brukarstøtta.

Valopplæring av kommunar og fylkeskommunar

Stortingets fullmaktskomité peiker i si innstilling på opplæring som eit viktig forbetringspunkt, og trekkjer særleg fram at det er problematisk at det er så store kvalitetsforskjellar mellom kommunar og i enkelte tilfelle mellom stemmekretsar. Komiteen meiner dette indikerer at opplæringa av valfunksjonærane må bli endå betre, og at bevisstheita om konsekvensen av feil må bli større. Komiteen ber kommunane sørgje for god bemanning og tilstrekkeleg opplæring av valfunksjonærane. Vidare ber komiteen departementet om å sørgje for at kommunane har tilgang til god og tydeleg informasjon som er tilpassa dei ulike funksjonane til valmedarbeidarane, og at departementet særleg må vere tydeleg på endringar i regelverket.

Det er viktig å sikre korrekt og effektiv valavvikling i alle kommunane i landet i tråd med vallovgivinga. Departementet legg til rette for at kommunar og fylkeskommunar skal kunne gjennomføre god lokal opplæring av valmedarbeidarar. Dei enkelte kommunane er sjølve ansvarlege for å sørgje for å lære opp valmedarbeidarane sine.

Departementet har eit overordna ansvar for korrekt valgjennomføring, og må sørgje for at kommunane blir i stand til å gjennomføre val på ein god måte ved å bruke EVA og forstå regelverket og rutinar. Opplæringa frå departementet har omfatta to personar frå kvar kommune.

Det er kommunen sitt eige ansvar å ta imot den opplæringa som blir gitt, og å sørgje for å gi opplæring vidare til valfunksjonærar på kommunalt nivå. Fylkeskommunen må sørgje for at kommunane har fått opplæring i, eventuelt god informasjon om, lokale rutinar knytte til for eksempel overlevering og pakking av materiell.

Opplæringa frå departementet ved valet i 2013

For å sikre god og heilskapleg opplæring utarbeidde departementet eit opplæringsopplegg som omfatta regelverk, prosessar, rutinar og EVA. Opplæringa var eit tilbod til alle kommunane og fylkeskommunane i landet.

60 kommunale og fylkeskommunale valmedarbeidarar hjelpte departementet i opplæringa av dei sentrale valmedarbeidarane i kommunane og fylkeskommunane. Det blei gjennomført 37 regionale opplæringssamlingar våren 2013. Kommunar som skulle nytte EVA Skanning, fekk særskilt opplæring i skanning direkte frå personell frå departementet.

Høyringsnotatet

I høyringsnotatet viser departementet til at nær alle kommunane og fylkeskommunane i landet oppgir at dei deltok på opplæringssamlingane til departementet for 2013. I tilbakemeldingane henta frå evalueringa av valet opplyste cirka 60 prosent av dei som svarte, at dei hadde svært god nytte av opplæringssamlingane. Fylkeskommunane gav varierande tilbakemelding om kor stor nytte dei hadde av samlingane, og ønskjer meir tilpassa opplæring ved neste val.

Departementet si vurdering

Det er viktig å sikre ei korrekt, rasjonell og effektiv valgjennomføring i alle kommunane i tråd med vallovgivinga. Gjennomføringa av opplæringsopplegget før valet i 2013 var ressurskrevjande både for departementet og for kommunane som medverka i opplæringa. Departementet skal arrangere opplæringssamlingar i 2015, og kjem i større grad til å halde opplæringa sjølv.

Basert på tilbakemeldingane i evalueringa vil departementet prøve å tilpasse opplæringa meir for fylkeskommunane slik at dei får betre nytte av opplæringssamlinga.

Departementet understrekar at kommunane har eit sjølvstendig ansvar for opplæring. Opplæring av valfunksjonærar og medarbeidarar i kommunane er framleis kommunane sitt ansvar. Departementet kjem også framover til å prioritere å tilby opplæring av sentrale valmedarbeidarar i kommunar og fylkeskommunar. Desse må igjen sørgje for å lære opp eigne valmedarbeidarar i regelverk, rutinar og valsystem.

