Prop. 93 S (2022–2023)

Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II

Til innhaldsliste

3 Arealtildeling og konsesjonsprosess

3.1 Prekvalifiseringa

Auksjon er hovudmodellen for tildeling av prosjektområde for fornybar energiproduksjon til havs. Ifølge havenergilova § 2-3, kan departementet krevje at aktørar som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal skal prekvalifiserast før deltaking;

«Ved tildeling av areal må søkarar ha tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke, og oppfylle relevante krav til helse, miljø og sikkerheit. Departementet kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal skal prekvalifiserast før deltakinga. Ved utlysing kan departementet også sette andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.»

Departementet sende forslag til prekvalifiseringskriterium for første fase av Sørlege Nordsjø II på høyring 6. desember 2022, med høyringsfrist 6. januar 2023. Departementet vil vurdere aktørane etter kriteria gjennomføringsevne, berekraft og positive lokale ringverknader for å vurdere om aktørane er kvalifisert. For å gje aktørane sterkare insentiv til å utvikle prosjektkonsept i tråd med kvalifikasjonskrava, vil departementet sette ei nedre og øvre grense for kor mange aktørar som kan bli kvalifisert. For å legge til rette for at prosjektet blir gjennomført slik det er skildra i dokumentasjonen som ligg til grunn for prekvalifiseringa, vil tilgangen til å gjere endringar etter tildeling vere regulert i differansekontrakten. Vesentlege endringar vil krevje samtykke på førehand, og aktøren kan ikkje rekne med å få samtykke med mindre prosjektet blir endra til noko som er kvalitativt likt eller betre. Det vil vere aktøren sitt ansvar å dokumentere at eventuelle endringar gjev eit kvalitativt likt eller betre prosjekt.

3.2 Auksjonen

Aktørane som vert kvalifisert vil delta i ein monetær auksjon. I auksjonen vil første fase av Sørlege Nordsjø II bli tildelt aktøren som er villig til å utvikle havvindprosjektet med minst statsstøtte. Departementet sende forslag om auksjonsmodell på høyring 6. desember 2022. I høyringsnotatet føreslo departementet ein såkalla «Anglo-Dutch»-auksjon, i tråd med anbefalingane frå Vista Analyse og Guidehouse, jf. boks 3.1. Høyringsinstansane hadde ulike innspel, men dei fleste stilte seg negative til den føreslegne auksjonsmodellen. Dei meinte at den vil gje større risiko for spekulative bod i den avsluttande fasen, og dermed større risiko for at prosjektet ikkje blir gjennomført. Vidare var det fleire som peikte på at auksjonsmodellen er for komplisert, særleg med tanke på at det er den første havvindauksjonen i Noreg. Eit fleirtal av høyringsinstansane ønska ein auksjonsmodell med berre opne bod. På bakgrunn av tilbakemeldingane frå høyringa har Olje- og energidepartementet derfor kome til at auksjonen bør gjennomførast som engelsk auksjon. Engelsk auksjon er ein enklare auksjonsmodell, samanlikna med forslaget frå auksjonsrådgivar, med berre open bodgjeving. Departementet planlegg å gjennomføre auksjonen i løpet av hausten 2023, slik at prosjektområdet til første fase av Sørlege Nordsjø II kan bli tildelt innan utgangen av året.

