Prop. 95 L (2021–2022)

Endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

Til innhaldsliste

4 Framlegg til endringar i vallova

4.1 Høve til elektroniske underskrifter på listeforslag

4.1.1 Gjeldande rett

Vallova kapittel 6 har reglar om krav til og behandling av listeforslag.

Listeforslag må vere underskrivne av ei viss mengd personar, jf. vallova § 6-3. For parti registrerte i Partiregisteret som ved førre stortingsval fekk ein oppslutnad på minst 500 røyster i eitt valdistrikt eller minst 5000 røyster i heile landet, er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av minst to styremedlemmer i lokalavdelinga med ansvar for valdistriktet lista gjeld, jf. § 6-3 første ledd. Det same gjeld for parti som er registrerte i Partiregisteret etter førre stortingsval. Underskrivarane må ha røysterett i valdistriktet. Desse underskriftene kan vere elektroniske.

Listeforslag frå andre forslagsstillarar må ved stortingsval og fylkestingsval vere underteikna av 500 personar med røysterett i valdistriktet, jf. § 6-3 andre ledd bokstav a. Ved kommunestyreval skal listeforslaget som hovudregel vere underskrive av så mange personar med røysterett i kommunen at det svarar til to prosent av talet på røysteføre innbyggjarar ved siste kommunestyreval, jf. § 6-3 andre ledd bokstav b. Som eit minimum skal likevel listeforslag vere underskrivne av like mange røysteføre i kommunen som det skal veljast medlemmer til kommunestyret. Det er likevel alltid tilstrekkeleg med underskrifter frå 300 røysteføre.

Desse listeforslaga må innehalde underskrifter på papir. Ordlyden i lova er ikkje i seg sjølv til hinder for elektronisk underskrift. Forarbeida til lova er likevel klare på at omgrepet underskrift siktar til alminneleg underskrift på papir. I Ot.prp. nr. 45 (2000–2001) punkt 11.5 under overskrifta Nærmere om begrepet «underskrift» uttaler departementet blant anna dette:

Departementet mener at det er nødvendig å sondre mellom typer av underskrifter og hvilke hensyn som søkes ivaretatt ved utformingen av reglene. Etter vår oppfatning er innsamling av underskrifter til støtte for et listeforslag ikke å anse som kommunikasjon i ordets vanlige forstand. Det dreier seg her om en ensidig dokumentasjon for å oppfylle valglovens regler om et visst antall underskrifter for å stille listeforslag fra et parti som ikke er registrert. Gjeldende bestemmelser i valgloven er basert på at underskriftene skal samles på papir. Elektronisk innsamling vil etter departementets syn være en endring i premissene som gjør at antall underskrifter må vurderes på nytt. Når det derimot gjelder kravet om at et listeforslag fra et registrert partis lokalavdeling skal være undertegnet av (etter utvalgets forslag; en leder og et styremedlem), etter departementets forslag; to styremedlemmer, kan departementet ikke se noen grunn til ikke å åpne for elektronisk underskrift.

Det er også slått fast i valforskrifta § 13 første ledd at desse underskriftene skal vere «skrift på papir».

4.1.2 Høve til elektroniske underskrifter på listeforslag ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok etter forslag frå departementet ei mellombels endring i vallova om høve til elektronisk underskrift på listeforslag ved stortingsvalet i 2021, jf. Prop. 133 L (2019–2020). Føresegna gav departementet heimel til i forskrift å fastsetje høve til å nytte elektronisk signatur for å skrive under listeforslag etter vallova § 6-3 andre ledd bokstav a ved stortingsvalet i 2021. Departementet fastsette eit mellombels høve til elektronisk underskrift på listeforslag i valforskrifta. I forskrifta blei det fastsett at systemet for elektronisk underskrift utarbeidd av Valdirektoratet skulle nyttast. Føresegnene blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

Bakgrunnen for vedtaket var utbrotet av covid-19. Departementet la til grunn for forslaget at tilrådinga om avgrensa kontakt i befolkninga for å redusere smittefaren truleg gav partia og forslagsstillarane dårlegare høve til å innhente dei nødvendige underskriftene for å stille liste. Forslaget var ikkje meint å vere ei fullgod erstatning for alle måtar partia tidlegare har møtt veljarane på, men ein effektiv og enkel løysing for å gi partia ein ekstra sjanse til å samle inn underskrifter.

