St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

1 Pressemelding, Vilnius, 21. april 2005 Møte i NATO/Ukraina-kommisjonen – Styrking av samarbeidet mellom NATO og Ukraina: Tiltak på kort sikt

Dei NATO-allierte og Ukraina er samde om å setje i gang tiltak som skissert nedanfor for å styrkje samarbeidet seg imellom og støtte prioriterte reformoppgåver i Ukraina. NATO/Ukraina-handlingsplanen dannar rammene for tiltaka, og vi set dei i verk på bakgrunn av vedtaket om å innleie ein intensivert dialog rundt dei ukrainske ambisjonane om medlemskap og relevante reformer, utan føringar for ei eventuell framtidig avgjerd i alliansen.

1.1 Styrking av demokratiske institusjonar

  • Bruke tilgjengelege ressursar frå NATO, allianseland og andre interesserte institusjonelle partar, til dømes Genève-senteret for demokratisk kontroll med væpna styrkar (DCAF), til å utvide innsatsen i den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform (JWGDR) med sikte på å hjelpe den nye leiinga til å setje utøvande og lovgjevande instansar, i tillegg til publikum, betre i stand til å halde oppsyn med institusjonar i forsvars- og tryggingssektoren som NATO samarbeider med.

  • Innhente og evaluere informasjon og utveksle synspunkt på det som vert gjort for å styrkje dei frie media og å få i stand reformer i valsystemet og rettsvesenet, mellom anna ved å invitere aktuelle ukrainske ministerium og organ til å halde regelmessige orienteringar om dette.

  • Bruke den årlege evalueringa av gjennomføringa av den ukrainske handlingsplanen dette året til å skaffe eit omfattande oversyn over kva som er oppnådd etter at planen vart vedteken i 2002, med konkret rettleiing om uoppfylte reformbehov.

  • Gjere full bruk av mekanismane for handlingsplanen (AP) og dei årlege målplanane (ATP) (gjennom eksisterande NATO/Ukraina-kanalar på alle nivå) til å gje positiv tilbakemelding om framgang på området, og kritikk og tilrådingar av konstruktiv art der det er nødvendig.

1.2 Fornya politisk dialog

  • Utvide spekteret av diskusjonstema på møte mellom NATO og Ukraina på alle nivå i tilknyting til NATO/Ukraina-kommisjonen, slik at det blir rom for alle område som er skisserte i charteret og arbeidsplanen.

  • Forplikte seg til å føre diskusjonar om konkrete politiske og tryggingsmessige saker som begge partar er opptekne av, særleg i samband med frosne konfliktar (til dømes Transdnjestria).

  • Tilby meir jamlege diskusjonar med Ukraina i materielle spørsmål (til dømes gjennom eit regelmessig, saksorientert møteprogram på alle NUC-nivå) for å gjere det praktiske samarbeidet meir målretta og fokusert. Målet er mellom anna auka operativt samarbeid på nøkkelområde (også i operasjon Active Endeavour, ISAF, KFOR og NATO-opplæringsprogrammet i Irak), i tillegg til å intensivere konsultasjonane om rustingskontroll, eksportkontroll og ikkje-spreiing (med sondering av utsiktene for eit ukrainsk bidrag til forsvar mot masseøydeliggingsvåpen (WMD)).

  • Betre førebuingane til høgnivåmøte ved å bruke den politiske komiteen i NUC-format til dette formålet, og til å utarbeide materielle spørsmålsstillingar.

  • Gjere publikum meir klar over den utvida politiske dialogen mellom NATO og Ukraina ved å bruke alle tilgjengelege verktøy innan offentleg diplomati.

1.3 Ny giv i samarbeidet om reformer i forsvars- og tryggingssektoren

  • Utvikle aktivitetar i samanheng med JWGDR-arbeidsplanen for 2005 som kan hjelpe Ukraina i arbeidet med ein fullstendig nasjonal gjennomgang av oppdraga, oppgåvene og funksjonane til alle tryggingsinstitusjonar som NATO samarbeider med.

  • Hjelpe til med reformer i etterretningssektoren, i samsvar med euroatlantiske standardar, gjennom auka utveksling av erfaringar og kompetanse mellom Ukraina og NATO-medlemsland; støtte opp om kapasitetsstyrking i dei ukrainske etterretningstenestene i kampen mot terrorisme.

