Prop. 83 L (2014-2015)

Endringar i valgloven (ansvar for valkort mv.)

Til innhaldsliste

5 Lovendringsforslag

5.1 Ansvar for valkort

5.1.1 Gjeldande rett

Valstyret skal sørgje for at det blir sendt ut valkort til alle som har stemmerett, er innførte i manntalet i kommunen og har bustadadresse innanriks (unnateke Svalbard og Jan Mayen), jf. vallova § 2-3 (3).

Departementet har i vallova § 2-9 bokstav c heimel til å gi forskrift om produksjon, utforming, utsending og bruk av valkort. Krava er fastsette i valforskrifta kapittel 5.

Valforskrifta § 22 (1) set fast at det er manntalet per 10. juli som skal leggjast til grunn for produksjonen av valkorta. Valkorta skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmegivinga startar, jf. valforskrifta § 22 (2). Det vil seie at valkorta må vere framme før førehandsstemmegivinga startar 10. august.

Dersom ein veljar gir ei førehandsstemme som skal leggjast i ein stemmesetelkonvolutt og ikkje har med seg valkort, skal stemmemottakaren innanriks (unnateke på Svalbard og Jan Mayen) skrive ut valkort til veljaren, jf. valforskrifta § 22 (3). Ved tidlegstemmegivinga har veljaren normalt ikkje motteke valkort, og valkortet må skrivast ut når det blir gitt ei slik stemme. Valkortet skal fyllast ut slik at det er mogleg å eintydig identifisere veljaren ut frå opplysningane på valkortet, jf. valforskrifta § 22 (4).

Utforming av valkort er regulert av valforskrifta § 23. På valkortet skal desse opplysningane komme fram: kva val og år det gjeld for, namnet, adressa og fødselsåret til veljaren, namn og adresse til valstyret i den kommunen der veljaren er manntalsført, krets, rode, side, linje, manntalsnummer og kommunenummer, adresse og opningstid til vallokalet på valdagen(-ane) og felt der stemmemottakaren kan føre på tid og stad for stemmegivinga og dessutan signere for stemmemottaket. I tillegg skal det komme fram opplysning om at veljaren må vise legitimasjon for å gi førehandsstemme. Valstyret har også høve til å påføre valkortet annan lokal informasjon.

Valkorta har ulike funksjonar. «Identifisering» av veljaren og framsending til rett valstyre var utgangspunktet for ordninga med valkort. Valkortet er ei viktig informasjonskjelde for veljaren, og er ei stadfesting til veljaren om at han eller ho er innført i manntalet og har stemmerett i kommunen.

Valkortet har informasjon om kvar i manntalet namnet på veljaren står. Dette hjelper stemmemottakaren med å raskt finne veljaren i manntalet, og bidreg til å sikre at avkryssing i manntalet skjer ved rett namn. Valkortet har påtrykt adresse til valstyret i den kommunen der veljaren har stemmerett og stemmegivinga skal behandlast. Dermed kan stemmegivinga lett vidaresendast når veljaren har stemt i ein annan kommune. Vidare er det påtrykt informasjon som fortel valstyret kven veljaren er når stemmegivinga skal godkjennast og det skal setjast kryss i manntalet.

5.1.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet føreslo departementet å gjere endringar i ansvarsforholdet rundt produksjon og utsending av valkort. Departementet føreslo å overføre ansvaret for produksjon og utsending av valkort frå kommunane til departementet. Vidare blei det føreslått å endre forskriftsheimelen slik at departementet kan gi forskrift om pliktene til valstyret i samband med produksjon og utsending av valkort.

Ansvarsfordeling

I høyringsnotatet viste departementet til at ordninga med obligatorisk valkort ved førehandsstemmegivinga blei innført då Posten fekk ansvar for førehandsstemmemottak i 1997. Ansvaret for produksjon og utsending av valkort blei då lagt til departementet. Då ordninga med førehandsstemmegiving på Posten blei lagd ned, blei ansvaret for førehandsstemmegivinga tilbakeført til kommunane. Kommunane tok samtidig over ansvaret for produksjon og utsending av valkort.

Departementet viste til at grunnen til at ansvaret for produksjon og utsending av valkort blei lagd til valstyret, er at det er kommunane som sit på opplysningane som skal førast på valkortet (tid og stad for stemmegiving, manntalsnummer osv.). Kommunane har i tillegg høve til å påføre valkortet annan lokal informasjon (ut over eit visst minimum). Det har derfor blitt sett på som mest praktisk at kommunane som sjølv sit med alle dei nødvendige opplysningane, også har ansvaret for å sende ut valkort.