Systemleverandør til alle kommunane og fylkeskommunane i landet

Ved stortingsvalet i 2013 blei EVA Admin for første gong nytta av alle kommunane og fylkeskommunane i den administrative valgjennomføringa. Dei viktigaste modulane i EVA Admin omfattar ein modul for å leggje inn grunnlagsdata, behandling av listeforslag, manntalsløysing og registrering av stemmegivingar, ein oppteljingsmodul, ein modul for valoppgjer og kandidatkåring og dessutan ein rapportmodul.

Systemet blei gjort tilgjengeleg for kommunane og fylkeskommunane 1. mars 2013.

Kommunane og fylkeskommunane er sjølve ansvarlege for å leggje inn grunnlagsdata i systemet. Dette er informasjon om den lokale valgjennomføringa som berre kommunane og fylkeskommunane har kunnskap om.

I forkant av valet gjennomførte departementet eit omfattande prøveval, der ytinga og funksjonaliteten til EVA Admin blei grundig testa. Dei fleste kommunane og fylkeskommunane deltok i prøvevalet.

Oppteljingsdelen EVA Skanning blei nytta for første gong ved stortingsvalet i 2013.

Med bakgrunn i vurderinga av kapasiteten til departementet og risikoen med å ta i bruk eit nytt system blei det avgjort at berre kommunar som har meir enn 10 000 innbyggjarar med stemmerett fekk høve til å setje opp ein eigen oppteljingssentral med EVA Skanning for stortingsvalet 2013. Alle dei andre kommunane fekk høve til å telje maskinelt gjennom å inngå samarbeid i eit såkalla skannsenter med ein kommune eller fylkeskommune med tilgang til EVA Skanning. Alle fylkeskommunane fekk høve til å nytte EVA Skanning. Totalt brukte 107 kommunar og fylkeskommunar løysinga i 2013, inkludert alle fylkeskommunane.

Fordi EVA Skanning, i motsetnad til EVA Admin, krev fysisk installasjon hos den enkelte brukaren, valde departementet å inngå ein rammeavtale for sal eller utleige av skannarar og datautstyr og dessutan støttetenester knytte til skanninga. Kommunane og fylkeskommunane gjennomførte sjølve avrop mot avtalen.

Endeleg hovudversjon av EVA Skanning var tilgjengeleg som planlagt 1. august 2013.

Høyringsnotatet

I høyringsnotatet viste departementet til at kommunane var godt fornøgde med dei fleste delane i EVA. Departementet arbeider med å vidareutvikle og forbetre systemet, spesielt når det gjeld brukarvennlegheit, handtering av brukarar og roller i systemet og modulen for oppteljing og rapportering.

Tilbakemeldingane frå kommunane og fylkeskommunane som har nytta EVA Skanning, er gode. Evalueringa viser at 85 prosent av dei som svarte, har tillit til EVA Skanning.

Skanningleverandørane blir framheva som eit viktig supplement til departementet: både ved opplæring i samband med installasjon, og ved påfølgjande brukarstøtte. Bruk av skanningleverandørar var kostbart, men i stor grad meiner kommunane at det er verdt prisen.

Departementet si vurdering

Departementet er fornøgd med innføringa av EVA. Det er eit stort arbeid å rulle ut eit så omfattande system i alle kommunane på ein gong. Val er inga rutineoppgåve, og det blir derfor stilt store krav til brukarvennlegheit, opplæring, gode brukarrettleiingar, rutinar og brukarstøtte. Departementet har fått verdifull erfaring frå valet i 2013, og vil ta med dette i det vidare arbeidet.

Gjennomføringa av stortingsvalet 2013 gav departementet erfaring med maskinell oppteljing hos alle større kommunar og alle fylkeskommunar. Dette gjekk etter departementet si vurdering bra, og frå lokalvalet i 2015 kan alle kommunar og fylkeskommunar som ønskjer det, bruke EVA Skanning.

3.2 Ekstern evaluering

3.2.1 Innleiing

Stortingets fullmaktskomité uttalte i si innstilling at valadministrasjonssystemet EVA, inkludert opplæringsprogrammet, bør evaluerast eksternt. På oppdrag frå departementet har analyse- og rådgivingsbyrået Oslo Economics evaluert valgjennomføringa i 2013 med særleg vekt på informasjon, opplæring og brukarstøtte knytt til EVA.