Boks 3.1 Anbefalingar om auksjonsmodell frå Vista Analyse og Guidehouse

Vista Analyse og Guidehouse har vurdert tre ulike auksjonsmodellar for tildeling av første fase av Sørlege Nordsjø II. Den første modellen er ein engelsk auksjon med berre open bodgjeving («descending auction»). Auksjonen startar på eit høgt støttenivå som blir redusert gjennom bodgjevinga. Auksjonen held fram til det står att ein bodgjevar som vinn retten til prosjektområdet. Ein viktig styrke med ein open auksjon er at deltakarane får prisinformasjon om prosjektområdet gjennom bodgjevinga. Dette reduserer risikoen for at auksjonsvinnaren har estimert verdien av prosjektområdet for høgt, og gjev høgre sannsyn for at prosjektet blir gjennomført. Den andre modellen er ein auksjon der alle aktørane berre gjev eit lukka bod («First price sealed bid auction»). Prosjektområdet blir tildelt aktøren med det lågaste støttenivået. Ein lukka auksjon gjev aktørane sterke insentiv til å by inn eit så lågt støttenivå som mogleg, noko som kan gje eit lågare støttenivå enn i ein open auksjon. Modellen gjev samtidig høgre risiko for at aktøren som vinn prosjektområdet har overvurdert verdien av prosjektet. Dette gjev høgre risiko for at prosjektet ikkje blir gjennomført. Den tredje auksjonsmodellen er ein kombinasjonsmodell («Anglo-Dutch» auksjon), med open bodgjeving fram til det står att to bodgjevarar. Dei to bodgjevarane gjev då eit siste lukka bod, og aktøren med det beste bodet, som inneber minst støtte, vinn auksjonen. Ein fordel med denne modellen er at aktørane får prisinformasjon om prosjektområdet gjennom dei innleiande auksjonsrundane, samtidig som den siste lukka runden gjev aktørane sterke insentiv til å by eit så lågt støttenivå som mogleg. Vista Analyse og Guidehouse anbefaler derfor den kombinerte auksjonsmodellen.

3.3 Konsesjonsprosessen

Vinnaren av auksjonen får einerett til å søke om konsesjon for fornybar energiproduksjon innanfor prosjektområdet. Før aktøren kan søke om konsesjon, må aktøren gjennomføre ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing. Eineretten er avgrensa i tid, og departementet vil krevje at aktøren følger ein avtalt framdriftsplan. Om aktøren bryt nokre av tidsfristane, utan samtykke frå departementet, vil det vere mekanismar i differansekontrakten for å handtere dette.1 Aktøren kan også miste eineretten til prosjektområdet. I sistnemnde tilfelle kan departementet velje å lyse ut og tildele prosjektområdet på nytt.

Fastsetting av prosjektspesifikt utgreiingsprogram

Når departementet har erklært konkurransen for avgjort og ein aktør har blitt tildelt eit prosjektområde, må aktøren sende inn melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram seinast seks veker etter tildeling. Meldinga vert lagt ut på offentleg høyring i minimum seks veker, og departementet vil fastsette utgreiingsprogrammet etter høyringa.

Konsesjonsvedtak

Etter at det prosjektspesifikke utgreiingsprogrammet er fastsett, har aktøren to år på seg til å sende inn konsesjonssøknad til departementet. Det er mogleg å søke om forlenga frist før fristen går ut. Ein eventuell forlenga frist føreset godkjenning av departementet. Den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga skal leggast ved konsesjonssøknaden. I konsesjonsvedtaket kan departementet sette vilkår av omsyn til mellom anna natur og mangfaldet i naturen. Konsesjonssøknaden vert lagt ut på offentleg høyring i minimum seks veker.

Detaljplan

Søknad om å få godkjend detaljplan skal etter noverande regelverk bli sendt til NVE innan to år etter vedtak om konsesjon. Det er mogleg å søke om forlenga frist før fristen går ut. Detaljplanen vert lagt ut på offentleg høyring i minimum seks veker. Handsamingstida vil variere med storleik og kompleksitet i saka. Anlegget skal vere sett i drift innan tre år etter vedtak om godkjent detaljplan.

Departementet arbeider med å effektivisere konsesjonsprosessen og vurderer mellom anna å slå saman konsesjonsvedtak og godkjenning av detaljplan. Etter den første tildelingsrunden vil det bli gjennomført ei evaluering av prosessen med sikte på å identifisere læringspunkt og eventuelt gjere justeringar.

Fotnotar

1.

Sjå tabell 5.1 for omtale.