St.meld. nr. 25 (2004-2005)

Om regionalpolitikken

Til innhaldsliste

2 Globaliseringa som ramme for regional utvikling i Noreg

2.1 Innleiing

Dei politiske vala som blir tekne nasjonalt og regionalt for å nå ønskte mål om regional utvikling, må byggje på ei god forståing av utfordringane for norsk økonomi og kva alternativ som finst. Grunnlaget for gode samfunn over heile landet er den verdiskapinga vi evnar å få til framover. Noreg er eit høgkostland, med høge standardar for velferd og inntekt. Klima, geografi, kostnadsnivå og store avstandar, både i Noreg og til viktige marknader internasjonalt, påverkar konkurransevilkåra våre, og dermed føresetnadane for å halde ved like høge velferdsstandardar.

Kartet i figur 2.1 viser kor perifert, målt i transporttid og transportavstandar, Noreg og andre nordiske land ligg i høve til dei folkerike og sentrale delane av Europa, som Benelux-landa og regionar vest i Tyskland. Regionar med dårlegast tilgang til desse områda finn vi mellom anna i dei nordiske landa, Skottland og Irland. Dette er relevant i mange samanhenger, frå til dømes strategiar for eksport, via infrastrukturutbygging til EØS-regelverket for regionalpolitisk grunngjeve offentleg støtte til næringsutvikling

Figur 2.1 Potensiell tilgang via veg til senter i Europa med stor befolkning
 og høg BNP. Indeksen for potensiell tilgang er mellom anna
 basert på føresetnader om at senter med stor befolkning
 og høg BNP er viktige, og på at tilgangen til
 slike senter m...

Figur 2.1 Potensiell tilgang via veg til senter i Europa med stor befolkning og høg BNP. Indeksen for potensiell tilgang er mellom anna basert på føresetnader om at senter med stor befolkning og høg BNP er viktige, og på at tilgangen til slike senter minkar med aukande avstand, reisetid og kostnader

Kjelde: ESPON

Boks 2.1 Utfordringar i ein global økonomi

Globalisering inneber mellom anna at moderne produksjons- og tenestebedrifter ofte er del av ei global forsyningskjede, at produksjon blir flytta frå industrialiserte land med høgt kostnadsnivå til land under utvikling med lågare kostnadsnivå, at arbeidsintensiv produksjon blir lokalisert til land som tilbyr mykje og rimeleg arbeidskraft og at produksjon som er energikrevjande, blir lokalisert i land med billig energi. Globalisering inneber til dømes at ein bunadsprodusent på Osterøy kan velje å leggje delar av broderiarbeidet til Ghana, at ein brenselleverandør på Elverum kan importere ved frå Baltikum, og at suvenirar som utanlandske turistar kjøper i Noreg, kan vere laga i Kina. For å finne rasjonelle produksjonsmåtar vel stadig fleire selskap å spreie verksemda si i fleire land. Lokaliseringsvalet er ikkje fast, men blir kontinuerleg vurdert opp mot betre og billegare alternativ. Konkurransen mellom land om skattefordelar og låge kostnader for næringslivet er blitt skarpare, og presset mot sysselsetjinga, lønnsnivået og velferdsordningane er blitt sterkare. Noreg kan ikkje konkurrere på pris med land som til dømes Kina. Da må vi syte for at vi er konkurransedyktige på andre område, slik at vi sikrar arbeidsplassane og den framtidige velferda i Noreg.

Globaliseringa gjer at stader, bedrifter og individ i ulike delar av verda, og i ulike delar av Noreg, blir stadig meir samanbundne. Ein viktig føresetnad for den gode økonomiske utviklinga i Noreg gjennom det førre hundreåret var at vi i stor grad deltok i det internasjonale økonomiske samkvemmet. Ei stadig tettare samanveving av land og verdsdelar gir fordelar ved at ein kan utveksle varer, tenester, arbeidskraft og kapital, og gir høve til utvida politisk og kulturelt samarbeid.

Globaliseringa er også ei stor utfordring. Norske bedrifter får høve til å vekse og til å utnytte eigne fortrinn, samstundes som krava til omstillingsevne aukar både for næringslivet og for samfunnet. Auka internasjonal integrasjon set også nye rammer for utforminga av politikk på nasjonalt nivå.