I evalueringsprosessen har byrået studert ei rekkje interne dokument frå departementet som inneheld analysar, rapportar og planar for arbeidet med EVA. Dei har også fått tilgang til rådata frå spørjeundersøkingane som departementet sende til ansvarlege i kommunar og fylkeskommunar. Departementet har dessutan vidareformidla utførleg statistikk over brukarstøtte når det gjeld bruk, responstid og tematikk. Dette er supplert med intervju med sentrale valmedarbeidarar i tolv kommunar og éin fylkeskommune i tillegg til enkelte medarbeidarar i departementet.

Evalueringa blei gjennomført i perioden oktober 2014–januar 2015. Oslo Economics understrekar at det ville vore ein fordel å gjennomføre evalueringa på eit tidlegare tidspunkt, slik at intervjuobjekta kunne hatt valgjennomføringa friskare i minne.

Dei viktigaste funna frå evalueringa blir presenterte her, inkludert enkelte anbefalingar til forbetring i forkant av valet i 2015.

3.2.2 Informasjon

Det blir trekt fram at «Valgmedarbeiderportalen» blei oppfatta som nyttig av både kommunar og fylkeskommunar, utan nemneverdig variasjon mellom responsen frå små og store kommunar. Spørjeundersøkinga avdekkjer at det å søkje seg fram til riktig informasjon var den største utfordringa med portalen, samtidig som hovuddelen av kommunane svarer at dette ikkje var vanskeleg. Gjennom intervju og gjennomgang av kommentarar til spørjeundersøkinga blir det gitt mykje skryt til nytteverdien til portalen. Samtidig er det også gitt nokre kritiske kommentarar til mengda informasjon og tidspunktet for når informasjonen har blitt publisert. Enkelte små kommunar meiner mengda informasjon er for stor, sidan dei fekk tilsendt mykje som blei oppfatta som irrelevant. Nokre få, store kommunar uttrykte at informasjonen rundt systemutfordringar kunne vore betre, fordi dei tidvis opplevde usikkerheit på grunn av systemfeil.

I tillegg til å få informasjon gjennom valmedarbeidarportalen, opplæring og brukarstøtte har fleire kommunar teke direkte kontakt med departementet. I intervjua med kommunane opplyser fleire at dei har nytta seg av ein slik direkte dialog. Tilbakemeldingane er stort sett positive, men det blir mellom anna påpeikt at dialogen tidvis var for uformell, og at det i ein slik dialog fort kan bli utveksla informasjon som kan vere nyttig å gi til alle kommunane. I tillegg trekkjer nokre kommunar fram at dei har opplevd å få ulike svar avhengig av kven i departementet dei har snakka med.

3.2.3 Opplæring

Regionale opplæringssamlingar

Tilbakemeldingane i intervjua med utvalde valansvarlege viser at erfaringa med dei regionale kompetanseteama var delte, og respondentane hadde inntrykk av at enkelte team var betre førebudde enn andre. Det blir likevel påpeikt at spørjeundersøkinga viser at regionane har ganske lik oppfatning av kor nyttige opplæringssamlingane var.

Kommunerepresentantane som er intervjua, er generelt positive til samlingane, men uttrykkjer ønske om endå tryggare føredragshaldarar, færre deltakarar per kurs og meir praktisk øving på samlingane. I intervjua trekkjer representantane fram at det er positivt med ein slik møtearena for kommunane i same område, der dei kommunale valansvarlege får oppretta kontakt og bygd nettverk der dei kan utveksle erfaringar undervegs i valførebuingane. Det blei også sett på som nyttig at føredragshaldarane var valmedarbeidarar frå andre kommunar, sidan desse har ei god forståing av situasjonen i kommunane og kva utfordringar som kan oppstå i ein kommune under valet.

Tilbakemeldingane er tidvis varierte, sidan kommunane sine kommentarar til kursinnhald, teorimengde og talet på deltakarar per kommune kjem an på storleiken på kommunen og om den valansvarlege er ny eller erfaren med valgjennomføring.

