St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

10 Fråsegn, Brussel, 8. desember 2005 Møte i NATO/Russland-rådet på utanriksministernivå

Som utanriksministrar i NATO/Russland-rådet møttest vi i Brussel 8. desember 2005. Vi gledde oss over den vesentlege framgangen som er oppnådd siste året i arbeidet med å utvikle og forsterke den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet, mellom anna gjennom utviklinga av felles posisjonar og initiativ, i pakt med Roma-erklæringa frå 2002.

På grunnlag av dei politiske konsultasjonane som vart haldne i 2005 om situasjonen i Afghanistan, på Balkan, i Midtausten, i Georgia og i Sentral-Asia, utveksla vi synspunkt på aktuelle internasjonale tryggingsspørsmål, mellom anna den siste utviklinga i Kosovo og Afghanistan.

Vi stadfeste at vi står fast på å intensivere innsatsen i 2006, og tok for oss framgangen i gjennomføringa av NATO/Russland-handlingsplanen om terrorisme, mellom anna førebuingane til deltaking av russiske marinestyrkar i operasjon Active Endeavour i Middelhavet, med sikte på å hjelpe til med å avskrekke, stanse og verne mot terrorisme. Vi såg positivt på resultata av konferansen om «Lærdommar etter terroråtak i seinare tid: bygging av nasjonale kapasitetar og institusjonar», som vart halden i Ljubljana i Slovenia i juni-juli 2005. Vi merkte oss med glede at Russland har underteikna styrkestatusavtalen for PFP, noko som vil danne eit juridisk grunnlag for auka praktisk og operativt samarbeid, og såg fram til ei snarleg ratifisering av avtalen. Vi godkjende eit ambisiøst arbeidsprogram for dei kommande åra, bygd på dette og andre oppnådde resultat, og understreka at vi er forplikta til å gjere publikum betre kjent med måla, prinsippa og aktivitetane til NRC.

Vi stadfeste vår støtte til internasjonal innsats for å fremje tryggleik og stabilitet i og rundt Afghanistan. I så måte uttrykte vi uro over truslane som følgjer med narkotikatrafikken, mellom anna finansiering av terrorisme, og vart i dag samde om å setje i gang eit NRC-pilotprosjekt om antinarkotikaopplæring for afghansk og sentralasiatisk personell. Vi ventar at denne felles NATO/Russland-innsatsen vil bli eit konkret og meiningsfylt tilskot til den internasjonale innsatsen for å motarbeide truslane ved narkotikatrafikk.

Vi understreka behovet for å samarbeide på konkrete måtar for å betre tryggleiken for innbyggjarane våre og for alle i det euroatlantiske området. Vi merkte oss med glede at fase I av forstudien til eit samarbeidsinitiativ om luftrom er fullført med positivt utfall, og at dette vil setje oss betre i stand til å samarbeide om forvaltning, tryggleik og innsyn når det gjeld luftrom. Vi såg fram til den tredje TMD-kommandopostøvinga i NRC-regi, som Russland skal vere vertskap for i 2006, på grunnlag av vellukka øvingar i både USA og Nederland. Vi gledde oss over framgangen i samarbeidet om sivil kriseplanlegging, og såg fram til ei NRC-øving i konsekvenshandtering som skal haldast av Italia hausten 2006. Vi gledde oss over den pågåande NRC-dialogen om spreiing av masseøydeleggingsvåpen (WMD), og streka under behovet for ytterlegare styrking av denne typen dialog. Vi merkte oss framgangen i arbeidet med å kartleggje mogelege område for praktisk samarbeid om vern mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske materiale og stoff, og såg fram til vidare arbeid på dette feltet i 2006.

Vi gledde oss over framgangen i NRC-samarbeidet om forsvarsreformer, og merkte oss særleg at forsvarsministrane i NRC i juni 2005 slutta seg til ei politisk-militær rettleiing for auka interoperabilitet mellom styrkar frå Russland og NATO-land. Vi var òg nøgde med at forsvarsstabsjefane i NRC har vedteke ein ambisiøs arbeidsplan for 2006 og påfølgjande år som skal tene som rettesnor for det framtidige fagmilitære samarbeidet. Vi merkte oss med glede dei konkrete resultata av felles opplæring og øvingar på område som samband og søk og berging til sjøs, og såg fram til vidare innsats. Vi noterte òg med glede den vellukka gjennomføringa av eit NRC-seminar om kjernefysisk doktrine og strategi i Tyskland i juli 2005, og at NRC hadde delteke som observatør under ei øving i reaksjonar på kjernefysiske ulykker, Senator 2005, som Storbritannia var vertskap for i september 2005.

Med omsyn til traktaten om konvensjonelle væpna styrkar i Europa (CFE) stadfesta vi, i samsvar med fellesprinsippet om den udelelege tryggleiken, den haldninga som kjem til uttrykk i fråsegna vår av 9. desember 2004. Vi såg positivt på framgangen den seinare tida i retning av å oppfylle tilsegnene i sluttakta frå konferansen mellom partsstatane i CFE-avtalen i 1999, og tok sterkt til orde for snarleg innsats for å oppfylle resterande tilsegner. I denne samanhengen var vi einige om å arbeide for at alle partsstatar må ratifisere avtalen om tilpassing av CFE-avtalen, og at denne må ta til å gjelde. Vi såg fram til den føreståande tredje tilsynskonferansen for CFE-avtalen.

Samstundes som vi merkte oss den gode framgangen dei siste tre og eit halvt åra på dei samarbeidsområda som vart utpeika av stats- og regjeringssjefane i Pratica di Mare, innsåg vi avslutningsvis behovet for å søkje djupare samarbeid innanfor NRC-rammene. I samband med dette gav vi NRC-ambassadørane i oppdrag å ta utgangspunkt i gjennomføringa av NATO/Russland-samarbeidet hittil for så å leggje fram på vårt neste møte forslag til prioriteringar i den vidare utviklinga av den nye kvaliteten i tilhøvet mellom NATO og Russland som Roma-erklæringa ser føre seg.

Til forsida