St.meld. nr. 32 (2004-2005)

Om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Luftfartstilsynet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. Tilsynet vart oppretta i år 2000 ved at dei delane av Luftfartsverket som hadde oppgåver som luftfartsstyresmakt, vart skilde ut. Luftfartstilsynet har som oppgåve å medverke til at sivil luftfart i Noreg blir utøvd på ein sikker og effektiv måte. Dette skal tilsynet oppnå gjennom å drive utvikling av regelverk og føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd.

I St.meld. nr. 17 (2002-2003) Om statlige tilsyn gjekk Regjeringa gjennom organiseringa av dei statlege tilsyna. I meldinga foreslo Regjeringa at nokre av tilsyna skulle lokaliserast utanfor Oslo-området. Formålet var mellom anna å medverke til ei balansert regional utvikling gjennom utflytting av statlege arbeidsplassar. Ut frå eit ønske om å vidareutvikle luftfartsmiljøet i Bodø og styrke byen som regionsenter, gjekk Regjeringa inn for at Luftfartstilsynet skulle flyttast til Bodø. Regjeringa la opp til ein flytteperiode på rundt tre år for alle tilsyna.

Forslaget om å flytte utvalde statlege tilsyn, inkludert Luftfartstilsynet, ut av hovudstadsområdet fekk brei tilslutning i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 22 (2002-2003). På spørsmål frå Stortinget understreka Regjeringa at tilsynet med flytryggleiken skulle haldast oppe under flyttinga. Likeeins vart det lagt til grunn at Luftfartstilsynet skulle halde på dei godkjenningane som tidlegare var gitt frå internasjonale luftfartsstyresmakter. For å få dette til, ville Regjeringa gå inn med omfattande personalpolitiske verkemiddel. Effekten av verkemidla skulle heile tida vurderast, og ytterlegare tiltak ville bli sette i verk viss det skulle vise seg nødvendig.

Samferdselsdepartementet har eit overordna ansvar for at flyttinga av Luftfartstilsynet blir sett i verk i samsvar med vedtaket i Stortinget. Den praktiske gjennomføringa av flyttinga høyrer til under ansvarsområdet for leiinga i Luftfartstilsynet. Luftfartstilsynet har med jamne mellomrom, både i møte og brev, rapportert til Samferdselsdepartementet om status i flytteprosessen. Relevant korrespondanse mellom Luftfartstilsynet og Samferdselsdepartementet som handlar om flyttinga, er lagd ved denne meldinga som trykte vedlegg. Stortinget har vore orientert om flytteprosessen gjennom dei årlege budsjettproposisjonane til Stortinget. Situasjonen rundt flytteprosessen er også vorte teken opp av einskilde stortingsrepresentantar i spørsmål til samferdselsministeren i spørjetimen, i skriftelege spørsmål og i ein interpellasjon.

Status i flytteprosessen ved utgangen av 2004

Stillingane i Luftfartstilsynet kan delast inn i flyfaglege og ikkje-flyfaglege stillingar. For å bli tilsett i ei flyfagleg stilling, blir det stilt krav om relevant yrkeserfaring innan luftfart. Tilrådingar om kva krav som skal stillast, er gitt i internasjonalt regelverk. 65 stillingar i tilsynet er omfatta av desse tilrådingane. I tillegg har Luftfartstilsynet tradisjonelt operert med ein toårig opplæringsperiode for nytilsette i flyfaglege stillingar. Tilsynet har vurdert det som mest krevjande å rekruttere denne typen personell til Bodø. Resten av stillingane i tilsynet er administrative og juridiske stillingar som treng kortare opplæringstid, og som det har vore rekna med at skulle vere enklare å fylle opp i Bodø. Mange av desse arbeider også med flyfaglege problemstillingar, slik at det samla talet på flyfaglege stillingar i Luftfartstilsynet vil vere 116 etter ein vid definisjon.

Etter flyttevedtaket var det få av dei tilsette i Luftfartstilsynet som gav uttrykk for at dei ønskte å flytte til Bodø. Luftfartstilsynet tok derfor sikte på å bygge opp ein ny organisasjon i Bodø, samtidig som ein søkte å halde oppe Oslo-organisasjonen fram til det nye tilsynet i Bodø var klart til å ta over. I Luftfartstilsynets opphavelege flytteplan skulle ein rekruttere hovuddelen av det nye flyfaglege personellet i Bodø og la desse gå gjennom eit toårig opplæringsprogram. Rekrutteringa av ikkje-flyfagleg personell skulle ta til nærare den endelege flyttedatoen. Luftfartstilsynet la vidare til grunn at ein skulle stille dei same formelle krava til dei som vart tilsette i flyfaglege stillingar i Bodø, som ein hadde stilt ved tidlegare rekruttering til Oslo.

