St.meld. nr. 20 (2005-2006)

Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar

Til innhaldsliste

5 Korleis betre reaksjonssystemet overfor unge lovbrytarar

5.1 Innhaldet i reaksjonssystemet

Regjeringa meiner det er nødvendig å tenkje nytt når det gjeld barn og unge som gjer seg skuldige i kriminelle handlingar. Ein betre dialog og eit tettare samarbeid mellom relevante instansar er ein føresetnad for straffegjennomføring til det beste for barnet. Auka bruk av individuelt tilpassa vilkår i straffereaksjonar for lovbrytarar under 18 år er eit verkemiddel. Det føreset at hjelpeapparatet på ulike forvaltingsnivå og aktørane i straffesakskjeda prioriterer denne gruppa og tenkjer heilskap i oppfølginga.

Fengsel er særleg skadeleg for barn og unge. I straffelova av 20. mai 2005 som er vedteken, men ikkje sett i kraft fordi det må lagast ein spesiell del om dei enkelte straffeboda, er det bestemt at den som var under 18 år på handlingstidspunktet kan bli dømd til fengsel utan vilkår berre når det er særleg påkravd. Ettersom det vil ta litt tid før straffelova av 2005 kan setjast i kraft, vil regjeringa foreslå at ei tilsvarande avgrensing blir teken inn i den gjeldande straffelova. Regjeringa vil dessutan foreslå eit forbod mot at fengselsstraffa for desse lovbrytarane kan overstige 8 år. Vidare vil regjeringa foreslå eit forbod mot å pågripe og fengsle personar under 16 år og eit forbod mot å fengsle personar under 18 år for meir enn ei veke om gongen. Regjeringa meiner det er nødvendig å byggje opp fleire alternativ til fengsla, klargjere ansvarsforholda for barn og unge som bryt lova, sikre meir forpliktande rettar for barna og bryte ned det skarpe skiljet som har oppstått ved 15 års alder.

Straffegjennomføringa skal vere progressiv. I dette ligg at valet av straffereaksjon skal styrast av eit ønske om ikkje å bruke meir inngripande straff enn nødvendig, og at det skal vere ei utvikling i soninga. Reaksjonssystemet skal såleis byggje på ein trappetrinnstankegang. Påtalemakta skal ha store moglegheiter til å gi påtaleavkall og leggje bort sakene for dei yngste lovbrytarane slik at færre saker kjem for retten. Dersom det blir reist tiltale og saka går vidare til domstolen, er målet å redusere bruken av fengselsstraff overfor personar mellom 15 og 18 år til eit minimum. Både ved straffeutmåling og val av reaksjon skal målet vere å ikkje bruke eit strengare verkemiddel enn det som er strengt nødvendig. Fridomsstraff skal brukast berre der det er tvingande nødvendig. I staden må det utviklast eit breitt spekter av reaksjonar, og bruken av reaksjonane må tilpassast typen lovbrot og situasjonen til den unge. I dei få tilfella der fridomsstraff kan vere aktuelt, skal hovudregelen vere open soning, men slik at fridomsstraffa tidlegast mogleg blir erstatta av andre og mindre inngripande soningsformer som gjennomføring av straff i institusjon eller utanfor fengsel.

5.1.1 Pågriping, fengsling, fengslingssurrogat og isolasjon

5.1.1.1 Pågriping og fengsling

Reglane om pågriping og fengsling går fram av straffeprosesslova av 22. mai 1981 kapittel 14. Det er politi og påtalemakt som vurderer om pågriping eller fengsling er nødvendig, og om vilkåra i lova kan sjåast på som oppfylte. Spørsmålet om varetektsfengsling blir avgjort av retten. Retten fastset ein tidsfrist for fengslinga og bestemmer kva restriksjonar den varetektsfengsla eventuelt skal ha. Innanfor ramma av det som er bestemt av retten, kan påtalemakta lempe på restriksjonane.

Regjeringa meiner at pågriping og fengsling av unge lovbrytarar under 18 år bør skje berre unntaksvis, og foreslår eit forbod mot bruk av fengsling av barn og unge under 18 år for meir enn ei veke om gongen. Ei veke om gongen kan likevel i realiteten bli veker og månader. Sjølv om ein lengre fengslingsperiode for nokon under 18 år lett vil vere uforholdsmessig slik at vedkommande av den grunn må lauslatast, vil regjeringa vurdere om det også bør setjast ei øvre grense for kor lenge nokon under 18 år kan bli sitjande i varetekt. Dette føreset ei endring av straffeprosesslova § 185. Regjeringa meiner at er det viktig få på plass eigna fengslingssurrogat der barn ikkje blir haldne isolerte, og der personellet har relevant kunnskap og erfaring.

Når det gjeld 15-åringar, foreslår regjeringa eit fullstendig forbod mot pågriping og varetektsfengsling. Regjeringa er såleis einig med Straffelovkommisjonens fleirtal i delutgreiing VII, som på side 467 grunngir utkast til straffeprosesslova § 174 nytt første ledd slik:

«Selv om det ikke har vært mulig å få pålitelig statistisk materiale, er det på det rene at det dreier seg om svært få tilfeller i året. Behovet for fengsling som ledd i kriminalitetsbekjempelse er derfor minimalt. De hensynene som sterkt taler mot bruk av fengsel overfor unge mennesker, bør da være avgjørende. De samme hensynene som begrunner en regel om forbud mot varetektsfengsel, tilsier også at forbudet omfatter pågripelse, som jo ellers kan innebære opphold i arrest eller fengselscelle i opptil et par døgn. Forslaget vil ikke medføre at politiet står helt uten virkemidler overfor denne aldersgruppen. Det vil være adgang til innbringelse etter politiloven § 8, blant annet ved forstyrrelser av den offentlige ro og orden. Og etter politiloven § 13 andre ledd kan politiet gripe inn overfor barn som påtreffes under omstendigheter som klart innebærer en alvorlig risiko for deres helse eller utvikling.»

5.1.1.2 Fengslingssurrogat

Straffeprosesslova inneheld reglar som gir høve til å ta i bruk andre tiltak enn fridomsrøving. I staden for fengsling opnar straffeprosesslova § 188 andre ledd for bruk av fengslingssurrogat som til dømes plassering i institusjon eller kommunal bueining. Slik plassering kan i dag skje berre dersom institusjonen eller kommunen samtykkjer. Førebelse undersøkingar gjorde av Barne- og likestillingsdepartementet kan tyde på at barnevernsinstitusjonar i liten grad blir brukte som fengslingssurrogat. I dei fleste av desse tilfella er truleg barnet allereie i eit behandlingsopplegg på institusjonen når varetekta blir teken i bruk. For dei aller yngste er det viktig at barnevernet er med under fengslinga. Både påtalemakta og domstolen vil dermed få betre informasjon om kva barnevernet kan tilby denne utsette gruppa.