  • På det praktiske nivået, styrkje tilgangen på alliert ekspertise (ekspertar frå Internasjonal stab (IS) / Internasjonal militærstab (IMS) og frå nasjonalt hald) til å støtte opp om det presserande arbeidet med å gjennomføre dei ukrainske reformplanane, mellom anna demilitariseringa av nasjonale tryggingsstrukturar, samtidig som det vert sett i verk ein grunnleggjande gjennomgang av samarbeidet i lys av korleis den nye ukrainske regjeringa definerer dei meir langsiktige behova i landet.

  • Hjelpe Ukraina med å utvikle sivilt personell som kan gå inn i nøkkel- og ekspertstillingar i ukrainske tryggingsinstitusjonar, mellom anna den nasjonale tryggings- og forsvarsrådet (NSDC).

  • Følgje opp konkrete førespurnader om informasjon og konkrete område der ekspertar frå begge sider kan samarbeide, samtidig som det vert utvikla eit breiare program under JWGDR.

  • Rådføre seg med alle relevante strukturar i det ukrainske forsvarsministeriet og NSDC for å oppmuntre til brei samordning av reformplanar og for å påvise konkrete behov for ekspertise på forsvarsplanlegging i utarbeidinga av mellomlangsiktige program.

  • Halde konferansar, arbeidssamlingar og seminar om forsvarspolitikk/-strategi og forsvarsøkonomiske spørsmål med medverknad av ekspertar frå allierte hovudstader for å hjelpe Ukraina til å styrkje evna til politikkformulering og å tilføre sivilsamfunnet auka ekspertise og tilsynskapasitet.

  • Styrkje tilhøvet mellom NATO-forsvarshøgskulen (NDC) og det nasjonale ukrainske forsvarsakademiet for å setje sistnemnde betre i stand til å generere nytenking i spørsmål som er viktige for arbeidet med forsvarsreformer. Dette kan mellom anna gå ut på å auke talet på ukrainske offiserar som deltek i NDC-program.

1.4 Betre og meir målretta innsats i offentleg diplomati

  • I samarbeid med dei ukrainske styresmaktene søkje å rette på negative publikumsoppfatningar av NATO i alle regionar av Ukraina, mellom anna ved å gje ut NATO/Ukraina-publikasjonar på russisk.

  • Auke kjennskapen til positive utviklingstrekk i NATO/Ukraina-samarbeidet, mellom anna i forsvarssektoren, og til samarbeidsaktivitetar mellom NATO og Russland i NATO/Russland-rådet (NRC).

  • Utvikle, saman med dei ukrainske styresmaktene, ein konkret strategi for offentleg diplomati der ukrainske sivile og militære tenestemenn, parlamentarikarar og ikkje-statlege organisasjonar (NGO) deltek på den eine sida, og NATO-tenestemenn, allierte representantar på høgt nivå og ekspertar på den andre.

  • Gjennomføre ein serie seminar for interessert personell i relevante ukrainske ministerium og for medierepresentantar, akademikarar og opinionsskaparar, med sikte på å utvikle større innsikt i NATO-spørsmål blant publikum.

  • Bruke NATO-institusjonar som Informasjons- og dokumentasjonssenteret, liaisonkontoret og kontaktambassaden til å få i stand hyppigare og meir synlege besøk til Ukraina av både allierte representantar og IS/IMS, for å medverke til å spreie informasjon og nøkkelbodskapar om NATO.

1.5 Auka støtte til å takle dei samfunnsøkonomiske følgjene av forsvarsreformer

  • På det praktiske nivået auke tilgangen på alliert ekspertise til støtte for den presserande oppgåva med å utarbeide og gjennomføre fristillings-, pensjons- og reetableringsprogram for ukra­inske militær- og tryggingsstyrkar, særleg i form av:

    • ekspertstøtte til ei evaluering av behov og til utarbeiding av ein omfattande omskolerings- og reetableringsplan,

    • auka praktisk støtte til konkrete omskoleringsprogram i 2005 og 2006, og

    • sondering av måtar å løyse dei meir langsiktige omskoleringsbehova i Ukraina på.

  • Yte ekspertråd til det forsvarsrelaterte industrikomplekset i Ukraina for å hjelpe det å tilpasse seg til nye marknadsrealitetar, leggje om til sivil produksjon og bli integrert i det euroatlantiske marknadsmiljøet, mellom anna ved å ta i bruk euroatlantiske standardar i våpeneksportkontrollen.

  • Arbeide for å sikre at det vert skaffa ekstra ressursar til PFP-fondet for destruksjon av overflødig forsvarsmateriell og overflødige handvåpen og lette våpen (SALW), slik at første destruksjonsfasen kan ta til snarast råd. Sondere utsiktene for ytterlegare samarbeid på området sikring og trygging av forsvarsmateriell.

Til forsida