Valdirektoratet fekk i oppdrag å utvikle ei elektronisk løysing for innsamling av digitale underskrifter på listeforslag. Løysinga gjorde det mogleg for forslagsstillarar å opprette digitale versjonar av listeforslag gjennom nettsida valg.no. Forslagsstillarane kunne dele ei direktelenkje til listeforslaget sitt digitalt og be publikum om å signere dette gjennom innlogging via ID-porten. Partia og gruppene kunne framleis også samle inn underskrifter på papir. Den digitale løysinga påverka ikkje behandlinga av listeforslaga i fylkesvalstyret. Fylkesvalstyret måtte på same måte som tidlegare kontrollere listeforslaga og underskriftene på listeforslaga, jf. vallova § 6-6.

4.1.3 Forslaget til vallovutvalet

Utvalet meiner tida er moden for å endre på dagens reglar om at underskrifter må vere skrift på papir. Underskrifter på listeforslag må kunne samlast inn elektronisk, og dei må kunne sendast inn til kommunen eller fylkeskommunen elektronisk. Dette vil gjere det lettare å samle inn underskrifter. Det vil også bli lettare for valstyresmaktene å behandle dei ettersom dei slepp å måtte tyde ulike skrifttypar på papir.

Utvalet meiner det er viktig å lage tilgjengelege digitale tenester, men tryggleiken i ei slik ordning må vere tilfredsstillande. Dersom kravet om skrift på papir blir fjerna, må bruken av elektroniske underskrifter regulerast på ein måte som sikrar at underskriftene som blir samla inn, er autentiske. Utvalet meiner at nærmare reglar om korleis ei ordning med elektroniske signaturar skal utformast, bør fastsetjast i forskrift.

Utvalet gjer framlegg om at det framleis skal vere mogleg å samle inn underskriftene på papir dersom forslagsstillarane ønskjer det.

4.1.4 Høyringa

Ti høyringsinstansar – Bergen kommune, Eigersund kommune, Molde kommune, Oslo kommune, Sarpsborg kommune, Trondheim kommune, Vestland fylkeskommune, Viken fylkeskommune, Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Valdirektoratet – har merknader til forslaget frå utvalet om å opne for elektroniske underskrifter på listeforslag. Alle desse støttar forslaget frå utvalet.

Nokre høyringsinstansar peikar på at forslaget vil vere arbeidssparande. Oslo kommune uttaler:

Valgstyret støtter forslaget om å fjerne krav om at underskrifter på listeforslag må være skrift på papir og at departementet må utvikle en løsning slik at forslagsstillerne selv kan legge inn listeforslaget i EVA.
Dette forslaget vil gjøre det lettere for partiene å samle underskrifter og lettere for valgmyndighetene å behandle dem.
I tillegg mener utvalget at departementet bør vurdere å utvikle en løsning slik at listestillerne kan legge inn listeforslaget direkte […] i EVA.
Dette vil spare mye administrativt arbeid. I tillegg vil det bli enklere å sende ut informasjon til kandidatene om at de er satt opp på et listeforslag og opplyse om adgangen til å be seg fritatt. Et annet viktig argument for dette forslaget er at forslagsstillerne vil få mer kontroll over eget listeforslag.

Tre høyringsinstansar har merknader til forslaget om at det framleis skal vere mogleg å samle inn underskrifter på papir. Eigersund kommune og Viken fylkeskommune støttar ikkje utvalets forslag og meiner at underskriftene utelukkande bør kunne samlast inn elektronisk. Eigersund kommune uttaler:

Valgsystemet EVA bør videreutvikles slik at alle listeforslag bør/skal leveres ved bruk av dette. Dette kombinert med digitale signaturer, vil sikre en langt høyere kvalitet på listeforslagene, f.eks. gjennom en tilsvarende automatisk manntallskontroll (valgbarhet) som i dag gjøres når valgstyret legger inn kandidatene i valgsystemet EVA. Samtidig vil det også gjøre det enklere for partiene som skal levere inn slike forslag og valgstyret som skal motta dem ved at det kan gjøres med digital veiledning og skjemakontroll slik som for alle digitale skjema.

