Prop. 83 L (2014-2015)

Endringar i valgloven (ansvar for valkort mv.)

Til innhaldsliste

6 Omtale av problemstillingar der det ikkje er forslag om lovendringar

6.1 For seint innkomne førehandsstemmer

6.1.1 Gjeldande rett

Det følgjer av vallova § 8-1 (2) at førehandsstemmegivinga innanriks skal avsluttast fredagen før valdagen. Det er ikkje gitt noko klokkeslett. Utanriks stemmegiving skal avsluttast den nest siste fredagen før valdagen, jf. vallova § 8-1 (2). Veljarane kan førehandsstemme i alle kommunane i landet, på utanriksstasjonar og konsulat og hos stemmemottakarar som er oppnemnde av departementet utanriks.

Valforskrifta § 27 (8) krev at førehandsstemmer som er mottekne i den siste veka av førehandsstemmeperioden, skal sendast vidare til heimkommunen til veljaren kvar dag. Det er vidare eit krav at førehandsstemmegivingane skal sendast som A-post eller på raskare måte, jf. valforskrifta § 27 (9).

Førehandsstemmer som skal kunne godkjennast og telje med i valoppgjeret, må vere komne inn til valstyret valdagen klokka 21.00. Stemmer som kjem etter denne fristen, skal forkastast, jf. vallova § 10-1 bokstav g.

6.1.2 Problemstillinga

Ved valet i 2013 kom 1 653 førehandsstemmer for seint fram og blei derfor forkasta. Årsakene til dette er mellom anna feilsending, forveksling av kommunar, sein sending frå stemmemottakaren, mangelfull adressering eller forseinkingar i postgangen.

Departementet drøfta også problemstillinga rundt for seint innkomne førehandsstemmer i Ot.prp. nr. 24 (2006–2007). Departementet gjekk her ikkje inn for å endre fristane for mottak eller godkjenning av førehandsstemmer. Men det blei teke inn i valforskrifta at stemmer skal sendast med A-post eller raskare, og at utanbysstemmer skal sendast kvar dag den siste veka av førehandsstemmeperioden.

Stortingets fullmaktskomité kommenterte problemstillinga i Innst. 1 S (2013–2014), og uttalte at dei meiner talet på for seint innkomne førehandsstemmegivingar er uakseptabelt høgt. Komiteen meiner at det bør stillast endå klarare krav til sendinga av førehandsstemmer. Det bør presiserast endå tydelegare at stemmemottakaren har ansvar for å sende førehandsstemmene til rett kommune og til å sende dei på ein tryggast mogleg måte slik at stemmegivingane kjem fram før fristen. Om nødvendig må ein bruke ekspresspost eller bod når ein skal sende førehandsstemmer tett opp mot valdagen. Komiteen ber departementet vurdere om ein bør gi reglar om dette, for eksempel i forskrift.

Komiteen meiner det er uheldig at dei forkasta for seint innkomne førehandsstemmene ikkje blir registrerte, og ser det som viktig at alle forkastingar, så langt det er mogleg, blir registrerte og går fram av den offisielle statistikken som ligg til grunn for kontrollen med stortingsvalet.

Komiteen ber departementet sørgje for at det blir etablert betre rutinar for både registrering av for seint innkomne førehandsstemmegivingar og rapportering av dette til fylkesvalstyra. Om nødvendig meiner komiteen at også møtebøkene bør endrast slik at fylkesvalstyra kan registrere dette som ledd i si endelege oppteljing. Forkastingar av for seint innkomne førehandsstemmegivingar bør i det minste registrerast fram til fylkesvalstyret legg fram møteboka si.

6.1.3 Høyringsforslaget frå departementet

Departementet omtalte i høyringsnotatet ulike verkemiddel for å redusere talet på for seint innkomne førehandsstemmer, og bad om innspel frå høyringsinstansane rundt denne problemstillinga, men føreslo ingen lovendringar. Dei ulike forslaga og tilbakemeldingane frå høyringsinstansane blir presenterte i dette kapitlet.

Endre den lovfesta fristen for å avleggje førehandsstemmer

Å flytte fristen for når veljaren kan gi førehandsstemme frå fredag før valdagen til torsdag før valdagen, kan medverke til at færre førehandsstemmer kjem for seint fram.