Som første steg i flyttinga til Bodø lyste tilsynet i tråd med dette i mars 2004 ut 34 flyfaglege stillingar med arbeidsstad Bodø. 18 medarbeidarar vart tilsette, og kontor vart etablert i Bodø 1. oktober 2004. På oppdrag av Samferdselsdepartementet gjennomførte SINTEF ei evaluering av den første rekrutteringsrunden. Rapporten frå SINTEF følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. I følgje SINTEF gjorde ikkje Luftfartstilsynet nokre formelle feil i første rekrutteringsrunde. Etter SINTEFs vurdering var kompetansekrava dei same som tidlegare, og krava vart elles vurderte å vere i tråd med internasjonale retningslinjer og regelverk. I ein rapport til Samferdselsdepartementet er Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane av den generelle oppfatning at krava ikkje var urimelege. Rapporten er nærare omtalt seinare i dette kapitlet.

Andre rekrutteringsrunde starta i september 2004, der i alt 40 flyfaglege stillingar vart lyste ut. For å sikre fleire kvalifiserte søkjarar, vart det – etter råd frå SINTEF – opna for noko høgare lønn, høve til å pendle i ein overgangsperiode, og dessutan vart det leita meir aktivt etter aktuelle søkjarar i Noreg og utlandet. Ifølgje Luftfartstilsynet var kvalifikasjonskrava dei same i andre som i første rekrutteringsrunde, men etter råd frå blant anna SINTEF vart krava gjorde tydelegare. Rekrutteringa gav dårleg resultat.

Ved utgangen av 2004 var berre rundt 20 flyfaglege stillingar fylte opp i Bodø, mens rekrutteringa av ikkje-flyfagleg personell enno ikkje hadde teke til.

Situasjonen i Oslo-organisasjonen

Sidan flyttevedtaket har Samferdselsdepartementet gjennom brev og møte med Luftfartstilsynet vorte gjort merksam på at det har vore utfordringar med å halde oppe organisasjonen i Oslo. Brev mellom Luftfartstilsynet og Samferdselsdepartementet om dette er lagde ved melldinga som trykte vedlegg, jf. vedlegga 1-8. Rundt 40 medarbeidarar i Oslo har sagt opp eller slutta sidan flyttevedtaket vart gjort og fram til april 2005.

Det har særleg vore utfordrande å halde oppe aktiviteten innan områda luftdugleik, tilsyn med helikopterverksemda i Nordsjøen og risikobasert tilsyn. I denne situasjonen har Luftfartstilsynet prioritert å halde oppe tilsynsaktiviteten. Talet på gjennomførte tilsyn låg i 2004 såleis på same nivå som tidlegare. Talet på tilgangskontrollar gikk noko ned i 2004, men dette har si årsak i lågare etterspørsel i marknaden etter slike kontrollar.

Når det gjeld utviklinga i flytryggleiken på kort sikt, vil Samferdselsdepartementet understreke at det primære ansvaret for tryggleiken ligg hos aktørane i luftfarten, det vil seie Avinor, flyselskapa og andre. Oppgåvene til Luftfartstilsynet er å utvikle regelverk og føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Talet på ulykker og rapporterte hendingar innan luftfarten har ikkje auka etter flyttevedtaket. Det er likevel her tale om eit for kort tidsrom og for få hendingar og ulykker til at det er mogleg å trekkje slutningar om utviklinga i tryggleiksnivået.

Samferdselsdepartementet gav i oktober 2004 Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane i oppdrag å undersøkje konsekvensane for flytryggleiken av dei omstillingane norsk luftfart for tida er inne i. Kommisjonen la 6. januar 2005 fram ein førebels rapport med ei vurdering av situasjonen i Luftfartstilsynet. Oppdragsbrevet frå departementet og den førebelse rapporten frå kommisjonen er lagde ved meldinga som trykte vedlegg, jf. vedlegga 9 og 10.

Havarikommisjonen konkluderer med at Luftfartstilsynet ikkje har fungert tilfredsstillande. Kommisjonen viser særleg til situasjonen innan områda luftdugleik, tilsyn med helikopterverksemda i Nordsjøen og risikobasert tilsyn. For at arbeidet med å forbetre flytryggleiken i Noreg skal kunne halde fram, tilrår kommisjonen at Samferdselsdepartementet utarbeider ein handlingsplan i samråd med Luftfartstilsynet for særleg å styrke desse områda.