NKP meiner at det framleis må vere høve til å samle inn underskrifter på papir dersom det også i ny lov skal vere eit krav om eit visst tal underskrifter, og dei uttaler:

NKP mener at om partiet likevel skal måtte fortsette praksisen med å samle underskrifter foran hvert eneste valg, må dette være mulig både digitalt og med fysiske underskrifter på papir. Erfaringene partiet har gjort seg under koronaen, da det ble åpnet for digitale signeringsmuligheter via Valg.no, viser at flere potensielle underskrivere diskrimineres fra å signere digitalt av ulike årsaker som dysleksi, manglende elektronisk identifikasjon eller manglende tilgang til mobil/pc og/eller internett. Derfor må det også være mulig å fortsette praksisen med å signere fysisk på papir samtidig som det samles signaturer digitalt.

4.1.5 Departementets vurdering

Departementet er samd med vallovutvalet i at det bør opnast for elektroniske underskrifter på listeforslag. Departementet viser til at høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, er positive til ei slik endring. Dei fleste høyringsinstansane som uttalte seg om tilsvarande forslag til mellombels lovendring som blei vedteken for stortingsvalet i 2021, jf. Prop. 133 L (2019–2020), støtta òg forslaget, sjølv om enkelte uttalte at kravet til underskrifter burde fråvikast.

Departementet viser òg til at Valdirektoratet har innhenta synspunkt på løysinga for digital signering av listeforslag som blei nytta ved stortingsvalet i 2021, frå fylkeskommunane og forslagsstillarane. Både fylkeskommunane og forslagsstillarane meiner i hovudsak at løysinga var eit nyttig verktøy, men at ho bør utviklast vidare, og at det bør gjerast enkelte endringar. Fylkeskommunane blei òg spurde korleis dei opplevde denne løysinga i valgjennomføringsundersøkinga utført av Oslo Economics. Fleire gir uttrykk for at dei er positive til løysinga og ønskjer vidare digitalisering av listeforslagsprosessen.

Som følgje av at det blei opna for elektroniske underskrifter ved stortingsvalet i 2021 ved ei mellombels lovendring, og at det blei utvikla ei elektronisk løysing for innsamling av desse, meiner departementet at framlegget til endring bør kome no, og at ein ikkje bør vente til det blir lagt fram forslag om ny vallov.

Forslagsstillarar som skal stille liste etter dei forenkla reglane om underskrifter på listeforslag etter § 6-3 første ledd, har allereie etter dagens reglar høve til å nytte elektronisk underskrift. Også desse bør etter departementets syn nytte same løysing ved bruk av elektronisk signatur.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om ei føresegn som gir departementet heimel til å vedta i forskrift at det skal vere høve til å nytte elektronisk signatur for å skrive under listeforslag etter vallova § 6-3 gjennom bruk av ei godkjent elektronisk løysing. Dette vil vere ei løysing Valdirektoratet får utvikla og stiller til rådvelde.

Valdirektoratet vil på bakgrunn av forslaget til lovendring få i oppdrag å utvikle ei permanent løysing for innsamling av elektroniske underskrifter. Løysinga skal utviklast vidare slik at data enkelt skal kunne eksporterast til det elektroniske valadministrasjonssystemet EVA i tråd med tilbakemeldingane på løysinga fylkeskommunane har gitt Valdirektoratet. Det bør òg vere mogleg å lagre påbyrja listeforslag, slik at arbeidet ikkje må gjerast på nytt ved eventuelle tidsavbrot, i tråd med tilbakemeldingane frå forslagsstillarane.

Digital tryggleik er ein grunnleggjande føresetnad for å halde oppe tilliten til digitale løysingar i offentleg sektor. Valdirektoratets løysing skal derfor framleis sikre krav til tryggleik og personvernet til den enkelte på ein god måte.

Departementet tek sikte på at den digitale løysinga skal vere klar til bruk innan 1. oktober 2022, og at løysinga fortrinnsvis skal nytte nasjonale felleskomponentar som ID-porten. Partia og gruppene vil òg framleis kunne samle inn underskrifter på papir. Departementet understreker at den digitale løysinga ikkje påverkar valstyrets og fylkesvalstyrets behandling av listeforslaga etter gjeldande reglar. Valstyret og fylkesvalstyret må kontrollere listeforslaga og underskriftene på listeforslaga, jf. vallova § 6-6.

