Prop. 83 L (2014-2015)

Endringar i valgloven (ansvar for valkort mv.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 2-3 tredje ledd:

Departementet tek over ansvaret for produksjon og utsending av valkorta, og ansvaret blir lovfesta.

Til § 2-9 bokstav c:

Departementet tek over ansvaret for produksjon og utsending av valkort. Det er derfor behov for å utvide forskriftsheimelen noko. Det er aktuelt å forskriftsfastsetje nærmare reglar rundt pliktene til valstyret i samband med produksjonen og utsendinga av valkorta, mellom anna at valstyret pliktar å gi departementet dei opplysningane valkorta skal innehalde. Valstyret pliktar å opplyse om dette på den måten og innan den fristen som departementet set fast.

Til § 3-3 tredje ledd:

Departementet føreslår ei presisering i lovteksten for å gjere det klart at revisor i kommunen eller fylkeskommunen er utelukka frå val til kommunestyret eller fylkestinget i den kommunen eller fylkeskommunen der vedkommande gjer revisjon. Forbodet mot val gjeld ikkje andre kommunar eller fylkeskommunar.

Noverande bokstav c opphevast.

Til § 8-3 andre ledd bokstav a:

Formuleringa blir endra frå «helse- og sosialinstitusjoner» til «helse- og omsorgsinstitusjoner». Endringa er reint språkleg og inneber inga realitetsendring.

Til § 9-3 første ledd andre punktum:

I dagens lovtekst står det at meldingar om endringar i stemmekretsinndelinga skal sendast til folkeregistermyndigheita. Folkeregistermyndigheita er ikkje lenger mottakar av slike meldingar. Meldingane skal sendast til Statens kartverk som sentral matrikkelmyndigheit. Dei sørgjer for å oppdatere matrikkelen og sender over opplysningane til Skattedirektoratet for å kople dei saman med folkeregisteret.

Føresegna i vallova bør oppdaterast, slik at valstyra melder inn til rett myndigheit. Dette er ei reint teknisk endring, som ikkje fører til noka endring av praksis eller ansvar.

Endringane kan tre i kraft straks.

Til forsida