Det er anbefalt å ha ei eiga opplæringssamling for fylkeskommunar, grundigare opplæring av kompetanseteam, større vekt på pedagogikk hos opplæringspersonellet og generelt større grad av differensiering mellom kommunane ut frå storleik og valerfaring.

Brukarrettleiing for EVA

Fleirtalet av kommunane og fylkeskommunane oppgir at brukarrettleiinga var nyttig eller svært nyttig, men at ho var svært seint ferdig. Rettleiinga var likevel tilgjengeleg undervegs, slik at kommunane kunne bruke dei aktuelle kapitla på riktig tidspunkt. Evalueringa konkluderer med at departementet burde sett av større ressursar til å utarbeide rettleiinga. Forseinkinga er også relatert til at sjølve systemet blei seint ferdig, sidan brukarrettleiinga inneheldt skjermbilete frå EVA. Rettleiinga blir oppfatta som eit nyttig verktøy, men bør vere ferdig tidlegare.

Skanning

Skanningopplæringa får varierte tilbakemeldingar. Mellom anna er det ønskjeleg med ei tettare integrering av opplæringa i skanning og opplæringa i resten av EVA. Evalueringa trekkjer fram at halvparten av kommunane såg det som nødvendig å supplere skanningopplæringa frå departementet med opplæring frå skanningleverandøren. Det kan indikere at opplæringa var mangelfull. Evalueringa anbefaler å differensiere opplæringa meir, for eksempel med eit tilleggskurs til kommunar som vurderer seg som nybegynnarar. Det kan også vere nyttig å utarbeide eit e-læringsopplegg som kan brukast som oppfrisking fram til skannarane er sette opp i kommunane, og slik at dei ansvarlege kan drive praktisk trening.

Evaluering og anbefaling

Oslo Economics konkluderer med at opplæringa av kommunane i bruk av EVA samla sett har fungert svært godt. Både spørjeundersøkingar og intervju avdekkjer at kommunane opplever tiltaka som nyttige, sjølv om det blir trekt fram fleire forbetringspunkt. Evalueringa understrekar at kommunane oppfattar valrutineportalen og valhandboka som svært nyttige verktøy utan nemneverdige forbetringsområde.

3.2.4 Brukarstøtte

Førstelinja

I intervjua med utvalde kommunar trekte dei fleste fram at førstelinjetenesta hos Brønnøysundregistra kunne fungert betre. Kommunane påpeikte at dei fleste førespurnadene blei sette vidare til andrelinja, noko som blei oppfatta som unødig tungvint. Statistikken frå brukarstøtta viser at 70 prosent av telefonane som kom inn til førstelinja, blei sette vidare til andrelinja. Kommunane var derimot fornøgde med svara dei fekk i andrelinja, sjølv om eit par kommenterte at svara kunne vore meir konkrete.

Anbefaling

Evalueringa poengterer at departementet har løyst oppgåva med brukarstøtte på ein god måte. Området brukarstøtta skal dekkje, er svært omfattande og komplekst, samtidig som brukarstøtta berre er operativ ein bestemd periode. Evalueringa anbefaler å spesifisere kompetansen og ansvarsområdet til førstelinjetenesta tydelegare.

3.2.5 Samla vurdering

Oslo Economics konkluderer med at utrullinga av EVA samla sett var vellykka ved stortingsvalet i 2013, og at kommunar og fylkeskommunar i all hovudsak er tilfredse med både informasjon, opplæring og brukarstøtte.

«Det synes som om KMD har tatt oppgaven med å drifte og forvalte et felles nasjonalt valgsystem på en god måte. Planleggingen som ble gjennomført i forkant av 2013-valget var etter det vi har kunnet bringe på det rene av god kvalitet og stort sett på et riktig detaljnivå. De planlagte aktiviteter er i stor grad blitt gjennomført, samtidig som departementet har evnet å gjøre endringer og tilpasninger der hvor det har vært riktig og nødvendig.»

Oslo Economics påpeiker at ein snittscore på 4,85 på ein skala frå 1 til 6 på hovudspørsmåla i spørjeundersøkinga er ein god score. At kommunane som brukte EVA i 2011, gir høgare score enn andre kommunar, kan indikere at kommunane vil vere endå meir tilfredse ved valet i 2015, sidan dei då vil vere betre kjende med systemet.

