St.meld. nr. 20 (2005-2006)

Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar

Til innhaldsliste

2 Situasjonen i dag

2.1 FN-konvensjonen om barn sine rettar og rekommandasjon om europeiske fengselsreglar

Noreg teke atterhald når det gjeld artikkel 10, pkt. 2 (b) og pkt. 3 i konvensjonen om sivile og politiske rettar, om plikta til å halde unge lovbrytarar og domfelte åtskilt frå vaksne. Trass i tiltaka som blir foreslått i meldinga blir atterhaldet framleis sett på som nødvendig.

FN-konvensjonen om barn sine rettar (barnekonvensjonen) frå 1989 gir barn og unge eit særleg menneskerettsleg vern. Konvensjonene blei ratifisert av Noreg og inkorporert i menneskerettslova og gjeld som norsk lov, jf. menneskerettslova § 2 nr. 4. Artikkel 3 i Barnekonvensjonen stiller krav til norske styresmakter om at det som er best for barnet, skal takast mest omsyn til ved handlingar der barnet er involvert. Artikkelen rettar seg mellom anna mot politi, påtalemakt, domstolar og kriminalomsorg. Også lovgivande organ, medrekna Stortinget, er inkludert. Føresegnene i konvensjonen skal ved motstrid gå framfor føresegner i anna lovgiving. Konvensjonen er formulert slik at også andre omsyn kan vere relevante, og i særlege tilfelle kan konkurrerande omsyn til og med vere avgjerande for utfallet, jf. pkt. 4.2.1.

Etter artikkel 37 c skal kvart enkelt barn som er frårøva fridommen sin, haldast åtskilt frå vaksne, med mindre det motsette blir rekna for å vere det beste for barnet. Kriminalomsorga har i rapporten sin til FN mellom anna vist til at det er få barn og unge i norske fengsel. Det ville resultert i tilnærma fullstendig isolasjon om barn og unge skulle haldast åtskilde frå dei vaksne innsette. Ei slik løysing vil etter Noregs oppfatning ikkje vere til beste for barnet. Dei unge innsette skal likevel ha særleg oppfølging av dei tilsette for å hindre skadelege verknader av opphaldet. Det betyr mellom anna at ein finn det best eigna fengselet, at ein syter for opplæring, og at ein legg til rette for fysisk aktivitet.

Europarådets ministerkomité vedtok 11. januar 2006 ein rekommandasjon om europeiske fengselsreglar, Rec(2006)2. Rekommandasjonen inneheld fleire prinsipp for behandlinga av innsette i fengsel og andre som er frårøva fridommen. Føresegnene er ikkje bindande, men vil vere retningsgivande for norske styresmakter. Dei europeiske fengselsreglane inneheld også særskilde føresegner om barn og unge:

  • Pkt. 11.1 Children under the age of 18 years should not be detained in a prison for adults, but in an establishment specially designed for the purpose.

  • Pkt. 11.2 If children are nevertheless exceptionally held in such a prison there shall be special regulations that take account of their status and needs.»

  • Pkt. 35.1 Where exceptionally children under the age of 18 years are detained in a prison for adults the authorities shall ensure that in addition to the services available to all prisoners, prisoners who are children have access to the social, psychological and educational services, religious care and recreational programmes or equivalents to them that are available in the community.

  • Pkt. 35.2 Every prisoner who is a child and is subject to compulsory education shall have access to such education.

  • Pkt. 35.3 Additional assistance shall be provided to children who are released from prison.

  • Pkt. 35.4 Where children are detained in a prison they shall be kept in a part of the prison that is separate from that used by adults unless it is considered that this is against the best interests of the child.