Regionalpolitikken er i seg sjølv eit godt døme på sterkare internasjonal integrering. Det er blitt vanlegare å samarbeide for å løyse felles regionalpolitiske utfordringar. Eitt døme på dette er grenseregionalt samarbeid mellom Noreg og Sverige om felles arbeidsformidling. Internasjonalt regionalpolitisk samarbeide har og blitt viktig for læring, kompetanseutvikling, erfaringsutveksling og politikkutvikling. Internasjonale avtalar, som til dømes EØS-avtalen, set ytre rammer for utforminga av og verkemiddelbruken i regionalpolitikken i Noreg og i andre land.

Ei viktig drivkraft for globaliseringa i dei siste tiåra har vore integreringa av folkerike land i Asia i verdsøkonomien. Det har ført til at etterspurnaden etter varer og tenester og kjenneteikn ved arbeidsmarknadene i desse landa påverkar priser, lønner og kapitalavkastning internasjonalt. Det at land med stor befolkning, rimeleg arbeidskraft, høg økonomisk vekst og lite råvarer blir integrerte i verdsøkonomien, kan medverke til å auke prisane på avanserte varer og tenester og energiråvarer. Noreg kan tene på denne utviklinga, men det føreset at vi evnar å vere kreative og endringsorienterte. Samstundes kan bedrifter få problem med å overleve som følgje av auka priskonkurranse. Andre vil kunne møte utfordringane og ekspandere i nye marknader.

Den demografiske utviklinga i Noreg er ei anna hovudutfordring for norsk økonomi. Nedgang i fødselstala gjennom det førre hundreåret og auka forventa levealder gir ein sterk vekst i den delen dei eldre utgjer av befolkninga frå rundt 2010. Da folketrygda blei innført i 1967, var det 18 personar over 67 år per 100 personar i yrkesaktiv alder. I dag er dette talet 21, men gjennom dei neste 50 åra ligg det an til at det kan bli dobla. Aldringa av befolkninga har to spesielt viktige konsekvensar: Ein mindre del av befolkninga vil vere i arbeid, og offentlege utgifter vil auke i forhold til den samla verdiskapinga. Sjølv om yrkesdeltakinga i Noreg er høg, er den gjennomsnittlege arbeidstida låg samanlikna med mange av dei landa vi konkurrerer med. Det å halde ved like ein stor nok arbeidsinnsats, er derfor ei sentral utfordring i tida framover.

2.2 Konkurransedyktige rammevilkår er avgjerande

Hovudmåla for den økonomiske politikken til denne regjeringa er arbeid til alle, auka verdiskaping, vidareutvikling av det norske velferdssamfunnet, rettferdig fordeling og ei langsiktig, berekraftig utvikling. Eit sterkt og konkurransedyktig næringsliv er ein føresetnad for å nå desse måla. Dei overordna økonomiske rammevilkåra, slik som lønns-, skatte- og rentenivå, inflasjon og valutakursar, speler derfor ei stor rolle for nærings- og arbeidslivet i lokalsamfunn og regionar, ikkje minst der mykje av sysselsetjinga er knytt til internasjonalt konkurrerande bedrifter.

Konkurranseevna til norsk næringsliv blir påverka av ei rad forhold, som til dømes pris- og lønnsnivået, valutakursen, skatte- og avgiftsnivået, konkurransepolitikken, handelspolitikken, kapitalmarknaden, infrastrukturen og utdannings- og forskingspolitikken. Sjølv om norsk økonomi generelt går bra, har vi utfordringar både på kort og på lang sikt. Noreg er eit høgkostland på dei fleste område, noko som er ei spesiell utfordring for bedrifter med arbeidsintensiv vareproduksjon av standardiserte produkt. Samstundes er lønnene for høgt utdanna personar relativt låge i Noreg.

Ei svekking av konkurranseevna som følgje av til dømes styrkt kroneverdi vil kunne slå ulikt ut for ulike bedrifter, og dermed også for ulike regionar. På kort sikt er typiske «distriktsområde» mest sårbare for ei svekking av konkurranseevna. Dei har nemleg ein stor del av sin næringsverksemd i konkurranseutsett industri. Figur 2.2 viser kor stor del av sysselsetjinga i regionen industrien samla står for i dei ulike bu- og arbeidsmarknadsregionane. Mange distriktsområde har også meir einsidige og mindre arbeidsmarknader enn områda kring storbyar og mellomstore byar.

