St.meld. nr. 20 (2005-2006)

Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar

Til innhaldsliste

4 Hovudutfordringa

4.1 Bruk av fengselsstraff overfor barn og unge

Det er mange utfordringar knytte til barn og unge som sit i varetekt eller gjennomfører fengselsstraff. Regjeringa vil i dette punktet konsentrere drøftinga om den sentrale hovudutfordringa som er knytt til spørsmålet om det i det heile er riktig å bruke fengselsstraff for den yngste aldersgruppa 15–18 år.

Det er store variasjonar frå land til land både med omsyn til den rettslege stillinga til barn og unge, korleis reaksjonssystemet er organisert, og korleis ansvaret er fordelt. I Noreg legg den nye straffelova som er vedteken, men ikkje tredd i kraft, til grunn at fengselsstraff også kan brukast overfor den yngste aldersgruppa, men at styresmaktene bør vere restriktive med denne reaksjonsforma og prøve å finne andre eigna alternativ. Grunngivinga er at ein reknar med at fengselsstraff har særlege negative verknadar for dei aller yngste, mellom anna stigmatisering og forsterking av ei negativ identitetsutvikling, tap av sosiale ferdigheiter og tap av nettverk og nære relasjonar. Fengselsstraff utan vilkår blir som oftast brukt berre når den unge har gjort seg skuldig i alvorlege eller gjentekne lovbrot. Val av reaksjonar overfor unge lovbrytarar vil i stor grad vere avhengig av kva andre alternativ som finst. Ein legg ofte stor vekt på å finne andre og betre eigna reaksjonar enn fengsel. Den nye straffelova § 33 lovfestar noverande praksis om avgrensa bruk av fengselsstraff overfor unge lovbrytarar:

«Den som var under 18 år på handlingstidspunktet, kan bare idømmes ubetinget fengselsstraff når det er særlig påkrevd. Fengselsstraffen kan ikke overstige 15 år selv om straffebudet gir adgang til å idømme strengere straff. »

Trass i ein restriktiv bruk av fengselsstraff og varetekt vil kriminalomsorga likevel ta imot unge lovbrytarar i fengsel. Gjennom heile 2004 blei 61 personar under 18 år sette i fengsel, og 48 av desse blei sette i varetekt. Talet på innsette stig monaleg om ein inkluderer ungdom opp til 23 år. Kriminalomsorga legg stor vekt på å få til individuelle ordningar som er så skånsame som mogleg for dei unge lovbrytarane.

Hovudutfordringa vil vere å vurdere moglege alternativ til fengsel som kan vere til det beste for barnet, samtidig som dei sikrar andre tungtvegande omsyn. Regjeringa meiner det er behov for to parallelle løp: betre forholda for barn og unge i fengsel (korttidsperspektivet) og greie ut eigna alternativ til fengsel (langtidsperspektivet). Barnevernet vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet, særleg for barn under 18 år.

Det finst lite nyare forsking om barn og unge i varetekt og fengsel. Regjeringa vurderer det slik at prinsipp og metodar for arbeidet med unge lovbrytarar må gjennomgåast breitt og tverrfagleg, og departementet vil derfor setje i gang eit slikt arbeid.

4.2 Det beste for barnet og andre tungtvegande omsyn

4.2.1 Det beste for barnet

Artikkel 3 i Barnekonvensjonen slår fast prinsippet om at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar der barn er involverte. Dette gjeld anten handlinga blir utført av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgivande organ.

Prinsippet om det beste for barnet har opphav i at barn skal sjåast på som fullverdige menneske med eigne meiningar og kjensler, og at barn er sårbare individ med særlege behov. Det kan av og til vere vanskeleg å bestemme kva som vil vere det beste for barnet i det konkrete tilfellet. Sentrale moment i denne vurderinga vil mellom anna kunne vere det behovet barnet har for omsorg og vern, stabilitet og kontakt med foreldra sine, og det behovet det har for respekt for eigen integritet og kjensla av å kunne påverke eigen situasjon. Barnet sjølv er ei viktig kjelde for å få slått fast kva som er det beste for barnet i det enkelte tilfellet. Det same gjeld personar som står barnet nær, til dømes foreldre.