Etter innføringa av valadministrasjonssystemet EVA legg kommunane sjølve inn korrekte grunnlagsdata i systemet. Via EVA har departementet no direkte tilgang til dei opplysningane kommunane legg inn. Departementet peikte på at den enkelte kommunen sjølv er ansvarleg for å fylle inn data som valkortet skal ha, slik som adresser og opningstider på vallokale. Ved valet i 2013 var det departementet som sørgde for bestilling, trykking og distribusjon av valkort på vegner av kommunane. Kommunane måtte samtykkje i at departementet stod for utsendinga, og dekte sjølve kostnadene knytte til trykking og porto.

Departementet peika på at produksjon og utsending av valkort har nær samanheng med utarbeiding av manntalet, sidan valkorta blir laga på bakgrunn av manntalet. Det er departementet som er ansvarleg for at manntalet blir oppretta og oppdatert på grunnlag av opplysningar frå folkeregistermyndigheita. Departementet meinte at dette taler for at departementet også får ansvar for produksjon og utsending av valkort.

Departementet trekte fram at ei overføring av ansvar for produksjon og utsending av valkort vil vere prissparande for kommunane og innebere ei forenkling. Det vil også sikre at alle veljarane får den same minimumsinformasjonen. Departementet føreslo at kostnadene til trykking og distribusjon av valkort blir dekte via valløyvinga.

I høyringsnotatet skreiv departementet at ein vil vurdere om postadressene til veljarane kan brukast på valkortet i staden for bustadadressene. Departementet vil også vurdere om det er mogleg at veljarane kan få valkorta elektronisk i tillegg til på papir.

Forskriftsheimelen

Departementet har med heimel i vallova § 2-9 bokstav c myndigheit til å fastsetje forskrifter om produksjon, utforming, utsending og bruk av valkort. I høyringsnotatet føreslo departementet å endre denne forskriftsheimelen noko.

Når statleg myndigheit tek over ansvaret for valkorta, må forskriftsheimelen utvidast til å omfatte myndigheita departementet har til å gi nærmare føresegner om pliktene til valstyret i samband med produksjon og utsending av valkort. Departementet viste til at sjølv om statleg myndigheit tek over ansvaret for valkort, er ein framleis avhengig av at kommunane gir departementet dei data valkortet skal innehalde. Departementet føreslo derfor å fastsetje i forskrift at valstyret pliktar å gi departementet opplysningar om namnet på, adressa til og opningstidene i vallokala på valdagen(-ane), og dessutan opplysningar om manntalet i kommunen, som for eksempel rodeinndeling. Valstyret pliktar å opplyse om dette på den måten og innan den fristen som departementet fastset. I praksis registrerer kommunane desse opplysningane i EVA.

5.1.3 Høyringsinstansane

Av dei som har uttalt seg om ansvaret for valkort, er alle positive til forslaget frå departementet, med unntak av éin kommune. Høyringsinstansane sluttar seg til departementet si vurdering om å overføre ansvaret for produksjon og utsending av valkort frå kommunane til departementet. Dei sluttar seg også til å utvide forskriftsheimelen om valkort til å omfatte departementet si myndigheit til å gi nærmare føresegner om pliktene til valstyret i samband med produksjonen og utsendinga. Det blir mellom anna påpeikt at dette bidreg til å sikre ein felles standard for heile landet.

Lenvik kommune er den einaste kommunen som ikkje støttar forslaget frå departementet. Kommunen har denne kommentaren:

«Lenvik kommune støtter ikke forslaget om at ansvaret for utsending av valgkort overføres til departementet. Som alternativ bes det om at det utredes regionale løsninger i tråd med tidligere forslag om etablering av regionale valgenheter.»

Éin fylkeskommune har uttalt seg om departementet sitt lovforslag om valkort. Oppland fylkeskommune skriv:

«Oppland fylkeskommune mener det er riktig at det er departementet som overtar ansvaret for produksjon og utsendelse av valgkortene. Dette sparer kommunene for mye arbeid. Det må imidlertid stilles krav til at opplysningene i EVA, som skal framkomme på valgkortet, er kvalitetssikret og riktige. I henhold til tilbakemeldinger vi har mottatt, kom mange valgkort ved stortingsvalget 2013 i retur; blant annet på grunn av at mottaker hadde postboksadresse.»

Fleire kommunar uttaler særskilt at dei støttar forslaget. Blant desse er kommunane Bærum, Hammerfest, Meland, Sandnes, Mandal, Bergen, Asker og Radøy.Lillesand kommune skriv at dei var svært fornøgde med prøveordninga ved stortingsvalet i 2013, der Kommunal- og moderniseringsdepartement stod for produksjonen og utsendinga av valkorta.