Eit stort tal førehandstemmer blir gitt den siste opningsdagen i førehandsstemmeperioden. Oslo kommune tok imot heile 21 252 førehandsstemmer den siste fredagen før valdagane, mens 10 466 veljarar gav førehandsstemme i Bergen kommune same dag.

Å endre fristen for å stemme avgrensar moglegheita veljaren har til å stemme. Ei slik innskrenking kan føre til mykje klagar og negativ merksemd frå veljarane. Departementet meiner ein bør vere varsam med endringar som grip inn i tilgjenget veljarane har til å få avlagt stemme, og føreslår derfor ikkje å endre denne fristen no.

Høyringsinstansane

Høyringsinstansane har delte meiningar om eventuelle rutine- og regelendringar for å sikre at færrast mogleg stemmer blir forkasta. Forbrukarrådet seier seg einig i forslaget frå departementet om å ikkje endre den lovfesta fristen for å gi førehandsstemmer, og:

«[…] støtter departementets vurdering om at man bør være varsom med å gjøre endringer som griper inn i velgernes adgang til å avlegge stemme. Forbrukerrådet støtter departementets vurdering om at det kan være uheldig å endre lovfestet frist for avleggelse av forhåndsstemmer.»

Arbeidarpartiet er bekymra for talet på seint innkomne førehandsstemmer og støttar eit krav om endå klarare rutinar for korleis ein sender stemmene, men ønskjer ikkje å avgrense moglegheita for å førehandsstemme fredag før valet, sidan eit høgt tal veljarar stemmer denne dagen.

Bremanger kommune og Bærumkommune støttar også å halde fram med dagens frist av omsyn til veljarane. Både Vefsn kommune og Ålesund kommune ønskjer å halde på fristen for førehandsstemmegiving, men påpeiker at ein ville løyst problemet ved å halde fram med ordninga med internettstemmegiving.

Andre høyringsinstansar er ueinige i denne vurderinga og ønskjer at departementet set fast ei endring i tidsfristane. Posten Norge skriv at ei utviding av tidsvindauget mellom avlagde stemmer og fristen for mottak er viktig for at Posten skal få tid til å få fram sendingane og ta høgde for feil og avvik, og skriv vidare:

«Vi vil derfor sterkt anbefale at tidsvinduet mellom siste frist for forhåndsstemming og fristen for godkjenning av slike stemmer utvides med minst én dag og helst 2-3 dager.»

Samferdselsdepartementet viser i høyringsfråsegna si til merknader frå Posten og sluttar seg til desse.

Valle kommune skriv at ei slik endring av fristen vil vere fordelaktig for distriktskommunar, og peiker på at det er viktig at små kommunar får med alle stemmer i teljinga. Lillesand kommune meiner at førehandsstemmeperioden er lang nok til at det bør kuttast ein dag for å sikre at førehandsstemmene kjem fram.

Bergen kommune og Valgforum meiner forslaget om å endre fristen for førehandsstemmer er ei betre løysing enn å forskyve fristen for godkjenning av førehandsstemmer.

Endre den lovfesta fristen for godkjenning av førehandsstemmer

For å bli godkjend i dag må ei stemme vere valstyret i hende i kommunen ein er manntalsført i, innan klokka 21.00 på valdagen. Det følgjer av vallova §§ 8-1 (3) og 10-1 bokstav g. Ved å endre denne fristen frå måndag klokka 21.00 til for eksempel tysdag klokka 16.00, kan ein vente at talet på for seint innkomne førehandsstemmer blir lågare.

Ei slik endring vil likevel forseinke det endelege valoppgjeret med nokre timar. Dei fleste kommunane hadde ved stortingsvalet i 2013 rapportert inn det endelege valresultatet klokka 16.00 tysdag etter valdagen. Det vil også påføre dei enkelte valstyra noko meir arbeid, sidan dei truleg må ta ein pause i oppteljinga for å vente på førehandsstemmer som er på veg i posten.

Ei slik forlenging av fristen for mottak av førehandsstemmer vil ikkje påverke moglegheita veljarane har til å stemme. Derfor meiner departementet at dette er å føretrekkje dersom ein av dei nemnde fristane skal endrast. Departementet bad i høyringsnotatet om innspel frå høyringsinstansane rundt ei slik endring.

