Prop. 95 L (2021–2022)

Endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovframlegget

Regjeringa sette ned eit lovutval i juni 2017 som skulle utarbeide framlegg til ny vallov. Utvalet leverte utgreiinga si, NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg – Ny valglov, 27. mai 2020. Utgreiinga blei send på ei brei offentleg høyring med frist 31. desember 2020. På bakgrunn av framlegg frå utvalet og innspel i høyringa vil departementet fremje forslag til ei ny vallov. Den nye vallova vil tidlegast gjelde frå stortingsvalet i 2025. Når departementet fremjar ein proposisjon med lovendringar no, er det fordi det meiner det er nødvendig og formålstenleg med enkelte lovendringar som vil kunne gjelde ved valet i 2023.

Stortinget vedtok mellombelse endringar i vallova i juni 2020 og april 2021, jf. Prop. 133 L (2019–2020) og Prop. 89 L (2020–2021), som følgje av utbrotet av covid-19.

I juni 2020 vedtok Stortinget ei endring som opna for at politiske parti som ikkje fekk tilstrekkeleg oppslutnad ved førre stortingsval, og uregistrerte grupper kunne samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk.

I april 2021 vedtok Stortinget endringar som skulle sikre at veljarar som er pålagde isolasjon eller er i karantene på grunn av covid-19, fekk høve til å røyste, og reglar som gav auka fleksibilitet for kommunane i tilrettelegginga for ordinær røysting. Dette omfatta blant anna å opne for at eit vallokale kan liggje geografisk utanfor røystekrinsen, og at valstyret på nærmare vilkår kunne vedta å opprette ekstra vallokale i ein røystekrins dersom det oppstod eit lokalt smitteutbrot. På bakgrunn av at det var venta fleire førehandsrøyster ved stortingsvalet i 2021, blant anna som følgje av pandemien, blei det vedteke at kommunane kunne starte oppteljinga av førehandsrøyster søndagen før valdagen.

Endringane blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

Utgangspunktet for desse mellombelse endringane var utgreiinga frå vallovutvalet, som foreslo tilsvarande endringar. Departementet meiner dette er gode forslag og støttar vurderingane frå vallovutvalet. Sidan desse endringane alt har vore gjeldande ved eitt val, meiner departementet at det er meir formålstenleg at dei blir vedtekne no, slik at dei også kan gjelde ved valet i 2023, i staden for å vente til forslaget om ny vallov blir lagt fram. Ei ny vallov vil først kunne komme i bruk ved stortingsvalet i 2025.

Samtidig er det gjort framlegg om to mindre endringar i partilova. I 2018 vedtok Stortinget å endre ei rekkje føresegner i vallova som nytta nemninga fylke i tydinga fylkets funksjon som valdistrikt, jf. Prop. 76 L (2017–2018), ettersom fylka ikkje lenger ville samsvare med valdistrikta ved stortingsval. Det blei ikkje samtidig gjort framlegg om å endre føresegna i partilova som også nyttar nemninga «fylke» når det i innhald var snakk om fylkets funksjon som valdistrikt. Departementet gjer derfor framlegg om å erstatte «fylke» med «valgdistrikt» i partilova § 4 første og andre ledd.

Departementet har dessutan oppdaga ei feil tilvising i partilova § 18 første ledd og gjer framlegg om å rette denne.

Til forsida