Ålesund kommune skriv:

«Valgstyret er svært glad for at departementet tar ansvaret for produksjon og utsendelse av valgkort. Dette sikrer en felles standard for hele landet. De spesielle opplysningene for den enkelte kommune blir henta direkte ut fra EVA slik kommunene har registrert dem. Ved statlig ansvar slipper kommunene å gjennomføre omfattende anbudsprosesser for trykking og utsending av valgkortene»

Fleire høyringsinstansar kommenterer at dei er positive til å bruke elektronisk valkort og bruk av postadresser i staden for bustadadresser. Tana kommune anbefaler at valkorta også blir tilgjengelege elektronisk for dei enkelte veljarane. Det vil vere eit viktig tillegg til dagens utsending av valkort via post. Bærum kommune støttar at valkorta blir gjorde tilgjengelege både på papir og elektronisk.

Bremanger kommune skriv:

«Elektroniske valkort kan nyttast om utstyr for lesing av valkort, og eventuelt strekkodar på smarttelefonar, er tilgjengeleg.»

Valgforum har komme med denne fråsegna:

«Ved valget i 2013 ble valgkortene sendt til velgerens bostedsadresse, og erfaringen i mange kommuner var at mange velgere ikke mottok valgkort, som følge av at de mottar posten på boligadressen, men benytter postboks. Det anbefales at valgkortene sendes til velgerens postadresse.
Departementet vurderer om velgeren skal få valgkort elektronisk i tillegg på papir, eventuelt bare elektronisk for dem som er registrert i digitalt kontaktregister. Det anbefales at det i første omgang velges en løsning hvor velger får valgkort elektronisk i tillegg til på papir. Valgkortene forenkler stemmemottaket i valglokalene. For kommuner som har elektronisk avkryssing i manntallet, vil det være vesentlig at en enkelt kan skanne et elektronisk valgkort.»

Posten Norge peiker på generelt grunnlag på at bruk av postadresser kan vere å føretrekkje framfor bustadadresser sidan det kan vere med å sikre korrekt utlevering av valkort og redusere omfanget av retur på grunn av feil adresse. Vidare skriv Posten at dei er positive til digital distribusjon av valkort.

Kommunesektorens organisasjon (KS) uttaler seg om det føreslåtte uttrekket frå rammetilskotet til kommunane. KS kommenterer mellom anna at trekket er basert aleine på erfaringane frå valet i 2013, og dei ber departementet om å vente med eit uttrekk til ein har betre erfaringstal, for eksempel etter valet i 2015.

5.1.4 Departementet si vurdering og forslag

Fleirtalet av høyringsinstansane støttar forslaget frå departementet om å overføre ansvaret for produksjon og utsending av valkort frå kommunane til departementet. Fleirtalet støttar også forslaget om å utvide forskriftsheimelen om valkort til å omfatte departementet si myndigheit til å gi nærmare føresegner om pliktene til valstyret i samband med produksjonen og utsendinga. Departementet får støtte for sitt syn på at statleg ansvar for valkort bidreg til å sikre ein felles standard for heile landet.

Departementet meiner at statleg ansvar for valkort vil vere prissparande for kommunane, og dessutan innebere ei forenkling. Det vil også sikre at alle veljarane får same minimumsinformasjon. Ved bruk av valadministrasjonssystemet EVA får departementet no direkte tilgang til dei grunnlagsdata som kommunane sjølve legg inn i systemet.

Departementet har i dag ansvar for at manntalet blir oppretta og oppdatert på grunnlag av opplysningar frå folkeregistermyndigheita. Valkorta blir laga på bakgrunn av manntalet. Sidan produksjon og utsending av valkort har nær samanheng med utarbeiding av manntalet, meiner departementet at dette taler for at statleg myndigheit også får ansvar for produksjon og utsending av valkort.

Departementet meiner derfor at tida no er moden for at departementet tek over ansvaret for produksjon og utsending av valkort.

Departementet føreslår å dekkje kostnadene til trykking og distribusjon av valkort via valløyvinga. I høyringsrunden blei departementet bede om å vente med eit uttrekk til ein har betre erfaringstal, for eksempel etter valet i 2015. Departementet har basert utrekningane sine på erfaringane frå valet 2013, då departementet stod for produksjon og utsending av valkort på vegner av kommunane. Dei totale kostnadene for dette var då på om lag 18 millionar kroner. Ein ventar at beløpet vil vere tilnærma likt ved valet i 2015.