Differensiering innanfor opplæringstilbodet blir trekt fram som eit av hovudpunkta for forbetring. Bruk av e-læring vil her vere nyttig, sidan kommunane sjølve kan velje å fordjupe seg i dei tema dei ønskjer meir informasjon om.

Sjølv om kommunane er fornøgde med funksjonaliteten i EVA, var det fleire som opplevde usikkerheit rundt nedetida til systemet og det svært seine tidspunktet for ferdigstilling. Departementet tok ein stor risiko på dette området. Fleire kommunar avdekte kort tid før valet viktige feil som dei meiner kunne fått kritiske følgjer for valgjennomføringa. Eit så viktig system må vere ferdigstilt og ferdigtesta i god tid før valet, og kommunane ønskjer ein lang periode med stabilt system i forkant av valgjennomføringa for å skape tryggleik. Sjølv om resultatet ved valet i 2013 var bra, bør departementet si tidslinje for testing og utrulling av EVA justerast for å minske risikoen for feil.

Evalueringa understrekar til slutt at det er viktig å gjennomføre grundige evalueringar også av seinare val, med ein kombinasjon av spørjeundersøkingar og intervju.

3.2.6 Departementet si vurdering

Den eksterne evalueringa gir nyttige innspel når departementet skal vurdere endringar i valarbeidet, særleg knytt til informasjon, opplæring og brukarstøtte. Departementet vil mellom anna differensiere opplæringa på ein slik måte at kommunar og fylkeskommunar får meir tilpassa opplæring. Departementet kjem til å følgje anbefalinga om å ferdigstille systemet og dokumentasjonen på eit tidlegare tidspunkt. Det skal gjennomførast mest mogleg realistiske øvingar i god tid, for å gjere kommunane trygge på at systemet fungerer.

Departementet vil også leggje til rette for at systemopplæringa i EVA Skanning blir meir integrert i den generelle opplæringa i oppteljing, både fagleg og praktisk ved gjennomføring på same tid og stad. Departementet vil etter valet i 2015 gjennomføre ei ekstern evaluering på eit tidlegare tidspunkt.

Brukarstøtteordninga blir vidareført med Brønnøysundregistra som førstelinje. Det vil bli gitt meir målretta opplæring av Brønnøysundregistra slik at dei blir sett i stand til å svare på fleire førespurnadar enn i 2013. Vidare blir det iverksett tiltak internt i departementet slik at kommunane får same type behandling uavhengig av kven som handterar førespurnaden.

3.3 Forsøk ved stortingsvalet 2013

3.3.1 Forsøk med internettstemmegiving

Ved stortingsvalet i 2013 blei det gjennomført forsøk med elektronisk stemmegiving via Internett i 12 kommunar. Kommunane som deltok i forsøket, var Hammerfest, Bodø, Vefsn, Ålesund, Bremanger, Radøy, Sandnes, Mandal, Larvik, Re, Fredrikstad og Tynset. Fredrikstad og Larvik kom til som nye forsøkskommunar i 2013, mens dei andre 10 kommunane hadde delteke i forsøk også i 2011. Forsøket auka dermed frå cirka 168 000 stemmeføre i 2011 til cirka 250 000 stemmeføre i 2013.

Det var mogleg å stemme via Internett gjennom heile førehandsstemmeperioden, frå 12. august til 6. september 2013. Alle med stemmerett i forsøkskommunane kunne gi eit uavgrensa tal internettstemmer, og dei kunne også stemme på papir. Ei papirstemme gitt i vallokalet, anten på førehand eller på valtinget, ville kansellere den eventuelle internettstemma til veljaren. Det var ikkje mogleg å stemme via Internett på valdagen.

Totalt valde 70 090 veljarar å gi den teljande stemma si via Internett. Det utgjer totalt 36 prosent av alle dei mottekne stemmene i forsøkskommunane. I forsøkskommunane stemte 47 prosent av veljarane på førehand, mens 30 prosent avla førehandsstemme i landet totalt sett.

