Prop. 95 L (2021–2022)

Endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

Til innhaldsliste

5 Framlegg til endringar i partilova

5.1 Endringar i partilova som følgje av at fylka ikkje lenger er valdistrikt ved stortingsval

Stortinget vedtok den 8. juni 2016 å slå saman Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, jf. Prop. 130 LS (2015–2016) og Innst. 361 L (2015–2016), og den 8. juni 2017 vedtok Stortinget ei ny inndeling av det regionale folkevalde nivået, jf. Prop. 84 S (2016–2017) og Innst. 385 S (2016–2017). På bakgrunn av desse vedtaka blei 19 fylke slått saman til 11. Den nye fylkesinndelinga hadde konsekvensar for valordninga ved stortingsval, ettersom fylka på det tidspunktet var valdistrikt ved stortingsval. Det blei derfor i Prop. 76 L (2017–2018) gjort framlegg om å endre ei rekkje føresegner i vallova som nytta nemninga «fylke» når det var snakk om funksjonen som valdistrikt. Det blei gjort framlegg om å endre «fylke» til «valgdistrikt» i desse føresegnene. Bakgrunnen for framlegget var at det følgjer av Grunnlova § 57 andre ledd at det skal vere 19 valdistrikt ved stortingsval. Det følgde samtidig av vallova § 11-1 at kvart fylke utgjer eit valdistrikt. Lovframlegget blei vedteke av Stortinget i 2018.

Ved ein inkurie blei det ikkje samtidig gjort framlegg om å endre partilova, som også nyttar nemninga «fylke» når det i innhald er snakk om funksjonen som valdistrikt. Departementet gjer derfor framlegg om å erstatte «fylke» med «valgdistrikt» i partilova § 4 første og andre ledd.

Dette framlegget har ikkje blitt sendt på høyring, sidan det må reknast som openbart unødvendig, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd.

5.2 Retting av feil tilvising i partilova § 18 første ledd

Departementet gjer også framlegg om å rette opp ei feil tilvising i partilova § 18 første ledd. Det blir her vist til § 1 tredje ledd andre punktum. Riktig tilvising skal vere § 1 tredje ledd første punktum.

Dette framlegget har ikkje blitt sendt på høyring, sidan det må reknast som openbart unødvendig, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd.

Til forsida