Departementet held ved lag forslaget om å overføre ansvaret for produksjon og utsending av valkort frå kommunane til departementet. Det same gjeld forslaget om å endre forskriftsheimelen slik at departementet kan gi forskrift om pliktene til valstyret i samband med produksjon og utsending av valkort.

Det er den enkelte kommunen som sit på dei opplysningane som skal førast på valkortet (opplysningar om namnet på vallokala, adresse og opningstid på valdagen(-ane) og dessutan opplysningar om manntalet i kommunen, som for eksempel rodeinndeling). Departementet er derfor avhengig av at kommunane gir departementet dei data valkortet skal innehalde. Departementet føreslår å regulere dette nærmare i valforskrifta. I praksis registrerer kommunane desse opplysningane i EVA. Departementet understrekar at den enkelte kommunen sjølv er ansvarleg for at informasjonen er korrekt.

Departementet vil vurdere bruk av postadresser på valkortet i staden for bustadadresser. Departementet vil også vurdere å sjå nærmare på bruken av elektronisk valkort ved framtidige val.

5.2 Kretsendringar

5.2.1 Gjeldande rett

I vallova § 9-3 (1) andre punktum står det at kretsendringar skal rapporterast til folkeregistermyndigheita. Folkeregistermyndigheita ved Skattedirektoratet er ikkje lenger rett mottakar av slike meldingar frå valstyra. Det er sentral matrikkeleining (Statens kartverk) som skal ta imot slike meldingar, og som sørgjer for å oppdatere matrikkelen. Data frå matrikkelen blir send over til Skattedirektoratet og kopla saman med folkeregisteropplysningar.

5.2.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet uttalte departementet at føresegna bør oppdaterast slik at ho viser til rett myndigheit. Ein sikrar dermed at valstyra melder dette inn korrekt. Departementet påpeikte at dette vil vere ei teknisk endring som ikkje fører til endra praksis eller ansvar.

Departementet føreslo at lovføresegna skulle få denne ordlyden: «Sentral matrikkelmyndighet skal orienteres om endringer i stemmekretsinndelingen innen 31. mars i valgåret.»

5.2.3 Høyringsinstansane

Alle høyringsinstansane støttar forslaget frå departementet, eller har ingen merknader.

Kartverket skriv:

«Det er positivt at rollen Kartverket som sentral matrikkelmyndighet har i dette arbeidet nå foreslås formalisert direkte i valgloven.
For at slike endringer skal kunne implementeres i matrikkelen så raskt og smidig som mulig vil vi foreslå at sentral matrikkelmyndighet gis en forskriftshjemlet adgang til å komme med retningslinjer for form og innhold på disse «endringsmeldingene».»

5.2.4 Departementet si vurdering og forslag

Departementet viser til at lovendringa som er føreslått i høyringsnotatet, er ei reint teknisk endring som ikkje inneber noka realitetsendring av det som er dagens situasjon. Vi viser også til at forslaget har fått brei tilslutning i høyringsrunden.

Departementet føreslår derfor å endre vallova § 9-3 (1) andre punktum slik at orienteringar om endringar i stemmekretsinndelinga skal meldast til den sentrale matrikkelmyndigheita.

Når det gjeld Kartverkets ønske om heimel til å gi retningslinjer om meldingar av endringar, vil departementet kommentere at ein eventuell heimel til å gi slike retningslinjer bør forankrast i vallova og liggje til departementet.

5.3 § 3-3 (3) bokstav c

5.3.1 Gjeldande rett

Det følgjer av vallova § 3-3 (3) at «den som foretar revisjon for en kommune eller fylkeskommune», er utelukka frå val til fylkestinget eller kommunestyret.

Den tidlegare vallova frå 1985 (lov om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg) § 13 (2) og (3) sette fast:

«Utelukket fra valg til fylkestinget er […] den som i vedkommende fylkeskommune […] foretar revisjon for fylkeskommunen.
Utelukket fra valg til kommunestyret er […] den som i vedkommende kommune […] foretar revisjon for kommunen.»

I forarbeida til vallova av 2002 (Ot.prp. nr. 45 (2001–2002)) uttaler departementet at føresegna i vallova § 3-3 er meint å vidareføre gjeldande rett. Sjølv om ordlyden blei litt endra, var det ikkje meininga at føresegna skulle få eit anna meiningsinnhald.

I samband med ein lovrevisjon i 2003 blei føresegna om at revisorar er utelukka frå val, flytta frå vallova § 3-3 (3) bokstav b siste strekpunkt til ein ny bokstav c. Departementet uttaler i forarbeida til denne endringa (Ot.prp. nr. 70 (2002–2003), side 67):

«Det er […] holdepunkter for å fortolke denne bestemmelsen likt med kommunelovens bestemmelse om valgbarhet § 14 nr. 1 bokstav b.»