2.2 Korleis møter vi unge kriminelle i dag?

2.2.1 Kva veit vi om kriminalitet blant barn og unge? 1

Talet på unge som er tekne for brotsverk, har vore stabilt frå midten av 1980-åra og størstedelen av 1990-åra. Sidan 1997 har det vore ein generell auke i talet på sikta for både brotsverk og mindre lovbrot. Auken skjedde både blant ungdom og blant dei eldre enn 20 år. Blant dei sikta for brotsverk er det, for første gong på lenge, dei sikta under 21 år som har den største prosentvise auken, og i 2001 utgjorde dei ein tredjedel av alle sikta for brotsverk (Stene 2003).

Vinningskriminalitet er saman med trafikklovbrot den vanlegaste grunnen til at ungdom i alderen 15–20 år endar i politiregistera. Sjølv om unge er overrepresenterte i gruppa som er sikta for grovt tjuveri, er utviklingstendensen gjennom 1990-åra at det blir utført færre grove tjuveri blant unge, men at det er ein auke i siktingar for simpelt tjuveri.

Auken dei siste åra i talet på personar som er tekne for narkotika, gjeld dei fleste aldersgrupper, men det er utviklinga blant dei unge som er mest markant. Av alle ungdommar mellom 15 og 20 år som blei tekne for brotsverk, var det nesten kvar tredje som hadde narkotika som sitt hovudlovbrot i 2004.

Narkotikakriminalitet er eit område der ein må gå ut frå at det er store mørketal. Det dreier seg om kriminalitet der innsatsen til politiet er heilt avgjerande for oppdaging og straffeforfølging. Den sterke auken treng derfor ikkje berre vere uttrykk for ein reell auke i utførte lovbrot, men kan også ha samanheng med ei auka satsing både mot narkotikakriminalitet og mot barn og unge.

Også vald er eit ungdomsfenomen. Talet på ungdommar i aldersgruppa 15–20 år som blir melde og definerte som valdsforbrytarar, er meir enn dobbelt så høgt i 2001 som i 1992.

For dei aller fleste unge er lovbrot ei eingongshending, og ein stor del av dette dreier seg om trafikkriminalitet: 63 % av alle straffereaksjonar i 2004 for ungdom i alderen 15–24 år dreidde seg om trafikkriminalitet, og 86 % av alle straffereaksjonar mot denne aldersgruppa var førelegg og forenkla førelegg. Desse eingongslovbrytarane er sikta for ein forholdsvis liten del av alle lovbrota. Eingongslovbrytarane er dermed, trass i kor mange dei er, sikta berre for eit lite mindretal av dei oppklarte lovbrota.

I ei undersøking SSB har gjort av 1977-kullet, kjem det fram at nesten to tredjedelar av lovbrota blir gjorde av cirka 11 % av dei registrerte lovbrytarane. Den vesle og mest aktive lovbrytargruppa, som er sikta for meir enn 30 brotsverk per person, står åleine for 35 % av lovbrota med kjend gjerningsperson utførte av personar frå 1977-kullet. Dette er ei svært lita gruppe på 155 gutar og 10 jenter. Undersøkinga viser at av dei mest aktive lovbrytarane er det berre 10 % som har foreldre med utdanning på universitetsnivå, mot 33 % av normalpopulasjonen. For 20 % av dei høgaktive lovbrytarane hadde ein av eller begge foreldra sjølve vore sikta for minst eitt brotsverk, mot 4 % av normalpopulasjonen (Skardhamar 2005).

For unge under 18 år steig talet på straffereaksjonar for lovbrot med 51 % i perioden 1997–2004. Frå 2000 til 2004 steig straffereaksjonane for same aldersgruppe med 26 %.

Tabell 2.1 under viser straffereaksjonar etter type reaksjon og alder på personen for 2004.

Tabell 2.1 Straffereaksjonar, etter type reaksjon og alder på personen, 2004

AlderI altPåtale-avkall utan vilkårSamfunns-straffForenkla føreleggFøreleggBot ved domFengsel på vilkårFengsel på vilkår og botFengsel utan vilkårFengsel på vilkår og utanAnnan reaksjon
15–177 2232333611 8573 986712433395974
18–2021 178524399 8348 4081832607559273182
21–2427 6233337116 0798 1622263197601 3593112

Kjelde: SSB Kriminalstatistikk, Straffereaksjonar

Det har skjedd ei endring av typen straffereaksjonar mot dei unge, og spesielt mot dei under 18 år, i retning av at det blir brukt mindre fengselsstraff og meir samfunnsstraff.

Bruken av samfunnsstraff for aldersgruppa 15–17 år har auka. Også bruk av påtaleavkall på vilkår, førelegg og forenkla førelegg har auka. Denne utviklinga gjeld også aldersgruppa 18–24 år.

Samtidig har bruk av fengselsdommar som straffereaksjon blitt redusert for aldersgruppa 15–17 år: I perioden frå 1993 til 2000 var det kvart år mellom 90 og 160 innsetjingar av personar under 18 år. I 2000 blei det gitt 966 fengselsdommar (på vilkår og utan) til ungdommar i denne alderen, mot 715 i 2004. Dette er ein reduksjon på 27 %. Reduksjonen gjeld alle typar fengselsdommar, både på vilkår og utan. Frå 2000 til 2004 har det skjedd ein reduksjon i dommar på fengsel utan vilkår for lovbrytarar i alderen 15–17 år på 25 %, frå 79 i 2000 til 59 i 2004.

Konfliktråda i Noreg tok i 2005 imot 8355 saker. Dette er ein auke på drygt ti prosent frå 2004. Det er aldersgruppa 15–17 år som får flest saker sende over til konfliktrådet. Om lag 30 prosent av dei påklaga er i denne aldersgruppa.

2.2.2 Kva reaksjonar har justissektoren for barn og unge som har problem?

I Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) Om lov om straff (straffelova) sidene 253–254 gjer Justisdepartementet nærare greie for det reaksjonssystemet som gjeld i dag:

«Straffeloven har i dag ingen generell bestemmelse om at man bare i begrenset utstrekning kan gjøre bruk av fengselsstraff overfor unge lovbrytere. Det følger imidlertid av praksis at lav alder ofte tillegges vekt i formildende retning både av påtalemyndigheten og av domstolen, se for eksempel avgjørelsene i Rt. 1982 side 82, Rt. 1992 side 833 og Rt. 2003 side 1455.

Straffeloven § 55 fastsetter at fengselsstraff på 21 år ikke kan anvendes når gjerningspersonen på gjerningstidspunktet var under 18 år, jf. § 17 første ledd bokstav b. Lengstestraffen er dermed 15 år (20 år ved konkurrens), jf. § 17 første ledd bokstav a. Straffen kan dessuten innen samme straffart nedsettes under det lavmål som er fastsatt for handlingen. Domstolen kan dermed idømme en lavere fengselsstraff enn den minstestraff som følger av enkelte straffebud, for eksempel mindre enn minstestraffen på 6 års fengsel som er fastsatt i straffeloven § 233 første ledd for forsettlig drap.

Når forholdene tilsier det, kan straffen også nedsettes til en mildere straffart enn hva som følger av straffebudet som er overtrådt, typisk fra fengsel til bot. I en nylig avsagt kjennelse fra Høyesterett (Rt. 2003 side 1455) om bruk av samfunnsstraff for unge lovbrytere, er det også lagt til grunn at straffeloven § 55 åpner for å anvende samfunnsstraff selv om strafferammen er høyere enn fengsel i 6 år. Etter gjeldende straffelov er det i utgangspunktet et vilkår for å anvende samfunnsstraff at lengstestraffen i det aktuelle straffebudet ikke er på mer enn 6 år, jf. straffeloven § 28 a.

Generelt er man i Norge tilbakeholdende med bruk av fengselsstraff overfor barn. Det legges ofte stor vekt på å finne andre og bedre egnede reaksjoner. Tall fra kriminalomsorgen viser for eksempel at det i november 2003 satt 171 personer under 20 år i fengsel. Kun 7 av dem var under 17 år. Denne praksis har sin bakgrunn i at fengselsstraff er antatt å ha særlig negative virkninger på barn. Det beste for barnet vil som regel være en alternativ reaksjonsform og oppfølging. Ubetinget fengselsstraff idømmes som oftest bare hvor den unge har begått alvorlige lovbrudd eller er en utpreget tilbakefallsforbryter, slik at det er nødvendig med frihetsberøvelse for å hindre tilbakefall.

Når det idømmes fengselsstraff, er det ofte et tungtveiende moment at lovbryteren var under 18 år på handlingstidspunktet. Men det hender at unge mennesker begår så alvorlige lovbrudd at fengselsstraffen likevel blir betydelig.

(…)

Valg av reaksjon overfor unge lovbrytere vil i stor grad bero på hvilke alternativer som finnes. I dag er bøtestraff og/eller betinget fengsel de mest vanlige reaksjonene overfor lovbrytere under 18 år. Samfunnsstraff og overføring til konfliktråd er også ansett for å være særlig egnet for unge lovbrytere. Som et ledd i regjeringens handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet har det etter initiativ fra Barne- og familiedepartementet og Justisdepartementet vært gjennomført et forsøk med ungdomskontrakt som en alternativ reaksjonsform for unge lovbrytere i alderen 15 til 18 år. Erfaringene fra prosjektet er positive, jf. rapporten Forsøk med Ungdomskontrakter, Politihøyskolen, PHS Forskning 2004: 1. Rapporten anbefaler at ordningen med ungdomskontakter gis en særskilt lovregulering på linje med konfliktråd, men det er for tidlig å si noe om hvordan rapporten vil bli fulgt opp.»

I tiltak 21 i handlingsplanen «Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet» har Justisdepartementet ansvaret for innan 2006 å vurdere nødvendige lovendringar for formålstenleg bruk av ungdomskontrakt.

Det er få personar under 18 år i norske fengsel. Talet på registrerte til ei kvar tid varierer vanlegvis frå cirka fem – somme gonger færre – til ti innsette. Av og til vil talet overstige ti personar, og unntaksvis kan det nærme seg 20 innsette.

Talet på personar under 18 år som blir sette i fengsel, har ikkje vist nokon auke dei siste åra. Fengslingar av unge under 18 år utgjorde cirka ein halv prosent av totalt 11 019 nyinnsetjingar i 2004. Dei siste tre åra gjekk talet på nyinnsetjingar av unge under 18 år ned til totalt 61 i 2004. Berre to av desse var kvinner, og dei blei begge sette inn i varetekt. 46 av dei 59 mennene blei også sette inn i varetekt. Nærare 80 % av alle nyinnsetjingar av unge under 18 år i 2004 begynte altså i varetekt. Domsinnsette utgjorde 13 menn og ingen kvinner i 2004.

Per 12.9.05 var det registrert 11 innsette under 18 år, sjå tabell 2.2 under. Fem var domsinnsette, fem varetektsinnsette, og ein sona bøter. Av dei fem i varetekt var tre sikta for tjuveri, ein for narkotika og ein for valdtekt. Av dei fem domsinnsette var tre dømde for ran og to for lekamsskading. Dei fem i varetekt sat i lukka fengsel. Dei fem domsinnsette hadde straffer frå 30 dagar til eitt år og sju månader. Personen som hadde dom på 30 dagar, var i ope fengsel. Dei fire andre dømde var i lukka fengsel. Normalt vil det vere fleire varetektsinnsette under 18 år enn domsinnsette, og blant dei varetektsinnsette vil vi ofte finne ei overvekt av utanlandske statsborgarar. For alle kategoriar av innsette er fire innsette norske statsborgarar fødde og oppvaksne i Noreg. Dei andre sju har lita tilknyting til Noreg. Personen med gresk statsborgarskap er ikkje fødd i Hellas. Dei resterande seks er fødde og oppvaksne i det landet der dei også har statsborgarskapen sin.

Tabell 2.2 Statsborgarskap og innsettkategori < 18 år per 12.9.05

  Innsettkategori  
  BøtesonarDomVaretektTotal
Hellas1 1
Irak1 1
Moldova1 1
Noreg22 4
Romania1 1
Somalia11 2
Usbekistan1 1
Total15511

Kjelde: Kriminalomsorga sitt etatsregister KOMPIS

Eit problem som ikkje sjeldan oppstår for utanlandske statsborgarar i fengsel, er uriktige opplysningar om fødselsdato. Til dømes viser ein nærare gjennomgang av saksopplysningane for ovannemnde utanlandske statsborgarar med registrert alder under 18 år at i to av sakene er ein nokså sikre på at alderen er høgare enn oppgitt, truleg i tjueåra. Det er mistanke om det same i ei tredje sak. Det betyr at statistikken som blir generert når det gjeld unge innsette, ikkje sjeldan vil vere overrapportert. Dersom tre av ovannemnde sju utanlandske statsborgarar er eldre enn oppgitt, betyr det at det reelle talet på unge under 18 år i fengsel per 12.9.05 blir redusert til sju.

Dei som var under 18 år, sat i gjennomsnitt cirka 60 dagar i 2004. Fleirtalet, nærare 80 %, sat likevel i varetekt, som i gjennomsnitt varte cirka 40 dagar. Det store fleirtalet av innsetjingar av unge under 18 år dreier seg med andre ord om korte varetektsopphald. Gjennomsnittleg sitjetid for heile fangebefolkninga er til samanlikning på vel 100 dagar.

Straffegjennomføringslova og forskrifta til lova har fleire føresegner som sikrar interessene til dei innsette under varetekt og straffegjennomføring. Desse reglane gjeld også for barn og unge. Lova og forskrifta har likevel ingen særføresegner for innsette under 18 år, men opnar på mange område for skjønn, slik at det er høve til å særbehandle unge innsette innanfor dei rammene lova set.

Det er også gitt omfattande retningslinjer i tilknyting til lova. Når ein vel fengsel, skal den innsette som ein hovudregel plasserast i nærleiken av heimstaden. Dette er spesielt framheva for unge varetektsinnsette. Ved innsetjing av unge domfelte er det spesielt framheva at det skal leggjast vekt på å avgrense skadeverknadene for dei unge og elles oppnå ei formålstenleg gruppering av dei domfelte. Domfelte som har fått fengselsstraff på inntil to år, kan få høve til å komme direkte i eit fengsel med lågare tryggleiksnivå. I særlege tilfelle kan den domfelte setjast direkte inn i fengsel med lågare tryggleiksnivå når han eller ho har fått fengselsstraff på meir enn 2 år. Mellom anna skal det leggjast vekt på om rehabiliteringsomsyn gjer seg særleg sterkt gjeldande for unge domfelte, til dømes der vedkommande før innsetjinga har begynt på eit rehabiliteringstiltak som det vil vere uheldig å avbryte.

Retningslinjene inneheld også nokre få føresegner om opplæring som særleg gjeld unge innsette. Til dømes heiter det i retningslinjene pkt. 3.16 at dei unge bør få ei yrkesretta opplæring eller i særleg grad bli motivert til å ta del i opplæringstilbod i fengselet dersom dei har mangelfull utdanning, dessutan få rettleiing om vidare utdanning.

Ut frå lokale forhold er det litt ulik praksis både mellom kriminalomsorgsregionane og mellom dei enkelte fengsla i ein region. Dei fleste regionar har peikt ut eitt fengsel som særleg blir brukt til dei aller yngste innsette. Få fengsel har utarbeidd eigne rutinar som gjeld unge lovbrytarar, men også dei fengsla som manglar skriftlege prosedyrar, legg forholda til rette for unge innsette individuelt. Det blir gjort forsøk på å prioritere dei heilt unge ved tildeling av skuleplassar og aktivitetar, og med program som blir rekna som særleg godt eigna for denne målgruppa. Det er god kontakt mellom fengsel og politi når unge sit i varetekt. Samarbeidet med kriminalomsorga og med andre offentlege etatar, både om tiltak under fengselsopphaldet og med tanke på oppfølging etter lauslatinga, har fått aukande merksemd.

2.3 Forholdet mellom straff og barnevernstiltak

I ein del tilfelle vil ein ungdom mellom 15 og 18 år som gjer eit lovbrot, både bli møtt med straffesak og med tiltak etter barnevernlova. Vi har i dag eit tospora system i den forstand at unge lovbrytarar først kan bli møtte med tiltak frå barnevernet, til dømes gjennom eit vedtak i fylkesnemnda for sosiale saker om barnevernsplassering etter barnevernlova § 4 – 24, og så kan dei straffeforfølgjast i domstolane for dei same faktiske handlingane som danna grunnlag for institusjonsplasseringa. Rekkjefølgja kan også vere motsett, dvs. først straff og så barnevernstiltak.

Høgsterett har i to avgjersler teke stilling til forholdet mellom det norske systemet og forbodet mot gjenteken straffeforfølging i den sjuande tilleggsprotokollen artikkel 4 nr. 1 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Protokollen slår fast at ei straffesak skal avvisast frå domstolane dersom det allereie ligg føre ei endeleg avgjersle som tek stilling til ei straffeskulding. Det som skaper særlege spørsmål, er at omgrepet «straff» etter EMK blir tolka vidare enn etter norsk rett, og at den første avgjersla ikkje treng vere treft i straffeprosessuelle former.

Høgsterett tok i den første saka (Rt. 2003 side 1827) stilling til om ei avgjersle frå fylkesnemnda for sosial saker om tvangsplassering etter barnevernlova § 4 – 24 måtte sjåast på som straff, med den følgje at avgjersla var til hinder for ei seinare straffeforfølging etter reglane i straffelova. Saka gjaldt konkret ein 15-åring som etter mistanke om eit grovt ran blei tvangsplassert på institusjon. Seinare blei 15-åringen tiltalt mellom anna for det grove ranet. Fleirtalet i Høgsterett kom til at tvangsinngrepet måtte sjåast på som straff i EMKs forstand, slik at det ikkje var rom for ei straffeforfølging. Lagmannsretten avviste så straffesaka. Dette gav grunnlag for ei ny sak, der spørsmålet var om forbodet mot dobbeltforfølging likevel ikkje kunne brukast fordi sakene ikkje dreidde seg om «same forhold», jf. Rt. 2004 side 1368. Høgsterett kom til at det ikkje var ein slik identitet mellom vilkåra for inngrep etter barnevernlova § 4 – 24 og dei straffeføresegnene det var teke ut tiltale for, at straffesaka kunne vurderast til å gjelde same forhold som barnevernssaka.

Den siste høgsterettsavgjersla gjer det klart at ei straffesak kan reisast sjølv om det allereie har vore treft eit tvangsvedtak etter barnevernlova § 4 – 24. Det norske tospora systemet står derfor ikkje i nokon motstrid til forbodet mot gjenteken straffeforfølging, så lenge det framleis skal vere slik at vilkåra for å treffe eit tvangsvedtak etter barnevernlova § 4 – 24 er andre enn for å straffe, og så lenge formålet med reglane framleis skal vere forskjellige. Dersom forskjellane på vilkårssida blir haldne ved lag, vil EMK heller ikkje vere til hinder for ei viss tilnærming mellom rettsfølga av høvesvis eit tvangsvedtak og straff – til dømes slik at det som ledd i straffegjennomføringa blir lagt større vekt på behandling enn i dag.

Sjølv om forholdet til EMK ikkje gjer det nødvendig, kan ein vurdere om det kan vere formålstenleg å gjere ei omlegging i retning av eit einspora system, det vil seie éin prosess der ein eller fleire reaksjonar – straff og tvangsvedtak – blir bestemte samtidig. Ei tilsvarande reform blei gjennomført på eit anna område for nokre år sidan, ved at domstolane i saker om brot på vegtrafikklova både fastset straff og tap av føreretten. Ei slik ordning kan gjere det lettare å tilpasse innhaldet i dei ulike reaksjonane til kvarandre, til dømes slik at det ved fastsetjinga av ei eventuell tvangsplassering blir teke omsyn til at det (også) vil bli tildømt ei fengselsstraff. Regjeringa vil komme tilbake til dette i samband med oppnemninga av utvalet som er nemnt i innleiinga.

2.4 Situasjonen i andre land

I Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) Om lov om straff (straffelova) side 254 gjer departementet greie for reaksjonssystemet overfor unge lovbrytarar i dei andre nordiske landa:

«De nordiske landene har valgt ulike modeller for behandlingen av unge lovbrytere. Finland har det systemet som i størst grad ligner det norske. Ung alder blir her sett på som en formildende omstendighet ved utmålingen av straffen (strafflindringsgrunn). En lovbryter som på gjerningstidspunktet ikke har fylt 18 år, kan i Finland maksimalt idømmes 12 års fengsel og ikke mer enn av straffen i straffebudet som er overtrådt. I Danmark og Island er lengstestraffen for personer under 18 år 8 års fengsel. Sverige har en ordning med særbehandling av lovbrytere under 21 år. For de som er mellom 15 og 18 år, er overføring til socialtjänsten den vanlige reaksjonsformen. Finner domstolene at fengselsstraff likevel bør idømmes, skal straffen normalt gå ut på såkalt sluten ungdomsvård, som maksimalt kan utgjøre 4 år. Det er også fortsatt mulig å idømme vanlig fengselsstraff. Dette skjer imidlertid etter det departementet har fått opplyst, svært sjelden. Lengstestraffen er da 10 år eller 14 år ved tilbakefall.»

Ei meir fyldig framstilling av forholda i Sverige, Danmark og Finland finst i vedlegg 2 til meldinga.

I ein del land utanfor Norden som det kan vere naturleg å samanlikne seg med, finst både behandlingsinstitusjonar og ungdomsfengsel (med eller utan innslag av behandling). I handlingsplanen «Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet» (2005–2008) blir søkjelyset i tiltak 9 retta mot erfaringar frå andre land:

«I Norge ivaretar fylkesnemnda for sosiale saker forvaltningen av pålagte tiltak overfor unge lovbrytere som følge av barnevernloven. Straffesaker mot lovbrytere i aldersgruppen 15–18 år følger de vanlige saksbehandlingsreglene i Straffeprosessloven med noen særregler.

Noen europeiske land har egne forvaltningsorganer med samlet ansvar for saker der barn og unge begår kriminelle handlinger. Dette kan være organer som har ansvar både for reaksjon og straffesystem og oppfølging av den unge lovbryteren. Forpliktende tverretatlig og tverrfaglig samarbeid, samt klare tidsfrister for ulike ledd i saksbehandlingen er et sentralt element i disse organene.

Med bakgrunn i nasjonale og internasjonale erfaringer skal det utredes om det er behov for å etablere egne forvaltningsorganer med myndighet til å behandle saker mot mindreårige lovbrytere.»

Formålet med å etablere eigne forvaltingsorgan med myndigheit til å behandle saker mot mindreårige lovbrytarar vil vere å sikre ein skreddarsydd og samordna bruk av verkemiddel overfor denne gruppa. Tiltaket skal gjennomførast frå 2006 til 2008.

Fotnotar

1.

Kjelde: Kriminalstatistikken, Statistisk sentralbyrå. Grunnen til at det er brukt ulike årstal i kapittelet, er at det blir brukt ulike statistikkar (politimeldingar, etterforska lovbrot og straffereaksjonar) frå SSB.

Til forsida