Prop. 95 L (2021–2022)

Endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til lovframlegget

Til vallova

Til § 6-3 a

Paragrafen er ny og gir departementet heimel til å gi forskrift om høve til å nytte også elektronisk signatur til å skrive under listeforslag etter § 6-3, gjennom bruk av ei godkjend digital løysing. Dette vil vere ei løysing som blir utvikla av Valdirektoratet. Digital tryggleik er ein grunnleggjande føresetnad for å halde oppe tilliten til gjennomføringa av val. Forskriftsheimelen kan derfor ikkje nyttast til å opne for elektronisk signatur på listeforslag gjennom bruk av andre digitale løysingar.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 4.1.

Til § 9-3 andre ledd

I første punktum blir det presisert at det er valstyret sjølv som skal gjere vedtak om kvar og når røystegivinga skjer. Dette myndet kan ikkje delegerast til andre. Dette er i tråd med korleis føresegna er blitt tolka, og blir teke inn i lovteksten av omsyn til at det i fjerde punktum blir teke inn ei føresegn om at valstyret kan opprette ekstra vallokale for ein røystekrins. Presiseringa er også i tråd med forslaget frå vallovutvalet. Andre punktum i gjeldande rett er ført vidare i andre punktum. Tredje punktum er nytt og fastset at det skal vere eitt vallokale per røystekrins. Det er i tråd med gjeldande rett, men heller ikkje dette har tidlegare kome direkte fram av lovteksten. Derimot er det ikkje lenger noko krav om at vallokalet må vere geografisk plassert i røystekrinsen. Bakgrunnen for presiseringa om berre eitt vallokale per røystekrins, er at det i nytt fjerde punktum blir opna for at valstyret likevel kan opprette ekstra vallokale for ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste. Myndet til å fastsetje dette er lagt til valstyret sjølv, jf. første punktum. Tredje til sjuande punktum i gjeldande andre ledd er førte vidare i femte til niande punktum i framlegget.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 4.2 og 4.3.

Til § 9-5 b

Paragrafen er ny og fastset reglar for korleis røystegivinga skal skje i ekstra vallokale som er oppretta etter § 9-3 andre ledd fjerde punktum.

Det følgjer av første ledd at dersom kommunen nyttar papirmanntal, skal røysta leggjast i ein røystesetelkonvolutt som blir lagt i ein omslagskonvolutt. Dette er fordi det då ikkje vil vere tilgjengeleg eit særskilt manntal for det ekstra vallokalet.

Det er i andre ledd fastsett reglar for korleis røystegivinga skal skje dersom kommunen har innført elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen, og det er straumbrot eller kommunikasjonsbrot mot manntalet, slik at det ikkje kan setjast kryss ved namnet på veljaren i manntalet. Røystesetlane skal då behandlast som beredskapsrøyster, jf. vallova § 9-5 a fjerde ledd. Dersom det elektroniske manntalet fungerer, skal røystene takast imot på vanleg måte, jf. vallova § 9-5 andre og tredje ledd og § 9-5 a andre ledd.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 4.3.

Til § 10-4 andre ledd andre punktum

Føresegna er ny og fastset at det ikkje kan gjerast ei særskild oppteljing av røystesetlar som kjem frå ekstra vallokale, jf. § 9-3 andre ledd fjerde punktum. Dette inneber at røystesetlar som er lagde direkte i ei urne, anten må teljast opp hos røystestyret i det ordinære vallokalet for røystekrinsen saman med dei andre røystesetlane som kjem inn i krinsen, eller teljast opp krinsvis eller samla hos valstyret. Røystesetlar som er lagde i røystesetelkonvoluttar og deretter i omslagskonvoluttar etter § 9-5 b første ledd, skal behandlast og teljast opp på same måte som andre røystesetlar som er lagde i røystesetelkonvoluttar og omslagskonvoluttar, jf. vallova § 10-6 andre ledd andre og tredje punktum. Tilsvarande skal beredskapsrøyster som er gitte etter § 9-5 b andre ledd, behandlast og teljast opp på same måte som andre beredskapsrøyster, jf. vallova § 10-6 andre ledd andre og tredje punktum.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 4.3.

Til § 10-5 første ledd tredje punktum

Føresegna er ny og fastset at den førebelse oppteljinga av førehandsrøyster kan starte dagen før den offisielle valdagen. Dette inneber ei endring av gjeldande rett ved at tidspunktet for når oppteljinga kan starte, blir flytta fram éin dag. Oppteljinga kan berre starte dagen før valdagen dersom det kan gjerast utan å stride mot prinsippet om hemmeleg val, jf. første punktum.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 4.4.

Til partilova

Til § 4 første og andre ledd

«Fylke» er erstatta med «valgdistrikt».

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 5.1.

Til § 18 første ledd

Endringa rettar opp feil tilvising i lova.

Sjå elles dei alminnelege motiva punkt 5.2.

Til iverksetjingsføresegna

Av omsyn til at det skal vere føreseieleg kva reglar som skal gjelde frå og med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023, og til opplæringa av valansvarlege og valmedarbeidarar i kommunane og fylkeskommunane, gjer departementet framlegg om at endringslova skal ta til å gjelde straks. Det er ingen grunn til at endringane i partilova ikkje skal ta til å gjelde samtidig.

Til forsida