Ei slik endring vil gi Posten éin dag meir til sending. Det bør understrekast at det å endre denne fristen ikkje vil fjerne problemet med for seint innkomne førehandsstemmer heilt. Dersom ei førehandsstemme er sendt på feil måte eller med feil adresse, vil ho nok uansett ikkje rekke å komme fram til rett kommune innan tysdag klokka 16.00.

Høyringsinstansane

Asker kommune er representativ for dei fleste høyringsinstansane med det dei skriv:

«Asker kommune mener det ikke er naturlig å utvide fristen for mottak av stemmesedler til tirsdag etter valget før strengere krav til forsendelse av forhåndsstemmer er iverksatt og evaluert.»

Valgforum uttaler at det å utvide fristen vil komplisere og forseinke valoppgjeret. Sør-Fron kommune er einig i at det vesentlege er at valoppgjeret blir endeleg ferdig så raskt som mogleg.

Berre to av høyringsinstansane uttrykkjer seg positivt til å endre den lovfesta fristen. Posten Norge støttar som nemnt eit utvida tidsvindauge, men peiker på at det er mindre viktig om regelendringa gjeld tidspunktet for sending eller mottak. Forbrukarrådet meiner derimot:

«Det er etter Forbrukerrådets vurdering en langt større demokratisk utfordring at forhåndsstemmer ikke kommer frem i tide, enn at endelig valgresultat kan komme noe senere enn i dag.»

Forskriftsfeste rutinar for sending av førehandsstemmer

I dag er det krav om at førehandsstemmer skal sendast med A-post eller på raskare måte, og at førehandsstemmer skal sendast kvar dag den siste veka før valet, jf. valforskrifta §§ 27(8) og 27(9).

Departementet ønskjer å presisere at det er valstyret i dei enkelte kommunane som er ansvarleg for at ei stemme blir sendt på ein måte som sikrar at stemma normalt vil komme fram. Departementet vurderer å forskriftsfeste fleire rutineendringar.

Ei årsak til at førehandsstemmer kjem for seint fram, er at dei blir sende til feil adresse, anten på grunn av mangelfull adressering eller fordi teksten på valkortet har forskyvd seg slik at det er adressa til veljaren som viser i konvoluttvindauget.

Departementet føreslår å forskriftsfeste at alle førehandsstemmer som skal sendast til ein annan kommune, skal sendast i ein eigen sendingskonvolutt. Ein sendingskonvolutt vil bidra til å unngå feilsendingar. Det må komme tydeleg fram kven som er avsendar, og konvolutten skal tydeleg adresserast til valstyret i mottakarkommunen. Valadministrasjonssystemet EVA har rapportar som kan vere til hjelp for stemmemottakaren ved sending av førehandsstemmer. Dette vil bli teke med i opplæringa av valmedarbeidarane.

Vidare kan forskriftsføresegna om oversending utvidast. Det er i dag krav til at førehandsstemmer skal sendast over kvar dag den siste veka før valdagen. Departementet vurderer å forskriftsfeste krav om at førehandsstemmer skal sendast kvar dag deito siste vekene før valdagane. Det vil gi betre moglegheiter til å korrigere eventuelle feilsendingar.

Høyringsinstansane

Ingen av høyringsinstansane uttrykkjer motstand mot å bruke ein eigen sendingskonvolutt, og fleire kommunar understrekar at dei allereie bruker det. Heller ingen høyringsinstansar hadde innvendingar mot å forskriftsfeste at førehandsstemmer skal sendast kvar dag dei siste to vekene før valet.

Tana kommune er representativ for høyringsfråsegnene ved at dei

«[…] støtter forslaget med at det i forbindelse med oversending av forhåndsstemmer benyttes egen forsendelseskonvolutt og at forhåndsstemmer skal sendes hver dag de to siste ukene før valget.»

I tillegg til å støtte kravet om eigen sendingskonvolutt føreslår Posten Norge at departementet tydeleggjer at kommunane kan nytte produkt med raskare framsending enn A-post dei siste dagane av førehandsstemmeperioden. Kommunane kan sende stemmer med tenesta «Bedriftspakke Ekspress – Over natten», noko som inneber sporbar sending og tidsgaranti. Posten Norge anbefaler at departementet forskriftsfestar sendemåten.

Valgforum anbefaler departementet også å forskriftsfeste at utanriksstemmer skal sendast kvar dag i heile førehandsstemmeperioden.