Forsøket i 2013 er evaluert av Institutt for samfunnsforsking (ISF). Rapporten Internettvalg – Hva gjør og mener velgerne? er publisert på www.regjeringen.no.

Det har vore stor politisk ueinighet om forsøket med internettstemmegiving, og saka har vore diskutert i Stortinget ved fleire høve. Departementet meiner at forsøka har gitt nyttig informasjon og erfaringar, men vil ikkje vidareføre forsøk med internettstemmegiving.

3.3.2 Forsøk med elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen og forenkla framgangsmåte for mottak av framande stemmer

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 blei det gjennomført forsøk med elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen i kommunane Hammerfest, Bodø, Vefsn, Ålesund, Bremanger, Radøy, Sandnes, Mandal, Re og Tynset. I 2013 blei forsøket utvida med kommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Fredrikstad og Larvik. Forenkla mottak av framande stemmer var også ein del av forsøket.

Forsøket med elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen inneber at veljarane blir kryssa av i eit felles elektronisk manntal. Alle valkretsane i kommunen har til kvar tid tilgang til eit oppdatert manntal for kommunen. Ei slik løysing opnar for at veljarar som høyrer til andre valkretsar i kommunen, kan bli kryssa av i manntalet i det vallokalet der dei stemmer. Dei skal derfor ikkje lenger leggje stemmesetelen i ein stemmesetelkonvolutt og deretter i ein omslagskonvolutt saman med valkortet. I staden skal alle veljarane kryssast av direkte i manntalet, og skal sjølve leggje den stempla stemmesetelen i urna.

Føremålet med å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen er at dette effektiviserer valavviklinga på valdagen for veljarar og valfunksjonærar, i både vallokalet, oppteljinga og valoppgjeret. Eit anna viktig poeng er at elektronisk avkryssing i manntalet mest truleg reduserer talet på feilavkryssingar i manntalet. Dette gir eit unikt oppslag av den enkelte veljaren. Å fjerne konvolutten for veljarar som høyrer til andre valkretsar, fører til at veljarane opplever valhandlinga som einsarta, når gjennomføringa er lik uansett kva vallokale ein stemmer i. Det kjem også i møte enkelte reaksjonar frå veljarar på i kva grad stemmegivinga er hemmeleg når stemmesetelen blir lagd i ein stemmesetelkonvolutt som skal leggjast i ein omslagskonvolutt saman med valkortet.

Evaluering av forsøket

Etter forsøka i 2011 og 2013 opplyser forsøkskommunane at elektronisk avkryssing i manntalet og forenkla framgangsmåte for mottak av framandstemmer på valdagen effektiviserte gjennomføringa i vallokala, både for veljarane og for valfunksjonærane.

Kommunane som deltok for første gong i 2013, opplyser at det var eit tids- og ressurskrevjande forarbeid med mellom anna kontroll av nettilgangen i vallokala og anskaffing og utplassering av teknisk utstyr og annan infrastruktur. Rekrutteringa av valmedarbeidarar var også meir arbeidskrevjande enn tidlegare: Forsøket stilte krav til noko IKT-kompetanse, og alle funksjonærane måtte tildelast roller i systemet og kunne logge seg på via ID-porten. Forsøket var i tillegg kostbart. Trass dette seier kommunane at forarbeidet og meirkostnadene var verdt innsatsen, sidan gjennomføringa på valdagen var effektivisert og valresultatet raskare ferdig. Dei tekniske løysingane fungerte godt i forsøka, og det blei motteke svært få stemmer i beredskapsomslag.

Departementet vil med bakgrunn i dette vidareføre forsøket, samt invitere ytterlegare 15 av dei største kommunane til å delta i eit nytt forsøk i 2015.

Høyringsinstansane

Levanger kommune stiller seg positive til den effektiviseringa og forenklinga av arbeidet som elektronisk avkryssing medfører. Dei meiner likevel at det er beklageleg at ikkje alle kommunane får høve til å vere med i forsøket med elektronisk avkryssing i 2015.

Lunner kommune meiner at departementet vil få best mogleg grunnlag for å vurdere korleis kommunane handterer elektronisk avkryssing, ved å la fleire mindre kommunar delta i forsøket. Mindre kommunar er meir representative for korleis kommunane i Noreg vil handtere ordninga.