Sjølv om elektronisk innsamling av underskrifter utgjer ei viss endring i premissane, fremjar departementet førebels ikkje noko framlegg om endringar i kravet til talet på underskrifter som skal samlast inn. Formålet med kravet om 500 underskrifter er å «sikre at de lister som opptrer ved valget har en viss tilslutning fra velgernes side», jf. Ot.prp. nr. 45 (2001–2002) punkt 11.2.3 s. 160. Kor mange underskrifter som bør krevjast, vil bli vurdert i oppfølginga av utgreiinga frå vallovutvalet. Departementet viser til at vallovutvalet i utgreiinga si har gjort framlegg om fleire endringar i regelverket for listeforslag, mellom anna krav til talet på underskrifter. Dette gjeld òg talet på underskrifter for å registrere eit parti i Partiregisteret.

4.2 Høve til å leggje eit vallokale utanfor røystekrinsen

4.2.1 Gjeldande rett

Det er valstyret som avgjer kvar det skal vere mogleg å røyste på valtinget, jf. vallova § 9-3 andre ledd. Departementet har lagt til grunn at vallokalet geografisk må liggje i røystekrinsen.

4.2.2 Høve til å leggje eit vallokale utanfor røystekrinsen ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok i 2021 ei mellombels endring i vallova om at vallokalet ved stortingsvalet i 2021 kunne liggje utanfor røystekrinsen, jf. Prop. 89 L (2020–2021). Føresegna blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

Bakgrunnen for den mellombelse endringa var utbrotet av covid-19, og at stortingsvalet skulle kunne gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Det blei lagt til grunn at smittevernomsyn ville medføre andre krav til kva som er eigna som vallokale. Større lokale er for eksempel betre eigna enn små med omsyn til å redusere risikoen for smitteoverføring. Høve til å nytte vallokale som geografisk ligg utanfor røystekrinsen, ville kunne gjere det enklare å finne eigna vallokale.

4.2.3 Forslaget frå vallovutvalet

Utvalet peikar på at kravet om at vallokalet geografisk må liggje i røystekrinsen, kan medføre at andre, meir eigna og tilgjengelege lokale utanfor røystekrinsen ikkje kan nyttast. Bakgrunnen for føresegna har vore å sikre at vallokala ligg nær der veljarane er manntalsførte. Samtidig er det ikkje noka avgrensing på kor store krinsane kan vere. Utvalet meiner derfor at kravet om at vallokalet geografisk skal liggje i røystekrinsen, ikkje i seg sjølv sikrar at det er tilgjengeleg. Utvalet har tillit til vurderingane i kommunane og meiner det bør vere rom for at kommunane vurderer kvar det er formålstenleg å leggje eit vallokale. Utvalet understrekar derfor at forslaget det legg fram, ikkje fører vidare gjeldande rett om at vallokalet må liggje i røystekrinsen. Valstyret kan vedta at røystinga skal skje i eit vallokale som ikkje ligg i røystekrinsen, dersom det meiner dette lokalet er meir eigna og tilgjengeleg. Dette inneber for eksempel at kommunen kan dele kommunen inn i fleire mindre røystekrinsar som har vallokale i den same bygningen, for eksempel på ein skule, men at det blir nytta separate rom for kvart vallokale. Dette vil etter utvalet si vurdering kunne gi oversiktlege røystekrinsar og medverke til raskare oppteljing og betre kontroll.

4.2.4 Høyringa

Alle høyringsinstansane som har teke stilling til forslaget frå utvalet om at eit vallokale ikkje geografisk treng å liggje i røystekrinsen, støttar forslaget. Desse er Asker kommune, Bergen kommune, Hammerfest kommune, Molde kommune, Oslo kommune, Sarpsborg kommune og Trondheim kommune.

Oslo kommune trekkjer fram at forslaget gir meir fleksibilitet når det gjeld å finne vallokale, og at dette kan vere nyttig i tilfelle der dei i dag må gjere mellombelse krinsendringar fordi eit lokale er under ombygging.

Sarpsborg kommune viser òg til at forslaget gir kommunane større fleksibilitet, og at dette gir kommunen betre høve til å tilfredsstille kravet om at vallokalet skal vere tilgjengeleg for alle veljarar.