Ved å syte for at dei ulike områda av den økonomiske politikken speler på lag, kan Regjeringa medverke til at målsetjingane om ein stabil utvikling nås, også for konkurranseutsett verksemd. Kvar for seg kan verknader når det gjeld verdiskaping, sysselsetjing og lønnsemd for bedriftene på grunn av endringar i til dømes rentenivå og valutakurs verke udramatiske. Men dersom rentene og kroneverdien stig samstundes, kan det bli eit stort lokalt og regionalt problem.

Ein politikk som medverkar til at stabilitetsmåla for den overordna økonomiske politikken blir oppfylte, motverkar brå endringar i konkurranseevna til næringslivet. Også i høve til dei regional- og distriktspolitiske måla er det derfor viktig at stabilitetsmåla for den overordna økonomiske politikken blir nådde.

Dei siste åra har budsjettpolitikken gitt rom for ein lette i pengepolitikken. Den økonomiske politikken som har vore ført, viser resultat. Renta er redusert, og styrkinga av kronekursen gjennom 2002 er langt på veg reversert. Sjølv om dette isolert sett har medverka til å betre kostnadssida og konkurranseevna til bedriftene, trekkjer næringslivet med seg verknadene av mange år med ein høgre vekst i lønnskostnadene enn handelspartnarane. Dette gjer delar av det konkurranseutsette næringslivet sårbart for negative endringar i konkurransevilkåra. Over tid må lønnsveksten vere på eit nivå som sikrar konkurranseevna, og som ikkje i seg sjølv gjer det nødvendig å stramme inn i pengepolitikken.

Figur 2.2 Variasjonar mellom bu- og arbeidsmarknadsregionar når
 det gjeld kva tyngd industrien har i sysselsetjinga, målt
 i prosent av samla sysselsetjing i ulike regionar

Figur 2.2 Variasjonar mellom bu- og arbeidsmarknadsregionar når det gjeld kva tyngd industrien har i sysselsetjinga, målt i prosent av samla sysselsetjing i ulike regionar

Kjelde: Kommunal- og regionaldepartementet, basert på data frå Statistisk sentralbyrå

Våren 2004 oppnemnde Regjeringa eit industriutval som skulle utgreie samanhengar mellom tilhøva i industrien og rammevilkår. Utvalet skulle drøfte sentrale utviklingstrekk for konkurranseutsett næringsliv og viktige vegval i den framtidige næringspolitikken, med særleg vekt på det som er viktigast for industrien.

Utvalet la fram utgreiinga si 1. februar 2005. Utgreiinga er omfattande med omsyn til tema, frå innleiingsvise, overordna vurderingar om korleis næringspolitikken bør innrettast, til meir næringsspesifikke vurderingar. Utvalet viser til at det overordna målet for næringspolitikken er å leggje til rette for størst mogleg verdiskaping i norsk økonomi. Styresmaktene bør som hovudregel unngå å behandle enkeltbedrifter og næringar ulikt. Utvalet meiner samstundes at ein i konkrete saker må være villig til å vurdere om Noreg skal svare på tiltak som blir nytta i land vi konkurrerar med. I kapitlet om næringsstøtte deler utvalet seg i to: Fleirtalet meiner at det ikkje er nivået på næringsstøtta, men innrettinga av næringsstøtta som er viktig, mens mindretalet meiner at slik støtte bør reduserast. Med omsyn til innretting av forskings- og utdanningspolitiske tiltak og samferdselspolitikk, tek utvalet til orde for ei auka satsing på brukarstyrt forsking og meir satsing på vegutbygging, sjølv om utvalet ikkje står samla i alle forslaga. Vidare har utvalet konkrete næringsspesifikke forslag som spenner vidt – frå å tilrå statleg økonomisk medverknad til gassinfrastrukturprosjekt og endra jordbrukspolitikk, til å vidareføre bruk av gjenkjøp ved inngåing av forsvarskontraktar.

Boks 2.2 Norsk kompetanse som eksportvare

Her er fem konkrete døme på konkurransekraftige norske bedrifter med ulik lokalisering i Noreg som har vist at norsk kompetanse, teknologi og design er ein eksportvare:

Kongsberg Gruppen er eit internasjonalt teknologikonsern med hovudkontor i Noreg. Konsernet har meir enn 4000 tilsette i over 20 land. Av dei samla driftsinntektene kjem opp mot tre firedelar frå land utanfor Noreg. Konsernet konsentrerer verksemda si om to område: Kongsberg Maritime og Kongsberg Defence & Aerospace. Kongsberg Maritime har utvikla leiande posisjonar innanfor dynamisk posisjonering, maritim automasjon, navigasjon, hydroakustikk, simulatorar, kommunikasjon og informasjonsstyring. Kongsberg Maritime er blant dei leiande i verda innanfor maritim informasjonsteknologi. Kongsberg Defence & Aerospace er leverandør av høgteknologiske forsvarssystem og er blant dei leiande leverandørane av sjømålmissil, militær kommunikasjon og våpenstyringssystem.