Lenvik kommune ber om at forsøket med elektronisk avkryssing i manntal blir innført som ei fast ordning frå og med valet i 2017.

Departementet si vurdering

Departementet ser på forsøka som blei gjennomførte i 2011 og 2013, som vellykka. Men departementet vurderer det slik at det er behov for meir forsøksverksemd før elektronisk avkryssing i manntalet og endra framgangsmåte for mottak av framande stemmer på valdagen eventuelt kan innførast som ei permanent ordning.

Bakgrunnen for at det er ønskjeleg med fleire forsøk, er mellom anna å få erfaring over tid, særleg frå dei kommunane som har flest framande stemmer. Det er der effektiviseringspotensialet er størst. Oslo, Bergen og Trondheim har gjort betydelege investeringar i infrastruktur, og det er ønskjeleg å sjå om desse investeringane vil føre til innsparingar ved lokalvalet i 2015.

Det er behov for meir kunnskap om kva krav det er føremålstenleg å stille til kommunane ved full innføring. Det gjeld spesielt risikovurderinga og risikoreduserande tiltak. Evalueringar som er gjorde dei siste åra, viser at kommunane i liten grad gjer risikovurderingar og har beredskapsplaner for val, også når det gjeld innføring av nye rutinar.

I vidareføringa blei ytterlegare 15 kommunar inviterte til å delta i forsøket ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015. 12 av desse takka ja til å delta, slik at forsøket vil omfatte totalt 27 kommunar. Departementet inviterte dei kommunane som hadde flest stemmeføre ved sist lokalval, sidan desse kommunane vonleg har størst effektiviseringspotensial gjennom ei slik ordning. Kommunane må sjølve dekkje dei eventuelle kostnadene som deltakinga i forsøket fører med seg.

Forsøket i 2015 skal evaluerast særskilt. Dersom dette skal innførast som ei permanent ordning, vil departementet leggje det fram for Stortinget i ein lovproposisjon før stortingsvalet i 2017.

3.4 Sametingsvalet

3.4.1 Gjeldande rett

Gjennomføringa av sametingsval er regulert av forskrift om val til Sametinget, som er gitt i medhald av samelova. Ansvaret for regelverket ligg hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Valadministrasjonssystemet EVA blei nytta ved gjennomføringa av sametingsvalet, og det var ein del av valopplæringa til departementet.

Stemmegivinga i kommunar med 30 eller fleire personar i valmanntalet til Sametinget blir halden på same stad og til same tid som stemmegivinga til stortingsvalet, jf. § 47 (1) i forskrift om val til Sametinget. I kommunar med mindre enn 30 manntalsførte i Sametingets valmanntal, er det berre høve til å gi førehandsstemme til sametingsvalet, jf. samelova § 2-3. Førehandsstemmegivingane skal fortløpande sendast til samevalstyret i kommunen der veljaren er manntalsført, eller til oppteljingsvalstyret i kretsen dersom veljaren er manntalsført i ein kommune med færre enn 30 manntalsførte.

3.4.2 Valdeltaking

Valdeltakinga ved sametingsvalet i 2013 var på 66,9 prosent. Det er ein nedgang på 2,4 prosentpoeng samanlikna med 2009, og 5,7 prosentpoeng lågare enn i 2005. Valdeltakinga ved sametingsvalet i 2013 var om lag 11 prosentpoeng lågare enn ved stortingsvalet. Totalt blei det gitt 10 040 godkjende stemmegivingar til sametingsvalet. Resultata frå valet viser store variasjonar i valdeltakinga i dei ulike valkretsane. Det var høgast valdeltaking i dei to nordlegaste valkretsane, Àvjovàrri valkrets med 74,3 prosent og Østre valkrets med 74,2 prosent. Lågast var valdeltakinga i Sør-Noreg valkrets med 56 prosent. Dette var likevel ein auke på 1,7 prosentpoeng samanlikna med 2009.

3.4.3 Evaluering

Departementet har ikkje evaluert sametingsvalet for seg. Sametinget har sjølv evaluert sametingsvalet i 2013.

Til forsida