Dersom behovet for fengsling er til stades, skal hovudregelen vere bruk av fengslingssurrogat framfor fengsel når den sikta er under 18 år. Regjeringa ønskjer at barnevernsinstitusjonar i stor grad skal brukast som fengslingssurrogat. Det er viktig å sikre at barnevernsinstitusjonane er godt nok utbygde til å ta imot dei unge på ein forsvarleg måte, og at plasseringa er til det beste for barnet. Dessutan er det viktig at plasseringa kan hindre rømming, gjentakingsfare eller tap og øydelegging av bevis. Regjeringa vil vurdere å endre vilkåret om samtykke for plassering i institusjon eller kommunal bueining slik at Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) får ei plikt til å stille institusjonsplass til disposisjon dersom vilkåra etter barnevernlova er oppfylte. Det bør klargjerast kva verdi vilkåra etter barnevernlova skal ha i saker der retten finn at den unge anten må i varetektsfengsel eller få institusjonsplass, men der barnevernet meiner det ikkje er til det beste for den unge å vere på institusjonen, jf. barnevernlova § 4-1. Vidare må det klargjerast kven som skal ha avgjerdsmakta når det gjeld graden av tvang, om låsing av dører osb.

Gjeldande regelverk opnar som nemnt for plassering i barnevernsinstitusjon som fengslingssurrogat. Regjeringa vil ta initiativ til ein gjennomgang av om denne ordninga blir brukt i stor nok grad. Målet med ein slik gjennomgang er å identifisere hindringar slik at ordninga kan utnyttast betre.

5.1.1.3 Forbod mot fullstendig isolasjon

Gjennomføring av varetektsfengslinga er regulert av straffegjennomføringslova av 18. mai 2001. Ettersom Noreg ikkje har eigne varetektsfengsel, blir den varetektsfengsla plassert i ordinære fengsel som også tek imot domsinnsette. Etter straffegjennomføringslova kan varetektsinnsette ikkje påleggjast andre innskrenkingar i fridommen enn det som er nødvendig for å sikre formålet med fengslinga eller for å sikre ro, orden og tryggleik i fengselet. Dette betyr at varetektsfengsla som ikkje er isolerte, har same høve som domsinnsette til å delta i fritidsfellesskap og aktivitetar. Dette gjeld sjølv om dei har andre restriksjonar, til dømes brev- og besøksforbod. Det er dessutan uttrykkjeleg bestemt at varetektsinnsette så langt det er praktisk mogleg, skal ha høve til å delta i arbeid, opplæring, program eller andre tiltak. Omsynet til integriteten til den fengsla er sikra av valfridommen til å delta i denne fellesskapen med dei som er dømde for kriminelle handlingar.

Regjeringa er svært skeptisk til bruken av isolasjon overfor dei yngste. Varetekt i isolasjon er spesielt belastande og utgjer ein risiko for den psykiske helsa til dei innsette. Dette gjer seg spesielt gjeldande for barn og unge. Derfor foreslår regjeringa at straffeprosesslova § 186 a blir endra slik at det blir lovfesta eit forbod mot at barn under 18 år kan utsetjast for fullstendig isolasjon i varetekt.

5.1.2 Alternativ til strafferettslege reaksjonar

Offentlege instansar har lovbestemt plikt til å melde alvorleg bekymring for barn si utvikling til barnevernstenesta. I samband med dette er meldingar frå politiet om kriminell åtferd eit viktig element i korleis samfunnet følgjer opp dei yngste. For politiet representerer desse ei utfordring som ofte ligg i utkanten både av ansvarsområdet deira, rolla deira og den faglege kompetansen deira.

Straffesaksbehandlinga til politiet og påtalemakta består av ulike stadium som i hovudsak er etterforsking og påtalerelaterte avgjersler. Dette kan vere påtaleavkall, utferding av førelegg, å bringe saka inn for domstolen eller å vise til konfliktrådsbehandling. Etterforskingsplikta til politiet omfattar også mogleg straffbare handlingar gjorde av barn under 15 år, sjølv om dei ikkje kan straffast. Slik blir det også markert at åtferda er uakseptabel. Slik etterforsking kan avsluttast ved at saka blir overført til barnevernet. Dermed får barnevernet viktig informasjon frå politiet som kan danne grunnlag for målretta hjelpetiltak.

For at politiet skal kunne setje i verk alternativ til ei straffesak, må dei lovmessige føresetnadene for dette vere til stades. Sjølv om det ligg til påtalemakta å bestemme om nokon skal straffeforfølgjast (opportunitetsprinsippet), vil visse straffbare handlingar som blir gjorde av ein ungdom over den kriminelle lågalderen, vere så alvorlege at straffeforfølging vanskeleg kan unngåast. I slike tilfelle kan det likevel leggjast til rette for rehabilitering innanfor ramma av straffelova, til dømes gjennom at det blir sett eigna vilkår for ei vilkårsstraff.

Dialog, ansvarleggjering, oppattretting og forsoning

Reaksjonen frå samfunnet på lovbrot er viktig for å hindre vidare kriminell utvikling. Rask innsats over tid på tvers av lovverk og sektorgrenser, i samarbeid med den det gjeld og dei som blir ramma av kriminaliteten, står sentralt. For å få dette til er det i ein del tilfelle formålstenleg å utforske andre måtar å handtere konfliktfylte lovbrot på enn gjennom tradisjonell straffeforfølging. «Restorative justice» er eit slikt alternativ. Restorative justice kan beskrivast som eit sett av prinsipp, ein tenkjemåte som spring ut av ulike praksisar der utgangspunktet er at eit lovbrot blir forstått som ein konflikt. Tre viktige prinsipp for restorative justice er:

  • Reaksjonen frå samfunnet på ei kriminell handling bør starte med å bøte så mykje som mogleg på den skaden som offeret har blitt ramma av.

  • Gjerningspersonen skal stimulerast til å forstå konsekvensane av eigne handlingar og bli oppmuntra til å ta ansvar.

  • Offeret bør ha høve til å fortelje gjerningspersonen direkte kva konsekvensar den kriminelle handlinga har hatt for han eller ho, stille gjerningspersonen spørsmål og så saman med gjerningspersonen finne den beste framgangsmåten for å bøte på skaden.

Gjennom slike prosessar vil gjerningspersonen få høve til å ta aktivt og sjølvstendig ansvar og gjere opp for seg, noko som ofte fører til meistringskjensle og ein reintegrasjon i nettverket og nærmiljøet.

Konfliktrådsmekling er ein ansvarleggjerande metode som fell inn under paraplynemninga restorative justice. Noreg har mange års erfaring med mekling og gevinstane av dialog mellom gjerningsperson og offer. Konfliktrådsmekling blir også gjennomført utan at det er eit ledd i ei straffesak. Dette betyr at ein kan mekle også når lovbrytaren er under 15 år (sivil mekling). Regjeringa tilrår at arbeidsmetodane overfor unge lovbrytarar, så langt det er formålstenleg for den enkelte, blir baserte på prinsippa om restorative justice. Konfliktråda er derfor ein viktig deltakar i arbeidet med dei nyleg etablerte «oppfølgingsteama», som skal prøve ut samarbeid om unge lovbrytarar i tre år, også når det ikkje ligg føre ei overføringssak.