Det går fram av artikkel 3 i Barnekonvensjonen at det beste for barnet skal vere «a primary consideration» og ikkje «the primary consideration». Det betyr at også andre omsyn kan vere relevante, og i særlege tilfelle kan konkurrerande omsyn til og med vere avgjerande for utfallet. Nedanfor vil regjeringa gjere greie for andre tungtvegande omsyn som også må leggjast vekt på og vegast mot omsynet til det beste for barnet når det gjeld bruk og gjennomføring av varetekt og fengselsstraff.

4.2.2 Samfunnet sitt behov for vern

Kriminalomsorga må gjennomføre varetekt og fengselsstraff på ein måte som sikrar behovet for vern i samfunnet. Vurderingar knytte til tryggleik vil alltid setje grenser for regelverket om straffegjennomføring og varetekt og korleis kriminalomsorga praktiserer dette. Behovet for vern i samfunnet er eit omsyn som må vegast mot omsynet til det beste for barnet mellom anna når ein skal velje fengslingssurrogat og gjennomføringsformer, og ved permisjonar. Det same gjeld når ein skal varsle den fornærma eller dei etterlatne om hendingar i samband med straffegjennomføringa.

4.2.3 Rettskjensla til ålmenta og ønsket om ei sosial ro

Handlingar som krenkjer private interesser, vil ofte skape ei kjensle av urett, frykt eller aggresjon hos den eller dei som er ramma direkte. Hos dei fleste som blir utsette for ei direkte krenking mot person eller eigedelar, kan det i enkelte saker oppstå eit ønske om at den skuldige får ei straff som står i forhold til ugjerninga. Avhengig av typen lovbrot og omfanget av det vil ofte både den fornærma og ålmenta krevje at den skuldige blir straffeforfølgd og dømd til fengselsstraff utan vilkår. At gjerningspersonen er ung, vil likevel ofte føre til at kravet om ein slik reaksjon ikkje er så sterkt som elles. Som nemnt over reknar ein dessutan med at fengselsstraff har særlege negative verknader for dei aller yngste. Omsynet til det beste for barnet taler derfor for å bruke andre og alternative reaksjonar. Samtidig er det viktig at samfunnet reagerer på ein slik måte at det blir lagt til rette for at den enkelte kan endre livsførselen sin for å unngå framtidig kriminalitet, samtidig som den unge lovbrytaren skal oppleve ein reaksjon som fremjar ansvarleggjering. Dette vil bidra til at ålmenta lettare vil akseptere reaksjonen fordi han ikkje ber preg av at den skuldige går fri frå ugjerninga.

4.2.4 Omsynet til etterforskinga

Hovudmålet med fengsling er å sikre at saka blir oppklart og gjennomført. Omsynet til bruk av fengsling og eventuelle restriksjonar må vegast mot omsynet til det som er best for barnet. Når ein vel fengslingssurrogat og fengsel, må omsynet til det behovet politiet har for kontakt med den sikta i varetektstida, vegast mot omsynet til det behovet barnet har for å bli plassert nær heimstaden.

4.2.5 Moglegheita for å tilby eigna fengselsplassar

Ein av dei viktigaste føresetnadene for å kunne gjennomføre eit individuelt tilpassa opplegg for unge lovbrytarar, er at kriminalomsorga har fengsel som kan tilfredsstille dei krava som slike opplegg stiller. Det er bygd fleire nye fengsel dei seinaste åra, og nye er under planlegging. Dessutan er mange fengsel bygde om, utvida og moderniserte. Likevel er bygningsmassen prega av til dels gamle fengsel som ikkje tilfredsstiller krava til ei moderne fangebehandling, spesielt ikkje for unge lovbrytarar.

4.2.6 Ressursar

Talet på barn i fengsel er lågt, og desse har ulik bakgrunn og ulike behov. Det gjer det krevjande å skreddarsy individuelle opplegg for den enkelte innanfor økonomisk akseptable rammer. Den situasjonen vi har i dag med soningskø, gjer det nødvendig med maksimal kapasitetsutnytting i fengsla. Ei skjerming av unge innsette kan føre til nedgang i talet på innsette i dei aktuelle fengsla. Dette vil vere ei av dei største utfordringane i utviklinga av gode og individuelt tilpassa tiltak for dei unge som blir sette i fengsel. Den same avveginga må gjerast når ein skal setje nokon i varetekt, der det behovet politiet har for umiddelbar plassering, kan gjere det vanskeleg å skjerme unge innsette mot uheldig eksponering.

Til forsida