4.2.5 Departementets vurdering

Departementet er samd med vallovutvalet og høyringsinstansane i at det bør vere høve til å leggje vallokalet utanfor røystekrinsen. Som blant anna Sarpsborg kommune peikar på, gir ei slik føresegn kommunane større fleksibilitet samtidig som det gir dei betre høve til å tilfredsstille kravet om at vallokalet skal vere tilgjengeleg for alle veljarar. Ei slik føresegn gir òg, som vallovutvalet peikar på, kommunane høve til å dele kommunen inn i fleire mindre røystekrinsar som har vallokale i den same bygningen, for eksempel på ein skule, men at det blir nytta separate rom for kvart vallokale. Det vil kunne gi meir oversiktlege røystekrinsar og medverke til raskare oppteljing og betre kontroll.

Ein slik regel blei mellombels fastsett for stortingsvalet i 2021, og departementet meiner derfor at ordninga bør innførast allereie no, utan å vente til forslag om ny vallov blir lagt fram. Dette fordi ei ny vallov først vil kunne tre i kraft ved stortingsvalet i 2025. Departementet gjer framlegg om å endre lova slik at det ikkje lenger er krav om at vallokalet må liggje i røystekrinsen.

4.3 Høve til å opprette ekstra vallokale

4.3.1 Gjeldande rett

Det er valstyret som avgjer kvar det skal vere mogleg å røyste på valtinget, jf. vallova § 9-3 andre ledd. Det skal berre vere eitt vallokale i kvar røystekrins.

4.3.2 Høve til å opprette ekstra vallokale ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok i 2021 ei mellombels endring i vallova om at valstyret ved stortingsvalet i 2021 sjølv kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins ved lokale utbrot av covid-19, jf. Prop. 89 L (2020–2021).

Bakgrunnen for den mellombelse endringa var utbrotet av covid-19 og at stortingsvalet skulle kunne gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Ved å opprette fleire vallokale for ein røystekrins ved lokale utbrot av covid-19 kunne ein spreie veljarane meir og dermed redusere køane i og utanfor vallokalet. Ekstra vallokale ville dessutan redusere behovet for å bruke kollektivtransport for å komme til vallokala. Ekstra vallokale kunne òg opprettast særskilt for veljarar i karantene, jf. no oppheva § 9-3 c.

Det blei samtidig vedteke særskilde rutinar for korleis røystinga skulle skje i ekstra vallokale. Dersom kommunen brukte elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen, skulle veljaren leggje røystesetelen direkte i urna, med mindre røystemottakaren i det ekstra vallokalet ikkje kunne setje kryss ved namnet på veljaren i det elektroniske manntalet. Dersom røystemottakaren ikkje kunne setje kryss ved namnet til veljaren i det elektroniske manntalet, eller dersom kommunen nytta papirmanntal, skulle veljaren ikkje leggje røystesetelen ned i urna. Veljaren skulle då røyste i røystesetelkonvolutt, og denne konvolutten skulle leggjast i ein omslagskonvolutt, som deretter skulle leggjast i ei urne.

Det blei òg vedteke at det ikkje kunne gjerast særskild oppteljing av røystesetlar som kom frå ekstra vallokale. Dette innebar at røystesetlane som var lagde direkte i urna i eit ekstra vallokale, skulle teljast opp på den måten valstyret fastsette at røystesetlane for røystekrinsen skulle teljast opp.

Føresegnene blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

4.3.3 Forslaget frå vallovutvalet

Utvalet peikar på at valstyra har eit ansvar for å leggje til rette for at veljarane kan røyste. Utvalet meiner at valstyret i større grad bør kunne avhjelpe i tilfelle der veljarane ikkje får røysta på grunn av ein krisesituasjon. Valstyret bør derfor kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins på valtinget som kjem i tillegg til det ordinære vallokalet. Med tanke på at valet skal vere tilgjengeleg for alle veljarar, bør valstyret ha høve til å opprette ekstra vallokale ikkje berre ved ekstraordinære hendingar, men generelt der valstyret vurderer dette som nødvendig for å sikre at veljarane får røyste. Utvalet gjer derfor framlegg om å lovfeste at valstyret kan opprette ekstra vallokale.

4.3.4 Høyringa

Ingen av høyringsinstansane har merknader til vallovutvalets forslag om at valstyret skal kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste.