«Bekymringssamtalen»

Politilova gir politiet høve til å kalle inn barn (under 18 år) og foreldre til samtale når det er grunn til å tru at den unge har gjort seg skuldig i ei straffbar handling.  Føresegna kan brukast overfor mindreårige både under og over den kriminelle lågalderen når politiet finn det formålstenleg. Samtalane blir brukte for å klarleggje situasjonen til den unge, for å ansvarleggjere den unge sjølv og foreldra og for å motivere barn og foreldre til å endre dei faktorane som kan føre til kriminalitet. Det er utarbeidd ein rettleiar for å gjennomføre ein slik samtale, men praksis og metodikk varierer avhengig av lokale forhold. Tiltak 7 i handlingsplanen «Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet» er ei evaluering av «bekymringssamtalen» som skal gjennomførast i 2006 med særleg merksemd på rolla til politiet, den faglege kompetansen politiet har, og korleis politiet samarbeider med andre instansar. Målet er å klarleggje eventuelle behov for vidareutvikling for å sikre den førebyggjande funksjonen som denne samtalen har.

5.1.3 Strafferettslege reaksjonar

Rask reaksjon er særleg viktig når barn og unge bryt lova, men reaksjonen må også vere tilpassa dei særlege behova til barn og unge. Fengsel er særleg skadeleg overfor barn og unge under 18 år, og derfor er det viktig å byggje opp fleire alternativ til fengsel utan vilkår. Dette kan gjelde alternative straffer eller andre strafferettslege reaksjonar.

Regjeringa legg opp til at personundersøkinga skal vere eit sentralt og gjennomgåande dokument i arbeidet med dei unge, som skal følgje barnet frå etterforskinga blir avslutta, til straffegjennomføringa er gjennomført. Tanken er at personundersøkinga skal vere obligatorisk i saker der unge lovbrytarar under 18 år blir sikta, og at undersøkinga blir eit dokument som følgjer den unge gjennom heile straffegjennomføringa. Personundersøkinga skal vere eit nyttig hjelpemiddel for aktor ved val av påstand, for domstolen som skal seie dom for ein reaksjon, for kriminalomsorga når reaksjonen skal gjennomførast, og for involverte aktørar i samband med lauslating og ettervern. Personundersøkinga vil vere eit sentralt verktøy for mentor og kontaktbetjenten, som har eit felles ansvar for at dokumentet blir eit aktivt dokument. Det er kriminalomsorga som gjennomfører personundersøkinga. I dei tilfelle der unge gjennomfører fengselsstraff, skal mentor og kontaktbetjent samarbeide aktivt med til dømes Aetat, sosialtenesta og barnevernet.

Ein mentor kan vere ei bra og fornuftig ordning for unge straffedømde eller kriminelle. Barnevernet har allereie etter lovverket i dag høve til å setje inn støttekontakt eller mentor for unge under 18 år som eitt av fleire moglege tiltak etter barnevernlova. Det vil bli vurdert ei endring i barnevernlova slik at barnevernet kan påleggjast ei plikt til å oppnemne mentor.

Under skal regjeringa drøfte korleis tilboda til barn og ungdom kan betrast med omsyn til straff og andre strafferettslege reaksjonar. I drøftinga tek regjeringa utgangspunkt i gjeldande lovgiving og institusjonar og legg særleg vekt på progresjon i reaksjonane og straffegjennomføringa.

5.1.3.1 Straff

5.1.3.1.1 Bot

Reglane om bot står i straffelova §§ 26 a til 28. Bot er den mest brukte straffa i Noreg. Ved mindre alvorlege lovbrot er bot den heilt dominerande straffa. Førelegg og forenkla førelegg utgjorde 93 % av alle straffereaksjonar i 2004 (dvs. 195 686 førelegg). Bot ved dom utgjorde 8,6 % av alle dommar i 2004 (2068 bøter ved dom).

Straffelova har ingen generelle reglar om når bot kan brukast som einaste straff. Dette er bestemt i det enkelte straffebodet. Straffelovgivinga har heller ikkje noko gjennomført system for når det enkelte straffebodet skal opne for bruk av bot. I praksis kan bot brukast som einaste reaksjon for mindre lovbrot og for mange mindre alvorlege brotsverk. Meir alvorlege brotsverk kan derimot normalt ikkje straffast med berre bot, men her opnar straffelova § 55 for at det blir reagert med bot overfor personar under 18 år sjølv om straffebodet ikkje gir høve til det.

Den sikta kan få bot som ein individuelt tilmålt reaksjon, anten av domstolen ved dom eller av påtalemakta ved førelegg. I begge tilfelle blir det teke omsyn til kor alvorleg det straffbare forholdet er, grad av skuld og den økonomiske evna til den sikta, jf. straffelova § 27 første ledd.

Bot blir i stor grad brukt som reaksjon overfor unge lovbrytarar. For mange unge vil dette likevel vere ein straffereaksjon som gir liten rehabiliterande effekt. Dersom ein skal halde merksemda på den rehabiliterande målsettinga, bør ein prøve å unngå bøter på reint prosessøkonomisk grunnlag. Ein bør i staden velje andre reaksjonar, som må tilpassast den individuelle situasjonen til ungdommen.

5.1.3.1.2 Fengsel på vilkår

Vilkårsdommar inneber at fridomsstraffa blir utsett i ei prøvetid på det vilkår at den domfelte ikkje gjer seg skuldig i nye straffbare handlingar i denne perioden. Retten kan også her fastsetje særlege vilkår som passar for den enkelte. Nettopp moglegheita til å setje vilkår gir høve til å tilpasse ein rehabiliterande reaksjon til unge lovbrytarar, samtidig som trusselen om å fullbyrde fengselsstraffa verkar som eit ris bak spegelen. Til dømes kan konfliktrådsmekling også brukast som eit vilkår for ein dom om fengselsstraff på vilkår, sjå pkt. 5.1.3.2.2 nedanfor. Regjeringa vil vurdere å endre straffelova slik at domstolane, i saker der ungdom mellom 15 og 18 år vil bli dømd til fengselsstraff på vilkår, blir pålagde å vurdere om det bør setjast vilkår som er særleg eigna til å ha ein rehabiliterande verknad.

5.1.3.1.3 Samfunnsstraff

Samfunnsstraff blir brukt som ei fellesnemning på straff som blir gjennomført ute i samfunnet, og som i varierande grad verkar fridomsinnskrenkande. Straffa kan gå ut på samfunnsnyttig teneste, program, individuelle samtalar, behandling, mekling i konfliktråd eller andre tiltak som er eigna til å motverke ny kriminalitet. Samfunnsstraff kan brukast i staden for fengselsstraff. Vilkåra for å gi samfunnsstraff står i straffelova § 28 a. Ved brot kan domstolen bestemme at den subsidiære fengselsstraffa skal fullbyrdast, jf. straffelova § 28 b. Kriminalomsorga har ansvaret for å gjennomføre straffa etter nærare reglar i straffegjennomføringslova kapittel 5. Samfunnsstraffa er ei hovudstraff på lik linje med fengsel og bøter.

Samfunnsstraffa er spesielt godt eigna for unge lovbrytarar som ofte treng ein rask og merkbar reaksjon der konsekvensane på brot, avvik og ny kriminalitet er tydelege og klare. Dei tildømde timane samfunnsstraff skal gå ut på samfunnsnyttig teneste, program eller andre tiltak. Tiltaka kan brukast saman eller kvar for seg, og det er derfor i stor grad mogleg å tilpasse innhaldet i straffa for den enkelte ungdom. Regjeringa går inn for at samfunnsstraff som alternativ reaksjonsform skal aukast, og særleg overfor unge lovbrytarar må samfunnsstraffa brukast meir.

Eit godt tilrettelagt innhald med val av tiltak slik som behandling, samtalar, program og ikkje minst eit forpliktande forvaltingssamarbeid kan bety mykje for å snu ei negativ utvikling hos unge domfelte. Samspelet mellom kriminalomsorga, politiet, sosialtenesta, helsetenesta, barnevernet, Aetat, skule, foreldre og frivillige vil vere avgjerande for om den unge domfelte vil greie å gjennomføre samfunnsstraffa utan brot eller ny kriminalitet. Ei kvalitetsheving i val av oppdragsgivarar for samfunnsnyttige tenester og eit betre samarbeid med desse vil også bety mykje. Kriminalomsorga bør legge vekt på kva desse organisasjonane kan tilby av gode miljø og sosiale kontaktar som kan vere relevante og viktige for denne målgruppa. Ikkje minst gjeld det i forhold til å byggje positive nettverk.

I 2004 var det 192 under 18 år som fekk sett i verk dommar på samfunnsstraff. Av desse var 14 kvinner. Gjennomsnittsdommen var på 97 timar, men det var likevel flest dommar på 30 timar. Det var 672 mellom 18 og 23 år som i same tidsrom fekk sett i verk dom på samfunnsstraff, 64 av desse var kvinner. Samfunnsstraffa er ein krevjande straffereaksjon, og det skal reagerast tydeleg og konsekvent på brot på fastsette reglar og vilkår. Dette er nødvendig for at straffa skal gjennomførast på ein trygg og forsvarleg måte.

Tabell 5.1 viser totaltalet på avbrotne samfunnsstraffer og talet på avbrotne samfunnsstraffer etter årsak og alder.

Avbrotne saker av andre grunnar enn ny kriminalitet og/eller anna vilkårsbrot (til dømes dødsfall eller ettergiving) er ikkje tekne med. Talet på iverksette dommar på samfunnsstraff i 2004 utgjorde totalt 2094 dommar. Tabellen viser at same år blei totalt 208 saker registrerte avbrotne etter iverksetjing på grunn av vilkårsbrot og/eller nytt lovbrot under gjennomføringa. 1 Unge under 23 år utgjorde vel halvparten (111) av alle som måtte avbryte i 2004. Samtidig utgjorde denne gruppa cirka 41 % av alle iverksette saker same år (864 av 2094), noko som tyder på at dei unge under 23 år generelt er overrepresenterte blant dei som ikkje klarer å fullføre samfunnsstraffa i samsvar med vilkåra. Dette gjeld likevel ikkje dei yngste under 18 år. Denne gruppa peiker seg ikkje negativt ut når det gjeld kor mange som må avbryte samfunnsstraffa på grunn av vilkårsbrot. Av 192 iverksette saker i 2004 er det registrert 18 slike avbrot i 2004. Dette forholdet kan likevel vere påverka i positiv retning av at det relativt sett er fleire korte dommar blant dei under 18 år enn blant dei som er eldre. Lengre straffer aukar risikoen for brot.

Tabell 5.1 Avbroten samfunnsstraff i 2004 etter alder og grunnen til brotet

  Alle aldrar%< 1818–23
Brot på vilkår12156,8858
Kriminalitet gjord før iverksetjing52,302
Ny kriminalitet og brot på vilkår3014,1212
Ny kriminalitet5726,8821
Total213100,01893

Kjelde: Kriminalomsorga sitt etatsregister – KOMPIS

Ved brot kan kriminalomsorga velje mellom fleire reaksjonsformer. Målet med å setje i verk ein reaksjon er å markere ei uakseptabel framferd, sikre at den domfelte gjennomfører straffa, og førebyggje ny kriminalitet. Døme på reaksjonar er munnleg åtvaring, innskjerpingssamtale og fastsetjing av vilkår. Det er alvoret i brotet som er avgjerande for kva reaksjon som skal veljast, og reaksjonen skal ikkje vere meir inngripande enn det som verkar nødvendig for å oppnå formålet.

Ved alvorlege eller gjentekne brot kan kriminalomsorga bringe saka inn for retten med sikte på heil eller delvis fullbyrding av den subsidiære fengselsstraffa. I 2004 blei 177 samfunnsstraffdommar gjorde om til fengselsstraff utan vilkår. Av desse omgjeringane gjaldt 20 ungdom som var under 18 år då dei fekk dommen.

Sidan brotsprosenten er høg blant unge lovbrytarar, vil forholdsvis mange unge risikere å måtte gjennomføre den subsidiære fengselsstraffa. Kriminalomsorga vil då få tre ulike grupper unge som sit i fengsel:

  • Dei som blir varetektsfengsla eller gjennomfører fengselsstraff på grunn av svært alvorleg kriminalitet

  • Dei som gjennomfører den subsidiære fengselsstraffa etter brot på samfunnsstraffa

  • Bøtesonarar

Regjeringa meiner dette er uheldig, og vil derfor vurdere om regelverket ved ny straffbar handling i samband med samfunnsstraff kan praktiserast på ein meir formålstenleg måte. Dette kan mellom anna gjerast ved å la den unge lovbrytaren halde fram med samfunnsstraffa slik at eventuell dom for nye forhold blir avgjord som eiga sak. Dermed kan den unge halde fram med program, individuelle samtalar og andre positive tiltak til samfunnsstraffa er ferdig gjennomført.

Som eit tiltak retta mot barn og unge i alderen 15 til 23 år har regjeringa vurdert å innføre ein heimel til å gjere om fengsel utan vilkår til samfunnsstraff. Dei andre nordiske landa, med unntak av Finland, har eit system der kriminalomsorga administrativt kan gjere om fengselsstraff utan vilkår til straffegjennomføring utanfor fengsel.

Island har den mest radikale modellen, fordi kriminalomsorga sjølv kan avgjere at fengselsstraffer utan vilkår inntil seks månader skal gjennomførast som samfunnsteneste. Eitt vilkår for slik omgjering er at lovbrotet ikkje kan sjåast på som allmennfarleg. I Danmark kan kriminalomsorga prøvelauslate innsette med vilkår om å gjennomføre samfunnsteneste. I Sverige har forvaltinga høve til å gjere om ei fengselsstraff utan vilkår, men berre til elektronisk overvaking. Samfunnsteneste kan berre påleggjast av domstolane. Finland har eit system som er meir likt det norske, der kriminalomsorga ikkje har høve til å gjere om fengselsstraffer utan vilkår. Domstolen i Finland kan likevel gjere om ein dom utan vilkår til ein samfunnstenestedom.

I Noreg er det viktig å velje ein modell som er i tråd med norsk rettstradisjon, og som ikkje kjem i konflikt med maktfordelingsprinsippet. Ei administrativ overprøving av domstolane er derfor ikkje vegen å gå. Eit alternativ i Noreg kan vere å endre lova slik at domstolane der dei meiner det er formålstenleg, kan gi kriminalomsorga fullmakt til å gjere om heile eller delar av dommen til samfunnsstraff. Eit anna alternativ kan vere å endre straffelova slik at kriminalomsorga kan bringe saka inn for retten med krav om slik omgjering.

Regjeringa meiner likevel at det er mogleg å oppnå tilnærma same resultat ved å tilpasse straffegjennomføringslova § 16 om straffegjennomføring utanfor fengsel slik at føresegna blir lettare å bruke overfor unge lovbrytarar. Omsynet til å operasjonalisere og justere eksisterande regelverk framfor å foreslå løysingar som føreset omfattande endringar, taler såleis for å velje denne løysinga.

5.1.3.1.4 Fengsel utan vilkår

Ein reknar at fengselsstraff har særleg negative verknader på barn. Den preventive effekten av eit fengselsopphald er liten. Derfor er det berre i unntakstilfelle, der det er behov for å skjerme samfunnet, at det kan forsvarast å setje mindreårige i fengsel. Det beste for barnet vil som regel vere ein alternativ reaksjon og oppfølging.

– Hovudregel open soning

Regjeringa meiner at barn og unge under 18 år ikkje må gjennomføre straff under strengare forhold enn det som er strengt nødvendig. Kriminalomsorga må leggje til rette forholda slik at belastinga på den unge blir minst mogleg. Hovudregelen i dei tilfella der fengsel utan vilkår er nødvendig, skal vere open soning, men slik at fridomsstraffa tidlegast mogleg blir erstatta av andre og mindre inngripande soningsformer.

– Gjennomføring i institusjon eller utanfor fengsel

Etter straffegjennomføringslova kan innsette gjennomføre ei fengselsstraff utan vilkår i institusjon (§ 12) eller utanfor fengsel (§ 16). Dette er gjennomføringsformer som kan vere gode alternativ for å avgrense moglege skadeverknader av eit fengselsopphald, samtidig som den unge får profesjonell hjelp og oppfølging. Regjeringa går derfor inn for ein meir aktiv bruk av overføringar etter straffegjennomføringslova § 12 og § 16.

Etter straffegjennomføringslova § 12 kan kriminalomsorga avgjere at domfelte heilt eller delvis skal gjennomføre fengselsstraffa ved heildøgnsopphald i institusjon. Både barnevernsinstitusjonar og rusbehandlingsinstitusjonar er aktuelle straffegjennomføringsalternativ for unge lovbrytarar. Overføring etter § 12 kan skje på eit kva som helst tidspunkt i straffegjennomføringa. Sjølv om hovudregelen er at straffa skal starte i fengsel, kan det gjerast unntak slik at heile straffa blir gjennomført i institusjon. Det må liggje føre tungtvegande grunnar for dette. Svært ung alder kan vere ein tungtvegande grunn litt avhengig av omstenda i det konkrete tilfellet. Forskrifta og retningslinjene til § 12 har vilkår som gir rom for skjønn, og som opnar for å dispensere. Derfor meiner regjeringa det ikkje er behov for lovendring for å auke bruken av overføringar etter denne føresegna.

Straffegjennomføringslova § 16 gir den domfelte høve til å gjennomføre fengselsstraffa utanfor fengsel med særlege vilkår. Behandling og programverksemd kan vere døme på slike vilkår. Rehabiliteringsomsyn og eigeninnsats frå den domfelte er avgjerande for om straffa som ledd i ein systematisk progresjon kan gjennomførast utanfor fengsel. Ordninga gir den unge rikt høve til forskjellige former for hjelp og støtte, gjerne i samarbeid med barnevernet og andre sentrale aktørar. Den domfelte må ha gjennomført halve straffa for å bli overført til straffegjennomføring utanfor fengsel. Vidare må han eller ho ha behov for rehabilitering og ha vist ei særleg positiv utvikling. Lova stiller også krav til fast bustad og sysselsetjing i form av skule eller arbeid. Straffegjennomføring etter § 16 vil derfor særleg vere veleigna for domfelte med ei viss lengd på straffa og som er motiverte for å gjere noko med livssituasjonen sin. Straffegjennomføringsforma gir høve til forskjellige former for hjelp og støtte mellom anna i samarbeid med barnevernet.

Regjeringa går inn for å endre straffegjennomføringslova § 16 for å gjere ordninga med gjennomføring av straff utanfor fengsel meir tilgjengeleg for unge domfelte. Mellom anna er det viktig med ei oppmjuking av vilkåra for overføring etter denne føresegna. Regjeringa meiner det bør vere ein lågare terskel for å overføre ungdom til denne typen straffegjennomføring enn for andre domfelte.

– Tilbod i alle kriminalomsorgsregionane

For mellom anna å sikre pålegget i FN-konvensjonen om å halde unge innsette som er fråtekne fridommen åtskilde frå vaksne, foreslår regjeringa å opprette eit spesialtilpassa tilbod for fengsels- og varetektsinnsette barn og unge under 18 år i dei seks regionane til kriminalomsorga. Tilboda skal leggjast til rette slik at fridomsrøvinga blir gjennomført på ein måte som tek nok omsyn til den unge alderen til lovbrytaren og behov for individuell tilrettelegging og oppfølging. Tilbodet skal også sikre det behovet den unge har for nærleik til familie, nærmiljø og lokalt nettverk. Det er også viktig med gode mottaksrutinar som er spesielt tilpassa behova til dei unge, og at det blir etablert ansvarsgrupper så raskt som mogleg etter innsetjinga. Meininga med ansvarsgruppene er å leggje til rette for gode og varige tiltak etter lauslatinga. I arbeidet med barn og unge er det særleg viktig å oppnå kontinuitet og samanheng frå innsetjinga til lauslatinga.

– Prøvelauslating

Etter straffegjennomføringslova § 42 tredje ledd kan den domfelte lauslatast på prøve etter å ha heldt ut halvparten av straffa dersom «særlege grunner tilsier det». Regjeringa går inn for å mjuke opp vilkåra slik at føresegna blir lettare å bruke for barn og unge under 18 år. Prøvelauslatinga er ein integrert del av straffegjennomføringa, og friomsorgskontora har det faglege og administrative ansvaret for perioden med møteplikt i prøvetida. For unge lovbrytarar vil som regel perioden med møteplikt vare frå lauslatinga og fram til soninga er over.

– Forpliktande samarbeidsstrukturar

Forpliktande samarbeidsstrukturar mellom kriminalomsorga og kommunale og statlege etatar vil vere eit mål for regjeringa for å redusere gjengangarproblema. Regjeringa vil derfor innføre ein tilbakeføringsgaranti for tett oppfølging frå ulike etatar ved lauslating. Det skal vere sterk merksemd på å få unge i jobb eller i vidare utdanning og strenge krav til rehabilitering og åtferdsendring.

– Pilotprosjekt etter KrAmi-modellen

Svensk kriminalomsorg har gått nye vegar i oppfølgingsarbeidet og i det tverretatlege samarbeidet. Det er utvikla eit samarbeid mellom fengsla, sosiale styresmakter og arbeidsformidlinga, dei såkalla KrAmi-prosjekta. KrAmi er forkorting for «Kriminalvård» og» Arbetsformidling». KrAmi byggjer på konsekvenspedagogikk og vender seg i første rekkje mot grupper av kriminelle med høg risiko for tilbakefall. Det er eit strengt opplegg for oppfølging av straffedømde etter soning. Prosjektet har gitt gode resultat både for den enkelte og for samfunnet. Målet er fast jobb og eit liv utan brotsverk. Regjeringa ønskjer å prøve ut eit slikt opplegg for unge lovbrytarar og vil gjennomføre eit pilotprosjekt med utgangspunkt i den svenske modellen.

– Oppfølgingsgrupper

Regjeringa foreslår at det blir prøvd ut ei ordning med oppfølgingsgrupper for å sikre god og tverrfagleg oppfølging etter lauslating frå fengsel. Oppfølgingsgruppa skal setjast i verk før prøvelauslatinga. Gruppa kan bestå av representantar for kriminalomsorga, barnevernet, rusomsorga, helse- og sosialvesenet, undervisningssektoren, Aetat og pårørande. Bruk av stormøte og møte etter prinsippa for restorative justice som inkluderer offentlege og private støttespelarar, kan med fordel brukast som førebuing til lauslating. Konfliktrådet kan ha ansvaret for å leggje til rette slike møte, men går ikkje inn som medlem av gruppa. Oppfølgingsgruppa gjennomfører arbeidet i to fasar. I første fase vil oppfølgingstemaet vere forankra i kriminalomsorga og bli leidd av representanten for friomsorgskontoret. Når straffetida går ut ved soningsslutt, er rolla til kriminalomsorga i oppfølgingsgruppa over. I neste fase vil regjeringa foreslå at ansvaret for å føre gruppa vidare blir lagt til kommunen. Kva kommunal teneste eller etat som skal ha ansvaret for oppfølginga, meiner regjeringa bør vurderast ut frå behovet til det enkelte barnet.

5.1.3.2 Andre strafferettslege reaksjonar

5.1.3.2.1 Påtaleavkall

Dersom påtalemakt og politi bestemmer seg for å sløyfe påtale, kan det knytast vilkår til avgjersla. Det er svært viktig at desse er målretta og tilpassa den enkelte. Det er viktig at påtalemakt og hjelpeapparat samarbeider for å finne fram til riktige vilkår, der rehabilitering står i sentrum.

– Ungdomskontrakt – eit vilkår for påtaleavkall.Ungdomskontrakt er ein avtale mellom ein ung lovbrytar med samtykke av føresett på den eine sida og politi og kommunale styresmakter på den andre. I kontrakten pliktar den unge å gjennomføre spesifiserte aktivitetar mot at rettsstyresmaktene ikkje driv ytterlegare rettsforfølging. Ungdomskontrakten krev eit tett samarbeid mellom kommunale etatar og politi, og skal innehalde tiltak som kan setjast i gang raskt, og som medverkar til endra åtferd.

Forsøket med ungdomskontraktar som alternativ straffereaksjon overfor unge lovbrytarar mellom 15 og 18 år som enno ikkje hadde komme inn i eit fast kriminalitetsmønster, blei etablert i sju kommunar/politidistrikt i 2001 og avslutta primo 2004. Sluttrapporten konkluderte med at ungdomskontrakt som reaksjonsform burde førast vidare. I tiltak 21 i handlingsplanen «Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet» har Justisdepartementet ansvaret for innan 2006 å vurdere nødvendige lovendringar for formålstenleg bruk av ungdomskontrakt.

5.1.3.2.2 Overføring av saker til mekling i konfliktrådet

Konfliktråda har til oppgåve å mekle i faktiske forhold som oppstår på grunn av at ein eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap eller ei krenking. Mekling i konfliktråd er eit viktig tiltak for å gi unge lovbrytarar innsikt i og forståing for konsekvensane av handlingane sine. Konfliktrådsmekling kan derfor vere eit formålstenleg alternativ til fengselsstraff for unge lovbrytarar, mellom anna for å bidra til ei betre rehabilitering. I ei konfliktrådsmekling vil dei som ei straffbar handling får direkte følgjer for, i fellesskap prøve å finne fram til og bestemme korleis etterverknadene av lovbrotet skal handterast. Det går fram av konfliktrådslova at mekling i konfliktrådet krev samtykke frå partane, og at partane i all hovudsak er einige om det saksforholdet som tvisten gjeld.

Slik konfliktrådsordninga fungerer i dag, er konfliktråd som alternativ reaksjon ikkje eit alternativ til fengselsstraff. Overføring til mekling i konfliktråd er heimla i straffeprosesslova § 71 a. Det er ein føresetnad at saka er eigna for konfliktrådsbehandling, og det høyrer under påtalemakta å vurdere kva saker som er eigna. Riksadvokaten sitt rundskriv R. 2581/93 Del II-nr. 2/1993 seier dette om overføring til konfliktråd i forhold til andre strafferettslege reaksjonar: «Overføring til konfliktråd skal i første rekke skje i saker hvor reaksjonen ellers ville ha vært påtaleunnlatelse, bot eller betinget dom. Hvis saken kvalifiserer til ubetinget fengsel, kan den ikke avgjøres med konfliktrådsbehandling» (s. 2 i rundskrivet).

Samla har ein rik erfaring med bruk av konfliktråd som alternativ reaksjon i straffesaker. I tillegg har ein styrkt høvet til å bruke konfliktrådsmekling som særskilt vilkår ved vilkårsdom ved å lovfeste mekling som vilkår i strl. § 53 nr. 3 bokstav h, og det er opna for å bruke konfliktrådsmekling som del av innhaldet i samfunnsstraffa.

Mykje tyder på at partane særleg bruker mekling når det dreier seg om eit forhold der det er eit personleg offer, og der den personlege integriteten til offeret er blitt krenkt gjennom den straffbare handlinga. Frå praksis i konfliktråda dreier dette seg i hovudsak om valdssaker der både gjerningspersonen og offeret er unge menneske. Valden kan vere av fysisk og/eller psykisk art. Både gjennom førebuingane til mekling og gjennomføringa av meklingsmøtet får partane høve til å arbeide med hendinga og konsekvensane av ho. Dette gir partane eit godt grunnlag for å leggje hendinga bak seg, og medverkar såleis til rehabiliteringa av begge sider samtidig som det verkar førebyggjande.

Det er fullt mogleg å bruke mekling som alternativ til fengselsstraff dersom det er ønskjeleg. Det føreset likevel at det er gitt høve til at lovbrot som kvalifiserer til fengsel utan vilkår, også kan overførast til mekling i konfliktråd. Dette kan gjerast anten gjennom Riksadvokatens rundskriv eller gjennom lovendring.

Enkelte konfliktråd samarbeider med kriminalomsorga regionalt og med friomsorgskontora om å tilby kurs i konflikthandtering for samfunnsstraffdømde. Samarbeidet gjeld også tilrettelegging for dialog og møte mellom partar i konflikt der den eine parten har fått straff i form av samfunnsstraff eller fengsel.

Den personlege kontakten partane har med konfliktrådet, kan bidra til at dei får kvalifisert informasjon om kva eit møte lagt til rette av konfliktrådet kan innebere av positive moglegheiter. Den personlege kontakten medverkar til å tryggje partane i forhold til å våge eit slikt møte, som kan bety eit viktig steg framover for rehabiliteringa både til lovbrytaren og den skadelidne (offeret).

Regjeringa går inn for å gjere konfliktrådsordninga obligatorisk slik at påtalemakta som ein hovudregel skal påleggjast å overføre saker til konfliktrådet når gjerningspersonen er under 18 år. Dette betyr likevel ikkje at saka automatisk blir bringa inn til mekling, fordi dette er avhengig av samtykke frå både den fornærma og gjerningspersonen. Regjeringa vil komme tilbake til ei nærare avgrensing når eit lovforslag blir sendt ut på høyring.

5.2 Bemanning og kompetanseutvikling

5.2.1 Bemanning

Unge lovbrytarar under 18 år er ei ressurskrevjande gruppe, også med omsyn til bemanning. Oppfølginga av den unge vil i fleire tilfelle krevje meir personell enn andre grupper. Bemanningsnivået vil vere avhengig av den konkrete utforminga og bruken av dei ulike tiltaka. Det må såleis vurderast om det er behov for auka bemanning ved dei einingane eller avdelingane i kriminalomsorga som vil få eit spesielt ansvar for unge lovbrytarar under 18 år. Regjeringa vil komme tilbake til korleis løyvingane skal tilpassast i samband med dei årlege budsjetta.

5.2.2 Kompetanseutvikling

Som det går fram av meldinga, vil arbeidet med barn og unge omfatte fleire fagdisiplinar med utstrekt tverrfaglegheit, og det vil gjelde på fleire steg i prosessen. I det tverretatlege og tverrfaglege samarbeidet er det derfor ein føresetnad at alle profesjonar som tek del i oppfølginga, kjenner ansvaret, moglegheitene og verkemidla til kvarandre. Eit felles fagspråk og ei felles forståing av barne- og ungdomskriminaliteten er viktige reiskapar i samarbeidet. Regjeringa går inn for å vidareføre handlingsplanen «Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet». Eitt av tiltaka i handlingsplanen for å styrkje kompetansen hos samarbeidande profesjonar er dette: Det vil bli teke initiativ overfor høgskulemiljøa for å stimulere til at brei kunnskap om andre etatar blir teken inn i planane ved aktuelle grunnutdanningar. Regelverket som legg føresetnader for samarbeidet, bør vere ein del av alle utdanningar. Både Politihøgskolen og Fengselsskolen har i sine studieplanar lagt vekt på å gi studentane og aspirantane relevant kunnskap om andre etatar og profesjonar. Også tverretatlege fagsamlingar vil vere nyttige for å utveksle erfaringar og styrkje fagkompetansen på området.

Kontaktbetjenten i fengsel og tilsvarande person ved friomsorgskontoret vil saman med mentor vere sentrale aktørar i arbeidet med barn og unge både under og etter straffegjennomføringa. Det vil derfor vere svært viktig at desse får styrkt kompetansen sin for å kunne sikre det beste for barnet i arbeidet sitt med den unge lovbrytaren.

5.3 Samarbeid på tvers av etatar

Ungdomskriminaliteten er svært skadeleg både for ungdommen sjølv, for ofra og for samfunnet. Sjølv små tiltak som kan bidra til å snu ei negativ utvikling vil derfor ha stor verdi. Det er ikkje nok å reagere på lovbrota, men vel så viktig å gripe fatt i grunnane som ligg bak kriminaliteten og gjere noko med dei. Den unge må sjølv vere motivert for endring og samfunnet må bidra ved å leggje til rette for at vedkommande kan gjere ein eigen innsats for å endre det kriminelle handlingsmønsteret sitt.

For at ein skal kunne snu ei negativ utvikling mot ein kriminell karriere for den enkelte unge lovbrytaren, må det til eit nært og forpliktande samarbeid mellom til dømes retts- og hjelpeapparatet, nærmiljøet, skulen, føresette og ungdommen sjølv.

Som Barne- og likestillingsdepartementet foreslår i pkt. 3, bør det utviklast eit tettare samarbeid mellom rettsvesen og barnevern. Straffelova og barnevernlova bør gjennomgåast med tanke på å få dette til. Det er også viktig å utvikle vidare samarbeidet mellom barnevernet og kriminalomsorga om oppfølging både før, under og etter straffegjennomføring.

Dei seinare åra har det vore auka merksemd på å samordne innsatsen for å motarbeide barne- og ungdomskriminaliteten, og det har vore uttrykt ønske om å styrkje det tverrfaglege samarbeidet på ulike forvaltingsområde. Gode modellar for forvaltingssamarbeid er under arbeid og vil bli utvikla vidare. Eit døme er prosjektet «SNU unge lovbrytarar i tide», som har som mål å utvikle modellar for gjensidig forpliktande samarbeid mellom involverte etatar som skule, helse, sosialetat, Aetat, barnevern, konfliktråd, politi og kriminalomsorg. Samarbeidet er knytt til barn og ungdom som anten står i fare for å utvikle ein kriminell løpebane, eller som allereie har fått ein dom for eitt eller fleire lovbrot. Målet er at modellane skal sikre hjelp til den enkelte for å bryte ein kriminell løpebane og sikre ei reell konstruktiv utvikling samtidig som den enkelte ungdom blir ansvarleggjord. Når modellane skal arbeidast ut, skal ansvarsfordelinga mellom dei ulike instansane som møter unge lovbrytarar, identifiserast og tydeleggjerast. Målet er at modellane skal yte sitt for å førebyggje kriminalitet gjord av barn og ungdom. Prosjektet «SNU unge lovbrytarar i tide» omfattar seks delprosjekt som er spreidde rundt i landet. Kriminalomsorga har delprosjekt i Bergen, Trondheim og Oslo.

«Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet» (2000–2008)

Handlingsplanen inneheld fleire prosjekt der målet nettopp er å prøve ut ulike samarbeidsmodellar for det tverretatlege samarbeidet for å sikre heilskap i oppfølginga av den enkelte unge lovbrytaren. Det blir særleg peikt på tiltak 1 og dei fire treårige lokale «oppfølgingsteama» som er etablerte i Oslo, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. Den enkelte unge lovbrytar skal følgjast opp i lokale ordningar for forpliktande, føreseieleg og strukturert samarbeid mellom rettshandhevarar og hjelpeapparat. Målet med samarbeidet er å motverke ein kriminell løpebane og bidra til ei positiv utvikling. Samarbeidet skal omfatte unge lovbrytarar både over og under kriminell lågalder. Verkemidla blir tilpassa alderen til den enkelte.

Prosjekta skal prøve ut organisatoriske løysingar for forpliktande lokalt samarbeid, gjeldande regelverk for samarbeid, ansvaret, rollene og samhandlinga til aktørane, dessutan gi eit grunnlag for korleis lovverket fungerer i forhold til dei samarbeidsformene som ein ønskjer. Resultata vil bli evaluerte med tanke på å utvikle ei landsdekkjande ordning og vil også vere nyttige i vurderinga av eventuelle behov for lovregulering.

