Prop. 95 L (2021–2022)

Endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet gjer framlegg om ein heimel til å forskriftsfeste at det skal vere mogleg å samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk. Kostnadene til vidareutvikling av løysinga som blei teken i bruk ved stortingsvalet i 2021, har Valdirektoratet kalkulert til å vere om lag 1 million kroner. Kostnadene kan dekkjast innanfor dei gjeldande rammene til direktoratet.

Dei andre forslaga om å opne for at vallokale geografisk kan liggje utanfor røystekrinsen, at valstyret kan vedta å opprette ekstra vallokale dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste, og at oppteljing av førehandsrøyster kan starte søndagen før valdagen, gir auka fleksibilitet for kommunane ved gjennomføring av val. Proposisjonen inneheld òg forslag til endringar i partilova som følgje av at fylka ikkje lenger er valdistrikt ved stortingsval, og retting av ein tilvisingsfeil i same lov. Forslaga vil ikkje medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida