St.meld. nr. 25 (2004-2005)

Om regionalpolitikken

Til innhaldsliste

2 Det distriktspolitiske verkeområdet

Det distriktspolitiske verkeområdet omfattar kommunar som er inndelte i fire ulike kategoriar, A, B, C og D, jf. figur 2.1. Kommunane er plasserte i dei ulike kategoriane ut frå konkrete indikatorar for mellom anna avstand til større senter, medrekna hovudstaden, negativ befolkningsutvikling, kor stor del av innbyggjarane som er utan arbeid eller er uføre og kor stor del av innbyggjarane som har låg inntekt. A-områda har i denne samanhengen flest negative indikatorar. Om lag 30 prosent av befolkninga var busette innanfor verkeområdet ved den siste revisjonen i 2000.

Heile Nord-Noreg er med i verkeområdet. Tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark utgjer A-området. Resten av kommunane i Troms og kommunane i Nordland tilhøyrer B-området, bortsett frå Tromsø og Bodø. Store delar av arealet i Sør-Noreg er også omfatta av verkeområdet, fordelt på B-, C- og D-områda. Dei folkerike områda rundt større byområde i Sør-Noreg og ein del område på det sentrale Austlandet er ikkje omfatta av verkeområdet.

Avgrensingane av A-, B- og C-områda er knytte til rammer og vilkår som følgjer av statsstøtteregelverket i EØS-avtalen. Dette regelverket set mellom anna rammer for støtteintensitet (kor mykje som kan givast i tilskot) og kor stor del av befolkninga som kan vere med i verkeområdet for bedriftsstøtte.

Figur 2.1 Det distriktspolitiske verkeområdet for dei distriktspolitiske
 verkemidla

Figur 2.1 Det distriktspolitiske verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla

Kjelde: Made with Philcarto – http://perso.club-internett.fr/philgeo

Til forsida