Forvaltingssamarbeid under gjennomføring av fengselsstraff utan vilkår og samfunnsstraff

Straffegjennomføringslova § 4 slår fast at kriminalomsorga gjennom samarbeid med andre offentlege etatar skal leggje til rette for at innsette får dei tenester som lovgivinga gir dei krav på. Samarbeidet skal bidra til ein samordna innsats for å dekkje behova til dei innsette og fremje tilpassinga deira til samfunnet. Domfelte og varetektsinnsette har, med dei restriksjonar som følgjer av fridomsrøvinga, same rett til tenester og tilbod og dei same pliktene og det same ansvaret som befolkninga elles. Kriminalomsorga må derfor, så langt det er mogleg, leggje til rette for at domfelte og varetektsinnsette skal få ta del i helsetenester, sosiale tenester, barnevernstenester, opplæring, arbeidsmarknadstiltak og kulturtilbod som blir ytte av dei offentlege etatane som har ansvaret for desse tenestene elles i samfunnet.

Det forholdet at den unge er i fengsel, skaper spesielle utfordringar i samarbeidet med andre etatar. Fengselet skal gjennomføre varetekt og straff og leggje til rette for rehabilitering. Det gir føringar for alle andre etatar. Kriminalomsorga har utarbeidd samarbeidsrutinar med andre etatar for å klarleggje ansvarsforholda på sentralt, regionalt og lokalt nivå. Døme på dette er: a) Felles rundskriv frå Justisdepartementet og Sosial- og helsedepartementet som klarlegg ansvaret mellom fengsla og kommunane for sosiale ytingar til innsette, b) Samarbeidsavtale mellom Arbeidsdirektoratet, Aetat og Kriminalomsorgens sentrale forvaltning for å fremje ein samordna bistand for den enkelte innsette, utvikle vidare samarbeidsrutinar og samarbeidsmodellar og å klargjere ansvarsområda til dei to etatane, c) Avtale mellom Justisdepartementet og Kommunenes Sentralforbund om busetjing ved lauslating frå fengsel. Også felles rundskriv frå Justisdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet legg opp til ei styrking av det tverretatlege forvaltingssamarbeidet ved å klargjere ansvars- og oppgåvefordelinga på sentralt, regionalt og lokalt nivå.

Det er viktig å kartleggje behova til den unge lovbrytaren og lage planar for oppfølging. Etatane har ulike verktøy som er utvikla ut frå deira eigne behov. Strafferettsetatane har særleg nytte av personundersøkingar etter straffeprosesslova i samband med fastsetjing og gjennomføring av straff. Kriminalomsorga har eigne retningslinjer for framtidsplanlegging. Individuell plan er lovfesta i helse- og sosiallovgivinga, mens individuelle opplæringsplanar er heimla i opplæringslova. Regjeringa meiner det er nødvendig med heilskaplege planar som strekkjer seg lenger enn straffegjennomføringstida. Det er viktig at planverket for unge lovbrytarar er heilskapleg og klargjer det ansvaret sektoren har for den unge både før, under og etter straffegjennomføringa.

Ein føresetnad er ei klar plassering av ansvaret for etablering og oppfølging av målretta tiltak for den enkelte unge lovbrytar. Det er viktig å utvikle plandokument som kan følgje den unge på tvers av etatane. Individuell plan etter helse- og sosiallovgivinga er eit døme på dette. Det same er personundersøkingar. Dokumenta har ulike formål, men er begge etatsovergripande. Oppnemninga frå barnevernet av ein mentor eller koordinator som kan støtte den unge lovbrytaren på tvers av etatane, vil vere sentral.

Individuelle planar etter helselovgivinga og sosialtenestelova er som nemnt eit sentralt plandokument eller planverktøy. Den som har behov for langvarige og koordinerte tenester frå hjelpeapparatet, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Denne retten er regulert i forskrift om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven. Formålet med ein individuell plan er at han skal vere eit verkemiddel for å sikre at dei tenestene ein person tek imot, blir samordna, at tenestene blir vurderte i samanheng, og at det individuelle behovet til kvar enkelt er utgangspunktet for dei tenestene som blir ytte. Mange brukarar har behov for tenester frå fleire ulike etatar, sektorar og forvaltingsnivå, og individuell plan kan føre til betre samordning og koordinering av tenestene og at dei blir meir føreseielege. Planen skal vere sektorovergripande. Dersom ein person har behov for tenester frå andre tenesteytarar eller etatar, pliktar helse- og sosialtenesta eller helseføretaket i kommunen å samarbeide med desse. Brukarmedverknad er også eit sentralt element i arbeidet med individuell plan. Det er brukaren som er planeigar, og såleis også hovudpersonen i planarbeidet. Forskrifta slår fast at tenestemottakaren har rett til å delta i arbeidet med sin individuelle plan. Det er tenesteytaren som skal syte for at det blir lagt til rette for dette.

Regjeringa meiner at personundersøking, individuell plan og etablering av ei mentorordning vil vere sentrale element for å sikre ei individuell og heilskapleg oppfølging av unge lovbrytarar i fengsel. Det er viktig at dei planane for innsette som kriminalomsorga har sjølv, blir samordna med den individuelle planen etter helse- og sosiallovgivinga.

Frivillig verksemd

Samarbeid med frivillige organisasjonar er viktig for arbeidet med barn og unge. Desse organisasjonane kan representere ein verdifull impuls i kvardagen til dei unge innsette, både gjennom individuell oppfølging og gjennom aktivitetar for grupper av innsette. Dei representerer ein særleg ressurs fordi dei er strukturerte, og fordi medlemmene samla og kvar for seg representerer eit engasjement og ein motivasjon i forhold til lovbrytaren. Frivillig verksemd har etablert tiltak for innsette som er viktige for enkeltinnsette og for fengsla som heilskap. Enkelte frivillige organisasjonar som Norges Røde Kors, Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon har tilbod til unge rusmisbrukarar og unge kriminelle. På same måten har organisasjonar som Foreningen for Fangers Pårørende og WayBack etablert tiltak som er direkte mynta på fengselsinnsette.

Pårørande

For mange unge innsette er kontakten med foreldre og andre pårørande svært viktig. Pårørande vil normalt vere ein viktig ressurs for å snu ei utvikling mot kriminalitet og bør derfor få betre høve til å delta og vere involverte i arbeidet med den unge under straffegjennomføringa. Dei unge har eit stort behov for å høyre til og kjenne at dei er del av eit fellesskap, samtidig som dei har behov for stabilitet. Pårørande vil i dei fleste tilfelle vere ein viktig ressurs i ein slik samanheng. Styrkt kontakt mellom den unge, dei pårørande og fengselet vil vere av stor verdi for å skape størst mogleg grad av stabilitet og kontinuitet for den unge både under og etter straffegjennomføringa.

Regjeringa går inn for å utvikle rutinar for korleis foreldre, politi, barnevern, skule, helsevesen, domstolar og kriminalomsorga skal samarbeide når barn og unge bryt lova.

Fotnotar

1.

Fem avbrotne saker gjaldt ny kriminalitet gjord før iverksetjinga.

Til forsida