Rettleiar om organisering og gjennomføring av regionalt planforum

Til innhaldsliste

3 Kven deltek i planforum?

3.1 Offentlege myndigheiter

Regionalt planforum er først og fremst ein arena der offentlege organ drøftar konkrete plansaker. Dei statlege og regionale myndigheitene og kommunane som har interesser i den enkelte saka, deltek i møta. Statsforvaltaren og fylkeskommunen har ansvar for mange fagområde, og bør derfor delta fast i planforum. Andre myndigheiter deltek når sakene rører ved ansvarsområda deira.

Kommunane og fylkeskommunane kan be om at bestemde fagmyndigheiter deltek i planforum. Fylkeskommunane bør aktivt oppmode kommunane til å bruke regionalt planforum i viktige saker, og bidra til at aktuelle myndigheiter deltek i møta. Statsforvaltaren skal òg bidra til at statlege fagmyndigheiter deltek i planforum når aktuelle saker skal takast opp.

I vedlegg til rundskriv H-2/14 om motsegner i plansaker etter plan- og bygningslova er det ei liste over myndigheiter med motsegnskompetanse og kva som er deira ansvarsområde, sjå tabellen under. Myndigheitene skal inviterast til regionalt planforum dersom planen angår deira fagområde.

Kven

Ansvarsområde og ansvarleg departement

Andre kommunar

  • saker som er av vesentleg betydning for kommunen

Statsforvaltaren

  • forureining inkludert støy, lokalluft og klima, vassmiljøkvalitet, naturmangfald, landskap, friluftsliv, strandsone, samordna areal- og transportplanlegging, handelsverksemd, tilstrekkeleg bustadbygging (KLD/KMD)
  • folkehelse inkludert miljøretta helsevern (HOD)
  • interessene til barn og unge (BFD/KD)
  • universell utforming (KUD)
  • samfunnstryggleik, risiko og sårbarheit (JD)
  • jord- og skogbruk herunder kulturlandskap (LMD)
  • reindrift (LMD)
  • gravplassar (BFD)

Fylkeskommunane

  • kulturmiljø, friluftsliv, samordna areal- og transportplanlegging, handelsverksemd, regional plan og planstrategi (KLD/KMD)
  • interessene til barn og unge (BFD/KD)
  • universell utforming (KUD)
  • fylkesvegar (SD)
  • havbruksinteresser, akvakultur (NFD) 

Avinor AS

  • luftfartsanlegg drivne av Avinor (SD)

Bane NOR SF

  • jernbanar, jernbanetransport (DS)

Direktoratet for mineralforvaltning

  • mineralske førekomstar, massetak, bergverk (NFD)

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

  • verksemder som handterer farlege stoff, transport av farleg gods, branntryggleik inkludert tunellar og underjordiske anlegg (JD) 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, sivilforsvarsdistrikta

  • tilfluktsrom

Fiskeridirektoratet sine Regionkontor

  • fiskeri, tang- og tarehausting (NFD)

Forsvarsbygg

  • interessene til Forsvaret (FD)

Kystverket

  • havne- og farvannsforvalting, utnytting av sjøområde, kaianlegg, sjøtransport (SD) 

Luftfartstilsynet

  • støyomsyn ved lufthavnsdrift og reglane om luftfartshinder, offentlege lufthamner som ikkje er drivne av Avinor (SD) 

Mattilsynet

  • fiskehelse og fiskevelferd (NFD)
  • drikkevatn (HOD) 

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

  • spørsmål om energi, skred, flaum, vassdrag og grunnvatn (OED)

Oljedirektoratet

  • etablerte og planlagde landanlegg og røyrleidningar for petroleumsverksemd knytt til utvinning av petroleum på norsk kontinentalsokkel (OED) 

Politidistrikta

  • kriminalitetsførebygging (JD)

Riksantikvaren

  • kulturmiljø (KLD) 

Sametinget

  • samiske kulturmiljø (KLD/KMD)
  • samisk kultur og næringsutøving 

Statens vegvesen

  • riksvegar, vegtransport (SD)

Statsbygg

  • byggje- og eigedomspolitikk og samfunnspolitiske mål i forhold til arkitektur (KMD)

Det kan òg vurderast om andre offentlege aktørar skal inviterast dersom det er behov for kompetansen deira. Husbanken kan vere eit døme på ein slik aktør.

3.2 Kva rolle har deltakarane i planforum?

Kommunen (for kommunale planar) og fylkeskommunen (for regionale planar) vel sjølve kven som skal representere dei og presentere plansaka i planforum. Kommunen kan delta på politisk og/eller administrativt nivå, eventuelt med bistand frå privat forslagsstillar og plankonsulent.

Kommunen skal alltid delta i planforum, og kan ikkje la private tiltakshavarar presentere saka aleine. Dersom kommunen har med seg tiltakshavar og konsulent i planforum, er det viktig å vere bevisst at det er kommunen som er planmyndigheit, og at rolla til konsulenten er å hjelpe kommunen.

Dei som skal delta i regionalt planforum må ha tilstrekkeleg mandat til å klargjere interessene til etaten og til å bidra i drøftingane for å finne løysingar og leggje til rette for samordning. Dei må ha myndigheit og kompetanse som står i forhold til dei spørsmåla plansaka reiser. Det krev til dømes ein annan kompetanse å gi innspel til ein overordna strategisk samfunnsdel enn til ein konkret reguleringsplan med konfliktpotensial. Det er òg føremålstenleg at nivået på deltaking er samstemt mellom dei ulike myndigheitene.

For at planforum skal vere mest mogleg nyttig for dei frammøtte, er det viktig at deltakarane har sett seg godt inn i materialet som er sendt ut på førehand, og problemstillingane som skal drøftast. Nokre gonger kan kontakt med representantar for andre interesse vere ein nødvendig del av førebuingane.

3.3 Andre deltakarar

Planforum er først og fremst ein arena for å sikre medverknad og samordning av innspel frå offentlege myndigheiter. Medverknad frå private organisasjonar og institusjonar bør primært sikrast gjennom ordinære medverknadsprosessar.

Plan- og bygningslova opnar likevel for at andre representantar for aktuelle interesser kan inviterast til planforum, jf. Ot.prp. nr. 32 (2007–2008) om plan- og bygningslova s. 191:

«I de samiske bruksområdene skal så vidt mulig representanter for samiske interesser og reindriftens styrings- og forvaltningsorganer delta. Også andre kan inviteres.»

Dersom fylkeskommunen vil opne for at interesseorganisasjonar og andre kan delta i planforum, bør ein avklare dette med planmyndigheita og myndigheitene som deltek i møtet. Det må òg vurderast om dei som deltek i møtet, skal ha talerett. Enkelte fylkeskommunar har laga mandat for deltakinga til interesseorganisasjonar i planforum.