Prop. 83 L (2014-2015)

Endringar i valgloven (ansvar for valkort mv.)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om endring av ansvaret for produksjon og utsending av valkort vil få økonomiske konsekvensar, for både kommunane og departementet. Departementet føreslår at kostnadene ved produksjon og utsending av valkort til alle som har stemmerett i landet blir dekte via valløyvinga. Basert på erfaringane frå 2013, då departementet stod for produksjon og utsending av valkort på vegner av kommunane, vil dei totale kostnadene for dette vere på om lag 18 millionar kroner. Det vil innebere ei direkte innsparing for kommunane, og det vil derfor vere naturleg å trekkje desse midlane i rammetilskotet til kommunane. Departementet anbefaler å dekkje inn innsparinga over to år. Endringa vil også innebere forenkling og ressurssparing for kommunane, sidan dei ikkje treng å gjennomføre anbodskonkurransar. Samtidig vil det føre med seg eit ansvar for å leggje inn korrekt informasjon i valadministrasjonssystemet EVA.

Lovforslaga vil elles ikkje føre med seg økonomiske eller administrative konsekvensar i vesentleg grad.

Til forsida