4.3.5 Departementets vurdering

Departementet viser til at det er ein grunnleggjande rett å kunne røyste ved offentlege val. Departementet er samd med utvalet i at valstyret bør kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste, og gjer derfor framlegg om ein slik regel. Departementet viser til at alle høyringsinstansane som uttalte seg i forkant av denne lovendringa, støtta framlegget.

Ein liknande regel blei fastsett for stortingsvalet i 2021, og alle høyringsinstansane som uttalte seg i forkant av denne lovendringa, støtta forslaget. Departementet meiner derfor at ordninga bør innførast alt no, utan å vente til det blir lagt fram forslag om ny vallov. Dette er fordi ei ny vallov først vil kunne tre i kraft ved stortingsvalet i 2025.

Departementet vil likevel peike på at det klare utgangspunktet etter gjeldande rett er at det skal vere berre eitt vallokale per røystekrins, og gjer framlegg om å ta dette inn i lovteksten. Heimelen for å opprette eit ekstra røystelokale for røystekrinsen kan av den grunn berre nyttast dersom det oppstår forhold som gjer det nødvendig å opprette eit ekstra vallokale for å sikre at veljarane har høve til å røyste. Dette kan for eksempel vere å opprette eit ekstra vallokale på ei øy dersom brua til fastlandet, der vallokalet i røystekrinsen ligg, må stengjast. Vilkåret om at det skal vere nødvendig for å sikre at veljarane har høve til å røyste, vil ikkje vere oppfylt der forholdet som aktualiserer å opprette ekstra vallokale, var kjent ved inndelinga av kommunen i røystekrinsar. Heimelen kan likevel nyttast der det har vore kjent at det er eit visst sannsyn for at noko vil kunne oppstå, men der dette ikkje er sikkert, for eksempel ved lokale utbrot av smittsame sjukdommar som covid-19. Det ekstra vallokalet for røystekrinsen treng ikkje å liggje geografisk i røystekrinsen, jf. punkt 4.2.5.

Departementet gjer òg framlegg om at det blir fastsett føresegner for korleis røystinga skal skje i ekstra vallokale, og om at det ikkje skal kunne gjerast særskild oppteljing av røystesetlar som kjem frå ekstra vallokale. Departementet meiner at dei same reglane som på desse områda blei fastsette mellombels for stortingsvalet i 2021, bør gjerast permanente, jf. punkt 4.3.2, der desse reglane er omtalte nærmare.

4.4 Oppteljing av førehandsrøyster søndag før valdagen

4.4.1 Gjeldande rett

Det følgjer av vallova § 10-4 første ledd at det er valstyret som har ansvaret for oppteljinga av røystesetlane, og som avgjer kven som tel opp røystene, og på kva måte oppteljinga skal gjerast. Vallova § 10-4 inneheld likevel nokre reglar for oppteljinga og stiller blant anna krav om at røystesetlane skal teljast i to omgangar, éi førebels og éi endeleg oppteljing, jf. vallova §§ 10-5 og 10-6. I den førebelse oppteljinga skal røystesetlane teljast manuelt, jf. valforskrifta § 37 a.

Oppteljinga av førehandsrøyster skal starte seinast fire timar før røystinga er avslutta ved alle vallokala i kommunen. Oppteljinga kan berre starte dersom oppteljinga kan skje utan å stride mot prinsippet om hemmeleg val. Om dette ikkje er mogleg, skal oppteljinga starte så snart alle førehandsrøystegivingar er godkjende. Føresegna er tolka slik at det ikkje er høve til å starte oppteljinga før valdagen, men at dette er ikkje til hinder for at kommunane gjer førebuingar til oppteljinga. For eksempel kan røystesetelkonvoluttane opnast og røystesetlane sorterast.

Den førebelse oppteljinga av røystesetlane som kjem inn på valtinget, skal starte så fort som råd etter at røystinga på valtinget er avslutta.

4.4.2 Høve til å starte førebels oppteljing av førehandsrøyster søndagen før valdagen ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok i 2021 ei mellombels føresegn i vallova om at førebels oppteljing av røystesetlar som er leverte på førehand, kunne starte søndagen før valdagen, dersom dette kunne skje utan å stride mot prinsippet om hemmeleg val. Endringa gjaldt berre ved stortingsvalet i 2021, jf. Prop. 89 L (2020–2021).