ScanWafer er ein av dei største leverandørane i verda til solenergiindustrien. Selskapet vart etablert i 1994 og starta produksjonen i 1997 i Glomfjord i Nordland og har seinare også starta produksjon på Herøya i Porsgrunn. Verksemda har blitt ein av dei største produsentane i verda av multikrystallinske waferar, som er ein av dei viktigaste delane i eit solcellepanel. Dei fleste kundane er store internasjonale selskap i Europa og Asia. ScanWafer har som mål å drive teknologiutvikling for å redusere prisen på ferdige solenergisystem. For å oppnå dette, fokuserer bedrifta særleg på utvikling av produksjonsutstyret og betring av kvaliteten på silisiummaterialet som er råmaterialet i waferproduksjonen.

Ekornes-konsernet er eit anna kjent norsk konsern som er sterkt internasjonalt orientert og som mellom anna er kjent for Stressless-stolen. Over 80 prosent av inntektene kjem frå eksport. Konsernet eksporterer til Europa, USA, Canada og fleire land i Asia. Ekornes legg vekt på å utvikle produkt og design med god funksjon og komfort som kan produserast effektivt og med høg kvalitet. Design og utvikling er prioriterte oppgåver, og Ekornes ser på evna til å kombinere effektivitet og kvalitet som ei av dei sterke sidene til verksemda. Konsernet har hovudkontor på Sunnmøre og sju fabrikker i Noreg, mellom anna i Sykkylven, Hornindal, Fetsund, Hareid og Stranda.

Helgeland Plast AS i Mo i Rana er ein norsk teneste- og utstyrsleverandør innan havbruksnæringa. Bedrifta er verdas største leverandør av plastmerder og er marknadsleiar i alle etablerte oppdrettsnasjonar, medrekna Noreg, Chile, UK, og middelhavslanda. Helgeland Plast har ein av dei mest moderne produksjonslinjene for plastrør i Europa. Den største konkurransefordelen til selskapet er høg kvalitet og eit renommé som er bygd opp over tid.

Aqua Gen er eit internasjonalt leiande avlsselskap som har som formål å tilby det genetisk beste startmaterialet for kostnadseffektiv oppdrett av atlantisk laks og regnbogeaure. Under visjonen «Såkorn for livskraft og lønnsemd» leverer Aqua Gen laks- og aureegg til oppdrettsnæringa. Hovudkontoret ligg i Trondheim og avlsarbeidet skjer ved selskapet sine anlegg i Hemne og i Tingvoll og hos to eksterne rognprodusentar. Aqua Gens viktigaste aktivum er eit unikt genetisk materiale, utvikla gjennom 35 års målretta FoU- og avlsarbeid. Dette har gitt grunnlag for å kunne tilby ein fisk som veks fort, er livskraftig, robust, har fin farge og fasong.

2.3 Nyskaping, effektivisering og omstilling for å møte samfunnsutfordringane

Dess meir innovasjon og nyskaping vi får til i nærings- og arbeidslivet i dag, dess betre vil vi takle dei omstillingane norsk økonomi og norske regionar står framfor. Sjølv om oljeverksemda har gitt eit vesentleg lyft til norsk økonomi i dei siste tiåra, utgjer produksjonen i fastlands-Noreg rundt 80 prosent av den samla verdiskapinga. Denne delen vil auke etter kvart som utvinninga av petroleum gradvis minkar. Å sikre vekstevna i fastlandsøkonomien er derfor viktig. Vi må utvikle og ta i bruk ny teknologi, nye produkt og nye organisasjons- og arbeidsformer for å auke verdiskapinga. Den økonomiske politikken i vid forstand må leggje til rette for innovasjon, omstilling og effektivisering både i næringslivet og i offentleg forvaltning. Kompetansen til arbeidsstyrken er også svært viktig for vekstevna. Vi må derfor stille høge krav til utdanningssystemet.