Den nemnde føresegna i kommunelova handlar om val til kommunale og fylkeskommunale styre, råd og utval, og set fast at:

«Utelukket fra valg er […] den som i vedkommende kommune eller fylkeskommune […] foretar revisjon for kommunen eller fylkeskommunen.»

På bakgrunn av dei fråsegnene frå forarbeida som det er vist til ovanfor, kjem departementet til at det er klart at vallova § 3-3 (3) bokstav c inneber at utelukka frå val til fylkestinget eller kommunestyret er den som gjer revisjon i vedkommande kommune eller fylkeskommune. Føresegna inneber ikkje at revisorar generelt vil vere utelukka frå val.

Eit eksempel: Revisor AA, som utfører revisjon for kommune X, men som er busett i kommune Y, vil dermed kunne veljast til kommunestyret i Y.

5.3.2 Førespurnad frå Norges Kommunerevisorforbund (NKRF)

NKRF reiser i brev til departementet av 3. juni 2014 spørsmål om forståinga av vallova § 3-3. Dei peiker på at forskjellen i formuleringane i føresegnene frå 1985 og 2002 reint språkleg – etter deira meining – neppe kan forståast på annan måte enn at den som gjer revisjon, er utelukka frå val til fylkesting eller kommunestyre, uansett kva (fylkes-) kommune vedkommande reviderer. Deira eigen konklusjon er likevel at føresegna ikkje er meint slik, og viser til det refererte sitatet frå Ot.prp. nr. 70 (2002–2003). Dei kjem til at revisorar er utelukka frå val i kommunen eller fylkeskommunen der vedkommande utfører revisjon. Dei ber vidare om at ordlyden i vallova § 3-3 blir endra på ein passande måte, for å unngå misforståingar.

Departementet varslar i brev av 23. juni 2014 til NKRF at ein vil sjå nærmare på ordlyden i vallova § 3-3 (3).

5.3.3 Departementet si vurdering og forslag

Departementet kjem til – på grunnlag av det som er sagt i det føregåande – at det er behov for ei presisering i lovteksten når det gjeld revisorar og om dei kan stille til val. Det bør gå klart fram at forbodet mot at ein revisor kan veljast til kommunestyre eller fylkesting, er avgrensa til den kommunen eller fylkeskommunen der vedkommande gjer revisjon. Departementet føreslår å endre lovteksten ved å byte ut formuleringa «for en kommune eller fylkeskommune» med «for kommunen eller fylkeskommunen».

Vidare føreslår departementet ei mindre redaksjonell endring i paragrafen.

Departementet føreslår å ta føresegna om revisor inn i bokstav b som eit nytt siste strekpunkt, samtidig som punkt c blir oppheva.

Departementet har vurdert at det ikkje har vore nødvendig å sende dette forslaget på ei eiga høyring.

5.4 § 8-3 (2) bokstav a

5.4.1 Gjeldande rett

Vallova § 8-3 (2) bokstav a inneheld ei føresegn om at innanriks skal stemmegiving gjennomførast på alle helse- og sosialinstitusjonar i kommunen og elles der valstyret har bestemt. Det skal haldast førehandsstemmegiving minst éin dag ved alle institusjonane. Valforskrifta § 25 bestemmer at ein ved stemmemottak på helse- og sosialinstitusjonar også kan ta imot stemmer heime hos personar som oppheld seg i trygde- og omsorgsbustader, når desse er tilknytt institusjonen.

5.4.2 Høyringsinstansane

I samband med høyringa har Helsedirektoratet komme med ei fråsegn om omgrepet «helse- og sosialinstitusjoner» i vallova § 8-3 (2) bokstav a. Helsedirektoratet meiner at omgrepet «helse- og sosialinstitusjoner» bør endrast til «helse- og omsorgsinstitusjoner». Dei viser mellom anna til Prop. 91 L (2010–2011) punkt 7.4.5 der omgrepsbruk i helse- og omsorgstenesta er nærmare omtalt.

5.4.3 Departementet si vurdering og forslag

Departementet sluttar seg til høyringsfråsegna frå Helsedirektoratet, og føreslår å endre formuleringa frå «helse- og sosialinstitusjoner» til «helse- og omsorgsinstitusjoner». Den føreslåtte endringa er av reint språkleg art og inneber inga realitetsendring. Slik departementet ser det, har det derfor ikkje vore nødvendig å sende dette forslaget på ei eiga høyring.

Til forsida