Informasjon og rettleiing

Departementet vil i informasjonen og opplæringa si oppmode kommunane til å inngå lokalt samarbeid med Posten, slik at dei får til gode ordningar når det gjeld levering og sending av førehandsstemmer. Departementet vil også halde eit eige møte med Posten i forkant av førehandsstemmegivinga for å sikre framleis god kommunikasjon og godt samarbeid. Det er viktig at kommunane har oversikt over tidsfristane Posten har for levering av post.

Departementet vil også oppmode dei enkelte valstyra til å ta ei sjølvstendig vurdering av korleis dei skal sende førehandsstemmer til andre kommunar mot slutten av førehandsstemmeperioden. For eksempel kan valstyret utarbeide ein plan for korleis stemmemottakarane skal handtere førehandsstemmer til andre kommunar på ein måte som sørgjer for at dei kjem fram til mottakarkommunen i rett tid. Valstyret bør i nokre tilfelle vurdere å bruke ekspresspost eller bod. Departementet vil likevel ikkje fastsetje krav til bruk av ekspresspost eller bod.

For å leggje til rette for betre sending av førehandsstemmer frå utlandet vil departementet i samarbeid med Utanriksdepartementet sørgje for at utanriksstasjonane får god og tilstrekkeleg informasjon om sending av førehandsstemmer. Departementet er også kjent med at det i enkelte tilfelle blir samla opp førehandsstemmer som først blir sende når perioden for mottak av førehandsstemmer er avslutta. Departementet vil forbetre rettleiingsmateriellet som stemmemottakarane utanriks nyttar, for å gjere rutinane for sending av førehandsstemmer betre kjende.

Høyringsinstansane

Posten Norge stiller seg positiv til at kommunane blir oppmoda til lokalt samarbeid med Posten, og er interessert i ein dialog med departementet. Posten Norge ser det likevel som føremålstenleg å avklare dei overordna rammene og føringane med departementet før kommunane tek initiativ til samarbeid med Posten lokalt.

Fleire kommunar, blant dei Meland kommune, opplyser at dei allereie har eit godt fungerande samarbeid med det lokale postvesenet, og anbefaler andre kommunar å avtale eit slikt møte i forkant av førehandsstemmegivinga.

Forbrukarrådet er einaste høyringsinstans som har innvendingar mot forslaget frå departementet om at meir informasjon og rettleiing kan bøte på problemet med for seint innkomne førehandsstemmer. Dei er usikre på om dei føreslåtte verkemidla er sterke nok, særleg dei som er retta mot Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane. Sjølv om rettleiing kan ha ein positiv effekt, meiner Forbrukarrådet at det må stillast strengare krav til etterleving av gjeldande regelverk og rapportering enn departementet har føreslått på dette punktet. Dei meiner også at det må vere departementet si oppgåve, ikkje kommunane, å avklare fristar med Posten i forkant av valet.

Sandnes kommune taler for mindre drastiske verkemiddel og meiner at

«[…] problemet først og fremst løses ved å bedre rutinene i kommunene, men også ved god informasjon til utenriksstasjonene, og ved å opprettholde en god dialog og et godt samarbeid med Posten.»

6.1.4 Departementet si vurdering

Tilbakemeldingar frå kommunane i etterkant av valet i 2013 viser at årsaka til forseinkingane ofte er manglande gjennomføring av eksisterande tiltak, mellom anna feiladressering, bruk av B-post som sendemåte eller for sein innlevering til postkontor. Dette tyder på at talet på for seint innkomne førehandsstemmer bør kunne reduserast ved å skjerpe inn dei eksisterande rutinane.

Departementet føreslår derfor i denne omgang ikkje å endre fristen for sending eller mottak av førehandsstemmer.

Departementet ønskjer derimot å forskriftsfeste bruk av eigen sendingskonvolutt. Ingen av høyringsinstansane er negative til forslaget, og ei rekkje kommunar har allereie teke i bruk dette. Bruk av eigen sendingskonvolutt reduserer vonleg talet på feiladresseringar. I tillegg vil departementet forskriftsfeste at førehandsstemmer skal sendast kvar dag dei to siste vekene av førehandsstemmeperioden.

Departementet vil under opplæringa understreke ansvaret kommunane har for å få sendt førehandsstemmer på rett måte innan fristen. Kommunane må sørgje for at alle stemmemottakarane er merksame på ansvaret for riktig adressering til valstyret i mottakarkommunen og bruk av A-post eller raskare som sendemåte.