Naturressursar vil framleis vere ein viktig basis

Noreg har utvikla kompetanse og næringsliv basert på rike naturressursar innanfor olje og gass, vasskraft og andre energikjelder, havbruk og landbruk. Dette vil også vere basisen for utviklinga framover, men gjerne nytta på nye måtar.

Nedbygging av handelshindringar har lagt til rette for spesialisering og utnytting av stordriftsfordelar og komparative fortrinn. Samstundes inneber utviklinga i internasjonal handel også at visse delar av landet har eit sterkare omstillingspress på seg enn andre. Dette gjeld kanskje i størst grad dei landbruksavhengige områda.

Utforming av ein ny avtale for landbruket står sentralt i den forhandlingsrunden som no går føre seg i WTO. Rammeavtalen som blei vedteken i WTO sitt hovudråd 1. august 2004, legg opp til ei sterk reduksjon i handelsvridande støtte til landbruket, fjerning av eksportsubsidiar og vesentleg forbetra tilgang til marknadene for landbruksvarer.

Regjeringa si målsetjing for dei vidare landbruksforhandlingane i WTO er å sikre eit handlingsrom for å lage politikk nasjonalt som kan gi grunnlag for eit aktivt jordbruk over heile landet. Same kva dei konkrete verknadene av ein eventuell ny avtale i WTO blir, er behovet for effektivisering i norsk landbruk og landbruksbasert næringsmiddelindustri aukande. Det er grunn til å rekne med at den nye avtalen vil krevje aktive tilpassingar i norsk landbruk og landbrukspolitikk. Regjeringa vil derfor vidareføre og forsterke politikken for å leggje til rette for eit meir konkurransedyktig og robust landbruk. Dette vil igjen vere avgjerande for utviklinga i store delar av matindustrien og andre næringar som samverkar med landbruket, eller er knytt til ressursar og kvalitetar i bygdene.

For fiskerinæringa vil betra tilgang til marknadene gjennom endringar i WTO-avtalen ha mykje å seie for vilkåra for handel med sjømat. Dette temaet er nærmare omtala i ei eiga stortingsmelding om marin verdiskaping. Den viktigaste marknaden for norsk fisk og sjømat er EU. Delar av fiskeeksporten er sikra tollfritak gjennom EØS-avtalen, men det gjeld ikkje for fleire viktige produkt, mellom anna laks, makrell, sild og reker. Ei utviding av WTO til også å omfatte Russland og Ukraina vil gi betre tilgang til viktige marknader for norsk sjømat. Parallelt med arbeidet i WTO-samanheng har Regjeringa lagt vekt på å nytte fleire kanalar for å forbetre marknadstilgangen for norsk fisk, og viser i denne samanhengen til forhandlingane mellom Sør-Korea og EFTA som blei innleidde i januar i år. Det kan bli aktuelt å følgje opp desse forhandlingane med tilsvarande forhandlingar med andre potensielt viktige marknader for norsk sjømat, anten i regi av EFTA eller direkte bilateralt.

EU sine strategiar for å bli konkurransdyktig

I Lisboa i år 2000 vedtok EU ei målsetjing om å bli den mest dynamiske og konkurransedyktige økonomien i verda innan 2010. Sjølv om Noreg ikkje er med i EU, står vi like fullt overfor dei same utfordringane som andre land i EU når det gjeld ei aldrande befolkning og auka konkurranse frå andre land. At vi har den same politikken som EU på mange område, reflekterer at vi har mange like mål og utfordringar. Til dømes er målet om å gjere europeisk næringsliv konkurransedyktig ved å bruke verkemidlar av generell karakter, som å auke kunnskapsintensiteten på tvers av næringar, i tråd med norsk næringspolitikk.

Kunnskap står i sentrum for Lisboa-strategien. EU har understreka at dette målet berre kan bli nådd dersom Lisboa-strategien blir ein integrert del av regionalpolitikken, og omvendt at regionalpolitikken blir ein del av Lisboa-strategien. Utforminga av EU sin framtidige regionalpolitikk er bygd på dette, og her står vekst og sysselsetjing i fokus. Regjeringa legg til grunn dei same samanhengane mellom konkurranseevne og regional utvikling i den norske regionalpolitikken. Utdanning, forsking, innovasjon og entreprenørskap er nøklane til framtida i alle delar av landet. Anten dei ligg i Oslo eller Hammerfest, er utvikling, formidling og bruk av kunnskap avgjerande for korleis norske bedrifter fungerer og veks.

Til forsida