Bakgrunnen for den mellombelse endringa var utbrotet av covid-19 og at stortingsvalet skulle kunne gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Departementet viste for det første til at det kunne ventast fleire førehandsrøyster ved valet i 2021. For det andre peika departementet på at kommunane i tillegg måtte organisere oppteljinga på ein annan måte enn normalt, ettersom dei måtte setje i verk smitteverntiltak som dei ikkje vanlegvis følgjer under oppteljinga. For det tredje viste departementet til at vallovutvalet i utgreiinga si meinte det ville kunne vere ein fordel for organiseringa av valgjennomføringa dersom oppteljinga av førehandsrøyster ikkje må starte for tett på innspurten av valtinget. Føresegna blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

4.4.3 Forslaget frå vallovutvalet

Utvalet meiner at omsynet til eit raskt valoppgjer tilseier at kommunane bør få fridom til sjølv å vurdere når oppteljinga av førehandsrøyster bør starte. Det vil også kunne vere ein fordel for organiseringa av valgjennomføringa dersom oppteljinga ikkje må starte for tett på innspurten av valtinget. Det er viktig at krav til hemmeleghald av teljinga blir overhaldne, og oppteljinga må organiserast på ein slik måte at færrast mogleg kjenner til oppteljingsresultat. I dag vil særleg større kommunar klargjere for teljing på søndagen. Dette inneber blant anna å opne konvoluttar og sortere røystesetlar. På bakgrunn av dette gjer utvalet framlegg om å lovfeste at oppteljinga av førehandsrøyster bør kunne starte dagen før valdagen, det vil seie søndagen.

4.4.4 Høyringa

Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om framlegget om at oppteljinga av førehandsrøyster kan starte tidlegast søndag før valdagen, støttar framlegget. Desse er Asker kommune, Bergen kommune, Gjerstad kommune, Hammerfest kommune, Molde kommune, Oslo kommune, Trondheim kommune og Vestland fylkeskommune.

Trondheim kommune meiner framlegget er ein naturleg konsekvens av påbodet om manuell teljing, ettersom det tek lengre tid enn maskinell.

Alle høyringsinstansane (med unntak av éin privatperson) som uttalte seg om tilsvarande forslag til mellombels lovendring som blei vedteke for stortingsvalet i 2021, jf. Prop. 89 L (2020–2021), støtta forslaget.

4.4.5 Departementets vurdering

Departementet støttar forslaget frå utvalet om at kommunane kan starte oppteljinga av førehandsrøyster søndagen før valdagen. Departementet viser for det første til at eit stort fleirtal av kommunane ønskjer å føre vidare høvet til å starte oppteljing av førehandsrøyster søndagen før valdagen, ifølgje valgjennomføringsundersøkinga for 2021. For det andre viser departementet til at utvalet i grunngivinga si trekkjer fram omsynet til eit raskt valoppgjer og omsynet til ei god organisering av valgjennomføringa. Departementet vil for det tredje peike på at det uavhengig av koronapandemien er ein stor prosentdel av veljarane som førehandsrøystar. Ved stortingsvalet i 2017 førehandsrøysta 36,4 prosent av alle som røysta ved valet, mens prosentdelen som førehandsrøysta i 2021 var 57,9. Det er derfor venta mange førehandsrøyster også ved framtidige val.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at kommunane kan starte oppteljinga av førehandsrøyster søndagen før valdagen. Vilkåret om at oppteljinga berre kan starte dersom det kan skje utan å stride mot prinsippet om hemmeleg val, skal framleis gjelde. Det enkelte valstyret er ansvarleg for å sørgje for at omsynet til hemmeleghald blir sikra under oppteljinga på søndagen. Valstyret må sikre at røystesetlar og resultat blir oppbevarte på ein trygg måte fram til kl. 21 på valdagen, og at uvedkommande ikkje får tilgang til resultat frå den førebelse oppteljinga.

Som følgje av at det blei opna for å telje opp førehandsrøyster søndagen før valdagen ved stortingsvalet i 2021, meiner departementet at framlegget om denne endringa bør komme no, slik at regelen kan gjelde ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023. Ein bør ikkje vente til det blir lagt fram forslag om ny vallov, sidan denne tidlegast vil kunne ta til å gjelde ved stortingsvalet i 2025.

Til forsida