Posten vil sende ut brev til alle kommunane i forkant av valet, og kommunane blir oppmoda i aller sterkaste grad til å nytte seg av tilbodet om lokalt samarbeid. Ved å gjere seg kjende med den siste fristen for innlevering av førehandsstemmer kan kommunane hjelpe til med å redusere talet på stemmer som kjem fram til mottakarkommunen for seint. Posten kan hjelpe til med å føreslå alternative leveringsmåtar til A-post for stemmene som skal sendast den siste dagen i førehandsstemmeperioden.

Når det gjeld utanriksstemmer, er departementet i dialog med Utanriksdepartementet om sendemåtar. Opplæringsmateriellet til stemmemottakarane på utanriksstasjonane er oppdatert og inneheld ein ny instruks om sendemåte.

Departementet skal etter valet i 2015 gjennomføre ei evaluering som ser nærmare på bakgrunnen for at førehandsstemmer kjem fram for seint, basert på innrapporterte tal frå kommunane. Det er derfor viktig at alle kommunar registrerer og rapporterer årsaka til eventuelle for seint innkomne førehandsstemmer, slik at departementet kan vurdere eventuelle vidare tiltak før valet i 2017. Denne evalueringa vil også danne grunnlag for eventuelle endringar i rapportering av for seint innkomne førehandsstemmer, anten via EVA eller i møtebøkene til valstyret og fylkesvalstyret.

6.1.5 Forslag om ny postlov og postforskrift

I Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) Kap. 1370 Posttjenester føreslår regjeringa å gjennomføre EUs tredje postdirektiv og redusere talet på omdelingsdagar frå seks til fem dagar i veka, med mogleg unntak for nokre tenester. Samferdselsdepartementet følgde opp forslaget med eit høyringsnotat om utkast til ny postlov og postforskrift, sendt ut 22.10.2014 med høyringsfrist 26.1.2015. Det eine hovudforslaget er at postomdeling på laurdagar ikkje lenger skal vere ei leveringspliktig teneste. Samferdselsdepartementet viser til nedgangen i brevmengda generelt, og at volumet av postsendingar som blir omdelte på laurdagar, berre er ein fjerdedel av volumet som går ut på kvardagar.

Lovforslaget inneber at førehandsstemmer som blir leverte etter innleveringsfristen fredag før valdagen, blir liggjande til måndag og dermed først kjem fram til mottakarkommunen tysdag etter valet. For kommunar i Nord-Noreg med to dagars leveringstid inneber endringa at post som er innlevert fredag kveld den siste dagen i førehandsstemmeperioden, først kjem fram til mottakarkommunen onsdag etter valet.

Forslaget til den nye postlova inneheld ei føresegn om spesielle samfunnspålagde oppgåver. Lova opnar for at «myndigheten kan inngå avtale med eller pålegge leveringspliktig tilbyder å sikre innsamling og utlevering av forhåndsstemmer innenriks siste helg før valgdag ved stortings-, fylkestings- og kommunestyrevalg». Samferdselsdepartementet nemner også problemstillinga i høyringsnotatet sitt, der dei føreslår at myndigheitene avtaler særskild innsamling og distribusjon av førehandsstemmer anten med leveringspliktig tilbydar eller ein annan tilbydar (via anbodskonkurranse). Ein eventuell avtale eller pålegg om levering siste laurdag før valdagen i valåret omfattar ikkje ei plikt til generell laurdagsomdeling, og lovforslaget utelukkar ikkje at formidling av førehandsstemmer kan sikrast gjennom ein avtale med ein annan tilbydar.

Meland kommune omtaler problemstillinga i høyringsfråsegna si om forslag til endringar i vallova og valforskrifta og meiner at dersom postdistribusjon på laurdagar fell bort,

«[…] bør sentral mynde likevel setje som krav til Posten at dei skal levere førehandsrøyster den siste laurdagen før valdagen.»

Eventuelle endringar i postlova vil mest sannsynleg først gjelde frå stortings- og sametingsvalet i 2017. Dersom endringane blir gjennomførte, vil departementet på nytt vurdere å endre fristen for å gi eller ta imot førehandsstemmer. Departementet vil då leggje fram eventuelle fristendringar i ein lovproposisjon til Stortinget før stortingsvalet i 2017.

Til forsida